Sykehuskonsert

Eg hadde to avtalar på sykehuset i dag. Med ujamne mellomrom kallar dei meg inn til kontroll, håpet er vel at eg skal unngå å verte innlagt att.

I dag var alt vel, eg kom fort ut frå den første, men kunne ikkje kjøre heim med det same, for eg hadde altså klart å få til at når det trengst, kan eg ta to kontrollar på same dagen. Difor sette eg meg i kafeen og venta på neste avtaletidspunkt, det var litt avstand mellom dei to avtalane. Reidun var med, ho kjøpte kaffi og avis til meg, så det var rein velstand.

-Det ser ut til at vi får konsert i dag, sa ho. Eg sat med ryggen til det som skjedde, men ho hadde full oversikt. Så høyrde vi klimpring på ei harpe. Slike instrument må jo stemmast, det tek si tid.

-Han som sit ved nabobordet trur eg er komponisten som har vore med i Reisen til Betlehem som Fævennen skriv om i dag, sa Reidun. Han kom saman med musikarane.

Det var sikkert 40 personar i området, men ingen kjende. Klokka var 10.40. Min nye avtale var klokka 11, så 10.50 gjekk eg. Reidun gjekk og, ho måtte legge meir pengar på parkeringa.

Til vanleg tek den avtalen eg hadde klokka 11 om lag 15 minutt, så eg håpa at eg skulle få høyre nokre fine tonar då eg kom ned att. Men denne gongen måtte eg vente ein halv time før eg kom inn, ho som eg skulle møte var blitt kalla ut på eit hasteoppdrag på ei avdeling. Så klokka var 11.50 då eg kom ned i kafeen att.

Då var konserten over, harpa forsvunne, musikarane borte.

Det var den konserten.

Vonar nokre andre fekk glede av musikken. Eg hadde vel tenkt at eg skulle få oppleve noko liknande det vi har sett på film på facebook, at ein tek til å spele, og så fyllest det opp med eit heilt orkester. Det hadde vore noko i denne adventstida.

Og sjølv om niesa mi spelar obo i Kristiansand Symfoniorkester, har eg enno ikkje vore og høyrt henne i Kilden. Ho var ein annan stad denne dagen, dei var ute på små ensemblekonsertar rundt om, alle saman. Eg var så nær, så nær, men ikkje nær nok.

 

Triveleg onsdagskveld

Vi har jo av og til diskutert kva vi skal gjere med siste del av onsdagskveldane i Valle Radio. Vi har hatt opi sending sidan vi starta, men med åra har talet på innringarar gått ned. Responsen frå lyttarane er ikkje kva den var, sjølv om mange høyrer på sendinga, er det få som løyser rebusar. I gamle dagar kunne vi ha 80-100 telefonar, no har vi 20-30, det vil seie to-tre på kvar rebus.

I går kveld gjorde Ørnulf ein vri som eg opplevde positiv. I staden for å ha rebusar og prat med folk som ringde inn, hadde han avtalt med folk om samtale om eit emne. Naturleg i denne førjolstida var det då å bruke SPA som tema, og då tenkjer vi ikkje på bading og massasje.

Med seg i studio hadde han Bjørgulv T. Berg, som har redusert sitt engasjement i radioen, framleis står han på andaktslista, men programleiar er han ikkje lenger. Dei snakka saman om temaet, og så hadde dei telefonisk kontakt med Leonhard Jansen, Bodil Nordjordet, May Liss Flateland og Arne Torp. Med hjelp av desse fekk vi oppklart kva ordet kjem frå, det var nok helst Leonhard som hadde den løysinga, han meinte at det hadde samanheng med å spe. Språkprofessoren hadde vore i Danmark og gått forbi mange SPA, men Valle sin jolemat hadde han ikkje særleg greie på. Han snakka om sø, eit ord som blir brukt om suppe.

Dei to kvinnene hadde gode ord om tillaging og om jolemat, og programleiarane hadde god greie på emnet som konsumentar av fiskespa, nepespa og kjøtspa. VI fekk og høyre ein del som kunne tyde på at retten kanskje kunne ha røter heilt tilbake til katolsk tid, då var adventstida fastetid og fisk var på menyen medan kjøtet fekk vente til joledagen. For oss som har jolebord og jolemiddag utover i heile desember var det heilt klart ei forteljing om ei anna tid.

Det vart ein hyggeleg time i ein mørk desemberkveld.

Program for veke 50

Tysdag 8. desember 

Ansvarleg: Harald Haugland
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
*Om Jol i Setesdal 2015. Olav Åkre i studio
*Om gründerprisen til regionrådet. Signe Sollien Haugå på telefonen
*Om den nye boka til Erik Kjebekk. Erik på telefonen
19.30 Sangkveld med bl. a. Evje sangkamerater
20.30 Postludium
*Max Regers 1. orgelsonate
21.00 Kyrkjebakken

 

Onsdag 9. desember
Ansvarleg Liv Tanche Larsen
Teknikar Siri Johannessen
19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Frode Buen
20.00 Livs time med Sigrid Kjetilsdotter Jore og Sondre Rua Dokken
– Førebuing til jol, feiring, tradisjonar og musikk
21.00 Opi sending med Ørnulf Hasla

” Då vert det ikkje vanleg Ope sending med rebusar i kveld. I staden blir det ei sending frå kl 21-22 over opphavet og retten SPA! Vi får Språkforskar og professor Arne Torp. Turbobudeia Bodil Nordjore. Leonard Jansen. Og May Lis Flateland som vi ringar opp for å belyse opphavet, ordet og ikkje minst retten SPA! “

Aleine

Siri hadde ikkje høve til å vere med i kveld, så eg var både teknikar og programleiar i Valle Radio i kveld. Litt jolepreg hadde programmet, eg kåserte om Stille Nacht, heilige Nacht, songen som vart til Glade jul på norsk. Men elles var det tradisjonelt preg. Eg måtte nytte ei cd-plate for Over ein open Bibel, eg hadde ikkje fått lasta ned nokon andakt frå Norea i dag. Men Rune Stormark er jo kjent som Byglandsprest no.

I den aktuelle timen hadde eg Olav Åkre med for å fortelje om Jol i Setesdal. Mållaga i dalen gjev ut bladet, og i år var det større enn før og med eit rikt og variert innhald. Dei fem redaksjonsmedlemene hadde hatt fire møte der dei la opp bladet, og hovudartikkelen i år hadde Olav Mosdøl skrive om Olav Bjørgum, som i alle år illustrerte bladet, men som no ikke lenger kunne teikne til bladet. Elles kunne han fortelje at det var mange som kvart år leverte tekstar til Jol i Setesdal, også i år måtte noko stå over til seinare.

Etter at han hadde vore med meg i ein halv time, var Signe Sollien Haugå med på telefonen frå Bygland. Ho fortalde om gründerprisen som er sett opp og som skal delast ut på Setesdalskonferansen 2016, der den som kjem opp med beste ideen til eit produkt eller ei teneste som kan realiserast, vil få 50.000 kroner i premie.

Til slutt i den aktuelle timen fortalde Erik Kjebekk om boka han har gitt ut om heimbygda si, Flatebygd, og korleis det var å vekse opp der for 60 år sidan.

Jolemiddag

Det vert ein og annan jolemiddag i desember. I kveld klokka 19 var Utdanningsforbundet Valle samla på Sølvgarden. Ribbe eller pinnekjøt på fat, eg valde pinnekjøt, med moltekrem til dessert.

Det møtte 17 medlemmer, det vart ei hyggeleg samling. Ansgar Andreassen frå Hornnes var med som gjest, han er tillitsvald for Setesdal vidaregåande skule, og frå avdeling Valle var fire medlemmmer med. Ansgar fortalde at då dei hadde jolemøte for lokallaget i Evje og Hornnes, som er saman med Bygland, var dei på Revsnes, og det kom 90 stk. Dei hadde til og med konsert på samlinga si. Hos oss var det ikkje noko program, vi koste oss saman og let praten gå.

Dei fleste braut opp etter eit par timar, men eg og Ansgar vart sitjande og prate ein time etter at dei andre var gått, det var hyggeleg å møte han att etter at eg no i mange år har vore mindre aktiv i Utdanningsforbundet, før var vi ofte saman på kurs og møter. Det er eit generasjonsskifte mellom lærarane på Hornnes no, mang har alt slutta, og til våren gjev Ansgar seg også, då har han vore lærar i 44 år, dei aller fleste på Hornnes.

 

I kjølvatnet av Synne

Ekstreveret Synne slo hardt i Rogaland og vest i Vest-Agder. I vTregdevegen i Mandal merka vi vinden og regnet, men det var ikkje ekstremt der vi bur, sjølv om det blinka i lysa eit par gonger i løpet av helga. Men sundag morgon var Internett borte, og ettersom vi får TV og telefon via breiband, vart det ein sundag utan svensk gudsteneste på TV, utan snooker og ski eller annan sport. Men ein telefon til naboen synte at vi var i godt selskap, dei var og utan internett, men dei har parabol, så dei fekk signal til TV.

Så gjekk turen oppover til Valle i ettermiddag og det var som så mange andre turar, mørkt og mange møtande bilar, men ingen trafikkproblem. I kveld stoppa eg på Statoil Rysstad og fekk ein prat med hylstringar der. Det er alltid triveleg. Av og til kan ein der få idear til innslag i Valle Radio og, men det var det lite av denne gongen.. Men tysdagssendinga som eg har ansvar for, vil nok finne noko å glede lyttarane med også denne gongen.

Etter ein jolebordsong

Eg sende årets jolebordsong til komiteen torsdag kveld. Malla hadde sagt at dei måtte ha den fredag morgon. Men då jolebordet var vel i gong, fekk eg ein telefon frå Øystein som lurte på kor songen var. Den var blitt etterlyst. Eg opplyste då det som du las i dei første linjene her. Han takka, og så høyrde eg ikkje meir fredagskvelden, med unntak av ei sms-melding om at dei hadde funne han.

Men laurdag kveld var det min tur til å ta ein telefon og høyre korleis det hadde gått. Då kunne Øystein fortelje at Jørund Georg Jore og og tre damer hadde vore forsongarar, dei hadde til og med fått til å syngje Via Ferra rata og at songen hadde fungert som den skulle.

Det er jo alltid hyggeleg når det ein skriv fungerer som det skal.

Festen hadde vore hyggeleg til langt på natt. Det er neppe songen si skuld, men utanom talar av ordførar og rådmann var det einaste programmet på festen, så det var nok godt selskap med gode kolleger som gjorde susen. Men vonleg kunne sangen gje ei påminning om den nære historia, hendingar i året som gjekk.

Jolebordsong 2015

Melodi: Nå har vi vaska golvet

Til jolebord vi samlast, så godt å ha ein fest,
så godt å kunne glede oss og kose oss som best
når no vi skriv desember, eit år er unnagjort,
vi alle er blitt eldre og tida den går fort.

Hukommelsen er dårleg, kva har vel hendt i år
som kanskje vi vil hugse i dagar som vi får?
Eit sentrumsbygg vart skrinlagd, ny ordførar vi fekk
og svingane i Kveste, dei no blir tekne vekk.

Heilt sør i Valle såg vi ei landbrukssatsing stor
med sauefjos og jordbær og klatring i ei snor.
For Via Ferra-rata gav mange klatretrong,
dei sikkert sug i magen ville kjenne nok ein gong.

I Oveinang dei laga film, den kosar vi oss med,
og kokebok frå Dale ligg under joletre.
Men skitrekket i Brokke gjekk på ein skattesmell,
konkurs det vart, men no til jol det opnar likevel.

Kommuneplan er laga, men sentrums-ventebu,
den manglar vi jo framleis, det er kje til å tru.
Og skulebussen ikkje til Sagi køyre vil,
nei, ikkje alt har lukkast, meir arbeid må nok til.

Sentral for alt frivillig i år vart etablert,
og klassequiz-ungdomar dei fekk oss imponert.
Vi slår oss ikkje saman, men spare må vi nok,
det skal vi også klare, vi løfte må i flokk.

Du har ein jobb så viktig, så gjer den med eit smil.
Men kos deg no på festen, det alle vi jo vil.
Vi helsar til kvarandre og lyftar våre glass
og takkar for ein festkveld frå kvar vår sitjeplass.

Å dikte jolebordsong

Eg vart spurd om å dikte jolebordsong også i år. I morgon er det jolebord for Valle kommune, men i år droppar eg arrangementet, sjølv om eg skreiv ein song og gjerne skulle høyrt folk synge.

Det har vore vanleg at eg får stikkord som kan danne grunnlag for ein song, men i år vart det visst ikkje halden nokon idedugnad på Velkomstsenteret, for eg fekk ingen stikkord. Kim sa at eg sikkert kunne finne noko sjølv, så eg rota litt rundt for å finne noko som har hendt i året som gjekk, og eg fann også noko som ikkje har hendt. Til saman vart det sju vers også i år. Melodien er som tidlegare år: No har vi vaska golvet. Men du får vente til i morgon før du får lese teksten.

Regionrådet strevar

I går var det ekstraordinært styremøte i Setesdal Regionråd. Evje og Hornnes kommune vil redusere sitt bidrag med ein million, det er dramatisk for rådet. I kveld var fungerande styreleiar Jon Rolf Næss med på telefonen i Valle Radio og fortalde om situasjonen.

Kvar kommune legg inn 1,3 millionar i regionrådet, det blir 5,2 millionar. Så legg fylket i like mykje, dei pengane kjem frå sal av konsesjonskraft, der fylket får opp mot 70 mill fordi setesdalskommunane har så få folk at kommunane ikkje klarer å bruke konsesjonskrafta som vert produsert i kommunane.  Den blir då seld gjennom selskapet Konsesjonskraftfondet der Arne Tronsen er leiar.

Noko av dette vert så tilbakeført til kommunane gjennom løyving til regionrådet, det medfører at pengane som kommunane skyt inn, vert dobla. Om kommunane reduserer bidraget, vil fylket og kunne redusere sitt bidrag. Resultatet blir minde til næringsutvikling i Setesdal, og alle vil jo gjerne at næringslivet i dalen skal bløme.

Evje og Hornnes vil kanskje setje ein million på fond i staden for å løyve til regionrådet, og så vil dei nytte pengane i eigen kommune. Helst vil dei at dei fire kommunane skal opprette eit felles næringsselskap ved sida av regionrådet. Men det vil ikkje dei tre andre.

Jon Rolf Næss fortalde godt om korleis regionrådet strevar for å kome til ei løysing som alle kan leve med. Dei har til no ikkje drøfta spørsmålet om å analysere korleis løyvingane verkar. Men dei er ikkje ferdige enno. 17. desember er det representantskapsmøte, der møter alle formannskapa, då vil dei få ei orientering, og så må styret arbeide vidare med saka på nyåret.