Blåbær og bakaromn

Tonnevis med blåbær. Desse er frå Finland. Foto: CGP Grey/ Wikimedia Commons
Tonnevis med blåbær. Desse er frå Finland. Foto: CGP Grey/ Wikimedia Commons

Eit oppslag i Setesdølen i går fekk meg til å ta kontakt med Eystein Greibrokk for å få vite meir om Setesdal Bærlag. Dette laget var ei avdeling av Aust-Agder Bærlag og var aktivt før 2. verdskrigen. Primus motor var fylkesgartnar Thomas Langerak, og i gamle papir som ligg att etter han, har Eystein Greibrokk funne interessant historie.

Dei gamle papira viser at det frå Hylestad vart eksportert fem tonn bær i 1934, mest blåbær, men og noko rips og solbær. Bæra måtte vere handplukka, det var ikkje lov å bruke bærplukkar, for det kunne øydelegge den matte hinna på bæra, og det var dårleg kvalitet. For ei korg på 3,8 kilo fekk dei ei krone, korga vart betalt med 20 øre og var laga av spon av osp. Også folk frå dei andre kommunane i Setesal var med i dette arbeidet, i Bykle var bæra seint mogne og fekk difor høgare pris.

Å lage korger var vinterarbeid, slike korger kan ein kanskje enno finne på gardar rundt om. Ånund A. Rysstad, oldefar til Leonhard Jansen laga 3000 korger ein vinter. Eystein Greibrokk lurer på om det kan verte ein artikel i Jol i Setesdal av granskinga i gamle papir. Men han skulle gjerne hatt bilete eller gjenstander som syner denne delen av kulturhistoria og næringslivet i Setesdal før krigen, så han blir glad om nokon tek kontakt.

Praten vi hadde i Valle Radio tysdagskvelden, var på telefonen, for Eysten Greibrokk var i Tessungdalen og murte ein bakaromn der. Den skulle vere til 20 brød, dei var to mann og brukte 14 dagar på jobben. Murt opp av murstein med leire som bindemiddel, sement nyttar ikkje i bakaromnar, den pustar ikkje, fekk eg vite. Dei har tidlegare lag fleire slike store bakaromnar, mellom anna ein som skulle ha plass til 40 brød på Dyrskueplassen i Seljord og ein noko mindre i Odda, meiner eg han sa. Men det er ingen slike store omnar i Setesdal, her nytta dei badstogomnen om dei skulle bake stomp.

 

Om gjeld og ymist anna

Hundrelappar er godt å ha, Valle kommune treng ein million slike for å betale gjelden.
Hundrelappar er godt å ha, Valle kommune treng ein million slike for å betale gjelden.

I dag kom ordførar Steinar Kyrvestad i studio i Valle Radio for å seie noko om gjelden pr. innbyggjar i Valle kommune. Av kommunane i Agder og Telemark er Valle på femteplass når om ein ser på kommunal gjeld pr. innbyggjar. Sirdal, Drangedal, Gjerstad og Lillesand ligg over Valle på lista.

Steinar kunne fortelje at kommunen har ein handlingsregel, den totale gjelden skal ikkje auke. Det vil seie at ein kan ta opp nye lån i same mon som ein betaler ned gamle. Det er ikkje så lett å leve etter den regelen, for ofte kjem det tiltak og prosjekt som må løysast akutt, og då kan ein nok i periodar gå over, men målet er i alle fall klart.

Han kunne og fortelje frå møtet som i dag var på Evje om kommunesamanslåing. Der var Bykle og Valle inviterte til å vere observatørar, det same var Vennesla. Men møtet var nok meir retta mot samarbeid enn samanslåing, og det er mange sektorar ein alt samarbeider på. Det kan ein auke utan å gå til samanslåing. Då mange kommunar vart slått saman på 1960-talet, hadde Staten eit mål om å bygge velferdsstaten og å etablere 9-årig skule.  I dagens situasjon er det ikkje tydelege mål, og då vil samanslåing nok helst føre til sentralisering, meinte han. Samanslåing må skje der ein har nokonlunde lik kultur, difor hadde han lita tru på at kommunane rundt Kristiansand vil lukkast. Det er langt frå Kvadraturen til Vegusdal og Finsland, i grunnen er det ein annan kultur bare vi kjem nord om Krossen i Kristiansand, sa han og siterte Venneslas ordførar Torhild Brandsdal.

Til slutt snakka vi litt om samarbeidet i Setesdal Regionråd, der han bare har vore med nokre månader no. Han meiner at den eine kommunen må rette seg etter det dei tre meiner, det er slik demokratiet fungerer: Fleirtalet avgjer. Difor er det nyttelaust å ha møte når den eine ikkje vil rette seg etter dei som har fleirtalet. Alt no arbeider regionrådet på mange felt, og det bør rådet halde fram med, det er det beste for næringsutviklinga i Setesdal, meinte han.

Våren 2016 i Valle Radio

Dette biletet av ei snøkledd bu i Homme er frå februar 2014. Foto: Åsmund Svendsen Bjørgum
Dette biletet av ei snøkledd bu i Homme er frå februar 2014. Foto: Åsmund Svendsen Bjørgum

Med februar går vi inn i siste vintermånad, og det merka vi i dag. Då dagen på skulen var over, låg det eit 10 cm lag med snø på bilen, nokså kram snø, det var ei heil økt å skuffe den vekk.

I går la eg inn oversynet over onsdagssendingane i Valle Radio på Setesdalswiki. Der kan du sjå korleis planen er utover i vårsemesteret. Eg har ingen onsdag å ha ansvar for i februar, men så ser det ut til at eg har ein onsdag i månaden når våren kjem. Vonar at snøen ikkje aukar mykje i løpet av februar her nede i dalen, på heia er det ok med snø, då kan dei som likar snø, dra dit.

Men tysdagane vonar eg kan gå som vanleg. Her er programmet for morgondagen, tysdag 2. februar 2016:

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar. Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken
Så er det ikkje vanleg onsdagssending denne veka, i staden vert det fredagssending med Øyvind Jacob.