Småskala-bistand

Solid gjerde må til. Foto: Alf Halvorsen
Solid gjerde må til. Foto: Alf Halvorsen

Torsdag og fredag skal Hilde og Alf Halvorsen ha møte i kyrkjekjeddaren i Bykle. Alf kom tilbake frå Mali 10. februar, så han har mykje nytt å fortelje, og eg tok ein telefon til han og fekk han til å fortelje litt i Valle Radio i kveld.

Eg tok utgangspunkt i nokre av bileta han hadde lagt ut på Facebook, og då gjekk ein halvtime svært fott. Eit av dei tema vi var innom, var småskala-bistand. Ordet var ikkje brukt, men det kom naturleg då eg skulle skrive bloggen og leita etter ei overskrift.

Bjørnungen barnehage på Nodeland hjelper barn i Mali. 72 kvinner får her sin grønnsakhage. Mer vitaminer og næringsrik mat til barna. heitte det i innlegget hans på Facebook. I programmet fortalde han at Hilde hadde vore i barnehagen på Nodeland og fortalt frå Mali, og då hadde dei funne ut at dei ville hjelpe barn i Mali. Dei samla inn om lag 7000 kroner. For desse pengane vart det kjøpt eit solid gjerde og sett opp solide gjerdestolpar av vinkeljern på eit område på 50×50 meter. Her fekk så 72 kvinner kvar sin vesle teig. På området er det ein brunn, den er 8-10 meter djup, der nede er det vatn som kan nyttast i dei ni turre månadene i landet. Gjerdet held ute kyr, sauer, geiter og esel, og då er det bare å skaffe frø og plante dei og vente på at løk og kål, gulrøter og andre grønsaker skal vekse og gje sunn næring til barn og familie.

I Bykle kyrkje torsdag kveld og fredag kveld kan du høyre meir om dette og anna som Hilde og Alf opplevde på turen til Mali denne gongen, ein tur som ikkje gjekk heilt etter planen på grunn av terrorhandlingar i Paris i november 2015, men som var rik på velsigningar både for utsending og kyrkjelydane i Mali.

Program for veke 7, 2016

Tysdag 16. februar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar. Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 17. februar
Teknikar: Inga Flateland
18.00 Kommunestyremøte

Helsetrimmen med Øyvind

Glade trimdeltakarar. Foto: Øyvind Jacob
Glade trimdeltakarar. Foto: Øyvind Jacob

Onsdagskvelden i sist veke var det Liv Tanche-Larsen som var ansvarleg, og ho hadde tatt ein telefon til Øyvind Jacob for å få høyre om Helsetrimmen med Øyvind. Kvar onsdag er han barnevakt for ungar i Åraksbø slik at Siv-Eline kan dirigere Kong Hanes eftf., så han kunne ikkje kome i studio, men dei hadde ein hyggeleg prat på telefonen.

Øyvind har drive helsetrimmen heilt sidan Vallehalli var ny. No er det opp mot 20 som er med kvar tysdag og torsdag frå 15 til 16. Det er ein humørfylt gjeng, dei har til og med eiga Facebookside. Kvar gong går dei gjennom eit nokså fast program der alle kan vere med i sitt eige tempo og etter eigne føresetnader. Det er førebyggjande helsearbeid.

-Det fine er at dei hjelper kvarandre til å kome, sa Øyvind, eg treng ikkje tenkje på transport, det ordnar deltakarane. Om ein skal døme etter bileta på Facebooksida, ser det ut til at dei har det moro.

Samtalen Øyvind hadde med Liv var i alle fall triveleg å lytte til, i det heile teke var kvelden ho hadde sjølvstendig ansvar for første gong, svært vennleg og interessant, godt støtta av teknikar Siri Johannessen, som også var med i samtalen.

Valle Radio i veke 6

Når eg skriv blogg, pleier eg som regel ta med programmet for komande veke måndagskveldane. Men måndag 8. februar hadde vi stabsmøte i radioen, og då skreiv eg frå det møtet. Dermed har eg heilt gløymt å skrive inn programmet for veke 6. Då får eg gjere det laurdagskvelden, lenge etter at sendingane er over:

Tysdag 9. februar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar. Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
 
Onsdag 10. februar
Ansvarleg: Liv Tanche-Larsen
Teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakt frå klokka 20.30: Ingeborg Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Lund
20.00 Livs time
21.00 Opi sending med Jorunn og Kåre
Betre seint enn aldri, bloggen er og ei historiebok som syner noko av alt det vi har hatt som tema i Valle Radio i dei åra eg har skrive blogg.

Arbeid, arbeid

Mange politikarar meiner at flyktningar som har kome til Norge må ut i arbeid snarast råd, der lærer dei også norsk, heiter det. Eg kan ikkje seie anna enn hadde det vore så vel. Men det er det ikkje.

Norskopplæring for utlendingar fylgjer ein læreplan som er bygd på eit europeisk rammeverk for språkopplæring. Europarådet har i fleire tiår arbeidd med språkundervisning, språklæring og vurdering av språkleg dugleik og presenterte dette i eit felles europeisk rammeverk for språk, som vart ferdigstilt i engelsk versjon i 2001. Rammeverket byggjer på seks referansenivå for språkleg dugleik som er grundig analysert, og som er resultatet av empirisk forsking. Desse referansenivåa gjer det mogleg å samanlikne dugleik i ulike språk, uavhengig av skolesystem eller eksamen.

No har eg hatt vaksne elevar som skal lære norsk språk i mange år. Det som slår meg, er at skulesystema i andre land er heilt ulike vårt norske. I mange land må ein gå om att om ein ikkje klarar testen etter eit år i grunnskulen. Mange kjem og frå land der ein kan droppe ut av grunnskule og starte tidleg i arbeidslivet. Når ein så veit noko om dei mange krav til papir som vert stilte her i landet, skjønar ein at arbeidet nok må konsentrerast i skulen heller enn i arbeidslivet i starten for å kunne få ein rimeleg fast jobb og sikre eiga livberging.

Det er berre dei færraste som klarar å nå det lågaste nivået i norsk lesing, lytting, skriving og munnleg på eit år om dei ikkje har god trening i å lære språk frå heimlandet. Dei fleste flyktningane har ikkje det. Mange har ein usynleg bagasje i form av opplevingar vi bare kan tenke oss i mareritt, det gjev ikkje nokon god læringssituasjon same kor godt utstyrt skulen måtte vere. Om dei ikkje har papir på utdanning frå heimlandet, er det ofte ikkje anna å gjere enn å starte på bar bakke og få seg ei dokumentert utdanning her i landet. Men for å kunne gjere det, må dei først i det minste ha nådd det lågaste nivået, det som i det europeiske rammeverket vert kalla A2. Helst bør dei klare nest lågaste nivå, det kallast B1, då er det betre grunnlag for å forstå faga på eit framand språk. Å nå dette nivået, krev som oftast konsentrert arbeid i halvanna til to år.

Ein arbeidsgjevar kan vanskeleg ta inn ein medarbeider som ikkje skjøner kommunikasjonen på arbeidsplassen. Det vil krevje for mykje detaljoppfylging og gje for lite att i ein hektisk arbeidsdag. Sjølv med lønstilskot frå NAV kvier mange seg for å ta på seg slike ekstraoppgåver om dei ikkje raskt ser at dei kan ha nytte av det. I opplæringsprogrammet for dei som får introduksjonsstøtte er det opning for at elevane kan ha språkpraksisplassar. Dei som tek imot elevar for språkpraksis må sjå på det som ein del av dugnaden for å kunne integrere flyktningar i norsk arbeidsliv på sikt. Men det krev engasjement å stille opp for noko slikt på ein arbeidsplass.

Migrantar i Middelhavet. Foto: Wikimedia Commons
Migrantar i Middelhavet. Foto: Wikimedia Commons

Snåsamannen

 

Foto: Bjarne Thune
Foto: Bjarne Thune

Over 111.000 har sett filmen «Mannen fra Snåsa» som hadde premiere i januar. Vi hadde om dette i ein time på Valle Vaksenopplæring i går, vi brukar TV2 Skole sitt opplegg for vaksenopplæring, og der var det eit av fleire tema denne veka.

Tysdag omtalte eg filmen i Valle Radio sitt program Kyrkjebakken, der vi ser på kva som skal skje i veka som kjem. Då vart eg merksam på at filmen gjekk på kino i Bykle i går og i Valle i kveld, og dermed vart eg ein av dei som gjer at talet på dei som har sett filmen går mot 120.000. Eg var i godt selskap, fleire av dei eg talte til sist gong eg talte på bedehuset i Valle var til stades, og elles var det ganske mange godt vaksne, men heller ikkje så få unge vaksne som hadde funne vegen til Valle kultursenter.

Det var ein vakker og varm film. I TV2 Skole sitt program møter vi 12 år gamle Mira som har låsing i nakke og skulder. Her fekk vi sjå meir av møtet hennar med Joralf Gjerstad og fekk og sjå korleis far hennar fekk hjelp. Gleda i familien etterpå fekk vi dele med dei og eg skjønar godt at tårene hennar spratt, for det gjorde mine og.

Ikkje alle fekk hjelp, men alle fekk gode ord med vidare på livsvegen. Joralf Gjerstad har hatt ei evne og ein vilje til å hjelpe folk. I glimt fekk vi høyre han fortelje om ein vanskeleg barndom der dei var så fattige at dei ikkje hadde klede til å kunne gå i kyrkja. Sidan vart han klokkar, kyrkja i Snåsa var sentral i filmen.

Mest betagande for meg var kanskje pasienten som han knapt kunne hjelpe, men som i filmen song eit par vers av Ein fin lite blome og ønskte Guds velsigning over mannen og tenesta hans.

Dette var ein dokumentarfilm. Gjerstad har slutta å ta imot folk, det kan ein skjøne, for han var skrøpeleg sjølv, og seg sjølv kunne han ikkje kurere. Heller ikkje kona, Signe, ho var komen på aldersheim, det var kanskje han sjølv og, filmen var ikkje så tydeleg på det. Huset han var fødd i, var blitt eit slags museum.

Ein av elevane mine frå vaksenopplæringa hadde og teke turen på kino denne kvelden. I -10 grader tok eg han med i bilen heimover. Han hadde også likt filmen godt. -I Afrika har vi mange slike folk, fortalde han. Det var ein varm film i februarfrosten.

Nye år med lutlaget

setesdal bilruter

Eg hadde tenkt å skrive om brøytebilfolka i kveld, dei gjer ein framifrå jobb, det merka eg i kveld då eg skulle kjøre Niklos heim, Sundag då eg kom oppover, var det ruglete og sporete, men no var vegen slett og god.

Men i staden vil eg gratulere Setesdal Bilruter med kontrakten for å kjøre buss i Setesdal dei neste ni åra. Det hadde jo vore ille om Nettbuss eller Sørlandsruta hadde vunne kontrakten på kjøring i Setesdal. Men slik gjekk det ikkje, folka på Evje har rekna og kalkulert og kome fram til lågaste anbod, og det må vi jo glede oss over.

No har dei bussdrifta ved kysten og i austfylket i tillegg til Setesdal, og slik vil det bli i mange år framover. Det gjev grunnlag for å skifte ut materiell også i dei rutene som dei no køyrer her i dalen. Etter det eg kan forstå, har det gått seg til ved kysten, så bussdrifta har få problem. Ettersom fleire prioriterer buss, vil kanskje også butikken i drifta bli god, sjølv om det må mykje offentleg tilskot til for å få det heile til å gå rundt.

Eg reknar med at det blir både kake og blomar på kontoret på Evje i morgon, og sjølv om det eigentleg er i morgon fastetida startar, unnar eg Terje Greibesland og staben hans både kaka og kontrakten, dei har stått på for å kome i mål med dette og lukkast.

 

Drøftingsmøte

Når folk er på hyttene ved Bjørnevatn, er det triveleg å kunne høyre på Valle Radio. Foto: Britta Lise Homme
Når folk er på hyttene ved Bjørnevatn, er det triveleg å kunne høyre på Valle Radio. Foto: Britta Lise Homme


I dag var vi som er programleiarar og teknikarar i Valle Radio innkalla til drøftingsmøte. På agendaen stod spørsmålet om vi skulle utvide sendeflata att og gå tilbake til å starte onsdagssendingane klokka 18. Men dei 11 som møtte var ikkje innstilte på det. Å starte klokka 19 gjev ein kortare kveld og det er råd å områ seg litt før ein skal ut. Då vi starta klokka 18, var det mykje heseblesande for dei som skulle starte, heim frå jobb i firetida og så tilbake på radioen klokka halv seks for å vere klar til å starte klokka 18. No er det meir ro over arbeidet.

Det vart ei god økt der vi drøfta mange saker. Vi slit litt med at teknikken som var ny og dyr for 19 år sidan, nok er noko gammal no. Jørund hadde eit lite kurs for teknikarane om korleis dei kunne løyse problem som oppstår. Det var også ei utfordring å forstå det systemet for telefonar vi har no for dei som skal vere telefonvakter, så også der fekk alle ei oppdatering. Det er dessverre etter kvart blitt få som ringer inn når vi har opne sendingar, så folk kan gjerne ha temasendingar frå klokka 21 om dei ønskjer det. Vi kan halde på også når riksdekkande kanalar går over til DAB, og vonleg vil folk framleis ha FM og kunne høyre på Valle Radio.

Vi har fått nye medarbeidarar og dei vil gjerne vere aktive i radioen, det er alle glade for. Men nokre har også takka for seg eller vil gjere det i næraste framtid, så sjølv om det ser godt ut akkurat no, vil det endre seg. Det var nokre feil i den lista som var sendt ut, ikkje alle hadde fått den, det skulle Ørnulf ordne så fort han kom tilbake til pc-en sin. Det er mykje ein kan ha på mobiltelefonen, men ikkje alt ligg der til ei kvar tid. Den justerte lista har bare små endringar.

God servering av pizza frå Bergtun gjorde kvelden matnyttig for dei fleste, så det var ein god kveld å samlast sjølv om vinterføret var av den våte sorten denne kvelden.

Når folk er på hyttene ved Bjørnevatn, er det triveleg å kunne høyre på Valle Radio. Foto: Britta Lise Homme
Når folk er på hyttene ved Bjørnevatn, er det triveleg å kunne høyre på Valle Radio. Foto: Britta Lise Homme

Fredagskveld i Valle Radio 5. februar 2016

Fredagskos til rebusløysing. Foto: Britta Lise Homme
Fredagskos til rebusløysing. Foto: Britta Lise Homme

Vi samarbeider litt med Evje Radio, mellom anna ved at våre sendingar tirsdags- og onsdagskveldane går ut over deira nett. Det gjer at dei har meir lokalt stoff i si sendeflate. Men vi må også ha nokre fredagskveldar, slik at dei slepp å drepe medarbeidarane sine med fredagssendingar.

Noko av grunnen til at Valle Radio har klart å ha sendingar to kveldar i veka sidan 1997 trur eg er at vi har dei midt i veka, fredagskveldane vil folk helst vere med familien, anten heime eller på hytta. I kveld hadde Øyvind Jacob ansvar og Siri Johannessen var teknikar, Bitte tok telefonen under Opi sending, der Ørnulf og Bjørgulv var saman.

Men responsen frå lyttarane har vore laber dei siste åra, og denne kvelden var kan hende ikkje noko unntak, etter det eg har fått vite. Eg fekk til og med oppmoding om å rine inn svar på rebusane, men det var ikkje så enkelt, for det var eg som hadde laga dei, og då kan eg ikkje ringe inn. Dei ligg for øvrig på sida som programmet har på Setesdalswiki, så dei som klikkar seg inn der, kan førebu seg til rebusen kjem.

Skisko

Gunnar Brottveit demonstrer ski for elever på Valle Vaksenopplæring. Foto: Marja-Leena Steinbru
Gunnar Brottveit demonstrer ski for elever på Valle Vaksenopplæring. Foto: Marja-Leena Steinbru

Maja-Leena Steinbru skriver på Frivilligsentralen Valle sin Facebookside:

Tusen takk til dem som har gitt ski og sko, slik at elevene fra voksenopplæringen kan lære seg å gå på ski… men det er fortsatt behov for skiutstyr:
Vi mangler 2 par skisko i størrelse 38, 4 par skisko i størrelse 39. Vi trenger også litt kortere ski (160 – 170 cm) for damer, med binding (NNN eller Salomon) som passer til disse skoene. Vi trenger også et par skisko for en mann i størrelse 45/46…

Flyktningene i Valle har fått inspirasjon til å prøve seg på en skitur og Marja-Leena jobber iherdig for å ordne det praktiske slik at de ikke trenger invester så mye i å prøve ut dette. Friviligsentralen disponerer utstyret, flyktningene får låne det til turer. Om de etter hvert finner ut at de vil ha eget utstyr, kan de kjøpe det selv, som alle andre. Men utprøvingen er god å gjøre med lånt utstyr.

Om du har noe å hjelpe med, ta kontakt med henne på Frivilligsentralen.