Budsjettmøte

I kveld var det budsjettmøte i Valle kommune som vart overført i Valle Radio, og i kveld verka alt som det skulle. Så langt eg fekk med meg det som skjedde, var debatten og edrueleg, men det smertar å redusere drifta. Difor hadde posisjonen blitt enige om eit framlegg til vedtak som ikkje kom til å redusere drifta så fort som rådmannen hadde lagt opp til. Og budsjettet vart vedteke med 11 røyster, det er det som posisjonen står bak. Fire røyster kom for framlegget til Arbeidarpartiet.

Debatten elles gjekk på om korleis ein skulle greie ut konsekvensar av kommunesamanslåing. Det enda vel opp med att Valle vil greie ut to variantar, ein i samarbeid med regionrådet og ein i fjellkommune-låma.

Møtet tok til klokka 18, klokka 19.15 var det pause med gruppemøte og matøkt, og så kom dei saman att litt før klokka 20 for endeleg å vedta budsjettet. I pausen kunne vi høyre vakker julemusikk i radioen, og etter pausen varte det ikkje lenge før møtet var slutt. Om folk ville heim til håndballkamp, eller kva det noe var, veit eg ikkje. Den tapte for øvrig Norge.

På tampen takka ordføraren politikarane for året som gjekk, han ba også rådmannen bringe takk til dei tilsette for innsatsen. Så ønska han god jol og godt nytt år.

Program for veke 51, 2014

Tysdag 16. desember

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Salmekveld
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 17. desember

Teknikar: Jørund Georg Jore

18.00 Møte i Valle kommunestyre

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagssending_i_Valle_Radio_20141216

Salmeboka minutt for minutt

Eg var nok ein av dei som brukte mange timar framom TV første helga i advent 2014. Det var fascinerande å få vere med på Salmeboka minutt for minutt.

Sundagskvelden var det eit program på NRK1 der nokre adventssalmane frå programmet vart presenterte. Det vart eit sterkt gjenhøyr med programmet.

Då programmet starta fredag før første søndag i advent, var eg på veg til Mandal, difor fekk eg ikkje med meg adventsalmene, og i grunnen fekk eg bare med meg litt av starten, slik P2 rapporterte det. Men etter å ha høyrt programmet sundagskvelden, tenkte eg at eg kunne gå inn på nrk.no og få med meg noko av det som eg ikkje hadde høyrt.

Det undra meg litt at eg fann det like fascinerande å sjå programmet i ettertid. Men det er flott å sjå musikarar i samspel og å sjå kora som smiler og strålar og utsynet over kyrkjeromet der kyrkjelyden syng med. Det var Nidarosdomens oratoriekor og jentekor som opna salmemaratonen, og dermed fekk vi noko av det beste vi har på denne typen sang.

Det har vore forska på korsang. Då fann svenske forskarar ut at folk som syng i kor, pustar likt og etter kvart vert hjerterytmen lik når dei syng. Eg trur det fungerer nokså likt i allsangen også. Når ein er aktiv i allsang og vågar å synge ut, er det helsefremmande. I eit intervju med kulturminister Torhild Widwey i samband med programmet kom det fram at ho gjerne song saman med venner når dei kom saman.

Det var fascinerande å sjå unge og gamle saman i sang, frå jentekor til pensjonistkor. Ta gjerne med deg litt av desse programma og høyr dei i ettertid, det er flott å høyre salmesang i staden for popmusikk.
http://tv.nrk.no/serie/salmeboka-minutt-for-minutt/DMLS00000214/sesong-1/episode-2#t=1h25m29s

Ingeniørutdanning i Setesdal

Onsdag var det informasjonsmøte om planlagd ingeniørutdanning i Setesdal. Eg snakka med Signe Sollien Haugå om dette i tysdagsprogrammet og ho kunne då fortelje at møtet på Sølvgarden dagen etter var ope for både potensielle søkjarar og for bedrifter som lurte på om det kunne vere aktuelt for dei å sende tilsette på kurs for å utdanne dei til ingeniørar.

I annonsa var det tale om fornybar energi, men Signe presiserte at det gjaldt alle slags variantar av ingeniørutdanninga. Setesdal Regionråd har vore aktive for å legge til rette for desentralisert høgskuleutdanning i samarbeid med Universitet i Agder. Lærarutdanning, sjukepleiarutdanning og barnehagelærarutdanning har tidlegare vore arrangert i samarbeid med Listerrådet og UiA, og dette opplegget er etter same malen. Det vil seie at ein samarbeider med vidaregåande skular og nyttar fjernundervisning med videokonferanseutstyret på staden der flest studentar kjem frå. Difor kan studiet gjennomførast lokalt. Kostnadene med opplegget dekker regionrådet, så det er bare studieavgift og bøker som må dekkast av deltakarane, sjølvsagt i tillegg til eventuell tapt arbeidsforteneste om ikkje arbeidsgjevar gjev fri med løn for å gjennomføre studiet.

Eg veit ikkje kor mange som møtte opp på Sølvgarden onsdagskvelden, men om ein går med planar om å utdanne seg til ingeniør, må vel dette vere noko av det beste ein kan få om ein bur i Setesdal. Mange har tidlegare nytta regionrådet sine tilbod, og det syner seg at det å studere saman med folk lokalt, gjer at studiet har større grad av fullføring enn vanleg. Vaksne, målmedvitne studentar jobbar for å skaffe seg kompetanse og styrer unna mange av problema som studentar møter på studiestader og som kan gå ut over studieprogresjonen.

Arnestein 2014

Evje og Hornnes sogelag har laga Arnstein 2014, og i sendinga tysdagskvelden hadde eg ein prat med leiaren Erik Kjebekk om årets utgåve. Han fortalde godt om årets utgåve, mellom anna om at Rita Flottorp og Anne Mari Hansen hadde skrive om sogelaget sitt arbeid i året som gjekk. Kvart år har sogelaget hatt interessante turar lagt opp av Oddmund Mogstad, som diverre gjekk bort i haust. Likevel hadde han skrive artiklar i årets hefte og redaksjonen nådde å få med eit minneord om han.

Her er innhaldet:

Sogelaget i året som gjekk. Av Rita Flottorp og Anne Mari Hansen
Evje kyrkje. Av Ivar Haugen
Ågedal-eigedomen. Av Anfinn Lislevand
Fiske i gamle dagar. Av Oddmund Mogstad
Lite mat på Sørlandet 1914. Av Notto Aa. Rosseland
Bygda vår i 1914. Av Ivar Haugen
Brødrene Gullestad. Av Eva Haugen Sørgaard
Tinget på Bakke. Av Oddmund Mogstad
Kva har Haugerøsla hatt å seie for Evje og Hornnes? Av Erik Kjebekk
Ungdomsminne frå Evje. Jørg Godtfredsen i samarbeid med Anfinn Lislevand
Minneord om Oddmund Mogstad

Det er artikkel om heftet på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Arnstein_2014

Diakoni i Otredal

Tysdagskvelden fekk eg ein hyggeleg samtale med Anna Heggland, som er prostidiakon i Otredal prosti. Ho overtok etter Per Emanuelsen i august og noko av det første ho jobba med var Countryfestivalen på Ose. Der har kyrkja i mange år hatt eit rom der folk kunne kome for samtale, vaflar og kaffe, og sjølv om Per slutta, var det ikkje aktuelt å stoppe å være med på Countryfestivalen.

Anna fortalde om seg sjølv, ho har ein mangfoldig bakgrunn som sjukepleiar med tilleggsutdanning i psykiatrisk sjukepleie og diakoniutdanning. Ho arbeidde i si tid på ein sjukeheim i Kvalsund i Finnmark som Samemisjonen dreiv, difor var det interessant for henne å vere kretssekretær for Samemisjonen på Sørlandet eit års tid. I denne tida besøkte ho og arbeidet som vert gjort i Finnmark og på Kola. Men ho har ikkje lært seg samisk, sjølv om ho meiner det er lett å lese, for det vert uttalt som det står skrive.

Etter året i Samemisjonen arbeidde Anna på sjukehuset i Kristiansand før ho søkte på stillinga som prostidiakon. Det er ei 70 prosent stilling som er fordelt på seks kommunar etter ein nøkkel, så ho jobbar helst partalsveker i Setesdal og resten i Vennesla. Ei av oppgåvene hennar er å inspirere diakoniutval i kyrkjelydane i prostiet, dei fleste kyrkjelydane har eit slikt utval.

Stikkord for arbeidet kan vere sorgarbeid, det er grupper for etterlatte mange stader. Ofte opplever dei som har mista ein kjær person at det er godt å møtast med nokon som har opplevd det same. Elles kan skilsmisse vere ein situasjon der det er godt å ha nokon å snakke med, mange opplever sorga det ikkje vert sendt blomar til i vår tid. Rusproblematikk er også aktuell for ein prostidiakon, så det er mange oppgåver å ta fatt i. Ein kan ringe Anna på telefon 9138 2835 eller sende ein epost til henne om ein vil ha kontakt.

Her er eit intervju med henne i Vennesla Tidende: http://www.venneslatidende.no/nyheter/medvandrer-i-sorg-og-glede-1.1349744

Rimeleg jolegåve

I går var det tid for å oppsummere markeringa av Grunnlovsjubileet 2014 i Valle Radio. Vi hadde ein programserie om det i vår, men i haust har vi ikkje gått vidare på markeringa før i går kveld. Då kom Leonhard Jansen i studio for å fortelje om eit hefte som Setesdalsmuseet gir ut no i haust: Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814. Det er på knappe 50 sider og kostar 99 kroner. Heftet er trykt i 1000 eksemplar og er gjennomillustrert.

Bakgrunnen er at Leonhard var rundt mange stader og heldt foredrag i samband med jubileet. Dermed enda han opp med mange siders manuskript og kvar stad vart det endra litt med nye opplysningar som dukka opp. Museet laga ei utstilling i høve jubileet, den skal stå også neste år. Men ikkje alle bileta dei hadde, høvde i utstillinga, så då enda dei opp med å ha stoff nok til å kunne gjennomillustrere eit hefte med tekst av Leonhard.

Heftet har desse avsnitta:
Frå idé til formidling av Anna Stella Karlsdottir
Rundt 1814
Forspelet rundt 1814 – krig og naudsår
Eidsvollsmennene frå Setesdal
Februar og mars 1814
Eidsvoll 1814
Til slutt
Litteraturliste

I samtalen i radioen fortalde Leonhard om bakgrunnen og litt om stoffet i heftet. Det vart som vanleg ein triveleg time, til opplysning for både programleiar og lyttarar.

No også med podcast

Her er programmet for i kveld:

Tysdag 9. desember

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel. Sverre Hovda har andakt
18.30 Grunnlovsjubileet. Oppsummering ved Leonhard Jansen
19.30 Diakonisamarbeidet i Otredal. Prostidiakon Anna Heggland
20.00 Aktuell halvtime
Signe Sollien Haugå på telefonen
20.30 Postludium
Minneprogram om Knut Nystedt, som døydde i dag
21.00 Kyrkjebakken

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Sist veke fekk vi legge ut opptak av programma tysdag og onsdag. Lenke finn du på Setesdalswiki, under Eksterne lenker for programmet.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagssending_i_Valle_Radio_20141202
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagssending_i_Valle_Radio_20141203

Tonesvarm

I dag fekk eg ei ny plate frå Kirsten Bråten Berg. Tonesvarm er tittelen, dobbel CD med musikk som Kirsten har laga gjennom 35 år.

01 Heiemo og Nykkjen
02 Min Kvedarlund
03 Tiramakan / Eg vippa meg
04 3 stev
05 Håvar Heddi / Goe
06 Her Er Det Ny Som Jorderig Skjedde
07 Julestev
08 I Denne Søte Juletid
09 Agnus Dei
10 Tora Lille
11 Gamle Gunleik
12 Margit Hjukse
13 Gamlestev
14 Bestelanden
15 Su Ru Rudde
16 Folkestadvisa
DISK 2
01 Drømmehesten / Stev
02 Ung Son
03 Eg Ser Deg Utfor Gluggen
04 Brurebøn
05 Vesle Lerka
06 Snåle Mi Jente / Gardsjenta
07 Vesle Kari Vår
08 Nils Tallefjorden
09 Sjugur Og Trollebrura
10 Spurv På En Snor
11 Slak Line
12 Dimming Of The Day
13 Blåbærturen

Ei rikhaldig plate med eit tverrsnitt som viser mangfaldet i det Kirsten har gjort som visesongar og kvedar. Redaksjonen av plata er saman med Leiv Solberg, bileta er av Marit Simonstad Kvaale, teksten av Anne Hytta. Utgjevinga har fått støtte av Valle kommune, Valle Sparebank og Bykle kommune. Heilo gav ut plata. Eit fint teksthefte fylgjer med, der er alle tekstane til songane på plata.

I år har det vore mykje snakk om lokale jolegåver. Her er ei lokal jolegåve til deg sjølv eller ein god ven som set pris på god musikk.

Teknisk problem igjen

I går då eg slutta av tysdagssendinga, kom P4 inn som vanleg. I dag då eg starta bilen, var også P4 der.

Men då vi starta sendinga i kveld, kom det fort telefonar om at folk i Valle og på Rysstad ikkje kunne høyre radio, men måtte på Internett. Det var ikkje anna råd enn å ringe Jørund i kveld igjen, for så langt vi kunne finne ut, var alt i orden hos oss.

Ettersom folk i Bykle og Trydal kunne høyre sendinga, måtte det vere ein feil på Ljom som gjorde at ein i Valle ikkje fekk inn Valle Radio. Difor valde Rolf Erik og Henry Tore å droppe opi sending. Men eg hadde mitt program slik det var sett opp.

For meg vart det ein lett kveld. Ein halv times prat med Wenche Gundersen, som hadde med seg budsjett for neste år, slik det var vedteke av formannskapet i dag og slik det kjem til å sjå ut når kommunestyret skal handsame det 17. desember. Vi får håpe at sendinga vår kjem på lufta då.

Jørund ville ta ein tur til Ljom i helga og sjå om han kunne finne ut kva som kunne vere feilen der. Om den vert retta opp, bør eg kunne ha tysdagssending att neste tysdag.