Honnør

I kveld vil eg gje honnør til brøytebilsjåførar og andre som held vegane oppe når det er uver og snøføyke. Eg kjørte oppover riksveg 9 i kveld, hadde sett på facebook i i lesarbilete hos Hengelåsvennen at det hadde vore mykje ver oppover i dalen i helga, så eg var spent på korleis det skulle gå.

Men vegen var svart asfalt til Evje og godt vinterføre vidare heilt opp til Valle, Leitebakken var fin, det var vegane elles i Leite og, så plutseleg stod eg parkert som eg pleier. Då sende eg brøytefolka ein vennleg tanke, dei låg nok og sov, i morgon tidleg er dei ute att for å gjere klart til at vi kan kjøre på jobb, parkere bilane på parkeringsplassar som er nybrøyta og fine, i det heile, slik at samfunnet kan fungere også i krevjande periodar.

Honnøren går og til dei som syter for at straumen kjem tilbake, dei må ut i alt slags ver og terreng for å rydde og sikre. Har eit tre falle over ei linje, må dei fram med motorsaga, slite og dra for å få det bort og reparere linja.

I går skreiv eg om trafikken som vart hindra utanfor oss i Tregdevegen. I dag såg eg at eit tre hadde vore i vegen, men nokon hadde kutta det og fjerna greinene, slik at trafikken kunne kome forbi. Eg er sikker på at det har vore ei krevande helg for mange som har oppgåver av tilsvarande art som eg har omtalt her, og vil gje honnør til dei alle.

TAKK!

Uver

I dag vart Sør-Norge råka av uver. Eg var i Mandal, vi sat utan straum i over fire timar frå før klokka 17 til etter klokka 21, men då vi hadde fått straumen, høyrde vi på nyhetene at det var 10.000 som framleis var utan straum.

Å sitje fire timar i stearinlys utan tv og data får ein til å tenke på kor avhengige vi er blitt av elektrisk straum. Vi snakka om korleis livet måtte vere for dei som levde i ei tid utan straum. Rett nok var dei tilpassa det, men det kjennest noko utenkeleg for oss i dag.

Eg sat og dorma litt og såg ut av vindauga mot Tregdevegen der eg bur. Eg trur eit tre hadde falle over vegen, for bilar måtte rygge og snu, og etter ei stund kom ein traktor og stod i vegen med roterande gule lys. Men eg gjekk ikkje ut for å sjå, det regna og bles slik at det frista ikkje.

Når vi er utan straum, har vi heller ikkje telefon, og mobiltelefonen fall og ut, men då straumen kom att og vi fekk kontakt med omverda, snakka vi med Helge i Oslo. Han minna oss om at meterologen hadde sagt at folk burde halde seg heime, så han meinte eg hadde gjort rett.

Heldigvis har vi vedomn, så då varmepumpa stoppa, kunne vi fyre. Det var og stearinlys, det har eg ikkje i Valle, så fire timar utan straum der hadde vorte både mørkt og kaldt etter kvart.

Litt interessant at Setesdal Regionråd i siste veka peika på at det har vore for mange straumbrot i Setesdal i 2014, slett ikkje alltid under så ekstreme vertilhøve som i dag.

Heieplanen

Heieplanen var eitt tema vi var innom då eg tysdagskvelden hadde med meg fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund i Valle Radio. Det var litt interessant å høyre han fortelje om arbeidet med å få til denne planen, som gjer det lettare å leve med at kommunane i Setesdal har kontroll på areala som vert nytta av Europas sørlegaste villreinstamme.

18 kommunar og fem fylkeskommunar skulle verte samde om planen, og eitt av problema var at to fylkesmenn hadde innsigelse mot planen. Dermed måtte det mekling til, og Bjørgulv var med i meklinga hos statsråd Solhjell. Han valde først å legge seg på linje mellom fylkesmennene og resten, men det hadde Bjørgulv og dei andre liten sans for. Dei meinte at fylkesmennene var staten sin representant, og då kunne ikkje kvar fylkesmann ha si meining, dei måtte tale som ein representant. Dette synet vann fram og statsråden snudde, det berømma Bjørgulv han for i samtalen vår.

