Kvinnelege organistar

Den tidlegare organisten i Hå og Bryne fotograferte desse krokusane. Foto: Brit Obrestad
Den tidlegare organisten i Hå og Bryne fotograferte desse krokusane. Foto: Brit Obrestad

Temaet til Niklos K. Besteland sitt Postludium-program tysdag 8. mars var kvinnelege organistar. Det er eit tema eg kan ein del om, eg har ei syster som er organist i Lyngdal, eit syskenbarn som var organist i Hå og Time (der spelte ho for Jens Bjelland, som var prest i Valle før han kom til Time) og ei svigerdotter som var organist i Gjerdrum og no har eit vikariat i Ørsta.

Niklos sine kvinnelege organistar var Marie Ducrot og Gillian Weir. Ducrot var fødd i Belgia i 1919, men budde i Laon i Frankrike frå tidleg barndom. Ho tok til som korelev i katedralen der som 11-åring og vart seinar organistvikar der. Sidan var ho elev av Jean Langlais i Paris før ho vart organist i Laon. Ho døydde i 2001. Ho spelte inn mange plater, og i tysdagsprogrammet hadde Niklos funne eit stykke av Buxtehude og to av Langlais med henne ved orgelet i Laon.

Den andre organisten er svært pro filert. Gillian Weir vart fødd på New Zealand i 1941. Ho vann fleire konkurransar som ung og fekk dermed stipend. Ho har særleg promotert Messiaens orgelverk og spelt dei inn på plater og gjeve konsertseriar med hans musikk. Tysdagskvelden spelte ho Pastorale i E-dur av César Franck.

Ettersom vi hadde litt ekstra tid, fann vi Bine Bryndorf, fødd 1969 i Helsingør, til slutt. Ho har gjort karriere i Danmark og vore artist in residence i Danmarks Radio. I Valle Radio har ho vore med fleire gonger, denne gongen med Buxtehudes Ein feste Burg, BuxWV 189.

 

Setesdal og setesdølar 2016

Knut på Bø, Magnhild Rygg og Andres Helle med det ferdige heftet.
Knut på Bø, Magnhild Rygg og Andres Helle med det ferdige heftet.

Tysdagskvelden var Bjarne Tveiten i Valle Radio og fortalde om årets utgåve av Setesdal og setesdølar. Han hadde med årsskriftet og vi fekk ein triveleg prat om ein nydeleg publikasjon.

Heftet er på 120 sider. Dei siste sidene i heftet er annonsar, og Bjarne Tveiten takka annonsørane. -Dei gjer at vi kan halde ein pris på 100 kroner, sa han. Deretter gjekk han gjennom heftet bakfrå. Eg vil heller starte med første artikkelen, den handlar om Jernvinna i Setesdal. Bjarne Tveiten har skrive den, og han fortalde at grunnen til at den står først i heftet er at det fylgjer eit kronologisk opplegg der det eldste kjem først. Han berømma og Hans Georg Kohler for dei flotte illustrasjonane i heftet.

Olav M. Holen har siste del av ein artikkel om Ljosådalen og Tor Moseid har eit interessant stykke om Kopargruve ved Kveasåne i Valle. Vi finn og ei interessant forteljing om korleis ei drift med dyr gjekk frå Valle til Bås i Åmli i år 1900. Bjarne Tveiten gjekk spesielt inn på artikkelen om Støylsliv på Frøysnesheia, den er skriven av ungdomsskuleeleven Johans Frøysnes i lag med bestefaren. Bjarne ville gjerne at fleire unge vart med i Setesdal sogelag og interessert i historie.

Sigrid Bjørgum sin artikkel om sauealsstasjonen på Uppstad handla om noko som var ukjent for Bjarne Tveiten. Den er interessant å lese, det er til og med teke med ei ættebok frå sauesjået i 1943.

Ein av dei store artiklane i heftet handlar om Heiberg og Heibergheiane. Det er Magnar Undheim som har skrive den, han var Sirdal Fjellmuseum og kjenner stoffet godt. Herdis Lien, som er konservator på Svalbard museum har skrive om Bjåen-karane. Ho hadde eit par artiklar om dei i Setesdølen i fjor, men dette er ein ny og større artikkel. Bjarne Tveiten fortalde at dei hadde hatt med seg elleve isbjørnungar heim til Bjåen etter ein vinter på Svalbard.

Den siste artikkelen er det Johnny Haugen som har skrive. Den er erindringsminne basert på samtalar med sjømannen Grunde J. Skomedal, som busette seg i Australia.

