Frøyrak-spel og ymist anna

I går skreiv Geir om korleis han kom borti Frøyrak-spel, og korleis det vart artiklar på Setesdalswiki knytt til dette. Eg siterer:

Det er tusenvis av menneske ein kunne skrive litt om på Setesdalswiki, både nolevande og døde. Eg har verken kunnskap nok eller kapasitet til å få til så mykje av det. Men av og til syns eg det er moro å fordjupe meg litt i ei eller anna historie. Av heilt tilfeldige grunnar kom eg her om dagen til å kikke litt i jubileumsboka til Setesdal Spelemannslag. Ho er skrive av Gunnar Lande, og med Hallvard T. Bjørgum som medforfattar. I boka er det eit kapittel om “Ætter i Bygland”, mellom anna “Frøyrakane”. Ein av Frøyrakane, spelemannen og gardhandlaren Eivind Grundeson Frøyrak/Aakhus/Kallhovd blei etter kvart busett på Kallhovd, i mi eiga heimbygd Hornnes. I gards- og ættesoga for Hornnes er det slik ei fornøyeleg historie om korleis Eivind Frøyrak skal ha “stole” kona si Anne. Den aksjonen skal han ha vore veldig nøgd med i ettertid. Når eg då alt hadde lese litt om han, passa det fint å skrive ein liten artikkel om han også. Så ligg artikkelen der, og eg kan utvide han om eg ved eit seinare høve finn tak i fleire opplysningar. På dette viset er Setesdalswiki blitt ei fin kjelde for meg til ny kunnskap om heimbygda mi og Setesdal i det heile. Eg har frå før praktisk talt ingen kjennskap til spelemannstradisjonane i dalen. Men no veit eg faktisk at det var nokon som blei kalla for “Frøyrakane”, etter garden Frøyrak i Bygland, og at dei var grunnleggjarane av “Frøyrak-spelet”.

I går var det også ein artikkel om folkemusikk i Fædrelandsvennen. Den kom i samband med at dei skreiv om lanseringa av ei ny plate innan sjangeren verdensmusikk, basert på musikk frå Setesdal. Eg laga ein artikkel om dette forskningsprosjektet på UiA, Music Without Borders. Dermed vart det mykje i den sjangeren i dagens liste over nye artiklar på Setesdalswiki, for i dag har det ikkje kome nye artiklar, vi har bare fiksa litt på ting som alt var der.

Et mysterium

Foto: Reidun Haugland

Det er ikke så ofte vi får et mysterium å løse en lørdagsmorgen, men i dag lå det et dyr utenfor kjerreskjulet da Reidun skulle hente avisa. Ved første øyekast kunne hun ikke si hva slags dyr det var, men hun kom inn igjen og hentet mobiltelefonen for å ta bilde av mysteriet.

Da så hun at det var et rådyr uten hode. Det virket som om hodet var kappet rett av, og da kom hun på at en nabo for noen uker siden hadde fortalt om noe lignende tidligere. Da hadde mannen kommet ut til postkassen og funnet et rådyr med avkappet hode.

Her i nabolaget er det gjerne Kristoffer Eskeland man varsler når noe unormalt skjer vedrørende rådyr og elg. Han er formann i jaktlaget som organiserer elgjakt og slikt, så jeg tok en telefon til ham og fortalte om mysteriet her.

Han stod på farten for å ta en tur ut på jakt, men sa han ville komme innom seinere på dagen for å se. Ut på formiddagen stoppet en annen bil og gikk bort for å se på det, men kjørte videre, og ved to-tiden kom så Kristoffer. Han tok med seg dyret etter å ha hatt en prat med, Tormod Glesne, leder av fallviltgruppa i kommunen. De ville ikke gjøre noe med saken, etter hva jeg forstod.

Heller ikke Kristoffer kunne skjønne hva som kan være grunnen til at folk skjærer hodet av et rådyr man kanskje har kjørt på i løpet av natten. Og at det skal ha skjedd to ganger på en måned i samme område, det virker også pussig. Han ville ta en prat med politiet om saken slik at de også fikk det inn i sine notater.

Både Reidun og Kristoffer mente å kjenne igjen rådyret som et av de vi har hatt gående under epletrærne her på Eskeland i høst. Men nå er det altså sendt til de evige beitemarker.

Eit halvt dusin

I kveld hadde Peter Wemö konsert i Valle. Visekveld med temaet «Karl Alfred, Fritiof Anderson och jag».

Eg tenkte eg kunne lage ein artikkel om han, og etter litt leiting fann eg grunnlag for det i ein svensk wikipedia-artikkel. Så då var det bare å bruke informasjon frå den og lage ein norsk artikkel.

I går hadde vi mange nye artiklar på Setesdalswiki, i dag har det ikkje blitt like mange. Men det går framover, smått og forsiktig. Eg tek med dei to siste frå i går i lista også:

 

Moseids kunst

Henta frå Facebooksida Setesdalsnytt

Laurdag opnar ei utstiling på Sørlandets Kunstmuseum med kunstverket Draumkvedet av Torvald Moseid frå Byglandsfjord. Eg skreiv artikkelen om han på Wikipedia alt i 2007, så eg brukte det meste av stoffet frå den artikkelen i Setesdalswiki sin artikkel, som eg skreiv i dag. Men eg kunne jo legge til om lokale utstillingar, for verket De fire årstider var stilt ut på Setesdalsmuseet i 2006.

Ettersom wikipedia og setesdalswiki brukar same programvare, kan ein lage lenker mellom artiklar på Setesdalswiki og Wikipedia. Vi gjer det av og til, men nå vi har lokal informasjon som ikkje høver i det nasjonale leksikonet, lagar eg gjerne ein lokal artikkel. Då likar eg at den har litt meir informasjon, og artikkelen om Torvald Moseid fekk lenker til foreldrene. Han var yngst av åtte søsken, så eg skreiv om foreldrene og laga liste på dei åtte, og fann også stoff til små artiklar om fleire i familien. I morgon skal eg prøve å skrive litt om dei to kunstverka.

Saman med det som Geir skreiv i dag ga det dusinet fullt av nye artiklar i dag. Så i kveld kan eg legge meg smilande.

Dagens nye sider

Visste du at Setesdalswiki har artiklar om 12 nummer av Arnstein. I kveld kom to nye slike artiklar. Noko av stoffet frå tidsskriftet siv også inn i det lokale leksikonet, så du kan finne lenker frå Arnstein til våre artiklar..

I avisa i går var det eit oppslag om at det er kome nye kostar i leiinga av Sesilåmi. Setesdalswiki har ikkje så mykje stoff om dette legendariske rennet, men dei to nye leiarane fekk artiklar i dag.

Slik går no dagane med å skrive litt nytt, fikse litt gammalt og å få i seg Doc halspastiller med mentol og honning, pusse nasen så ikkje snørra klissar tastaturet.

Øyvinds kveld

I morgon er det Øyvind Jacobs kveld i Valle Radio. Han har funne fram ei femti år gammal plate som han vil presentere musikk frå. Her er programmet:

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke

19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Nyberg

20.00 Øyvinds fritime

21.00 Musikk ved Sigrid og Sondre

Programmet ligg også på Setesdalswiki som ein av fem nye artiklar som kom der i dag:

Nye artiklar

I dag kom det fem nye artiklar på Setesdalswiki.

Som du ser, er det Geir som har skrive alle saman, utan hans innsats hadde voksteren blitt liten, for eg har litt tørke i skrivinga på Setesdalswiki no.

I går hadde han også fem nye artiklar:

Er det rart om eg gleder meg ein sein novemberkveld?

Ny komposisjon

I dag sende SVT2 ei  musikkmesse frå Uppsala med ein nyskreven komposisjon av B. Tommy Andersson. Om han las eg på svensk Wikipedia

B. Tommy Andersson, född 26 juli 1964 i Borås, är en svensk dirigent och tonsättare.

Andersson fick sin utbildning i dirigering vid Kungliga Musikhögskolan i Stockholm med Kjell IngebretsenJorma Panula och Eric Ericson, samt Péter EötvösBrian PriestmanSergiu Comissiona och Gennadij Rozjdestvenskij som lärare. Han slog igenom som dirigent 1992 i Vadstena. Mellan 2003 och 2009 var han adjungerad professor i orkesterspel vid Musikhögskolan i Göteborg, där han byggde upp ett internationellt masterprogram i orkesterspel under namnet Swedish National Orchestra Academy (SNOA). Sedan 2012 är han professor i orkesterdirigering vid Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Andersson är medlem i Föreningen Svenska Tonsättare, Svenska Dirigentföreningen, Svenska sektionen av ISCM, samt Föreningen Samtida Musik. 2002 blev han invald som ledamot nr 944 i Kungliga Musikaliska akademien.

År 2017 uruppfördes Anderssons konsert Homage to Michelangelo i tre satser för violin och orkester av Norrköpings symfoniorkester med Paul Waltman som solist och Andersson själv som dirigent. Samma år uruppfördes operan The Importerande of Being Earnest, samt Fyra Luthervariationer för barytonsolo, kör och orgel.

Med salmene Fra himlen høyt, Den Herre Krist i dødens bånd, Gud hold oss oppe ved ditt ord og Kom Hellig Ånd med skapermakt for kor og orgel med resitativ og tekstlesing mellom, vart det ei fin oppleving. Det var eit moderne tonespråk, men eg likte det. Og så runda det av som det starta, med Vår Gud han er så fast ei borg.

Meir gamalt or Setesdal

Dei fleste i Setesdal veit om bokverket Gamalt or Setesdal av Johannes Skar. No er det mange år sidan det kom ut, det vaar frå 1903 til 1916. Sidan kom det ut ei nyutgjeving i 1961.

I haust las eg i avisa at det er på tale med ei ny bok med eventyra frå Gamalt or Setesdal i ei utgåve på meir moderne nynorsk.

I 2015 kom Olav M. Holen med Meir gamalt or Setesdal 1. Der har han stoff frå Torjus B. Åkre. Og i år kom to bøker til med stoff som Torjus B. Åkre sende inn til Agder Tidend. I Setesdalswiki er omtalen slik:

Meir gamalt or Sætesdal II – Dei gamle er ei bok utgjeve i 2017 av Olav M. Holen (red.). Boka bygger på tekstar av Torleiv B. Aakre(1880-1972) frå Valle. Bind II inneheld det eldste stoffet etter Aakre. Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal har samla stoffet og tilrettelagt det for utgjeving i bokform. Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet har vore biletredaktør. Boka er utgjeve på Bokbyen Forlag. Ho har 342 sider. Pris: 348 kroner. ISBN: 978-82-8316-052-9

Ein ekstra dimensjon ved boka er at mange gamle dialektord og uttrykk er forklart i teksten. Dette har forfattarane kunne gjere med utgangspunkt i den store ordsamlinga til Birgit K. Rike.

Boka høyrer saman med Meir gamalt or Sætesdal III om Valle min heimstad, der resten av stoffet etter Torleiv Aakre er samla.

Flotte jolegåver, alt samen.

Luthersk kristendom

Denne veka har det, i etterkant av markeringa av reformasjonen sitt 500-årsjubileum, vore ein konkurranse på wikipedia om å skrive om Luthersk kristendom. Det var lærerikt for meg.

Eg tenkte at eg skulle vere med i konkurransen og skrive litt om medlemskyrkjene i Det Lutherske Verdensforbund, det er over 140 av dei. Eg enda opp med å skrive om generalsekretæren i forbundet, han kjem frå Chile, frå ei av dei minste medlemskyrkjene med bare 3000 medlemmer.

Og så skreiv eg om den andre presidenten i forbundet. Han heitte Hanns Lilje, ein tysk biskop som var svært oppteken av ekumenikk. Eg fann eit sitat om han som eg ikkje tok med i artikkelen, sjølv om eg hadde lyst. Det blei sagt at i kyrkja i Hannover, der han høyrde til, ba dei: Gud, du må verne og bevare vår biskop Hanns, som er ute og reiser ein eller annan stad som bare du veit. Det synte seg til og med at eg hadde ei bok av han, den kom ut til 450-årsjubileet for reformasjonen: Martin Luther, en billedmonografi.

Eg har oppdaga at eg bare så vidt har starta på eit svært stort emne. Konkurransen varer ei veke, og deretter kjem det nye emne å skrive om. Men Luther ga ut ei sangbok i 1524, der var salma Av dypest nød jeg rope må. Den fekk eg skrive om, takka vere god hjelp frå leksikonet Kristen sang og musikk, som eg fekk tidlegare i år. Eg burde vel skrive om sangboka også. Det får eg sjå om eg rekk i helga.

Eg vinn ikkje konkurransen, men ein lærer ganske mykje når ein skriv slik, akkurat som eg lærer mykje om Setesdal når eg skriv på Setesdalswiki.