På lufta att

I dag var det min tur til å ha sending, difor valde eg å ta ein telefon til Valle Radio sin tekniske sjef for å høyre om det var problem med teknikken. Onsdagskvelden i sist veke kom vi ikkje på lufta for å sende kommunestyremøte, og det var mange som ikkje var glade for det. Bjørgulv Straume kvo eit stev om det, det stod på trykk i Setesdølen fredag:

Valle Radio den kvelden skulka
då kommunestyre datt ut av lufta.
Reparatøra!! må vere i salen
så heimesitjaran høyrer talen!!

Jørund var ein tur i radioen for å kontrollere, og alt fungerte då eg kom for å kople opp til burmesisk halvtime.

Så gjekk det litt tid, vel eit kvarter ut i sendinga fekk eg telefon frå Britta Lise om at nettradioen var nede. Den fekk eg ikkje opp att, så eg tok ein telefon til Jørund igjen, og då synte det seg at maskinen som sender til Internett hadde mista forbindelsen til Internett. Jørund ordna det på magisk vis, så kort tid etter klokka seks var vi på nettradio att og resten av kvelden fungerte teknikken.

Vel heime såg eg om lag klokka 23 at Torunn Charlotte Nyberg Lund hadde kommentert dagens sending på Facebook med desse orda: Burmesisk halvtime er bra! Akkurat det same tenkte eg då eg sat og var teknikar for Eh Ka Mwe Sein og Htoo Thaw David. Dei er flinke, eg lagar nyhetene som dei les opp det første kvarteret av halvtimen, så er det ein sang og ein andakt før vi avsluttar med ein ny burmesisk sang.

Eg tenkjer at det er strålande å sjå korleis burmesarane i Valle og Bykle finn seg til rette i bygdene våre. Dei yter på mange ulike måtar. Då er det veldig flott å kunne gje dei litt sendetid i radioen slik at dei kan få høyre lokale nyheter frå Setesdal på sitt eige språk. Den utvidinga av programmet i Valle Radio er eg glad for å ha fått til.

2,2 millionar

Så mange var innom salmeprogrammet i helga. I dag har eg lese litt rundt forbi for å sjå etter reaksjonar, og då kom eg over det talet. I snitt var det 68.000 som såg programmet, og i kyrkja hadde det vore 17.000 innom i løpet av helga.

Sjølv har eg hatt litt dagen derpå etter å ha sett mange timar med salmesang og gledd meg over det eg såg. I løpet av helga fekk eg ein telefon frå Niklos, han var oppglødd, han og.

Sjølv om det vart mange timar framom skjermen, var det jo nokre timar eg ikkje fekk med meg. Noko av det kjem på TV i adventstida, men elles kan eg nå gå inn på programmet på Internett og finne fram til dei bolkane eg vil høyre.

Avslutninga sundagskvelden med salmer om det kristne håpet var nok eit høgdepunkt for meg. Å sjå Helge Gudmundsen stå saman med koret og syngje sin fars salme Hjemme i Himlen var ei oppleving.

Setesdal hadde og sin plass i programmet. I salmeboka er det eit par melodiar frå Setesdal. Og så var det flott å høyre Olav Mosdøls to salmer i programmet: «I aust renn dagen» og «Det syng så vakre tonar». Kan hende får eg med noko av det lokale i sendinga i morgon.