Heftet har noko for folk både nord og sør i Setesdal og kan kjøpast på dei fleste butikkar i Setesdal. Det fortener mange lesarar.

 

Samarbeid om radio

Foto: Britta Lise Homme
Foto: Britta Lise Homme

Kveldens program i Valle Radio var ikkje annonsert i avisa. Men det vart slik:

Onsdag 9. mars

Ansvarleg: Sondre Rua Dokken, teknikar: Torhild Sandnes, telefonvakt frå 20.30: Torbjørg Hoftuft

19.00 Tankar frå Bibelen
19.30 Kommunen informerer ved Steinar Kyrvestad
20.00 Sondres time. Gjest: Rebekka Egeland. Tema: Humor på scenen
21.00 Opi sending med Ronny Stavsholt

Eg fekk ein telefon frå Britta Lise, som eigentleg var oppsett til å ha opi sending saman med Lotte Rysstad. Ho hadde vakt, så ho kunne ikkje, så Ronny hadde lova å ta dette programmet. Opprinneleg var det han som var sett opp som ansvarleg for kvelden, men så hadde han bytta med Sondre, så det var Sondre som skulle vere ansvarleg, og det var første gongen han var sett opp med ansvar for ein heil kveld.

Ansvar inneber å snakke med den som kjem frå Valle kommune, og i kveld var det ordføraren. Sondre var lite lysten på det, så Ørnulf ringde meg og lurte på om eg kunne gjere det. Det høvde greitt, for eg hadde fått ein SMS frå Bjørgulv T. Berg, som var sett opp til å ha Tankar frå Bibelen. Han var på kurs i Porsgrunn og lurte på om eg kunne finne noko frå Norea som eg kunne bruke.

Dermed vart det eg som hadde første timen, Sondre som hadde andre og Ronny som hadde tredje timen i kveld. Eg fekk ikkje høyre på dei to andre, men eg fekk nyte Tobbi si gode servering. Den inkluderte rørt tyttebærsyltetøy. Då ho såg at eg likte det, fekk eg like godt med meg heile boksen heim. Snakkar om belønning for å vere med i samarbeidet i Valle Radio! Tusen takk, Tobbi.

Rasfare

snøscooter

Det var ein hyggeleg kveld i Valle Radio i kveld. Rett nok starta den litt trøblete i kveld fordi det hadde vore eit glipp i straumen. Det hadde slått ut datamaskinane våre. Sikringa måtte vippast opp, og maskinane startast opp og eg var litt sein. Oppkoplinga mot Bykle fungerte heller ikkje, men heldigvis var Ørnulf og resten av styret der i kveld for å planlegge påska. Dermed kunne han bruke appen sin, og plutseleg var vi på lufta.

Så gjekk kvelden etter programmet. Men då vi avslutta og kom ut til dei andre, fekk vi høyre at det hadde gått eit stort ras i Tveitebø i kveld, 100 meter breitt og 200 meter langt. 7 personar vart tekne av raset. Det lukkast dei seks å få gravd ut den sjuande, men han låg 15-20 minutt under snøen, bare ein finger stakk opp, så han vart frakta ned med helikopter frå Arendal då dei hadde fått han ut av snømassane.

Det får meg til å tenkje på at når det kjem snø litt etter litt, slik det gjorde sist veke, vil det bli mange lag med snø, og den er ikkje særleg stabil. Så folk som vil ut i bakkar og heng må vere forsiktige. Denne gongen gjekk det visstnok godt, så langt vi kunne vite i kveld. Til politiet fortalde dei at dei ville leike litt, dei var eit par hundre meter utanfor løypa. Politiet lovar bot for køyring med snøscooter utanfor merka løype, men det er eit mindre problem, seier dei. Heldigvis gjekk ikkje liv tapt.

Det er nok betre å køyre på Åraksøyne, tross alt. Der vart det kåra fire Norgesmeistrar i helga. Men det var ingen rasfare.

 

Programendring i veke 10

Øyreklokker er gode å ha når du skal høyre på Valle Radio.
Øyreklokker er gode å ha når du skal høyre på Valle Radio.

I dag sende eg programmet til avisa som vanleg ved ti-tida. Så tidleg er det ikkje alltid at ein har alt klart, så ofte blir det runde titlar ein set opp ut frå tankar ein har om kveldens program.

I kveld fekk eg ein telefon frå Bjarne Tveiten som gjerne ville kome i radioen og presentere det nye årsskriftet til Setesdal Sogelag. Han ville gjerne kom så fort som råd, så då ønska eg han velkomen i morgon kveld klokka 18.30. Difor står det feil i Setesdølen når avisa kjem i morgon.

Her er det rette programmet:

Tysdag 8. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Nytt nummer av Setesdal og setesdølar. Bjarne Tveiten i studio
19.30 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Aktuelt om Setesdalswiki

I dag runda Setesdalswiki 85400 artiklar. Det var artikkelen om Setesdalskonferansen 2016 som førte til at vi runda eit nytt hundretal, og degt fekk meg til å fundere litt. Setesdalswiki vart jo laga etter at folk på Setesdalskonferansen gjerne ville ha ein nettstad der dei kunne få informasjon om folk og bedrifter i Setesdal.

Det synte seg imidlertid nokså vanskeleg å få mange med på den dugnaden som det innebar å lage eit slikt nettleksikon relatert til Setesdal. Det vart noko lettare då vi tok til å skrive inn overskriftene i Setesdølen, for då kom automatisk ein del tema som vi kunne skrive om. Men framleis er det mange bedrifter og bedriftsleiarar i Setesdal som ikkje har fått sin eigen artikkel.

Når ein startar ein slik nettstad, tek han fort til å leve sitt eige liv. Mellom anna fekk vi datoartiklar, så no vert fødselsdagar automatisk lasta opp på framsida når vi har slik informasjon om folk i leksikonet. Etter kvart har vi fått 166 artiklar om folk frå Bykle, 516 artiklar om folk frå Valle, 372 artiklar om folk frå Bygland og 663 artiklar om folk frå Evje og Hornnes. Nokre av desse lever ikkje lenger, men informasjon om folk som har levd i Setesdal kan også vere nyttig av og til.

Leksikonet er altså blitt både aktuelt og historisk og etter kvart er det mange oppslag. På ein månad har vi over 5000 unike gjester og gjerne 3-400 oppslag dagleg.

Ettersom vi har mange datoartiklar, dei går 200 år tilbake, så vil det vere mange artiklar med lite informasjon. Men om 10.000 artiklar har informasjon om saker og personar. Datoartiklar få dei siste åra fortel og om hendingar i bygdene, dagleg kan du finne ei oversikt over det som hender i regionen om det er kunngjort nokon stad.

Men vi skulle hatt fleire skribentar, då hadde leksikonet levd meir. Alle kan ver med, ein må registrere seg, men så er det bare å skrive. Det er nok lettrare å skrive på Setesdalswiki enn på Wikipedia, for vi er nærare dei tema som er omhandla. Dermed vil det som oftast oppdagast ganske fort om det er feil av noko slag.

Kunne vi få med nokre skribentar som vile bidra med faktaopplysningar, så hadde det vore strålande. I år vil vi delta på Setesdalskonferansen med eigen plakat og vonar å få meir å leggje inn i samband med denne. Sjå artikkelen om Setesdalskonferansen og meld deg på, om du er i målgruppa for dette arrangementet.

 

Forever-besøk

Koseleg kveld med besøk av Hermund og Kari som får smake Reiduns rundstykke og kremkake på toppen
Koseleg kveld med besøk av Hermund og Kari som får smake Reiduns rundstykke og kremkake på toppen

I dag hadde vi besøk av Hermund og Kari. I meir enn eitt år har eg vore kunde hos dei, og no var det tid for å få påfyll med Aloe Vera Juice. -Eit glas kvar morgon gjer underverk, sa dei då eg tok til, og eg tenkte at det kan eg prøve, om ikkje anna så for å støtte bror min og kona hans i å prøve seg som forhandlarar for Aloe Vera produkt frå Forever.

Av og til reiser dei på samling for Forever-forhandlarar, og i dag hadde dei vore i Kristiansand då dei kom innom oss. Som vanleg etter eit slikt møte er dei begeistra for det dei får vere med på. Vi fekk oss ein hyggeleg prat om laust og fast, og så kunne vi skeie ut i matvegen med Reidun sine nysteikte rundstykke og ei kake vi ikkje hadde prøvd før: Sukkerfri kremkake med nøttebunn og sjokoladelokk. Den var laga av mandelbunn og sukrin, Philadelphiaost og krem.

Forever skal hjelpe oss til å gå ned i vekt, eller i det minste ikkje gå opp noko særleg, og den har vore medverkande til at eg har gått litt lettare ei stund. Så eg er godt nøgd med den.

Gevinst

Sist veke hadde det vore ei nabojente på  døra med loddbok. Vi kjøper lodd når folk kjem på døra og spør, tanken er vel at når vi kjøper av dei som kjem til oss, vil kanskje vi få avsetning på lodd når vi har ei loddbok ute.

Som regel gir ikkje slike loddkjøp nokon gevinst. Før jul har eit av korpsa i Mandal ein adventskalender med lodd. Dei heldige nummera kjem i avisa Lindesnes kvar dag, og Reidun trålar henne i håp om at nummeret i vår kalender skal bli trekt ut. Det er 24 ingen gevinst i desember. Ein kan misse motet av mindre.

Det er forståeleg at vi ikkje vinn i Lotto, for der kjøper vi ikkje nummer. Difor er det lett å skru av TV når Lotto-trekniga kjem. Men i lokale utlodningar oppgir vi telefonnummer og håpar å få ein etterlengta telefon ein kveld.

Den kom måndag i denne veka. Vi hadde vunne eit kilo reker. Dei kunne hentast på Fiskelaget i Mandal, og i går var Reidun innom og fekk gevinsten.

Å gå på rekekalas utan Reidun kan eg ikkje tenkje meg, eg må ha nokon til å renske dei fleste for meg. Om eg skal gjere det sjølv, vert det lite å leggje på brødskiva. Men er vi saman, kan vi nyte det, ferske reker er jo nydeleg.

Så då eg kom heim i dag, var det pynta med snøklokker frå hagen, reker på bordet saman med Fiskelaget si nydelege fiskesuppe. Eit herremåltid. Ein fredagskveld.

Reker gevinst

Teori og praksis

Klargjering før skitur. Foto: Marja-Leena Steinbru

Klargjering før skitur. Foto: Marja-Leena Steinbru

I slutten av januar hadde vi språkkafé om ski og friluftsliv på Frivilligsentralen i Valle. Marja-Leena Steinbru hadde tromma saman ressurspersonar som Gunnar Brottveit, Ragnar Aspholm og Monique Vatsend Jore og vi hadde nokre fine timar saman.

Tirsdag 1. mars var det tid for praksis. Etter ei veke med strålande solskin var det no blitt gråver, men forventningane var likevel store. Gunnar og Ragnar var med, i tillegg kom Anne Liv Lidtveit frå Valle IL og Sondre Rua Dokken frå DNT Sør med som instruktørar, så Øystein og Marja-Leena hadde gode hjelparar.

I går var alle tilbake på skolen, smilande og vel nøgde, det hadde vore ein fin tur. Det var vanskeleg å halde balansen, ein del knall og fall hadde det vore, men det hadde vore moro likevel. Sjølv godt kladdeføre kunne ikkje redusere gleda over å ha vore med på dette, og sjølv om eg nok høyrde kommentaren “Første og siste gong på ski for meg”, så høyrde eg også dei som sa at dei gjerne ville tilbake til Brokke om høvet baud seg.

Samarbeidet med Frivilligsentralen er verdifullt for vaksenopplæringa. Denne gongen fekk dei både teori og praksis i høve til eit tema som er svært sentralt i Setesdal vinterstid. Møte med gode frivillige hjelparar er godt for elevane våre anten det gjeld skigåing eller håndarbeid, og etter kvart som språket kjem på plass, vil dei og kunne yte tilbake noko til lokalmiljøet gjennom eigen frivillig innsats.

Program for veke 9, 2016

Erik Kjebekk har vært Misjonssambandets arkivleder og dosent i kirke- og misjonshistorie ved Fjellhaug internasjonale Høgskole. Foto: Bård Kristian Bøe
Erik Kjebekk har vært Misjonssambandets arkivleder og dosent i kirke- og misjonshistorie ved Fjellhaug internasjonale Høgskole. Foto: Bård Kristian Bøe

Programmet for veke 9, 2016 er no gjennomført. Men for arkivet tek eg det med her. På grunn av ei rekke telefonar fekk eg ikkje høyre onsdagsprogrammet denne gongen. Tysdagskvelden hadde eg med meg Erik Kjebekk på telefon. Han fortalde om ei haugianarkvinne på Fennefoss som døydde for 100 år sidan.

Tirsdag 1. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Erik Kjebekk fortel om Stina Fennefoss
19.00 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 2. mars
Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Liv Gunn Viki
19.00 Tankar frå Bibelen Torleif B Harstad
19.30 Kommunen informerer med Wenche Erland Gundersen, leiar økonomi.
20.00 Ronnys time
Med bl.a. Hege T. Rygnestad, om Via Ferrata Helle
21.00 Opi sending og musikkquiz med Ronny