Eg kommenterte at Kay Jeiskelid hadde sagt at ein opplevde at grensa for villreinen gjekk på den gule stripa på riksveg 9, og då smilte Bjørgulv og sa at før heieplanen kom, vart det opplevd slik. Det kom innsigelsar av omsyn til villreinen stadig vekk, og ein kunne ikkje forvalte areala i kommunane på ein god måte. Etter at ein fekk planen, forsvann innsigelsane, no må alle halde seg til den. Den betyr mellom anna at ein ikkje kan drive næringsverksemd i områda som er avsett til villreinen, men ein kan bygge opp att støyler og buer som er dokumenterte at dei var tidlegare.

I Valle kommune er nærare 70% av arealet innanfor det som er villreinområde, og også noko av Bjørgulv sin eigedom fall innanfor, den gjeld på både austhei og vesthei. Men no er det orden, det har planen gitt rom for.

Hålkeføre

Denne veka har det vore hålkeføre i Valle. Det er så ein evar seg for å trø på isen, ein veit aldri om ein plutseleg ligg på ryggen midt i vegen. Det er heldigvis ikkje bare i Setesdal folk har problem, eg høyrde ein reportasje i NRK om korleis folk gjekk på hålka, og det var tydeleg at folk hadde respekt.

Setesdalswiki veks og runda eit nytt hundretal no på nyåret, 20 dagar etter sist gong. Det er ikkje alltid grunnlag for så lange artiklar, men ein liten start kan verta utvida med tida.

I dag skreiv eg om dei to arkeologane som saman med Leonhard Jansen var redaktørar for Spor i Setesdalsjord, boka om arkeologiske funn i Setesdal siste hundre åra. I går fekk vi ein artikkel om festskriftet som vart laga då Setesdal ungdomsskule var 50 år. Mange gjæve folk hadde skrive i det, og vi har artiklar om nokre av dei. Ofte er det slik at ein artikkel skapar spørsmål etter informasjon om noko som er omtalt i artikkelen. Så må ein på leiting for å finne svar.

Det kan kjennast som om ein er på glattisen nokre gonger, men så får ein stole på kjeldene og vone at ein kjem i mål etter kvart. Men meir enn ein gong undrar eg meg over kor vanskeleg det er å finne biografiske opplysningar om folk. Det vert sagt at med nettet kan ein finne alt mogleg, men det er ikkje tilfelle. Det som trengst for å skrive ein liten biografi er ofte vanskeleg å pusle saman.

Reprisekveld

Vi starta onsdagssendingane i 2015 med ein reprisekveld. Eg snakka med Ørnulf sundagskvelden og han fortalde då at på grunn av ising på Ljomsnuten der sendaren vår står, fekk ikkje folk i Valle høyre sendinga lisle jolept-kvelden. Det var ei sending som var laga tidlegare og teken opp, så dermed vart vi samde om å sende den i kveld, ho kunne jo ikkje bli for gammal heller, for det var jo eit sterkt julepreg over sendinga.

Dermed sa eg at eg kunne starte med den, og eg kunne vere teknikar, så slapp me å involvere dei andre. Men Jørund Georg måtte legge til rette, så han kom innom litt over halv sju og fann fram stoffet. Han var og teknikar i starten, slik at eg kunne sitje i studio og annonsere kveldens program.

Joleprogrammet var lenger enn eg hadde tenkt då eg annonserte sendinga, så det var ikkje ferdig før vel halv ti. Eg hadde annonsert at eg ville sende ein samtale med Ånund Lund om skulane han gjekk på. Det kom etter joleprogrammet og var 60 minutt, så dermed var ikkje sendinga ferdig før over halv elleve.

Det som var interessant, var at det var opp til 13 som fylgde med på internett, og det minste talet var 8, dei heldt ut heilt til slutt. Om det og var nokon som fekk det med seg gjennom FM-radioen, så syner det at det var ok å sende programmet om att, sjølv så lenge etter jol.

Kvifor burmesisk halvtime?

I dag kom det ein interessant kommentar på Facebook i samband med at vi har burmesisk halvtime i Valle Radio. Den vil eg dele med dykk.

Spørsmålet var: Kvifor har de burmesisk halvtime når landet heiter Myanmar? Eg svarte ganske kort på facebook, her kan eg svare litt betre.

Burmesisk er det offisielle språket i Myanmar. Det vert brukt som førstespråk av 32 millionar av dei nesten 52 millionar som bur i landet. Resten har burmesisk som andrespråk.

I Setesdal bur det folk frå to av folkegruppene i Myanmar, karen og chin. Om det bare var ei av gruppene, ville det vere naturleg å nytte deira språk i Valle Radio, men når det er to grupper, har vi funne det mest naturleg å bruke andrespråket deira som språk for lokale nyheter. Men dei to som har programmet, nyttar nok og karen av og til, sidan dei er karenarar. Av og til kjem det og nokre norske ord i programmet.

Du kan lese meir om burmesisk språk på nynorsk wikipedia: https://nn.wikipedia.org/wiki/Burmesisk

Kven var med i tysdagsprogram i fjor?

Eg har tidlegare skrive om kven som har vore med i onsdagsprogram i 2014. Her kjem eit oversyn over nokre av dei som har vore med i tysdagsprogram:

Våren 2014
Silje Stange Foss frå Evjeklinikken
Lasse Eidskrem frå Visit Setesdal
Wenche Gundersen om tysk musikk
Svein Kleivane
Ole Birger Lien om Hylestad FAU
Svein Hjort-Olsen om samarbeid på Hovden
Sigurd Haugsgjerd om opplagstal for Setesdølen
Marit Sølsnes om DNT Sør si satsing i Valle
Irmelin Vegusdal om Krafttak mot kreft
Erling Sagneskar om Sesilåmi
Knut På Bø om Bjoren
Sissel Åkre om tur til Petra
John G. Bergh om Aust-Agders utviklings- og kompetansefond
Helge Norheim om NLM sitt regionårsmøte på Evjetun
Svein Robert Kleppe om Bjoren i 2014
Tor Moseid om bleke ved Hallandsfossen
Hege Jokelid om teltmøta på Evje
Jan Oddvar Rysstad om taxi i Valle
Erik Berglihn om næringsutviling i Setesdal
Kjell-Einar Kana om Hylestadrevyen på DVD
Reidar Tveito om boka om riksveg 9
Leiv Rygg om vegnamn i Bygland
Astrid Nomeland om Hylestad kyrkje 175 år
Jon Harald Heggland om folkemusikarar frå Setesdal på Folkeakademiets landsmøte
Bjørn Ropstad om vårsemesteret i Evje og Hornnes
Jon Rolf Næss om vårsemesteret i Bykle

Eg må vel lage ei liste over programma i serien om Grunnloven 200 år og, den får vente litt.

Program for første veka i 2015

I går skreiv eg at eg ville fortelje litt om kven som har vore med i programma tysdagskveldane. Men det får vente litt. Her er programmet for første veka i 2015:

Tysdag 6. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time. Fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund i studio
19.30 Country Gospel Timen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 7. januar

Ansvarleg og teknikar: Harald Haugland

19.00 Opptak frå Lisle jolaftan 2014 i reprise
21.00 Ånund Lund: Skulane eg gjekk på

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Etter å ha sendt annonse til Setesdølen, sende eg denne notisen til avisa:

-Vi slit med at antennen på Ljom vert nedisa, fortel redaktør Ørnulf Hasla til Setesdølen. Lisle joleptkvelden gjekk sendinga vår bare ut til Bykle og Evje, sendaren på Ljom som skal formidle signal vidare til sendarane våre i Valle var nedisa. Dermed fekk ikkje lyttarane i Valle som prøvde å finne oss på FM høyre sendinga. Difor startar vi opp onsdag med å sende i reprise programmet frå denne kvelden. I tillegg sender vi eit opptak der Ånund Lund fortel om skulane han gjekk på. Men denne første onsdagskvelden i 2015 blir det ikkje opi sending.

Tysdagskvelden har Harald Haugland fått med seg fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund til å snakke om året som ligg framom oss. Vi gleder oss til å kome i gang att med sendingane i Valle Radio og vonar at folk i heile dalen finn fram til programma på FM eller internett, for også i 2015 vil vi ha samsending over Radio Evje sitt nett når vi er på lufta frå Valle, avsluttar Ørnulf Hasla, som vonar at det går ei stund til isinga vert like sterk som før jol.

Om tysdagssendingane i 2014

Eg lova at eg skulle skrive litt om tysdagssendingane i 2014. Våren 2014 var det 18 tysdagssendingar. Hausten 2014 var det 11 tysdagssendingar.

I utgangspunktet var tysdagssendingane tenkt å vere p2 i Valle Radio, kultur og kristenliv. Men det er 17 år sidan, og dei har nok endra seg noko med tida. Det som er fast, er kvarteret og Over ein open Bibel, som er starten på tysdagssendingane og så er det Møteplassen, Postludium og kyrkjebakken som er slutten på programmet. Men mellom desse faste avdelingane, frå 18.30 til 20.00 har det vore mange ulike innslag.

Ettersom vi frå januar tok til å starte onsdagssendingane klokka 19 og difor mista den aktuelle timen, vart det ofte ein aktuell halvtime eller time tysdagskveldane. Våren 2014 starta vi opp ein serie vi kalla Grunnloven 200 år. Elles var det Country Gospel Timen med om lag ein gong kvar månad.

Over ein open Bibel og Møteplassen får vi frå Norea, medan Country Gospel Timen er det Per Govertsen frå Arendal som lagar. Desse programma kan vi laste ned og bruke fritt. Det gjer at det er mindre av dei tre timane vi må lage lokalt. Men ettersom kyrkje og kristenliv er tema desse kveldane, kan ein greitt bruke slike programtilbod.

Frå hausten 2014 starta vi også opp med burmesisk halvtime i Valle Radio. Det betyr at sendingane tysdagskvelden tek til 17.30, altså ein halv time tidlegare enn vi starta før. Det vart ikkje så mange sendingar på burmesisk, ettersom vi ikkje starta før i oktober, men 10 halvtimar på burmesisk er ein fin innsats av dei to som laga programma.

I morgon skal eg skrive litt meir spesielt om kven som var med tysdagskveldane i programma våre.

Litt om onsdagssendingane i 2014

Eg tenkte eg skulle skrive litt om onsdagssendingane i 2014. Det var 15 slike sendingar våren 2014. Vi starta klokka 19 med Tankar frå Bibelen, deretter var det Kommunen informerer med tilsette frå Valle kommune som var i studio.

Så kom programleiarens time. Der hadde programleiarane ulikt opplegg, nokre gonger ein gjest heile timen, andre gonger meir nyhetstime-opplegg for timen. I timen mellom klokka 20 og 21 hadde vi mange gjester våren 2014, nokre på telefonen, andre i studio: Erik Berglihn, Jon Ola Rysstad, Kjell Nomeland, Jon Rolf Næss, Merethe Hjemdahl, Ingebjørg Godskesen, Vidar Helle, Kirsten Bråten Berg, Arne Holskog, Knut Erik Paulsen, Arvid Gjerden, Johnny Augland, Monica Kelly Sundt, Terje Greibesland, Anders Tveit, Vidar Homme, Sigurd Haugsgjerd, Øyvind Thomassen, Leif Kvinlog, Tor Espen Helle, Geir Lippestad, Anne Dorte Carlson og Anne Lise Limann.

I tillegg var det nokre gonger opptak frå tidlegare sendingar, mellom anna hadde Kåre eit arkivopptak frå samtale mellom Tarald Nomeland og Lars Jonson Rysstad. Vi formidla og talen då Hallvard T. Bjørgum vart tildelt St. Olavs Orden. I tillegg var det overføring av kommunestyremøta.

Hausten 2014 kom vi seint i gang, som eg skreiv om tidlegare. I tillegg var det bare sending annankvar onsdag. Men det vart fire sendingar med desse gjestene: Arne Tronsen, Signe Sollien Haugå, Tonhild Kråkenes, Hans Georg Kohler, Astrid Nomeland, Åse Ingebjørg Flateland og Silje Schei Tveitdal. I tillegg vart det sendt eit opptak av ein samtale med Ånund Lund.

Dette var bare onsdagssendingane. I tillegg kom tysdagssendingane. Dei skal eg skrive litt om i morgon.