Nyheter frå Setesdal

I kveld hadde vi desse nyhetene frå Setesdal i burmesisk halvtime:

Søndagsskole i Bykle
Sist søndag begynt vi med søndagsskole på Klippen Bykle. Sjølv om det er burmesiske Eh Ka Mwee Sein som har den, foregår søndagsskolen på norsk. Sist uke var det musikk og bevegelse for barna, neste uke blir det også vårrull på søndagsskolen.

Jernbane til Setesdal
Nå er det over 50 år siden Setesdalsbanen ble lagt ned. Det var en jernbane frå Vennesla til Byglandsfjord. I kveld klokka 20.15 kan du se på NRK1, da kommer det en film om denne jernbanen.

Frivilligsentral i Valle
Det er nå etablert Frivilligsentral i Valle. En av de første oppgavene var å skaffe en som kunne ha kjøretime med en burmesisk elev, og hun fikk tre timer med sjåfør. I morgon er det møte om Frivilligsentralen i kommunestyresalen i Valle klokka 19.

Sjømannskirkekveld
Torsdag kveld er det sjømannskirkekveld i Valle kommunestyresal. Sjømannskirken er en kyrkje for nordmenn i andre land. Men folk i Norge støtter arbeidet, og det kan vi gjøre torsdag klokka 19. Og i påsken skal det være sjømannskirke på Hovden hele påsken. Da vil kirken være open et par timer hver dag, og det blir også gudstjeneste hver dag. Prost Gunnar Ellingsen vil være fast prest på Hovden hele påsken.

Til helga
kommer det 100 ungdommer til Bykle for å delta på ungdomskonferanse i i regi av Den norske kyrkje. De skal bo på Bykle Hotell og ha samlingar i Bykle kyrkje. Søndag ettermiddag deltar de på gudstjeneste i Bykle kyrkje. KRIK – Kristelig Idrettskontakt Har konsert i Otrahallen fredag klokka halv åtte. Det blir en flott kveld for ungdom.

Søndagssamling på Klippen
29. mars – palmesøndag – klokka 17 starter vi med møter på Klippen Bykle. Samtale om Bibelen på norsk. Vi kommer til å ha slike samlingar tre søndager hver månad, men en søndag skal vi være på Gvarv.

Program for veke 12, 2015

Tirsdag 17. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar. Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Gudsteneste i Hylestad kyrkje.
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 18. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt: Torbjørg Hoftuft

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Lund
20.00 Haralds time. Gjest: Bjarne Tveiten
21.00 Opi sending med Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Burmesisk halvtime til Agderposten

Vår burmesiske halvtime har fanga interessa til Agderposten. I dag ringte dei meg for å få høyre meir om tiltaket. Dei ville skrive ein artikkel, og dei hadde fått eit bilete frå Ørnulf av Htoo Thaw David og Eh Ka Mwee Sein.

Eg fortalde om opplegget og at det bur om lag 100 personar frå Myanmar i Setesdal. Dei har burmesisk som fellesspråk, sjølv om dei er frå to ulike folkegrupper i landet.

Vi møtest klokka 16.30 for å gå gjennom nyheter frå Setesdal som kan bli brukt i programmet. I tillegg er det ein andakt og eit par songar. Så går vi på lufta klokka 17.30 og har ein halv time på burmesisk før den ordinære sendinga startar. No har vi snart halde på eit år, og mitt inntrykk er at dei to som lagar programma, trivest med oppgåva.

Eg synest det er eit fint integreringstiltak for denne folkegruppa.

Artikkelen er ikke publisert hos Agderposten enno, så langt eg kan finne ut, men eg vonar å kunne legge ut lenke til artikkelen når den kjem på trykk.

Det humpar og går

I går kveld hadde vi ei vanleg sending i Valle Radio. Det var ikkje særlege problem å kome på lufta og programmet for kvelden gjekk etter slik det var sett opp. Du ser det her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagssending_i_Valle_Radio_20150310

I kveld, derimot, var det ikkje like lett. Serveren i Bykle hadde hengt seg opp, og ingen kunne fikse det på kort varsel, så nok ein gong måtte vi stole på internett. Til Evje gjekk det utan problem.

Sjølv fekk eg ikkje med meg første delen av kvelden, for eg la meg til å sove middag og sov for lenge, men då eg ikkje fekk inn noko på FM, der var det bare P4, gjekk eg på facebook og fekk forklaringa. Så kunne eg høyre på Internett, og eg kom gjennom på rebus, då var det over 20 som fylgde oss på nettet.

Eg ringde inn på ein rebus, men vann ikkje i kveld. Vinnarane vart Sunniva Vindal Frantzen, Eirik Lunde, Hilmar Frantzen og Anne Lise Harstad.

