Akuttmottak på Sølvgarden

I går hadde eg Trygve Rysstad med meg i studio. Han fortalde om arbeidet med å få i gang akuttmottak på Sølvgarden, der dei har skrive kontrakt med UDI om å ta imot vel hundre flyktningar som har asylsøknadene til handsaming.

Dei skulle ha kome tysdag, så var det natt til onsdag, så vart det torsdag. Det siste eg høyrde var at dei skulle kome klokka 2 natt til fredag. Det er vanskeleg å vite noko, fortalde Trygve, dei skal kome frå Råde, og der veit dei knapt noko frå time til time.

Sist han hadde asylsøkjarar buande i hyttene på Rysstad Feriesenter var i 1993, då var det bosniske og serbiske flyktningar som kom til Rysstad. No ventar han folk frå Syria, Sudan, Eritra, Afghanistan, men han veit ikkje sikkert. På Sølvgarden har dei folk tilsett frå fem ulike land no, men ingen som talar arabisk, så han ville gjerne ha kontakt med folk som tala arabisk.

Å få leige ut hyttene i lågsesong som no er mykje verd for anlegget, som Trygve kjøpte tilbake i år etter at det eit par år var eigd av SR-bank. Men hotellet skal ikkje nyttast til dette, den drifta vil gå som normalt, så jolebord og joleavslutningar vil ikkje bli avlyste. Bestillingar på dette har i år vore langt meir enn tidlegare, så dei tilsette på Sølvgarden har nok å henge fingrane i.

Eg har sjølv budd i ei av hyttene på campingplassen der. Det var i 1991 då eg kom til kommunen. Der hadde eg det fint, det var god plass og godt isolert. Men også dei mindre sommarhyttene skal nyttast, så det kjem nok til å gå ein del straum når folk skal bu der vinterstid. Men kontrakten er bare på 25 dagar i fyrste omgang, så får vi sjå om UDI forlenger. Flyktningane som kjem til Rysstad får ikkje pengar, dei får tak over hovudet og mat, og dei har med seg ein utstyrspakke med sengeklede og vinterklede etter det han hadde fått opplyst. Så Sølvgarden har ordna til kantine i kjellaren, der vil dei servere tre måltid dagleg, slik kontrakta med UDI seier dei skal.

27 år i Epcot

Tysdagskvelden var Ørnulf Hasla i Valle Radio og fortalde om årets tur til Epcot-senteret i Florida. Denne gongen var han saman med Gunnhild, som er butikksjef i Oslo. I mange år hadde han ein to vekes tur, først til Norsk Høstfest i Minot, og så vidare til Epcot, men no er høstfesten flytta fram til månadskiftet september-oktober, så no høver ikkje eit slikt opplegg.

I staden flaug han med Bjørn Kjos sitt Dreamliner-fly frå Oslo til Orlando. Der var dei ei veke, så gjekk turen heim, og då han kom i radioen, hadde han framleis jet-lag.

Hasla er det einaste firmaet som har vore i den norsk paviljongen på Epcot heilt frå starten. Det hadde sin grunn i at ei kvinne ein dag kom på døra i butikken og lurte på om Hasla ville vere med, og så heiv dei seg på det. Logistikken er steinhard, om dei ikkje klarar å levere i tide, misser dei kontrakten, så dei må stå på heile tida. Då han kom dit første gong då paviljongen skulle innviast, tykte han at Hasla sine produkt ikkje var særleg synlege. Men det var fordi dei vart utselde første veka, så han fekk ny ordre same dagen, og sidan har det gått slag i slag.

Det var mykje folk der, dyrt å kome inn er det og. Men det er så mykje folk at dei har sett opp prisane for å kome inn og slik prøve å redusere tilstrøyminga, Vi såg eit bilete på facebook, der gjekk folk i kø, og slik var det heile dagen, fortalde Ørnulf, som og fortalde at det var policy å ha så godt nett i parken at folk kunne dele bilete på facebook heile tida. 200.000 kunne vere på nett samstundes. Vi tenkte jo litt på Hot Spot Setesdal då han fortalde det. Det er viktig at folk kan dele bilete når dei tek dei, det skaper interesse og gjer at vennene til gjestene får lyst til å kome.

Halvtimen i studio denne kvelden gjekk fort. Eg vonar lyttarane hadde glede av samtalen, det hadde i alle fall eg. Eg lærte mykje, men sjølv om Dreamlineren var ei unik flyoppleving, vert det neppe nokon Epcot-tur på meg.

Program for veke 47, 2015

Tysdag 17. november

 
Ansvarleg: Harald Haugland
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuelt med Ørnulf Hasla
19.05 Sangkveld
20.00 Møteplassen med Øyvind Åsland
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 18. november
 
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt frå klokka 20.30: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
*Valle Radios blogg: http://blog.setesdalswiki.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Lokale fuglenamn

Som eg skreiv i går, kan ein finne skattar i gamle aviser. I 1992 hadde fugleforeninga i Setesdal eit innsamlingsarbeid på gang der dei skulle registrere lokale fuglenamn i Setesdal. I januar 1992 hadde dei fått inn 31 namn frå Rysstad og Hornnes, og i Setesdølen nr. 3, 1992 bad dei folk om å kome med fleire lokale namn. Kanskje skal eg lage artiklar om fuglar med lokale namn på Setesdalswiki.

Rysstad:
Gulspurv: Skur
Svarttrost: Sysvårte
Rødstrupe: Tereklokka eller Raudbringe
Fossekall: Tvåtekåne
Grønnspett: Ringspipa
Linerle: Siterle
Nøtteskrike: Skogskjer
Orrhøne: Ørkne
Grågås: Gaglen
Tårnfalk: Sporhauk
Fjellrype: Skarve
Kjøttmeis: Kjøteirik
Tiur: Tere
Hubro: Stenuve
Fuglekonge: Tommeliten
Enkeltbekkasin: Mekregauk
Hegre: Heire

Hornnes:
Gulspurv: Snøspikke
Gråspurv: Stasjonspikke
Svarttrost: Susvorte
Grønnspett eller svartspett: Rignspipe
Flaggspett: Trehakke
Stær: Stare
Nøtteskrike: Skogsjer
Skjære: Heimesjer
Kjøttmeis: Kjøteirik
Tiur: Tere
Hubro: Stenuv
Låvesvale, taksvale, tårnsvale: Svole
Fiskeørn: Fiskesjo
Strandsnipe: Fiskesjo

Gamle aviser

De som kjenner meg, veit at eg godt kan finne glede i gamle aviser. For ei tid tilbake overtok eg arkiverte Setesdølen som kommunen ville kvitte seg med. Det høvde jo godt for meg som skriv inn overskriftene i avisene på Setesdalswiki. Eg har vel ikkje alle nummer av Setesdølen tilbake til starten, men eg har mange.

I dag, då eg skreiv om Bygland kommunestyre 1955-1959 fann eg ut at eg skulle sjå i nokre gamle aviser etter informasjon om dei som var med i det kommunestyret. Eg fann ikkje det eg leita etter, men eg fann jo mykje anna interessant, så det var meiningsfylt.

Setesdalswiki har ei liste over ordførarar i Evje og Hornnes. Den kommunen er frå 1960-talet, og eg hadde etter kvart fått artiklar om alle, men ikkje om Carl M. Thorsen. Men i nr. 3, 1992 fann eg eit stort intervju med Thorsen, dermed fekk eg nok stoff til ein leksikonartikkel om han. I avisa er artikkelen på to sider og tek opp mange aktuelle saker ved inngangen til hans ordførarperiode. Dei kom ikkje med i leksikonartikkelen, den handlar om Thorsen sitt liv fram til han vart ordførar. Det stoffet måtte eg finne rundt om i artikkelen, for intervjuaren krydrar det aktuelle stoffet med litt informasjon om mannen. På den tida hadde dei ikkje byline i Setesdølen, men eg tenkjer at det nok er redaktøren sjølv som har vore på ordførarkontoret på Evje, som på den tida var i Sentrumsbygget.

Smått om senn veks leksikonet for Setesdal med stoff mellom anna frå gamle aviser.

 

Kaos i Paris

Eg sat og lurte på kva eg skulle skrive på bloggen i kveld. Eg tenkte på om eg skulle seie noko om Setesdalswiki, for i dag fekk eg ein telefon frå Fædrelandsvennen, som visst ville skrive noko om nettstaden som i løpet av seks år vel er blitt den beste plassen for å bli kjent med Setesdal, i alle fall etter det journalisten meinte. Naturleg nok vart eg glad for å høyre det.

Men så tikka det inn melding om bomber og skyting i Paris. Det var ein fotballkamp mellom Tyskland og Frankrike, og der gjekk det visst av ei bombe. Presidenten i Frankrike var til stades, men han kom seg i sikkerheit. På ein konsert var det skyting, og fleire andre stader. Dermed vil 13. november 2015 bli ein mørk dag å minnast når det lysnar i morgon. Ekstrasending på TV fortalde om 40 drepne og 100 gislar. På nettet er talet på drepne høgare. TV-bileta syner massivt oppbud av politi.

Høykommisær

FN har fått en ny høykommisær for flyktninger. Han heter Filippo Grandi og er en italiensk diplomat. Han overtar etter en portugiser som har hatt stillingen i ti år, António Manuel de Oliveira Guterres. Portugiseren var tidligere statsminister i Portugal, og det var spekulert i om den tidligere danske statsministeren Helle Thorning-Schmidt ville bli den neste høykommisæren.

I stedet valgte generalsekretær Ban Ki-moon en diplomat som allerede var en del av systemet. Han har vært leder for FNs kontor for palestinske flyktninger UNRWA fra 2010 til 2014. Han har også jobbet for UNHCR i Sudan, Syria, Tyrkia og Irak og ledet humanitær innsats i blant annet Jemen og Kongo.

Å gå inn i en slik jobb nå kan ikke være lett. UNHCR sier at 60 millioner mennesker i verden er på flukt fra sine hjem, langt flere enn de 50 millioner som måtte flykte under andre verdenskrig.

De fleste som er på flukt, bor i nærområdene, gjerne naboland. VI så nylig at Erna Solberg var i MIdt-Østen og besøkte  en flyktningeleir med over 100.000 mennesker.

Flere av de innvandrerne som nå bor i Valle har bodd i flyktningeleirer drevet av UNHCR. De kom til Valle direkte fra leirene som kvoteflyktninger. Høykommissæren for flyktninger samarbeider med land i hele verden for å gi de som bor i leirene nødvendig hjelp og mulighet til å etablere seg på nytt, så mange av Valles innbyggere er takknemlige for jobben som UNHCR gjør.

Den jobben er ikke lett og blir ikke lettere. Italia er et land som er hardt rammet av problemene flyktningestrømmen har skapt. Nå har landet fått verdenssamfunnets støtte gjennom en ny leder i organisasjonen som hjelper mennesker på flukt.

Har Norge noen gang hatt lederen av denne organisasjonen? Ja, Fridtjof Nansen hadde denne oppgaven på 1920-tallet, det var før FN ble etablert. I UNHCR har vi hatt Thorvald Stoltenberg som leder et knapt år, fra januar til november 1990.

Munnharpe

I Valle Radio har vi hatt ein del munnharpeinnslag. Det er ikkje unaturleg når vi har dyktige musikarar i nærmiljøet. Sigurd Brokke er no ute med ny munnharpeplate, den har han kalla Munnharpe II, det betyr at Munnharpe, ei plate utan tal etter, er å sjå som forgjengar. I tillegg har han gitt ut Rammeslag og Rammeslag 2, der er han saman med Daniel Sandén-Warg.

Før han har vi hatt Bjørgulv Straume som ein dugande utøvar, av hans plater har eg hatt stor glede av Hrynhendt, som han laga saman med Øystein Kikut. Der spelar dei og saman, piano og munnharpe, det er jo ikkje så vanleg å høyre munnharpe i samspel med andre instrument, men å høyre dei spele Sordølen, er ei stor oppleving.

No kjem neste generasjon munnharpespelarar. Eivind Tanche-Larsen Knutsen vart Noregsmeister i klasse C under landskappleiken i sommar og fekk Furestipendet på 5000 kroner for sitt munnharpespel. Han vann og med munnharpa på Bøkappleiken i helga som var.

I sendinga i går i Valle Radio markerte vi Eivinds prestasjonar og fortalde litt om den nye plata. Deretter spelte vi Frujorden, ein slått som Sigurd Brokke har henta inspirasjon til frå feleslåtten av same namn, ein slått etter Tarkjell Aslakson Austad i tradisjon etter Knut Jonson Heddi og Torleiv H. Bjørgum.

Utfordringar

Kveldens sending hadde nokre utfordringar som eg vil fortelje om på bloggen.

Eg hadde gjort klart ein del av programmet på Setesdalswiki slik eg pleier, men i dag gjekk nettstaden ned for vedlikehald. Det var fiber inn til datamaskina i Oslo som skulle fiksast, noko som førte til at maskina fekk ny adresse. Når så alt var ferdig, kunne ikkje nettet finne att Setesdalswiki på den adressa som var kjent. Det er system for å endre slikt, men det tek tid.

Dermed måtte eg starte sendinga utan tilgang til det eg hadde planlagt. På sett og vis var vi tilbake der eg var for mange år sidan, før eg tok til å bruke Setesdalswiki til å planlegge radioprogram. Det første var kåseriet, som måtte takast frå hovudet. Men ettersom eg hadde kontroll på det eg hadde planlagt, gjekk det høveleg, sjølv om rekkefylgja vart noko endra.

Sangkveldsoppsettet låg og på Setesdalswiki, men i kveld skulle eg ikkje bruke streaming, men vinyl, så det gjekk bra, for då hadde eg platecoveret å ta utgangspunkt i. Det er forresten flott å høyre Rolf Listrøm syngje, han har så klar diksjon, og samstundes syng han inderleg og følsomt.

Alt i alt kom vi greitt ut av kvelden, sett frå min synsstad som ansvarleg for kveldens program.

Veke 46, 2015

Ny veke og nye program i Valle Radio:

Tysdag 10. november

Ansvarleg: Harald Haugland

Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuelt
19.15 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 11. november
Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Ikkje klart
Telefonvakter: Jorunn Helle og Solveig Rysstad
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer
20.00 Ronnys time
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki