Hostekule

Krimsjuk

Sist veke skreiv eg om krimsjuke. Den rennande nasen gjekk over i hostekuler. Eg er visst i godt selskap, i går kasta Ronny inn håndkleet etter vel ein halv time i studio. Hostekulene stod i kø.

Sjølv hadde eg forstand nok til å kaste inn håndkleet tysdagskvelden, å hoste seg gjennom ein radiokveld er ikkje hyggeleg, og noko av grunnen til at eg held på med radio, er at det er hyggeleg.

Men det har gitt seg, så om det ikkje tek seg opp att, vil eg prøve å starte opp tysdagsprogramma i radioen neste veke. Kanskje har også sprengkulda gitt seg til då.

Med hostekuler i kø har eg ikkje akkurat gledd meg over sprengkulda, men ropa “Lukk døra” til alle som har vore så uheldige å kome inn i klasseromet utan å ta med seg døra. I dag prata eg med ein om kor viktig det var å lukke døra. -Ja det er det, sa han, og så sprang han vidare med alle dørene opne etter seg. Det er ikkje alltid så lett å lære når ein er blitt vaksen heller.

Noskapin og Solvipekt, Fisherman’s Friend, Doc, ja til og med Paracet har blitt nytta i kampen mot hostekulene. Middagsluren har vore ein kjærkomen pause, for det meste roar seg når ein sovnar. Men ein kan jo ikkje sove heile tida, så er det opp etter ei stund og ta seg noko som kan stagge hosten og håpe på det beste.

Eg har hatt litt lett for å få lungebetennelse, men så langt har eg unngått stikka i lungene som fortel at ein slik er i kjømda. No vonar eg at mildare ver og to veker skal bety slutten på elendigheta.

 

 

Radioen starta att

Foto: Britta Lise Homme
Foto: Britta Lise Homme

I kveld var første sendinga i Valle Radio i 2016. Eg kasta inn handkleet denne veka og, hoste og snue er ikke bra i radio heller, så tysdagssendinga vart avlyst. Ronny var ansvarleg i kveld, han sleit også med hoste, så han avslutta Ronnys time etter vel ein halvtime, og gav mikrofonane til Sondre og Sigrid, som ikkje hadde slike problem, etter det eg kunne høyre.

Onsdag 20. januar:

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Torhild Sandnes

19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Ronnys time. Om nye byggeføresegner
20.45 Konsertopplevingar. Sigrid Kjetilsdotter Jore og Sondre Rua Dokken i studio

Ettersom siste program i kveld ikkje var vanleg opi sending med rebusar og telefonar, tvilar eg på om dei oppsette telefonvaktene, Jorunn Helle og Solveig Rysstad var med i kveld.

Sjølv fekk eg ikkje høyre kva som skjedde før litt uti Ronnys time. Dermed kan eg ikkje fortelje kva Torleif Homme hadde på blokka si i kveld. Når han er i studio, er det alltid noko interessant å få vite, men i dag sovna eg frå heile starten av programmet og hadde ein pause i hostinga mi. Vonleg gjev det seg snart, slik at vi kan kome i gang att med tysdagssendingane i neste veke.

 

På kurs

Setesdalskonferansen 2009 var på Hovden Høyfjellshotell. Foto: Knut på Bø
Setesdalskonferansen 2009 var på Hovden Høyfjellshotell. Foto: Knut på Bø

Eg har hatt ein periode der eg har konsentrert meg om jobben og vore lite på kurs. Bakgrunnen var kanskje at eg tidlegare var tillitsvald og var mykje på kurs, så mykje at det ikkje lenger var triveleg.

Men ein kan vel ikkje nekte for at kurs kan vere nyttig. Ein ting er foredraga og det offisielle programmet. Men dei mange samtalane og møta med andre deltakarar kan også ha stor verdi. Av og til kan det vere ei lita setning som set tankar i sving. Slik var det jo med Setesdalskonferansen i 2009, den førte til arbeidet med Setesdalswiki, som no alle som vil ha informasjon om Setesdal kan nytte seg av.

Etter det har Setesdalskonferansen vore ein viktig konferanse for meg, der opplever eg at eg får påfyll i høve til engasjementet eg har hatt for regionen her i mange år. No nærmar det seg årets konferanse, den skal vere midt i april som vanleg, 14. og 15. april er datoane du må få på plass i kalenderen. I dag var det møte i programkomiteen, og noko er etter kvart på plass, mellom anna at arrangementet blir på Hovden i år og at Styrk Fjærtoft Trondsen blir konferansevert i år som i fjor og fleire år før det.

 

Ein måndag i mai

Kjetil Rike helsar på dronning Sonja under besøket i Setesdal i 1993. Varaordførar Bjørgulv T. Berg fylgjer med. Ingebjørg Aamlid i bakgrunnen. Foto: Åse Rike
Kjetil Rike helsar på dronning Sonja under besøket i Setesdal i 1993. Varaordførar Bjørgulv T. Berg fylgjer med. Ingebjørg Aamlid i bakgrunnen. Foto: Åse Rike

Gårsdagen fekk meg til å leite i gamle aviser etter stoff frå kongebesøket i Setesdal i mai 1993. Det skjedde måndag 10. mai, og lengst sør i dalen var det så vidt dei fekk sjå han. I Iveland var det ein stopp på 20 minutt før ferda gjekk vidare.

10 minutt etter det oppsette programmet kom kortesjen så til Mineralparken, der det var samla mellom 1500 og 2000 for å ta imot kongeparet. Pressa likte ikkje at ordførar Carl M. Thorsen talte utan manuskrit “til stor fortvilielse for både enkelte pressefolk og fylkesmannen, som førut hadde bedt om å få alle talane til godkjenning”, som det heitte i avisa. Men redaktør Haugsgjerd fekk med seg det meste av talen, som var av historisk karakter. Deretter fekk Kongen ein rosemåla bolle, måla av Oskar Kjetså, kommunen sin fremste rosemålar, som då gjekk i sitt 81. år. Dronninga fekk eit vevd teppe av 97 år gamle Elisabeth Ljosland før ferda gjekk vidare til Revsnes, der Bygland kommune heldt lunsj for gjestene klokka 13.

Etter ein times lunsj gjekk turen til Knutsbakk i Bygland der det var markering ved minnestøtta klokka 14.20. Ordførar Thorbjørn Borgi helsa velkomen, Osmund Faremo hadde minneord, Kong Harald la ned krans og Bygland Hornmusikk spelte. Det var ein stopp på 20 minutt. På ferda nordover i dalen var kongen oppteken av å få sett Reiårsfossen, men programmet var svært tettpakka, så det vart ingen stopp.

På Rysstad venta eit brurefylgje med over 60 dansarar og ei stor folkemengd med ordførar Tarald Myrum og varaordførar Bjørgulv T. Berg i spissen på dei prominente gjestene. Her var det dronning Sonja som spelte hovudrolla, det var ho som opna Setesdalsmuseet. Aldri har vel Setesdal opplevd fleire fotografiapparat i sving på ein gong, skreiv Setesdølen. (Eg lurer på kor dei bileta har teke vegen. Ei etterlysning i Gamle bilete frå Valle og Bykle på Facebok, gav eitt bilete, det har eg brukt til denne bloggposten. Takk til Åse Rike)

Etter ein pause samlast 180 innbedne gjester til middag på Soknehuset: Suppe, røykt lammekjøt med løksaus. Moltekrem til dessert. Kaffi og kaker i første etasje etterpå, Klokka var visst halv tolv før det var slutt. Men neste morgon var det full fart att, alt klokka 10.05 var det omvisning på Sylvartun. Deretter bar det til Valle, der pensjonistar var benka i sentrum og fekk helse på kongen. Men alt klokka 11.10 var det stans på Rygnestad, før stopp i Bykle klokka 12.10. Der var det velkomsthelsing ved ordførar Kay Jeiskelid, besøk på helsesenteret, i kyrkja, lunsj på Bykle gjestegard og besøk på Bykle Vindu før det var finale i Hovden Badeland.

-Eg har inderleg lyst til å kome tilbake, sa dronning Sonja under lunsjen i Bykle, der dei var 86 til bords, dei fekk nepespa. Bykle Gjestegard serverte om lag 80 pressefolk, sikkerhetsvakter og andre i fylgjet i tillegg. Det klarte dei med glans, skreiv Setesdølen.

Og glans var det over desse to dagane i mai 1993. Strålande sol, nyutsprungen bjørk, flagg, stivpynta folk. På side 4 i avisa onsdag 19. mai heitte det: 17. mai-fest i skuggen av kongebesøket. Og slik var nok kjensla for dei fleste, det var kongebesøket som var den store festen det året.

Jubileum

Foto: Else Gyro Rysstad
Foto: Else Gyro Rysstad

I dag vart det markert at det er 25 år sidan Kong Harald V tok over etter Kong Olav V. Det var ei fin gudsteneste i Slottskapellet med vakker musikk og sang, sidan var det skileik framom Slottet, der deltok til og med jubilantane i det fine, men kalde veret.

No i kveld fekk eg med meg litt av jubileumsprogrammet i Aulaen i Oslo, der var Setesdal representert av Kirsten Bråten Berg sitt verk Tre stemmer frå Norge, ho sjølv, ein samisk stemme og ein afrikansk stemme.

Markeringa sendte tankane mine tilbake til våren 1993, då vi hadde kongebesøk i samband med opninga av Setesdalsmuseet på Bjugsbakk. Det var dronninga som stod for den opninga, men turen vart ei festreis med besøk i alle dei fire Setesdalskommunane. Det var makelaust fint ver, grøn bjørk sjølv om det bare var 10. mai. Sjøv fekk eg gleda av å vere med på middagen på soknehuset den måndagskvelden, det var ei stor oppleving og er vel det næraste eg kjem til å kome namnebroren min.

Men far og mor var i audiens på Slottet. Dei reiste inn der for å takke for Kongens fortenstmedalje som far fekk 4. oktober 1998. Dei hadde ein hyggeleg prat, sundagsskulelæraren og monarken.

Eg ser på Setesdalswiki at ein del setesdølar har fått Kongens fortenstmedalje av Kong Harald, i tillegg til dei som har fått St. Olavs Orden:

Frå Valle:

  1. 20. oktober 2013: Ingebjørg Vegestog Homme
  2. 1. juli 1997: Husmor Ingebjørg Å. Kjelleberg
  3. 1995: Kvedar Torbjørg Aamlid Paus (gull)
  4. 1995: Kjøpmann Sverre Lund

Frå Bygland:

  1. 19. oktober 2013 Annemor Sundbø
  2. 28. februar 2009 Birgit Skjevrak Skeie
  3. 27. november 2008 Bonde Knut P. Sandnes
  4. 01. juli 2000 Emissær Olaf Skjeggedal
    1. 1993 Stortingsmann og ordførar Osmund Faremo

Frå Evje og Hornnes:

  1. 17. mai 2011 Rektor Alf Georg Kjetså
  2. 17. mai 2011 Entreprenør Kåre Tjessem
  3. 21. august 2010 Lærar og dugnadsmann Odd Harald Robstad
  4. 21. august 2010 Bonde, hagebrukar og dugnadsmann Sigbjørn Kjetså
  5. 15. april 2008 Ada Sofie Austegard (gull)
  6. 25. mars 2008 Adjunkt Sigmund Monen (gull)
  7. 17. juli 2007 Bedriftsleiar Roald Skibsrud
  8. 30. november 2006 Kaptein Knut Aadal
  9. 1. november 2005 Lærar Ruth Oksefjell
  10. 28. mai 2005 Lektor Olav Arne Kleveland
  11. 13. desember 2004 Lærar Sigrun Smeland
  12. 8. mai 2003 Hagebrukar Arnar Kjetså
  13. 1. juli 2002 Lærar Valborg Hauan

Frå Iveland:

  1. 2015 Ordførar, bonde og kulturarbeidar Karstein Lie
  2. 9. oktober 2013 Likningssjef Salve Øina
  3. 8. mai 2003 Formann Jens Skisland
  4. 1. juli 2002 Skogsarbeider Gjermund Frøysaa
  5. 1. juli 2002 Hjelpepleier Jorunn Frøysaa

Språk-kafe

Ordførar Steinar Kyrvestad på juleavslutninga i desember 2016. Foto: Marja-Leena Steinbru
Ordførar Steinar Kyrvestad på juleavslutninga i desember 2016. Foto: Marja-Leena Steinbru

Eg trur det er på tide å planlegge språk-kafe for flyktningane i Valle. Vi snakka om det i samband med juleavslutninga at vi burde kome i gang med språk-kafe-prosjektet som den nye bibliotekaren ivra så for. Ho kom frå Nordmøre, og der hadde dei hatt eit samarbeid mellom frivilligsentralen og biblioteket.

Eit oppslag på internett syner at ein mange stader har teke dette i bruk for å skape integrering og hjelpe innvandrarane med norsk. Vil det vere mogleg å få dette til i januar, tru?

Gratulerer, Wikipedia

Henta frå Wikimedia Commons
Henta frå Wikimedia Commons

I dag markerte Wikipedia at nettleksikonet har nådd konfirmasjonsalderen. 15 år er gått sidan det vart starta på engelsk språk. Ikkje så lenge etter kom det norske i gang, men det tok litt tid før det tok til å vekse.

Sjølv hadde eg mi første redigering på Wikipedia i 2006. Eit av mine første famlande steg i denne sjangeren var om den ungarske komponisten Ligeti, som døydde 12. juni 2006, og same dagen skreiv eg ein liten stubb om han. Denne vart fiksa på av fleire andre same dagen og i dagane etterpå, og sidan har det blitt ein viktig hobby for meg å delta i dugnaden med å lage eit nettleksikon på norsk.

Etter kvart vart det eg skreiv lagt merke til i nettsamfunnet som skriv leksikonet og eg vart spurt om å vere administrator, dermed fekk eg litt fleire knappar og kunne stoppe vandalisme. Men framleis er det å skrive artiklar det som eg likar best.

Wikipedia fekk etter kvart ein lokal avleggar i Setesdalswiki, i dag var vårt lokale leksikon til og med omtalt i eit lesarinnlegg av Tarald Myrum om Prestfossen hengebru i Setesdølen. Over tid har Setesdalswiki utvikla seg litt annleis enn førebiletet. Det er sjeldan slettediskusjonar i Setesdalswiki, eg brukar å seie at om ein har reist gjennom Setesdal, kan ein få artikkel. Wikipedia har ein annan politikk, der må ein vere nasjonalt kjent for å få artikkel.

Det at vi har fått Setesdalswiki, har nok gjort at eg ikkje er så aktiv på Wikipedia, nettleksikonet er delt i to, eit på nynorsk og eit på bokmål. Eg har vore mest aktiv på bokmål og bare av og til skrive på nynorsk wikipedia, medan dei fleste artiklane eg skriv på Setesdalswiki, er på nynorsk. Eg likar systemet vi har som generer bursdagsoversikt på Setesdalswiki, noko slikt har dei ikkje på Wikipedia.

Ut frå Wikipedia har det blitt etablert eit biletarkiv som eg kan bruke på Setesdalswiki og her på bloggen. Det er ein rikdom, dei har over 30 millionar mediefiler. Engelsk Wikipedia har over fem millionar artiklar, norsk bokmål har vel 430.000 artiklar Lenge konkurrerte vi med svensk wikipedia, men så fekk dei ein robot til å generere artiklar om svenske innsjøar og nokre andre tema, så no har dei 2,5 millionar artiklar. Men vi slår danskane, dei har vel 213.000 artiklar. Med alle datoartiklane på Setesdalswiki er vi oppe i vel 85.000 artiklar, av dei er om lag 77.000 robotskapte.

Men Wikipedia har endra måten folk finn informasjon på. Eg høyrde eit program på Nitimen i dag der Gisle Hannemyr sa at papirleksikon ikkje lenger hadde nokon marknad. Eit nettleksikon som Wikipedia, som alle kan redigere og som mange difor trur er fullt av feil, er blitt staden der folk finn informasjon i dag. Og det er forbausande lite feil, men folk må sjølvsagt vere kildekritiske.

Det same gjeld jo også Setesdalswiki, kjelda for artikkelen om Prestfossen hengebru var ein artikkel i Setesdølen, om den er feil, vil feilen forplante seg inntil det kjem ny informasjon som kan takast med i artikkelen. Kjelder og kjeldekritikk er viktig for eit nettleksikon i våre dagar.

Integrering

Foto: Marja-Leena Steinbru
Foto: Marja-Leena Steinbru

I nyttårstalen sin var statsminister Erna Solberg opptatt av integrering. Hun trakk fram et eksempel fra Stovner i Oslo der 17 år gamle Ali Aljabri fra Irak har vært primus motor for et opplegg hvor ungdom besøker eldre. Han har fått med seg over hundre ungdommer i prosjektet, som har pågått i to og et halvt år. Han gikk fra klasserom til klasserom på ungdomsskolen for å få med seg folk, og i disse to og et halvt år har prosjektet ført til glede og kontakt. Fordi mange av de unge er innvandrere, fungerer prosjektet som integrering, når alt kommer til alt, er unge og eldre ganske like, enten de kommer fra Norge eller fra et annet land.

Integrering handler jo om å delta i det samfunnet vi bor i.

I dag hadde vi et opplegg om dette på Valle Vaksenopplæring. Etter å ha sett en liten film om statsministerens nyttårstale og Alis besøk hos eldre på Stovner, skulle vi finne ut om det var noe vi kunne gjøre i Valle. TV2 Skole, som hadde laget filmen, hadde et ark med noen spørsmål om hva vi kunne gjøre.  Vi fikk valgene: God ide, Dårlig ide, Vet ikke.

Invitere naboer på te.
Gå tur med en nabo.
Gjøre en frivillig innsats i en organisasjon.
Delta i dugnad i barnehagen og i nabolaget.
Trene og delta i sport sammen med nordmenn.
Be en nabo hjelpe deg med å snakke norsk.
Hjelpe en nabo.
Invitere nordmenn på bursdagsfeiring for barn.
Delta i aktiviteter sammen med barn.
Ta ansvar i borettslaget.
Delta på offentlige arrangement der du bor.
Alltid snakke norsk når det er nordmenn til stede.
Delta aktivt i samtale med nordmenn på jobb.

Det var vel bare å ta ansvar i borettslaget som ikke passet i Valle. Problemet er vel heller å få organisert det som må organiseres.

Frivilligsentralen har et tilbud til innvandrerkvinner hvor de møter norske kvinner til håndarbeidsaktiviteter. Det har også vært litt fotballfellesskap etter det jeg har fostått. Men ellers er det nokså dårlig med steder hvor innvandrerne i Valle kan delta i lokalsamfunnet.

Kan 2016 føre til en endring i dette?

Krimsjuk

Krimsjuk

Når snørra renn og hosten ikkje stoppar, då vert det ein kort blogg i kveld. Snørrdråpar i tastaturet er ikkje godt, så eg må halde meg på avstand.

Språkspalta til NRK Hordaland har ein artikkel om krimsjuke.  Ordet heng saman med rennande, tjukk væske, og av og til lurer eg på kor mykje det kan vere der inne, det stoppar liksom aldri når ein er krimsjuk.

Det er mange kjerringråd mot forkjølelse. Vademecum skal vere godt, men det har eg ikkje, eg har Fisherman’s Friend og tørkerull. Trur nok at krimsjuka varer lenger enn begge desse.

Samfunnskunnskap

Før jul hadde vi et kurs i samfunnskunnskap for innvandrere på Valle Vaksenopplæring. Kurset finner du på samfunnskunnskap.no, det går gjennom viktig informasjon om Norge og landet flyktninger og innvandrere har bosatt seg i.

Ideelt sett skulle kurset vært holdt på morsmålet, i Valle er det for tida arabisk og tigrinja, spansk og karen, men det ble holdt på norsk, og så kunne elevene lese stoffet på sitt språk på nettstedet. Det fungerte i grunnen nokså greit, kontrollspørsmål viste at mange hadde fått med seg mye av stoffet.

I morgen er det tid for test. Da skal de gjennom vel 30 spørsmål, det er flervalgsoppgaver, så testen gjennomføres på data og resultatet vil være klart nokså fort. Politikere vil at man skal ha bestått denne testen for å kunne få statsborgerskap, men foreløpig er det nok å ha gjennomført kurset, man trenger ikke bestå testen.

VG har lagt ut en eksempeltest på nett, du kan prøve der og se hva du kan om det norske samfunnet. I kommentarer på facebook har det vært mange som har sagt at de ikke klarte å få alt rett, noe som er helt naturlig, etter min mening, om man ikke har gjennomført kurset i samfunnskunnskap.

Jeg ønsker elevene lykke til med testen.