Setesdølar på Svalbard

I dagens Setesdølen var det ein interessant artikkel om fire karar frå Bjåen som overvintra på Svalbard. Halvmåneøya er ei øy sør for Egdeøya. I 1947-48 overvintra Olav Bjåen, Sjur Bjåen, Jon Bjåen og Knut Bjåen der for å skyte isbjørn. Dei gjorde det dugeleg godt der oppe, og skaut m.a. 168 isbjørnar, noko Tromsø Museum har registrert som verdsrekord for eit jaktlag på ein sesong. Dette var siste sesongen det gjekk an å drive isbjørnjakt, året etter vart bjørnen freda.

I artikkelen fortel Herdis Lien, som er konservator på Svalbard Museum og sjølv har budd der i 9 år, om då nokre av barna var på besøk på Halvmåneøya, for å sjå staden dei har høyrt fedrane fortelje så mykje om. I dag har ikkje folk lov å gå i land på øya med unntak av like ved fangsthytta, og då bare etter avtale med sysselmannen.

I Heimar og folk i Bykle står det litt om vinteren på Svalbard, eller rettare sagt om kva som skjedde då dei kom heim:

Då dei kom heim hadde Olav og Knut med seg 9 isbjørnungar, 8 av dei hamna med tida i dyrehagar i Danmark. Ein av dei var tamare enn hine, og Knut gjekk med han i band då han steig av båten i Tromsø. Så hadde han ærend åt Vinmonopolet, og bjørnen fylgde med. På Polet var det lang kø framom disken, då Knut og bjørnen kom, men den forsvant fort då folk gådde kva slags dyr han hadde med seg, så han fekk skjot ekspedering. Denne bjørnen hadde dei tidlegare hatt nærast som huskatt på Svalbard. Han var stort sett snill i huset, men ein gong Knut sat og spela på mandolin, kom bjørnen og smadra instrumentet, han lika ikkje musikk. Ein annan bjørn var så sinna at han måtte avlivast. Dei trekte lodd om han, og Olav vann. I dag står han i utstappa form i huset hjå Sondov Bjåen i Kvæven.

Finn gjerne fram avisa og les artikkelen, den er interessant, og det kjem meir i neste avis.

http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bj%C3%A5en_(Bykle_gnr_1/3)

Meir om krypsiv

Første onsdagen i mars 2015 hadde eg med Atle Torvik Kristiansen på telefonen frå Kristiansand. Han er prosjektleiar for krypsivprosjektet og fortalde om situasjonen i dag i samband med at prosjektet no søker om 30.000 kroner frå mange kommunar på Agder.

Det meste av inntektene til krypsivprosjektet på Agder kjem frå Staten, eg trur han sa 3,5 millionar. Så yter kraftselskapa, fylka og kommunane resten av budsjettet på 4,8 millionar. For dette får ein pengar til å rydde i Otra, Mandalselva og Sira-Kvina, men også til forskning. Om lag 2 millionar går til tiltak, like mykje til forskning og resten til prosjektleiing.

Prosjektleiaren fortalde at det er ein vanskeleg kamp å få bukt med krypsivet. I dag dekker det store deler av Otra, og arbeidet for å fjerne krypsiv skjer på nokre få stader, mellom anna ved Granheim. I alt vart det klypt og frest krypsiv på 533 dekar i 2014. Amfbieservice gjorde jobben. Dei hadde også oppdrag i Mandalselva og i Sira-Kvina, men i Mandalselva var oppdraget om lag 200 dekar og i Sira-Kvina om lag 400 dekar, ifølge rapporten som låg ved papira til formannskapet i morgon, der rådmannen innstiller på at prosjektet får pengane.

Det skjer mykje forskning på krypsiv, men ein har ikkje funne årsaken til oppbløminga av planten i dei regulerte vassdraga på Sørlandet. Planten finst heilt nord til Troms, men elles i landet er det ikkje slik tilgroing som her.

I 2015 er eit viktig prosjekt å gjennomføre flyfotografering av krypsiv. Det vart sist gjort i 2009 og 2010.

Program for Veke 10, 2015

Ein er mest ikkje ferdig med det eine programmet, så er det tid for å sende eit nytt til Setesdølen. Dette er tysdagsprogrammet komande veke, onsdagsprogrammet vil bli lagt til når eg får det.

Tysdag 10. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
|8.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuelt tema
18.50 Om bønn. To bibeltimar med Oddvar Søvik
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 11. mars

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakt: Jorunn Helle

19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Ronnys time. Vi snakker om liv langt borte
21.00 Opi sending med Ronny Stavsholt

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Kandidatar til Setesdalsprisen 2015

Onsdagskvelden var Signe Sollien Haugå i studio i Valle Radio for å minne om at det er tid for å føreslå kandidatar til Setesdalsprisen 2015. Då kan det vere greit å minne om dei som har fått prisen før:

2014: Terje Greibesland, Setesdal Bilruter
2013: Per Birkeland, Byglandsfjord Sag
2012: Alf Tore Moen, Evjeklinikken
2011: Hanna Elise L. og Bjørn Erling B. Auestad, Bykle Hotell
2010: Saavi S. Nomeland, Nomeland Anlegg

Det er artikkel om prisen på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalsprisen

Prisen vert delt ut på Setesdalskonferansen 2015, som skal haldast på Bykle Hotell 9. og 10. april. Signe gjekk gjennom programmet munnleg, det skriftlege er ikkje heilt klart enno, men vil bli lagt ut på Setesdalswiki så snart det er klart.

Signe fortalde og om eit magasin som Setesdal Regionråd skal gje ut. Det skal delast ut i Setesdal i sommarsesongen. I år har Regionrådet prøvd ei ny form, firma kan gje tilbod på å lage magasinet mot å få behalde reklameinntektene som annonser i magasinet skaffar. Fristen for å kome med tilbod er fredag 13. mars, og det er også fristen for å kome med forslag til kandidatar til Setesdalsprisen.

Av andre tema som Signe var innom, var arbeidet med desentralisert sjukepleiarutdanning og desentralisert ingeniørutdanning. Det er på tale å få til slike grupper i Setesdal i samarbeid med Universitetet i Agder og med Lister Regionråd. Det kan vere eit godt høve til å skaffe seg utdanning i nærmiljøet, og det er jo også med på å sikre kvalifisert arbeidskraft i regionen, for det er nok lettare å behalde folk som har teke slik utdanning lokalt.

Regionrådet stiller alltid opp når vi i Valle Radio spør dei om å bidra i programa våre. Det er vi svært takksame for.

Straumstansvarsling

Dette innlegget skreiv eg torsdag etter at vi var utsett for planlagt straumstans til sendaren vår i Trydal onsdagskvelden og difor ikkje fekk sendinga ut på FM-nettet den kvelden. Eg sende det til Setesdølen, det stod på trykk i dagens avis på side 13 under tittelen

Kven har ansvar for straumstans?

Eg las i Setesdølen for tysdag at Agder Energi vil varsle straumstans berre på mail og SMS. Dei vil ikkje lenger annonsere når dei skal reparere linjenettet.

Onsdagskvelden 4. mars skulle vi ha sending i Valle Radio, tysdag og onsdag er våre faste sendedagar. I sin visdom hadde Agder Energi funne ut at dette kunne vere ein fin dag å reparere linja til sendaren vår i Trydal. Dessverre vart dei ikkje ferdige.

Då vi skulle på lufta onsdagskvelden, var det ikkje signal til radioane i Valle. Ingen hadde varsla oss på førehand, så vi undra oss mykje over kva som hadde skjedd.

Normalt ville vi ha avlyst heile sendinga, men denne gongen fann vi ut at det gjekk signal ut frå Bykle, så vi tenkte at då får vi sende til Bykle og Evje, og så får folk i Valle høyre oss på Internett. Mange folk var involverte, så det er surt å avlyse eit planlagd program der ein har gjort ei rekke avtalar med folk som stiller opp for å informere gjennom lokalradioen.

Kva som er grunnen til at Agder Energi ikkje informerer om slike straumstans-situasjonar, veit ikkje eg. Men det er dårleg gjort mot publikum i kommunane der inntektene deira kjem frå. Den jobben kunne dei gjort ein dag lokalradioen ikkje har sending.

Gratulerer til Aron

I kveld var Aron Åkre Rysstad innom i radioen for å fortelje om korleis det var å vere med på Hovedlandsrennet, skirennet for ungdom som fungerer som Norgesmeisterskap. Han konkurrerer i klasse G-16, og i år var rennet i Sande og hans klasse hadde 360 deltakarar.

Fredag deltok han på 7,5 km fristil, der vart han nr. 21. Han hadde jo tenkt å kome på topp ti, men det var ein ungdom frå Geilo, Filip Fjeld Andersen, som var i særklasse, han slo dei andre med eit halvt minutt, deretter var det mange på kvart sekund bak han, og då vart det bare nr. 21 for Aron. Filip er og skiskyttar, og han vann alle renna han deltok i.

Laurdag var det klassisk sprint, og der vart Aron nr. 3. Han hadde teke mål av seg til å bli med dei 30 som fekk vere med vidare frå kvalifisering, og det klarte han. Han nådde heilt til finalen, og det vart altså medalje i resultat.

Sundag var det stafett, då var det 80 lag som starta, og Aron gjekk andre etappe, klassisk, på førstelaget til Agder og Rogaland. Der vart det fjerdplass. Her var han saman med Daniel Kaale Svela, som gjekk 1. etappe, så gjekk Aron 2. etappe og deretter kom Åsmund Wiberg og Thor Arild Aas.

Aron kom i studio klokka 20.45. Då hadde han bak seg ein tur heilt inn til Kvislevasskaret og tilbake og så nokre rundar i lysløypa, til saman omlag 30 km. ein kan ikkje anna enn å ta av seg hatten for innsatsen og takke for at han delte litt av skikarrieren sin med lyttarane i radioen.