Eg ser at mange gleder seg til fotball-EM som vart sparka i gang i kveld, men at det og er nokon som gleder seg til uteliv der ein kan sleppe fotballen.
Det er jo mykje sport på TV, så ein kan jo finne noko anna om ein synest det vert for mykje fotball. Sykling, til dømes. I dag måtte Edvald gje tapt opp bakkane, men han har framleis grøn trøye der nede i Frankrike. Og snart er det Tour de France, då kan vi sitje inne heile juli og sjå på TV.
Men det var imponerande å sjå Stade de France stappfull av fotballfolk i kveld, sjølv om eg ikkje fekk med meg det første målet.
Og så er det alltid ein ny artikkel å skrive på Setesdalswiki. I dag kom det sju nye artiklar, så du kan jo gå inn og sjå kva som står der. Klikk deg inn på hovudsida. Då kan du lese både om utstillinga på Setesdalsmuseet og om Hornnessangen.
Ein rosebukett er ei fin oppmuntring. Takk for hundre nye artiklar.
Når Setesdalswiki rundar eit nytt hundretal, brukar eg å skrive ein liten kommentar på Såpekassen, talarstolen der ein kan snakke om Setesdalswiki generelt. Det er mest bare meg som skriv der, til forskjell frå Wikipedia, som har både Tinget og Torget og der diskusjonane går høgt.
I dag runda vi 85700 artiklar med ein datoartikkel. I samband med det skreiv eg: Kvar månad treng jo minst 30 datoartiklar, så mange av artiklane våre er jo det. Men dei er viktige og syner noko av det som skjer i Setesdal den aktuelle dagen. Artikkel nr. 85700 kom i dag tidleg og var ein slik artikkel, nemleg artikkelen om 4. september 2016. Takk til Geir Daasvatn for også den artikkelen.
Vi brukar som regel ein snau månad på hundre nye artiklar, av og til har vi vore nede i hundre nye artiklar på to-tre veker. Så leksikonet veks litt nesten kvar dag. Og datoartiklane er blitt viktige, for dei fortel om ting som skjer i Setesdal og om kven som fyller år av dei som vi har artikkel med førdselsdato.
Orgelet strekkjer seg ut over kanten av galleriet. Foto: Wim Kamp
Fram til 1934 var det ikkje orgel i Valle kyrkje. Då kjøpte kyrkjelyden eit brukt orgel. Det kom frå Vår Frelsers Gravlunds kapell i Oslo og var bygd i 1882. Det var lite, hadde bare fem stemmer i manualet og ein i pedalen.
I 1968 bygde Vestlandske Orgelfabrikk eit orgel med to manual der dei brukte om att pipene frå 1882. I tillegg kom det nye piper laga av svært billeg materiale. Det var lite haldbart, så då Hylestad hadde fått eit flott orgel i 1991, tok ein til å tenkje på å få nytt orgel også i Valle.
Det orgelet som no står i Valle kyrkje, vart bygd i 1997 av Orgelmakereij Steendam frå Nederland. Det var ei utfordring å få på plass orgelet, for det er ikkje høgt under taket, så ein kunne ikkje få oververk, men måtte lage eit sideverk. I tillegg var ikkje galleriet djupt nok, så ein måtte forlenge galleriet med 90 cm. Når du ser bilete av orgelet, ser du at det strekkjer seg ut over kanten av galleriet. Orgelet fekk 18 stemmer og fungerer godt både til å akkompagnere sang og til å gje konsertar. Klangen tar utgangspunkt i det som var karakteristisk for den nederlandske orgelbyggingsstilen frå midt på 1800-tallet, altså den tida kyrkja vart bygd. Det har eit kraftig hovudmanual og eit svakare andremanual.
Etter kvart er vi blitt godt vande i Valle Radio når det gjeld utstyr og slikt, men føresetnaden er at Internett fungerer både i teknikken og i studio. I dag var ein dag då ikkje alt fungerte etter planen.
Grunnen til det var at Setesdal IKT flyttar frå Evje til Bykle og då må jo ein del endrast. I dag var det dei trådlause ruterane sin tur, noko som førte til at maskinar som nyttar trådlaus kommunikasjon mot Internett gjennom kommunen, ikkje hadde noko å kommunisere mot. Den kanskje mest kjedelege meldinga ein kan få når ein slår på ein laptop eller eit nettbrett, er vel at Du er ikke koblet til Internett eller Kan ikke koble til Internett.
Heldigvis var dei stasjonære maskinane ok, så vi kom oss på lufta og sendinga kunne gå som normalt. Dei gongene eg trong Internett frå studio, overtok eg plassen til Siri teknikar og kunne lese frå maskinen ho brukar, så sendinga gjekk ok på den måten.
Om det var våre problem med nettet, telefonleverandøren eller noko anna, veit eg ikkje, men eg skulle ha ein samtale om Ungdom mot Vold med organisasjonen sin leiar, men der kom eg bare til ein automatisk telefonsvarer. Då måtte eg improvisere som best eg kunne, og snu opp ned på planane, men heldigvis var det bare ein del av ein halvtime han skulle vere med i, så det gjekk seg no til etter kvart.
To personar med etternamnet Mosdøl gjorde kvelden til noko utanom det vanlege. Først hadde Olav Mosdøl andakt, det fungerte svært fint. Deretter hadde Tor Hallvard Mosdøl Sangkveld, og han hadde funne fram variert og velklingande musikk og sang, så det vart ei triveleg stund å høyre på han. Eg vonar dei kjem tilbake seinare.
Til slutt var det hyggeleg å ha eit gjenhøyr med Pieter Leebeek på orgelet i Valle kyrkje i kveldens Postludium. Det må eg skrive litt meir om seinare.
No blømer det på det finaste. Her har Brit Obrestad fotografert fjellfloks
Så er vi komne til juni, og i år held vi på til skulen sluttar i Valle Radio. I dag er det svenska flaggans dag, og i morgon, når vi skal ha sending, er det 7. juni, den dagen er offisiell flaggdag i Norge, for det var dagen då Stortinget erklærte at unionen mellom Norge og Sverige var oppløyst, då kongen ikkje klarte å danne regjering.
Her er då programmet for morgondagen:
Tysdag 7. juni
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel. Olav Mosdøl held andakt
Frå facebooksida kan du logge inn på nettradio og høyre sendinga.
Du kan også gå til heimesida til radioen, http://valleradio.com/ I kolonna til høgre finn du live search, og du kan trykke på den
I morgon vil eg spele denne sangen nokså tidleg i programmet:
Psalm 171
För alla helgon, som i kamp för tron
stått fast mot världen och nått himlaron,
till dig, o Jesus, höjes lovets ton.
Halleluja! Halleluja!
Du var i världen deras fasta hus.
Din röst dem ledde fram i stridens brus,
och genom ödsligt mörker sken ditt ljus.
Halleluja! Halleluja!
Vi kämpa må med troget, tappert mod
som förr en gång din helga skara god,
tills den bekrönt i segerns boning stod.
Halleluja! Halleluja!
O höga samfund, helgon av vår släkt!
Mörk är vår väg, för er har morgon bräckt.
Men alla livas av hans Andes fläkt.
Halleluja! Halleluja!
Blir dagen tung och själens möda lång,
tyst, hör! I fjärran tonar segersång,
och tro och vilja stärkes än en gång.
Halleluja! Halleluja!
Denna psalm handlar om helgonen, de som kämpat den goda kampen
och nu “nått himlaron”. De står som ett hopp och ett föredöme för oss
som fortfarande lever vårt liv här på jorden.
Författare till psalmen är en av den engelska kyrkans främsta psalmdiktare, William How. Han var domprost i London och biskop i Wakefield.
Psalmen publicerades 1864 i “Hymns for the Saints Day”. Nathan Söderblom översatte psalmen till svenska 1911.
Söderblom var teologie professor i Leipzig, därefter i Uppsala och blev sedan ärkebiskop.
Han var också ledamot av Svenska akademien. 1930 erhöll han Nobels fredspris.
I dag så jeg på STV2 en gudstjeneste fra Roma hvor de kåret en svensk helgen. Det var mye folk på Petersplassen, for det var også en polsk helgenkåring. Jeg fikk ikke med meg så mye om den polske, men den svenske het Elisabeth Hesselblad og var født 4. juni 1870. Hun døde i Roma 24. april 1957.
Dette skriver Wikipedia:
Elisabeth Hesselblad var datter av landhandleren Robert Hesselblad og Catharina Petersdotter Dag. Familien vaar luthersk; Elisabeth ble døpt juli 1870. Under hennes barndom flyttet familien hyppig rundt. I 1886 dro Elisabeth Hesselblad til Karlsborg for å finne arbeid der.
Hun emigrerte ved 18 års alder til USA, der hun arbeidet som sykepleierske. I USA ble hun kjent med Den katolske Kirke gjennom de mange irske innvandrerne – mange av dem var hennes pasienter som var kommet til skade ved byggearbeidene på den nye katolske katedralen St. Patrick i New York City. I USA konverterte hun også til den katolske kirke, ved kondisjonell dåp i Washington D.C. i 1902, etter konvertittundervisning hos jesuittene.
Deretter flyttet hun til Roma. Hun hadde studert til lege, men på grunn av sykdom fullførte hun ikke, hun trodde hun skulle dø, og hun ville dø i Roma.
Men i stedet fikk hun der et kall til å ta opp igjen Birgittinerordenen, og i 1911 etablerte hun et kloster med tre britiske kvinner. Denne ordenen vokste med årene og har etter hundre år over 50 kloster rundt om i verden.
Wikipedia skriver videre:
Elisabeth Hesselblad arbeidet under andre verdenskrig i Roma for å skjule jøder som stod i fare for å bli deportert til konsentrasjonsleirer etter at tyskerne okkuperte byen i oktober 1943. Det var pave Pius XII som ved muntlige budskap overbragt med kurerer fritok klosterordnene fra klausurbestemmelsene slik at de lettere skulle kunne ta inn jødiske forfulgte Jødene ble skjult i Casa Santa Brigida, som ligger like ved det området i byen der svært mange jøder bodde.
I årene 1945-46 hjalp hun de fattige med de forsyningene hun mottok fra Sverige. Før og etter Andre verdenskrig prøvde både nazister og kommunister å beslaglegge klosterets eiendommer. Men begge gruppene ga seg frivillig da de traff Elisabeth personlig. Kommunistene ba til og med om unnskyldning og kysset hennes føtter.
Svensk Wikipedia forteller at da nazister ville gjennomsøke klosteret hennes, gikk hun mot dem med et svensk flagg og sa: Dette er svensk territorium og står under den svenske kongens beskyttelse, her kommer dere ikke inn. For sitt arbeid med å skjule jøder fikk hun posthumt utmerkelsen Rettferdig blant folkene.
Det var en flott messe fra Petersplassen i strålende vær. Jeg måtte tenke på alt arbeidet som ligger foran et slikt arrangement. En sak er arbeidet som gjøres før en helgenkåring, det har tatt nærmere 20 år, men også arbeidet som gjøres for å gjennomføre et slikt arrangement med hundrevis av aktører som skal delta. Man kan ikke annet enn å bli imponert over at det er mulig å gjennomføre uten at det ser ut til å være noe som knirker i maskineriet.
Frå vi starta Setesdalswiki i april 2009 til no har nettstaden blitt endra, og etter kvart vil det nok skje fleire endringar. Den største endringa var vel då vi fekk inn datoartiklar, det som gjer at vi på framsida kan ha oversyn over folk som har fødselsdag denne dagen. I dag var Torleif Harstad 69 år.
Dette har og gitt oss høve til å ha ein kalender med hendingar på dagen i dag. Nokre dagar er det ganske mange hendingar vi får med oss der.
Dette skuldast ikkje minst samarbeidet vi har med Setesdølen der vi får legge inn overskriftene frå avisa. Det gjev grunnlag for mange artiklar. Når vi og tek med dødsannonsene, blir det grunnlag for mange personartiklar over tid.
Over tid har vi og utvida med artiklar om folk som knapt har tilknytning til Setesdal, eg pleier å seie at dei kan få artikkel her om dei bare har reist gjennom dalen. Vi har nok eksempel på at det er artiklar om folk som ikkje har reist gjennom Setesdal også.
Eg har ei tid fundert på om det er råd å kome vidare og vil i framtida prøve å få med noko meir om eigedomar og eigedomsovergangar. Dei står jo oppførte i avisa kvar månad, og då kan ein hente informasjon frå avisa og over tid også få noko meir informasjon om bebyggelsen i Setesdal. Det vert interessant å sjå om vi får det til.
Valle kommune kom på 3. plass i Kommunetesten 2016 som Forbrukerrådet arrangerte. Dei tok tre telefonar, sendte fire epostar og sjekka internettsidene etter 19 spørsmål. Også epostane hadde mange spørsmål, til saman kunne ein kanskje få 100 poeng, Valle fekk 82,5 medan Fedje, som kom best ut, hadde 83,2.
I Aust-Agder gjorde altså Valle det best, men Setesdal hevda seg godt med Bykle på 3. plass og Bygland på 5. plass. Iveland kom mellom Bykle og Bygland. Alle desse kommunane har felles mal for nettsidene sine. Evje og Hornnes kom på 9. plass, deira nettside har anna utforming.
Her er lenke til fylkesoversikt for Aust-Agder. Der kan du klikke på kommunen og sjå detaljar om korleis kommunane gjorde det i år og har gjort det tidlegare år.
-Kva har du gjort i dag? er eit spørsmål ein kan få av og til. Dei siste vekene har vi hatt trening til eksamen på Valle Vaksenopplæring, og i dag var det tid for muntlig kommunikasjon.
I går hadde elevane lytting, leseforståelse og skriving. No kan dei ta det her i Valle, for nokre år sidan måtte vi reise til Kristiansand for å ta Norsk språktest. Men den er blitt digitalisert og kan no takast lokalt, det er ein stor fordel.
Så dei siste vekene har vi trent ekstra på lytting, leseforståing og skriving i tillegg til muntlig kommunikasjon. Testen er jo noko kunstig, elevane kjem inn to og to og skal snakke aleine og saman om oppgitte tema vi får frå eksamensnemnda i Oslo. Spørsmål om buss og trikk, kollektivtransport i det heile, er litt irrelevant i Valle, så når det kjem slike spørsmål, slit elevane våre. Det hadde vore betre med eit spørsmål om nytten av å ha bil når ein bur i grisgrendte strøk. Då ville dei hatt mykje å snakke om.
Om du hugsar tilbake til då du var oppe til eksamen, veit du at ein ofte kan vere nervøs når ein kjem inn til ein slik test. Vaksne elevar som har vore gjennom tøffe tider og har flykta frå land med krig, er neppe mindre nervøse enn vi var. Når det i tillegg er ein av årets varmaste dagar, må ein turke sveitte både i hender og panne.
Om lag 20 minutt får dei til saman for å vise kva dei kan i ein slik test i munnleg kommunikasjon. Det startar som oftast med at dei skal fortelje litt om seg sjølv, tanken er at det skal gjere dei litt mindre nervøse og hjelpe dei til å kome i gang. Men så er det alvor, med samtale om tema dei får oppgitt., aleine og i dialog med kvarandre.
Og plutseleg er tida ute, kan hende hadde ein meir ein skulle ha sagt, men som ein ikkje fekk bruke. Nokre er skuffa over seg sjølv og føler at dei ikkje gjorde det bra, andre opplever at det var hyggeleg og ikkje så veldig vanskeleg. Noko har sin grunn i førebuingane, meir skuldast nok arbeidet gjennom vinteren.
Men først i juli får dei vite resultata. Så dei kan vere nervøse ei stund framover enno. Og som alle andre skular held også denne fram etter eksamen, men då vil vi nok ofte oppleve at elevane er noko utlada og ikkje alltid like motiverte for tradisjonell undervisning. Men vi får prøve å bruke tida på best mulig vis fram mot sommarferien.
I varmen får humlene det travelt. Foto: Brit Obrestad
Ein skulle ikkje klage på varmen, men i dag var det så heitt at eg vart heilt utslått. Det var ikkje før godt ut på kvelden at eg fekk energi til å skrive inn overskriftene i gårsdagens Setesdølen. Men så mykje meir enn det vart det ikkje i dag, med unntak av bloggen, då. Ny månad må ein i alle fall starte på, så får ein sjå kor mange dagar ein klarar å finne noko å skrive om.
Det skulle for så vidt ikkje vere så vanskeleg å finne noko å skrive om. Eg kunne jo skrive om at Setesdal Regionråd får 1,8 millionar til entreprenørskap med unge i førarsetet. Det var jo ein fantastisk nyhet som kom i går. Etter alle diskusjonane om regionrådet det siste året får vi så høyre at av over 30 søkjarar og av ein pott på 10 mill. vart Setesdal tildelt 1,8 mill. – resten gjekk til 9 andre prosjekt. Ein kan bli utslått av mindre.
Eg kunne og skrive om at elevane på Valle vaksenopplæring hadde skriftleg språkprøve i dag og skal ha munnleg i morgon. Vaksenopplæringa har i alle år nytta bokmål i opplæringa, men i siste møte vedtok kommunestyret at ein no skal nytte nynorsk. Eg trur nok at vi vart litt utslått av det vedtaket, gjennom åra har vi bygd opp mykje materiell på bokmål som vel må leggjast vekk frå neste skuleår. Men dei elevane som har begynt å lære bokmål, får kanskje fullføre i den målforma, eg veit ikkje korleis det skal løysast.
I staden for å skrive om alt dette, vel eg å skrive om at ein og kan bli utslått av magesjau. Det er nokså grunnleggjande, når magen ikkje fungerer, blir ein vel meir utslått enn av det meste. Når maten kjem opp att, blir ein jo og slapp, så då er det best å halde senga mellom stunta. Sove seg i form att. God natt.
Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.