Sauemøte på Ose

I kveld hadde eg med meg på telefonen Kåre Blålid, som er leiar av Aust-Agder Sau og Geit. Han fortalde om eit stormøte som skal vere på Ose torsdag 5. mars 2015 der ein skal trekke opp kursen for eit prosjekt som skal gå i tre år: Ny giv i sauehaldet.

Kåre Blålid har sauer i Lillesand om vinteren og i området ved Bjørnevatn om sommaren.

Målet for prosjektet er å styrkje fagmiljøet, medverke til betre lønsemd, auka produksjon og kvalitet i sauehaldet i fylket. Dei tek sikte på etablering av minst fem faggrupper for å nå måla. Det viktigaste arbeidet skal skje her, og desse vil difor få ei sentral rolle i prosjektet.

I tillegg til Kåre Blålids presentasjon av prosjektet skal ein ha desse innlegga:

Erfaring frå tilsvarande prosjekt i Vest-Agder, ved prosjektleiar Ove Myklebust.
Motivasjonsføredrag, ved sauebonde og spesialrådgjevar i Animalia, Grethe Ringdal.
Presentasjon av gruppeleiarar og forslag til arbeidsplan for prosjektet, ved prosjektleiar Jakob J. Saaghus, Norsk landbruksrådgiving Setesdal.

Kåre Blålid oppfordra alle som hadde høve til å kome på møtet og bli med på satsinga på sauehald i Aust-Agder.

På pensjonistforening

Åse Holen spurde om eg ville vere med på Valle pensjonistforening i kveld. Dei skulle ha møte på Bergtun, og dersom eg kunne, hadde det vore fint med ein andakt og eit kåseri.

Klokka 17 var vi 17 personar samla i stova på Bergtun. Kjetil Rike hadde med trekkspelet og eg hadde fått med Michael frå Myanmar til å spele gitar i samband med andakten eg heldt. Den var bygd opp rundt sangen Blott en dag, som har 150-årsjubileum i år, Lina Sandell hadde den med i kalenderen Korsblomman i 1865. I sangen siterer ho frå 5. Mosebok 33, 25: «Som dine dager er, skal din styrke være.»

Inspirasjonen til andakten fekk eg frå svensk TV2 som sender gudsteneste kvar sundag klokka 10.05 og som i går hadde gudsteneste frå Frelsesarmeen i Västerås der dei song denne sangen. Det fekk meg til å leite litt på Internett, og der fann eg salmebloggen til Leif Haugen, og den hadde mykje av stoffet eg brukte i andakten. http://salmebloggen.trykker.com/2009/10/05/blott-en-dag/

Etter at vi hadde sunge sangen til Michael sitt gitarakkompagnement, song Michael ein song på burmesisk. Så var det utlodning før vi fekk smørbrød. Kaka sparte vi til etter kåseriet mitt, som handla om nye landsmenn i kommunen vår, det er eit tema som folk veit for lite om. Eg fekk fine kommentarar etter kåseriet, pensjonistane tykte det hadde vore interessant å høyre litt om kor folka kjem frå og kvifor dei er i Norge. Når ein får høyre litt om dei som lever i bygda vår, blir problemstillingane vi ofte får omtalt i media litt nærare og litt meir konkrete.

Med det vart kvelden runda av. Sangen Sov du vesle spire ung vart siste songen i kveld, den var det ikkje så mange som var trygge på melodien til, så eg måtte til med min noko harkande stemme. Men det gjekk høveleg, og korkje under andakt eller kåseri tok kriblinga i halsen overhånd, så alt i alt var det ein triveleg kveld.

Første veke i mars 2015

Så skriv vi mars 2015 og våren bankar på døra. Her er programmet for første veke i mars 2015:

Tysdag 3. mars
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Sangkveld med nytt frå kyrkje og kristenliv
19.45 Bibeltime med Oddvar Søvik
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 4. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakt: Ingunn Åkre Uppstad

19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Marja-Leena Steinbru
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending ved Harald

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside