Spelelister

Spelelister er eit oversyn over musikken ein spelar i eit radioprogram. Eg lagar spelelister og legg dei ut på Setesdalswiki, i alle fall ein del av songane vi spelar i Valle Radio. Når kvart program har ei side på Setesdalswiki, har eg funne det naturleg å leggje ut det eg har oversyn over på den sida.

Men eg har ikkje oversyn over alt, og det er eit kjedeleg arbeid å skrive inn slike spelelister. Men her kjem spelelista til Ronny frå onsdagskveldens open sending. Å kopiere frå Spotify er ikkje muleg, så den fekk eg som eit bilete frå han, og så må eg skrive den inn sjølv om eg vil dele den med dykk.

Ingebjørg Bratland: Olav Olav
The Hit Crew: I’m gonna miss her
Edit Piaf: Non, je ne regret rien
Slim Harpo: Shake your hips
Queen: I want to break free
Trans Siberian Orchestra: Wizards in winter
Delta Cross Band: Hawaiian Cowboy
Van Morrison: Brown eyed girl
Deep Forest: Freedom cry
Henry Mancini & His orchestra: Baby elephant walk
Gipsy Kings: Bamboleo
Hans Thessink: Thula Mama – Oh, mother, dont you weep
Louis Armstrong: Summertime
Queen Sylvia Embry: Please let me stay
Tommy Emmanuel: Beatles medley
Lynyrd Skynyrd: Call me the breeze
Manfred Manns Earht Band: Blinded by the light

Blues av topp kvalitet

At Ronny Stavsholt er glad i blues er nok inga overrasking for dei som høyrer på Valle Radio. Han har presentert bluesmusikk mange gonger i den tida han har vore med.

I går fanga ein låt av Hans Theessink meg og eg tenkte at det var ein flott sang. I dag slo eg opp på wikipedia for å finne ut meir om artisten. Det synte seg at han hadde artikkel på engelsk, tysk, nederlandsk og fransk. Dermed omset eg litt av det eg fann på engelsk til nynorsk:

Hans Theessink (fødd 5. april 1948, Enschede, Nederland) er ein nederlandsk gitarist, sanger og låtskrivar som bur i Wien. Han spelar blues og roots, særleg i Delta blues stil. Han har gitt ut 20 album, ei songbok, ein instruksjonsvideo for blues og ein DVD.

I 2012 ga han ut Delta Time, der han spelte med Terry Evans og presenterte låtar av Ry Cooder. I 2013 ga han ut Wishing Well, som han omtalte som eit retrospektivt album der han såg tilbake på mange av høgdepunkta i musikkarrieren. Albumet har også fleire originale låtar, mellom anna House Up On The Hill, som han kalla ein song om flaum i Mississippi, delvis inspirert av å sjå på flaumar i Nederland som barn.

Artiklane på nederlandsk, tysk og fransk er lenger. Du finn dei nederst i venstre marg på den engelske wikipedia-artikkelen: https://en.wikipedia.org/wiki/Hans_Theessink

Ein farfar i livet

Ein farfar i livet skull alle ha
Ein goffa å springe ned til
som alltid har lyst på ein kaffikopp
og til å kaste bort tid på ein liten kropp

Ja, ein farfar i livet skull alle ha
Ein farfar i livet skull alle ha

Ein bessfar å vende seg til
med alt som ein går rundt og lurar på
I Farfar sitt naust er det alltid råd
Ja, ein farfar i livet skull alle ha

Ein farfar i kjeledress skull alle ha
som luktar av olje og sjø
Og med lommene fulle av gamalt skrot
Det er mykje få bruk for i Goffas rot
Ja, ein farfar i livet skull alle ha

Ein farfar sitt fang det er godt å ha
For Farfar har vore her før
Med heile sitt liv ligg han framom deg
Og spør du, ja, Bessfar han viser veg
Ja, ein farfar i livet skull alle ha

Slik høyrde vi Odd Nordstoga syngje i kveld mellom L otte Rysstad sine intervju med Hallvard K. Rysstad og Gunnar Brottveit. Det vart ein uvanleg triveleg time der vi fekk høyre dei fortelje frå livet sitt, HK snart 75 år og GB eit par år yngre.

Lotte har fått prøve seg som programleiar og ho klarte prøven godt. Etter intervjua hadde ho nokre få helsingar og slikt, og så var Lottes time over.

Å gå inn i ei slik oppgåve er ikkje enkelt, men ho løyste det fint. God hjelp har ho fått av Britta Lise Homme, som var ansvarleg for kvelden i kveld, men ho var vel knapt på lufta så langt eg kunne høyre. Likevel vart det ein fin radiokveld denne onsdagskvelden. Bjørgulv T. Berg hadde fått med seg Tonhild Kråkenes i studio til Tankar frå Bibelen, teknikar Siri Johannessen intervjua Unn-Merethe Nordby i Kommunen informerer og Ronny Stavsholt hadde opi sending med vinterrelaterte rebusar og variert musikk, noko av gitarmusikken fekk ein gamal klassikar som meg til glede meg ekstra.

Vinnarane av rebusløysinga er: May Britt Straume, Kjellaug Rysstad og Gyro Kopperud.

Nyheter på burmesisk

Kvar tysdag klokka 16.30 kjem Hto Thaw David og Eh Ka Mwe Sein til radioen for å gjere seg klar til Burmesisk halvtime klokka 17.30. Då startar vi med å skrive nyheter på norsk, dei går gjennom stoffet og omset det til burmesisk. Her er nyhetene dei presenterte i dag:

Hvite Lilje
Skal ha stor country-konsert i Bygland kyrkje søndag kveld. De driver to eiendommer utenfor Mae Sot i Thailand. Der skal de bygge ny barnelandsby for 50 barn. Der får barna gå på skole og rett til videreutdanning. Med på konserten blir Kjell Elvis, Cindy og Steven Kvinlaug, Arrly Karlsen og Jan Egil Omdal.

UKM
Laurdag er det UKM for Bykle og Valle. Det skulle vært i Bykle, men er flyttet til Vallehalli, da det er flest deltakere fra Valle.

Klasse-quiz
To lag frå Setesdal er på toppen i NRK sin klasse-quiz. Valle har 11 av 12 poeng, Bygland har 9 poeng. Evje og Hornnes fikk 7 poeng. Det same fikk Iveland og Bykle.

Førerkort
Mange burmesere leser mye for å få førerkort. Gratulerer til xxxxxxxxxxxxxxxxxx som fikk førerkort i dag.

Valle Sparebank vil lage film
Nest år fyller Valle Sparebank 150 år. De har planer om å lage film som del av feiringa og folk som har filmer å dele med banken, kan levere inn filmen og kanskje vinne 5000 kroner om det de leverer blir brukt i filmen.

Brobyggerkonferanse
Det har vært en brobyggerkonferanse i Drammen. Eh Ka Mwe Sein var der laurdag. Folk som bor i Norge og noen som bor i Danmark og Sverige var samlet for å snakke saman om hvordan menigheter kan bygge bro mellom hverandre. Mange prester og predikanter deltok. I alt deltok 30 personer på Brobyggerkonferansen

Valle videregående skole
Fylket skal bestemme om de skal legge ned Valle videregående skole 17. februar. Men Arbeiderpartiet har sagt at de ikkje vil legge ned skolen. Det spørs om Htoo Thaw har jobb etter sommerferien.

Vindmøller
I Bygland diskuterer de mye om de skal bygge vindmøller for å lage elektrisk strøm. Denne uka skal kommunestyret ha møte og si sin mening. Viss de sier ja, kan det komme store vindmøller på fjellet øst i kommunen.

Historia om Ivar Aasen

Dei siste vekene har eg lese Ottar Grepstad si bok: Historia om Ivar Aasen. Boka kom ut i 2013 og eg lånte henne på Valle folkebibliotek.

I etterordet skriv han at Historia om Ivar Aasen er skriven i vona om at ei fortelling som blir utvikla innanfor rammene av etablert kunnskap, supplert med nytt stoff, gir meining også i ettertid.

Ottar Grepstad er direktør på Aasen-senteret og har grundig kjennskap til stoffet. Han tek for seg Aasens liv og gjerning i 15 kapittel og syner ein person som heile sitt lange liv var dedikert til den oppgåva han tok på seg som ungdom.

I eit kapittel går han grundig gjennom Mellom bakkar og berg, og det slo meg at Ivar Aasens herbarium kan finnast att i ei strofe der: Når det lavar av blomar på strå. Elles var det interessant å sjå litt om kor mange ulike vers han laga før sangen enda på dei fem versa vi syng i dag.

Ein kan ikkje anna enn kjenne seg litt i slekt med Ivar Aasen når det gjeld hans avislesning. Han las aviser heile livet.

Men eg er ikkje i slekt med han når det gjeld reising, for hans reiser var mykje til fots. Det er rart å tenkje på at han var i Valle då kyrkja vår vart vigsla. Han gjekk frå Kristiansand og tilbake, det var vel ein tur på ei veke kvar veg. Gjennom livet reiste han 25.000 km, det kan mange i dag ta på eitt år. Men vi rullar i komfortable bilar, han traska og gjekk, eller fekk seg hesteskyss, båtskyss eller han kunne bruke tog litt på Austlandet. Ikkje hadde han telefon heller, så han måtte skrive og gjere avtalar når han skulle treffe folk. Difor er det mange brev å finne for dei som forskar på livet og verket. Og så skreiv han dagbok kvar einaste dag. Meir stikkord enn bloggen eg skriv, han noterte kven som kom på besøk der han budde i Oslo og kven som fekk pengar av tiggarane som kom på døra.

Av dette grundige arbeidet kom det eit språk som vi nyttar i Valle Radio og på bloggen min.

Program for veke 7, 2015

Tysdag 10. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Bibeltime
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Program onsdag 11.februar
Programleiar Lotte Rysstad
Ansvarleg Britta Lise Homme
Teknikar Siri Johannessen
Telefonvakt Ingebjørg Helle Haugen
19.00 Tankar frå Bibelen med Bjørgulv T Berg
19.30 Kommunen informerer med leiar pleie og omsorg Unn-Merethe Nordby
20.00 Lottes time
21.00 Opi sending med Ronny Stavsholt

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Rebus og helsingar telefon nr : 41776666
NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
Facebook: Valle Radio

Ole

Stormen Ole har jo vore i nyhetene i heile dag, og sjølv om den var sterkast i Nordland og Troms, har det vore mykje vind både på Vestlandet og sørover heilt til Mandal.

Eg har halde til litt aust for Mandal i helga, og her merka eg ikkje særleg til vinden på annan måte enn at det var nokre få cm snø her i går då eg kom heim, men i dag, då eg vakna, var det stort sett grønt. Det verka som om vinden hadde turka opp heile snøen. Men då eg hadde ein tur til butikken i dag og skulle parkere, fann eg ut at det var lettare å kome ut av bilen om eg snudde han og ikkje parkerte mot vinden, for kvar gong eg prøvde å opne døra, kom det eit kast og slo henne att.

Å fylgje med på situasjonen gjennom bilete som vener legg ut på facebook er jo interessant, det er då eg merkar at det dei rapporterer på TV stemmer med det som dei melder om.

Dei gamle bygde hus på ein slik måte at dei tok omsyn til vinden. På Jæren var husa låge og hadde heller ein skut i enden. Så strauk vinden over huset og skadde det ikkje. Ein bør nok ta omsyn til ver og vind i framtida og. Det er ikkje sikkert at det er så lurt å byggje på dei høgaste toppane og ha flott utsikt når eit nytt ekstremver dukkar opp.

Kan utvandringa frå Setesdal stoppast?

Overskrifta i dag var tittelen på eit lesarbrev i Setesdølen tysdag. Det var Bjug Åkre som hadde skrive ned tankar basert på artiklar som hadde vore i Setesdølen nyleg, der det kom fram at for å stoppe fråflytting må det vere jobbar som skape tilflytting og slik stoppe utvandringa.

Eg tok ein telefon til Bjug og ba han vere med i Valle Radio og snake om artikkelen, og det ville han gjerne, så i den aktuelle halvtimen tysdagskvelden hadde vi ein hyggeleg prat der Bjug delte sine tankar også med radiolyttarane.

Eit av dei tema han var inne på, var korleis ulik haldning til gründerverksemd kjem til uttrykk i Valle kommune. Medan ein på Rysstad har etablert verksemder med fleire sysselsette både innan entreprenørverksemd og elles, har ein i Valle stort sett klart seg med enkeltmannsforetak, folk kjøper seg ein traktor og tek på seg arbeid sjølv, då slepp ein mykje papirarbeid med å ha løna folk i arbeid. Slik tenkjer dei ikkje på Rysstad, der startar dei opp, og det har dei gjort i generasjonar, medan ein i Valle har teke teoretisk utdanning og ikkje fått noko å gjere i heimbygda, har ein på Rysstad ei meir praktisk tilnærming til yrke og dermed har ein skapt sin eigen arbeidsplass.

No prøver jo det kommunale hjelpeapparatet å få folk til å etablere bedrifter i eigen kommune og det regionale arbeider på same måte med å inspirere til å satse i Setesdal. Næringskoordinatoren har fått seg ny jobb, las eg i avisa i dag, dermed sluttar Hans Olav Omnes etter eit knapt halvår. Det skal ikkje vere lett å stoppe utvandringa frå Setesdal.

Program for fredag 6. februar 2015

Programmet for fredag 6. februar 2015 fylgjer nedanfor:

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Torleiv Soltun Haugen
Telefonvakt: Solveig Rysstad og Jorunn Helle

19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif B Harstad
19.30 Kommunen informerer med Torunn Charlotte Nyberg Lund
20.00 Ronnys time
21.00 Opi sending med Lotte Rysstad, Britta Lise Homme og Ronny Stavsholt

Denne veka var det ikkje onsdagssending, vi har eit samarbeid med Radio Evje om å ha tre fredagssendingar i vår, og dette er den første.

Vi får ein debut i Valle Radio denne kvelden, for Lotte Rysstad skal vere med i Opi sending.

Søknadsjungel

Norge løyver tilskot til frivillige organisasjonar og kommunar på mange ulike måtar. Årleg vert det løyvd 35 milliardar kroner til alt frå nærmiljøanlegg til tiltak for å integrere flyktningar i ei bygd, for å nemne to saker eg har sett utlyst.

Men korleis skal ein få tak i desse pengane. Ein må kjenne reglane og kunne skrive søknaden på ein måte som dekker intensjonen med tiltaket. Dette er vanskeleg, men dei som klarar det, kan få pengar løyvd frå det offentlege.

Komande måndag skal det vere eit kurs på Evje der ein ekspert på slikt skal fortelje om korleis ein kan gjere det. Anders A. Vik har halde mange slike kurs og er ein inspirerande foredragshaldar, fortalde Irene Falck Jensen i Valle Radio tysdagskvelden. Ho hadde vore på kurs med han i Kristiansand, og no kjem han til Evje, slik at folk i kommunen der og elles i Setesdal kan få innsikt i noko som få har særleg god greie på. For folk som ikkje bur i Evje og Hornnes kostar kurset 250 kroner, og det må ein betale kontant på staden.

Kvart år dukkar det opp nye tilskotsordningar, men nokre gamle fell vekk. Det er ein jungel, og det kan vere godt å ha ein vegvisar.

Irene Falck Jensen fortalde elles litt om Evje kino, som kom på andre plass over kinoar innan Bygdekinoen når det gjeld besøkstal. Det er 20 kinoframsyningar på Evje på eitt år, og over 3000 innom er godt tal. Om ein hadde teke omsyn til kor mange som bur i kommunen, ville Evje kino vore på topp, for det bur fem gonger så mange i Os kommune ved Bergen, som var den kinoen som hadde høgast besøk.

Også Evje folkebibliotek har godt besøk. Sist veke var det krimforfattar Jørn Lier Horst som var innom, og då kom det tilhøyrarar i alle aldrar for å høyre han fortelje. Biblioteket er og turistinformasjon, så det kjem også mange folk innom for å få vite meir om kommunen dei er på besøk i.