SWOT-analyse

Kveldens kåseri var ei lita SWOT-analyse av Valle Radio. S står for styrke, W står for weakness/veikskap, O står for Opportunities/ moglegheiter og T står for Threats/ truslar.

Styrke
Valle Radio har ein styrke i godt studio med salong, gode tekniske løysingar og god økonomi takka vere mange bidragsytarar på påskebasarane våre gjennom mange år. Radioen har og folk som er villige til å gje av fritida si for å drive radioen, både programmedarbeidarar, teknikarar og telefonvakter stiller opp når vi har sending.

Veikskap
Vi kan ikkje leggje skjul på at det og er ein veikskap for radioen at vi er avhengige av frivillige folk i denne innsatsen og at det ikkje har vore så lett å rekruttere nye medarbeidarar til nokre av oppgåvene. Vi kunne trenge fleire teknikarar og programleiarar. Det hadde nok og vore ein fordel om vi unngjekk tekniske problem, til dømes problem med sendarar og oppkopling.

Opportunities – muligheter
Vi har rike muligheter til å sende program. No har vi to kveldar, vi kunne hatt andre tider og andre dagar om vi hadde hatt folk til å vere med.

Truslar
Ei stund var det eit trugsmål at FM-båndet kom til å bli skrudd av i 2016. Det er utsett, så det er ikkje noko trugsmål i nær framtid. Men i nær framtid er det kanskje ein trussel at fleire sluttar og at ikkje nye kjem til.

Vi har ein visjon om å kunne drive ein god radio vidare, med nyheter, kultur og underhaldning. Lat oss gå saman om den oppgåva i 2015 og vidare framover, kan hende når vi 2017 og kan feire 20-årsjubileum.

Program for første veke i februar 2015

Denne veka har eg tysdagsprogram, men onsdagsendinga er flytta til fredagskvelden. Her er programmet for tysdagen:

Tysdag 3. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Sangkveld: Bibeldagen
20.00 Bibeltime med Øivind Andersen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Eit filmprosjekt

Onsdagskvelden høyrde vi om Valle Sparebank sitt filmprosjekt i høve 150 årsjubileet i 2016. Alt no legg dei ut små filmsnuttar på Facebook for å stimulere folk til å kome med filmar som kan bli med i prosjektet.

Sist veke kom det ut ein film med glimt frå Valle på 1970-talet. Her er lenke til filmen, som ligg på YouTube:

Det slår meg at det er 40 år sidan filmen vart laga, og mange av dei som er med på filmen, er borte i dag. Ungdommane vi ser, er kanskje i 50-60 årsalderen, så det blir litt av ein jobb å identifisere dei på ein måte som gjev dagens innbyggjarar i Valle meining.

Sjølv har eg snart budd 25 år i Valle, og sjølv om eg drog kjensel på nokre, var det langt fleire eg ikkje kjende att. Ein slik film bør jo gje atterkjenning, eller så må han setjast inn i ein heilt ny samanheng.

Det skal bli interessant å sjå korleis ein løyser dette etter kvart som arbeidet går framover.