Ingebjørg Vegestog i Valle Radio

I går fortalde Sigurd Haugsgjerd om dei første åra i Setesdølen då Ingebjørg Vegestog Homme framkalla filmane han tok og sende bileta med bussen til trykkeriet i Kristiansand.

I dag møtte eg henne på butikken og fortalde om det Sigurd hadde fortalt i radioen. Ho hadde ikkje høyrt på programmet, men då eg spurde henne om ho ville kome i radioen og fortelje om dette frå si side, var ho villig til det. Ho måtte bare på vallemal.no først, men det var slutt klokka 20.

Ho fortalde levande om korleis det var for henne, ho fekk filmane tilsendt, og så framkalla ho dei om kvelden og stod og venta på bussen halv sju på morgonen for å sende bileta til byen. Gleda ved å sjå bileta kome fram i mørkeromet, kunne eg dele med henne. Den første tida på 50-talet hadde ho ikkje forstørringsapparat, men då det kom, vart det mykje fotoarbeid på henne. Ho tok bilete og laga små kopiar som unge kunne dele med vener og ho fotograferte gamle bilete. Så lenge det var tale om svart-kvitt heldt ho på, men ho framkalla aldri fargebilete. Ho fotograferer framleis, men ho er ikkje på data, så om ho tek bilete no, blir det meir privat slik som folk flest.

Ingebjørg fortalde og litt om korleis dei jobbar i vallemal.no. Dei møtest annankvar onsdag og går gjennom ord i Valle-dialekten, finn ut korleis ordet er brukt, les inn korleis det vert uttala. Det er Sigurd Brokke som mest jobbar med data-delen av arbeidet. Ettersom ho har vore interessert i språk i alle år, gleder ho seg over at arbeidet veks og blir ei kjelde til kunnskap om dialekten. No har dei halde på med løyesaum-ord, og det er ikkje bare krullar, kross og kringle eller kambar det er tale om. Eg fekk ikkje med meg alle dei spesielle orda som vert nytta i samband med løyesaum, og ei setesdalskofte er jo flottast når det er løyesaum på henne. Ingebjørg hadde halde kurs både i Bykle, Valle og Bygland tidlegare, men det er ikkje så mange som syr krullar, det er noko vanskeleg, for det er ikkje teikna på stoffet, så ein må skape det sjølv, fortalde ho.

Det var eit fint innslag å få med i kveldens sending. Då ho var ferdig, skunda ho seg heim for å høyre på rebusar og kanskje vinne ein premie om ho klarte å løyse ein rebus.

Men det vart ingen premie i kveld. Gyro Uppstad, Anne Lise Harstad, Gyro Kopperud, Ingebjørg Berdalen og Kjellaug Rysstad fekk kveldens gevinstar.

Setesdølen 40 år

I kveldens sending hadde eg ein samtale med Sigurd Haugsgjerd og gratulerte han med at avisa no fyller 40 år. Det vert markert med utgjeving av avis kvar dag denne veka.

Sigurd fortalde levande om korleis det var å lage avis dei første åra. Då tok han bilete og sende dei til Ingebjørg Vegestog Homme. Ho og Tarald framkalte bileta og sende dei med bilruta til Kristiansand neste dag, han sjølv måtte prøve å lage bilettekstar utan å sjå biletet, det såg han ikkje før det stod på trykk i avisa då den kom ut.

Ved eit anna høve fortalde han meg om korleis han reiste til Kristiansand og leverte manuskripta, så måtte dei setjast medan han tok ein tur på byen før han kom tilbake og las korrektur. No skriv han alt direkte inn på ein skjerm og sender digitalt til trykkeriet i Arendal om ettermiddagen og så ligg avisa i postkassen neste dag.

I samtalen var Pål Dale med i studio, og dei mintest ulike situasjonar frå 40 års samkvem der Sigurd kom på kommunestyremøta og dekka dei, og dersom han ikkje kom, vart møtet kort, for då kom det jo ikkje noko i avisa.

Ein journalist som i nesten 40 år har dekka Setesdal og skrive om store og små hendingar, han kjenner folk og bygder ganske godt. Difor fell det lett for han å skrive om folk til åremålsdagar eller minneord. Han må ikkje leite så lenge etter stoff.

Vi snakka og litt om korleis avisa har utvida nedslagsfeltet noko i takt med at folketalet har gått ned. Halvparten av opplaget går til abonnentar utanfor Setesdal, folk som vil fylgje med i kva som skjer i dalen dei har eit forhold til, anten på grunn av familie eller fordi dei har fritidsbustad i Setesedal.

Men han vil ikkje på Internett, då rekna han med at folk ikkje lenger ville abonnere på papiravisa. Skal ein ha informasjon frå Setesdølen, må ein finne det i papiravisa. Dei legg bare ut foto av framsida, det kan vere ein appetittvekkar.

Nyhetsstoff vi lagar i Valle Radio hentar vi ofte frå Setesdølen. Av og til skriv dei også om noko som vi har laga. Slik kan vi saman gje folk informasjon om liv og hendingar i regionen.

Gratulerer med dei 40 år!

Ny veke, nytt program

Etter at me ikkje kom på lufta sist veke på grunn av snø på antenna, er vel snøen borte no, for det har vore liv i kanalen, som jo sender P4 når Valle Radio ikkje er på lufta.

Her er programmet for denne veka:

Tysdag 20. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Sangkveld
19.30 Bibeltime
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 21. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending ved Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Brøyting

Under dei snøforholda vi har hatt til no i Øvre Setesdal har det vore mest fokusert på situasjonen på Hovden. Der har journalisten Siv Kristin Selmann i NRK hatt mykje sendetid i helga, til og med på riksdekkande TV.

Fredag kjørte eg nedover dalen og føret var på ingen måte behageleg frå Valle til Bygland. Is og sporete veg gjorde det slingrete å kjøre, så ein måtte halde låg fart for å vere trygg på piggfrie vinterdekk.

Ein periode låg eg bak strøbilen, det gjorde turen stødigare, men det gjekk jo ekstra seint, så eg våga meg til å kjøre forbi og skli vidare på glattisen.

I kveld sundag kom eg oppover att, og no var vegen heilt annleis. Sikkert nok var noko slite vekk av trafikken til Hovden og ned att, men noko av æra tenkjer eg at dei som jobbar med vegen skal ha. Det er ikkje bare brøytinga, men også prepareringa etter brøyting som er viktig, og dei har gjort ein stor og god jobb. Måtte det blir slik resten av vinteren, til beste for trafikktryggleik for alle.

Programoversyn våren 2015

I dag fekk eg lagt ut lista over dei som har oppgåver i Valle Radio våren 2015. Du finn henne på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2015

Mange folk har oppgåver for å få i hamn ein sesong med program. Ikkje alle er nemnde på denne lista. Men dei som er med her, fortener stor takk for innsatsen.

I haust hadde vi ein sesong med sending annankvar veke på onsdagskveldane. Lista no syner at vi prøver å få til sending kvar veke att, så får vi sjå korleis det går. Vi startar klokka 19, det var alle nøgde med då vi drøfta situasjonen på møtet før jol.

Har du tips til tema vi bør ta opp i programma våre, er det fint om du melder dei inn, det er ikkje alltid like lett å ha oversyn over alt som kan gje innslag i radioen.

Anetavle

Den siste veka har Setesdalswiki fått anetavler for nokre av biografiane. Det er Helge Haugland som har lagt dei inn, han har serveren for nettstaden og har hatt mange gode idear for å gjere Setesdalswiki til eit litt annleis leksikon.

Nokre av dykk som les dette vil vite at han har vore oppteken av slektsgransking i nokre år, noko som også gjorde at han i si tid hadde kurs i Valle om data i slektsforskninga. I samband med dette starta han med å leggje inn namn frå bygdebøkene for Valle i ein database, og etter kvart har han bygd den ut til å bli ganske omfattande.

Når no Setesdalswiki har fått datoartiklar tilbake til 1800 kunne ein gå litt vidare å legge grunnlaget for anetavler basert på bygdebøkene. Då eg snakka med han i kveld, fortalde han at inspirasjonen kom frå nokre malar han fann på Wikipedia, dei kunne nytte informasjon frå databasen han alt hadde, så det tok ikkje så lang tid å legge inn nokre eksemple på anetavler nokre generasjonar bakover.

Sjekk ut desse, så ser du kva eg meiner:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/%C3%98ystein_Berg
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tarald_Myrum
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Knut_F._Uppstad
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hugo_Homme

Reiseliv

I kveld sat og las om Ivar Aasen sitt reiseliv. Han reiste i ei tid utan bilar og fly, han brukte båt, tog og eigne føter i tillegg til hesteskyss. Medan Marco Polo reiste 24000 km, reiste Ivar Aasen over 25000 km, har Ottar Grepstad rekna ut. I boka Historia om Ivar Aasen fortel han om reisene.

Å vere på reisefot støtt og stadig må vere uvanleg slitande. Ei av elevane mine var i Thailand i jula og besøkte si mor på 70 år i ein flyktningleir der. -Det var godt å kome heim att til Valle, sa ho. -Borte bra, men heime best. Så smilte ho, vel vitande om at det var eit ordtak vi hadde snakka ein del om i norsktimane då ho var eleven min.

Men Ivar Aasen var på reisefot i 26 år, dei første åra etter at han i 1842 la ut frå Sunnmøre hadde han heller ikkje nokon fast bustad å vende tilbake til. Det vart lange periodar på ulike stader i landet. Sidan etablerte han seg i Oslo, men stadig måtte han på reisefot, han kunne jo ikkje ta ein telefon for å forhøyre seg om dei orda han grunna på.

Alle som har vore på reise likar turen første gongen, kanskje til og med femte gongen er ok. Men etter kvart går ein lei av hotellmat og ønskjer seg tilbake til eit normalt liv. Kor lei måtte ikkje Aasen bli av å sove hos folk rundt om i landet midt på 1800-talet. Sjølv om han tok inn hos prestar og lensmenn og altså hadde det litt betre enn hos bønder og husmenn, må det ha vore ei stor påkjenning. I boka står det at han gjorde unna turen mellom Homme og Kristiansand på seks dagar, det er 170 km, så han gjekk om lag 30 km kvar dag. Seks km i timen i fem timar, så snakke med folk, skaffe seg losji, skrive opp referat frå samtalar, systematisere det han fann.

Reisene tok han sommarstid, frå våren til snøen kom, men like fullt må det ha vore ei stor belastning. Grepstad skriv at han gjekk lei etter to år, dei 24 siste åra reiste han fordi han måtte, ikkje fordi han hadde lyst.

Dagens reiseliv kan ikkje måle seg med det han gjennomførte, men så skapar ikkje mine og dine reiser eit nytt skriftspråk heller.

Sove ute

Natt til i dag sove ordførarar ute for å markere starten på Friluftslivets år. Det kan ikkje ha vore den beste natta å sove ute på, då eg vakna i dag var det 30 cm nysnø i Valle. Bjørn Ropstad kommenterte at det nok kom til å bli ei lang fyringsvakt på Himmelsyna, der han var i lag med ordførarar i nabokommunane.

I Valle låg ordførar Tarald Myrum i lavvo ved barnehagen, medan fylkesordføraren truleg låg høgast i Aust-Agder, han brøytte seg veg saman med nokre vener og sov på Kreklingbærhaugen.

Dei fekk i alle fall søkelyset på starten av dette året, arrangørane. Om det vil føre til at fleire blir med i friluftslivets gleder, kan ein nok undre på.

Det er eit paradoks at same veka som dette hende, stod performancekunstnaren som var på Hovden i fjor og malte ein islagt bekk med vassfargar for retten i Kristiansand for ulovleg scooterkøyring. Han hadde nekta å vedta eit forelegg på 8400 kroner, og måtte hentast frå København for å forklare seg.

På Hovden nyttar dei snøscooter som folk ved kysten nyttar skjærgårdsjeepen. Men det skal dei jo helst ikkje, motorferdsle i utmark er strengt regulert. I samtalen eg hadde med Bjørgulv Sverdrup Lund i Valle Radio for ei veke sidan kom han inn på det. Han sa då at om lag 70% av Valle kommune er disponert til reinsdyra, og der er det svært vanskeleg for folk å drive næringsverksemd. I byane snakkar dei om frislepp av snøscooterkjøring, men ingen løyper vil bli lagde i eit slikt område, og framleis vil det vere eit sterkt regime for å halde kontroll på ferdsla. Å kjøre til toppen av skibakken med ein sjokolade er lov, sa kunstnaren, som ikkje kunne forstå at han skulle straffast for å bli kjørt opp til bekken der kunstverket skulle skapast.

Litt av kvart å fundere over ein sein kveldstime i snøfulle Valle.

Avlyst igjen

Veret kan ein ikkje gjere så mykje med, ein må bare tilpasse seg. Tidleg måndag sende eg program til avisa for kvelden i kveld, programmet for i morgon var klart alt før helga, det tok Ronny og Britta Lise seg av.

Men ved to-tida i dag fekk eg telefon frå Ørnulf. Han bekrefta det eg var redd for. Det har vore uråd å få inn nrk og valle radio dei siste dagane, så eg tenkte nok litt på at det kom til å bli usikkert med kveldens program. -Me må bare avlyse, sa han, og skulle kontakte Britta Lise for sende ut melding på facebook. Eg la ut melding på Setesdalswiki og varsla dei eg skulle ha med meg. -Vi får kome att sterkare neste veke, sa Eh Ka Mwe Sein.

På facebook fekk vi og sjå eit bilete Jørund Georg hadde teke av sendaren på Ljom litt tidlegare i vinter, heilt gøymd i snø. Ingen kunne kome opp der i dette veret, så heller ikkje NRK sender på FM no. Sendarane står på same staden.

Ja, ja, eg fann meg ei bok på biblioteket i staden og dukka ned i Ottar Grepstads Historia om Ivar Aasen. Godt skrive og interessant bilete av ein mann som betydde mykje for landet vårt, faktisk er det hans skuld at du les dette på nynorsk.

Program for veke 3-2015

Tysdag 13. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Bibeltime
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 14. januar

Ansvarleg Ronny Stavsholt
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt: Ingeborg Åkre Løyland
Kl.19.00: Tankar frå Bibelen med Torleif B Harstad
Kl.19.30: Kommunen informerer.
Kl.20.00: Ronnys time
Kl.21.00 Opi sending med Ronny

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside