Ingvard Wilhelmsen var i Valle 28. april. Her er han gjest hos Torp på NRK. Foto: Else Gyro Rysstad
I tysdagssendinga denne veka sender vi foredraget som Ingvard Wilhelmsen hadde i Valle for eit par veker sidan, Herre i eget liv. Han let oss få ta opp foredraget og sende det, men vi kan ikkje legge det ut på Internett.
Oppskrifta er frå omkring år 2000, og det er sanneleg koppen også, den var det Lærerforbundet som ga til medlemmene i si tid.
Denne kaka har vore ein sikker vinnar i mange år i vår familie. Det var hustell-lærar Marianne på Valle skule som delte oppskrifta med oss. No har eg arbeidd i Valle Vaksenopplæring sidan 2002, så det må ha vore omkring år 2000 at eg fekk oppskrifta med heim på eit gult ark. Det har sidan hatt ein plass i oppskriftsboka til Reidun.
Også i dag var kaka på bordet, vi feira Nikolai sin sjuårsdag med oksesteik frå Brokke Naturkjøt og Ole Bulls ostekake til dessert.
Oppskrifta har vore vanskeleg å finne på Internett, så når folk som har smakt den hos oss, seinare har leita etter oppskrifta, har dei blitt skuffa. Men no deler vi den med dykk som les bloggen, i det minste. Kaka bør helst lagast dagen før den skal serverast, for den må stå i fryseboksen til den er stivna.
Knus 4-8 Bixit-kjeks i ein plastpose og legg i botnen av forma. Spar litt til å ha på toppen.
Pisk 3 eggeplommer med 200 gram sukker.
Ha i ein boks gourmet-ost (ananas/mandarin eller naturell).
Pisk kremfløte av ein pakke (1/3 liter)
Stivpisk dei tre eggekvitane.
Bland alt saman, ha i forma (24 cm) og sett i frysaren til den skal serverast.
Den ventar ikkje forgjeves som ventar på noko godt, heiter det i eit ordtak. I vår familie står bursdagane i kø i mai, og i morgon er det Nikolai sin tur. Han feira dagen litt på førehand sist laurdag saman med Kristine, då var mange av familien på farssida til stades i Nittedal.
Eigenleg skulle vi ha feira han her på Eskeland i dag, men så vart det så fint ver at dei valde å vente til i morgon ettermiddag med å reise heim, Då kan det bli kake i morgon, og forventningane er store.
Men i dag var det lørdag, og helga har sin eigen dåm med taco fredagskvelden, laurdagsgodt med snøballar frå Island etter pizza høver også godt, sjølv om posane frå godtebutikken heller ikkje er å forakte. Men denne gongen var nok forventninga større til søndagen. Pizzaen var likevel god og heimelaga, så den kan eg dele med deg i kveld.
Nokon kvar kunne trenge service, men i dag var det bilen min som fekk seg ei overhaling. Det synte seg at det var ein oljelekkasje, så det var garantiarbeid. Men service etter 75000 km, den måtte eg ta på eigen kappe. Det vert jo nokre kilometer når ein køyrer mellom Valle og Mandal kvar veke.
Service betyr mykje, og då er det viktig at servicen er service, at ein opplever å få vennleg hjelp når ein treng det, om ikkje i morgon, så i alle fall ikkje så mange veker fram i tid. Det gjeld både bilar og menneske.
Legekontor, kunne til dømes hatt same system som sjukehuset og kalla inn til time, i staden for at eg må ringe og bestille og så få vite at det ikkje er ledig time før om to-tre veker. Då er kanskje det eg anka på, ikkje lenger så aktuelt, om det då ikkje har blitt veldig akutt og gjort at ein må inn på akutt-time. Er ein i eit behandlingsopplegg på sjukehuset, klarar dei å kalle inn når det er tid for ny sjekk.
Det same går greitt når det gjeld bilen, der melder bilen sjølv frå når det er tid for service. Då gjeld det bare for verkstaden å kunne ta imot på ei tid som passar. Og så gjeld det å ha pengar på konto slik at ein kan få gjort opp for seg på ein grei måte.
Når eg har hatt bilen på service, hender det at eg får ein telefon der eg må seie noko om korleis eg opplevde servicen. Tilbakemelding er med på å gjere verkstaden betre.
Å bli betre burde vere viktig ikkje bare for bilverkstad. I dag høyrde eg om eit kurs i USA der deltakarane ikkje fekk kursbevis før dei hadde gitt tilbakemelding om korleis dei opplevde kurset. Då har ein laga eit system der servicen går begge veier. Kan hende er det noko fleire skulle prøve på i arbeidet for å bli betre og yte betre service.
I dag var det vårleg på Eskeland. Barnebarna som kom seint i går kveld, hadde nok å halde på med når dei var ferdige med skjermtida si, då var det ut og sparke fotball og glede seg over naturen. Ein blomstervase frå Ålgård kom til sin rett på bordet ute med påskelilje og andre markblomar, men dei er jo like fine der dei står på marka no.
Traktoren fekk også lufte seg, då måtte Rønnaug ha hjelp av Helge på Skype for å få han ut av låven, det var jo litt trongt inne, men felles innsats gjorde susen. Å få han inn att blir den minste kunsten, meinte ho, for då er Lars på plass, han har vore i Boston denne veka, men vil ta turen nedom Eskeland, han også.
Så vart det litt tv-fotball på slutten av dagen. Nikolai kunne tenkt seg lappar til frukost, men det var ikkje mormor klar til, ho skulle først ha kyrkjekaffi i Mandal, men vel heime sette ho barnebarn i sving med steiking. Eg kunne bare nyte, så eg klaga ikkje.
Eg fekk ikkje med programmet for i kveld då eg skreiv på bloggen måndag, så difor legg eg det ut i kveld. No er programmet over, eg hadde ikkje høve til å høyre korkje i går kveld eller i kveld, så kommentar ut over det som du kan sjå i programmet, vert det nok ikkje.
Program onsdag 04.05.16
Ansvarleg Øyvind Jacob
Teknikar Liv Gunn Viki
19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif B Harstad
19.30 Kommunen informerer med leiar pleie og omsorg Solveig Kyrvestad
20.00 Øyvinds time
– Filosofi og musikk
21.00 Opi sending med Ørnulf Hasla
– bl.a. opptak frå åpninga av smykkeutstillinga til Setesdal vgs. avdeling Valle
NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
Søster mi, Jorunn Moen, har vore organist i Lyngdal i 16 år. Denne helga vart ho pensjonist, og det skjedde med ein konsert fredagskvelden før ho spelte til gudstenesta sundag. Eg fekk høve til å vere med på fredagskvelden saman med om lag 200 andre, dei fleste lyngdølar, men og nokre tilreisande.
I løpet av desse åra har konsertserien Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke blitt eit omgrep. Kvar fredag i skuleferien opna Jorunn dørene til kyrkja for eit program med musikk, bibellesing og salmesang. Gjennom 15-16 år med om lag åtte konsertar årleg vart det over hundre samlingar i kyrkja.
Sjølv var Jorunn bare delvis aktiv som musikar desse kveldane. Ho inviterte lokale utøvarar til å vere med. I tillegg hadde ho eit samarbeid med Kulturskulen, slik at unge fekk prøve seg framfor eit publikum i ein slik samanheng.
Fredag 29 april hadde ho fått med Ingrid Grøvan, no etablert sopran i Bergen, på konserten. slik ho har vore dei fleste, ja, kanskje alle åra. Ho song Ved Gjætlebekken Sp,orven og Søvnen i første avdeling og frå Händels Messias (Come unto Him) og Panis Angelicus i andre avdeling. Eg smilte og gledde meg over vakker sang på høgt kunstnarleg nivå og sanneleg fekk vi endå eit nummer av dei to, avslutningsnummeret Climb every mountain.
Av kulturskuleelevar var Åse, Emmy og Herman med på flygel, elles var det Jorunn si dotter Marg rete som for det meste trakterte flygelet.
Visesong var det og av Bjarne med Reidun ved flygelet. Bjarne song Fiskerens morgensang og Har du fyr i tillegg til Å denne kilde og Visst skal våren komme, der fekk han og med heile kyrkjelyden. Det var ei stor oppleving. I tillegg var Christen med på gitar. Han er kulturskulekollega av Jorunn, det var første gong han deltok. Han spelte frå luttsuite nr. 3 av Bach samt eit preludium frå cellosuite nr. 1 før han runda det heile av med eigenkomponert Vårsang. Å høyre så vakkert gitarspel er ei sjelden oppleving, så eg tenkte at det er trist at Jorunn ikkje hadde Christen med før på avslutningskonserten, men vi får vone at etterfølgjaren hennar tek opp tråden og får Christer med på fleire konsertar i kyrkja.
Jorunn sjølv spelte til salmene i tillegg til kveldens preludium, Nå la oss takke Gud av Sigrfried Karg Elert. Og sjølv om ho hadde planlagt kvelden, kom det nokre overraskingar til slutt, for då kom leiaren i Lyngdal sokneråd med gode takkens ord for tenesta ho har hatt i kyrkjelyden. Og då ho var ferdig, stilte kollegaene i kyrkja opp med sjølvskriven sang til ho som no er blitt pensjonist.
Som vanleg var det kaffe og litt å bite i etter konserten, kaka denne kvelden var forma som ei orgelkake, den forsvann før eg kom fram til serveringa, men det var sjokoladekake til etternølarane. Og praten gjekk, mange nytta høve til å takke Jorunn personleg for at ho hadde opna kyrkja dei mange sommarkveldane med musikk og bibellesning.
Sjølv drog eg takksam heim etter ei fin oppleving. Og sundag var det nesten like mange til stades då ho avslutta gudstenestespelet. Så spørs det om ho skal vere vikar for seg sjølv til dei får tilsett ny organist i Lyngdal. Det blir ikkje den komande helga, for i dag reiste ho austover og i morgon går turen til Roma saman med Hobbøl kyrkjelyd, det er kyrkja ho var organist i før ho begynte i Lyngdal.
God tur, og god pensjonisttid, Jorunn.
Ved avskjed i Austad fekk Jorunn Moen dette bildet, utsikt frå orgelet i kyrkja. Eg gløymde å ta bilde i Lyngdal, så dette bildet får fylgje kveldens blogg. Maleriet er av Arne Åmland
Nok av stader for Bratt friluftsliv i Setesdal. I den aktuelle halvtimen tysdag fortel Arne Bakke om selskapet sine planar. Foto: Frå Bratt friluftsliv si facebookside.
Denne veka har eg seniorfri og er difor ikkje i Valle. Siri sa då at ho kunne ha ansvar for tysdagssendinga denne veka, noko eg er svært glad for. Ho sette opp dette programmet:
Tysdag 3. mai
Ansvarleg: Siri Johannessen
1800 Kvarteret
1815 Over ein open Bibel
1830 Aktuell halvtime – Arne Bakke om Bratt friluftsliv
1900 Folkemusikk om våren – Sigrid Kjetilsdotter Jore
1930 Sangtimen – Astrid Nomeland
2030 Postludium – Henrik West
2100 Kyrkjebakken
*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://blog.setesdalswiki.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Det er ikkje onsdagssending denne veka. I staden vert det fredagssending med Øyvind Jacob.
Nittedal rådhus. Til høgre i bildet går riksveg 4. Henta frå http://www.nittedalsporten.no
Denne bloggen blir ikkje så lang. Fredag var eg på kurs i Arendal. Om kvelden reiste vi til Lyngdal der søster mi arrangerte sommerkveldskonsert med 200 i kyrkja, den siste før ho vart pensjonist i dag. Laurdag gjekk så turen til Nittedal der vi feira at barnebarn Kristine vart 13 år og tenåring.
Etter så hektiske dagar var det godt å ta det litt med ro i dag. Bloggen i morgon vert nok litt lenger, for no kjem mai, den skjønne milde. I dag vakna vi opp til tre-fire grader og kvit plen, men så vart det veromslag, temperaturen steig til ti grader, snøen rann bort og skyene løfta seg og viste at det er blå himmel bakom. Det vart opphaldsver i Nittedal, noko heilt anna en sklettebygene vi hadde i går på vegen gjennom Vestfold.
Så gleder eg meg til nokre seniordagar – tysdag har Siri ansvar for sendinga i radioen, men neste veke er eg tilbake.
Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.