Sending tredje pinsedag

Etter å ha fundert litt, tok eg ein telefon til styreleiar Ørnulf og lurte på kva han syntest om eg heldt fram med tysdagssendingane til skuleferien startar.

-Det gjer du plent som du synest høver, Harald, sa han

Det gjorde at eg funderte litt vidare og har difor kome til at eg vil ha sending 3. pinsedag , 10. juni. I tillegg planlegg eg å ha sending 17. juni. Etter det startar skuleferien, og då tek og tysdagssendingae sommarferie.

Eg kjem til å ha nyhetsprofil og kanskje også fleirkulturell profil på dei sendingane.

Fleirkulturell profil

Eg er framleis i modus frå årsmøtet, for når radiofolk kjem saman og snakkar, dukkar det opp idear ein ikkje har tenkt før. Av og til kan ein lure på kor dei kjem frå, men tankane har sine eigne vegar, basert på idear som kan ligge langt bak i hovudet og som kjem av erfaringar dei som snakkar saman kan ha.

Sjølv har eg etter kvart ganske lang erfaring som lærar for vaksne utlendingar som skal lære norsk. For ein del år sidan tok eg tilleggsutdanning i norsk som andrespråk, og då las eg ein del om minoritetsspråklege, om korleis det er viktig for dei å ta vare på språket sitt sjølv om dei bur i eit nytt land og lærer seg eit nytt språk. Nordmenn som emigrerte, heldt på norsk ikkje bare i den generasjonen som reiste til USA, me synest det er sjarmerande når etterkomarane kjem på besøk til gamlelandet og framleis kan forstå litt av besteforeldrene sitt morsmål.

I dei siste åra har det kome mange burmesiske flykningar til heile Setesdal. Dei har hatt eit sterkt fokus på å lære seg norsk, men av og til har eg lurt på korleis dei held kontakten med heimland og andre burmesarar. Den går jo ikkje på norsk, men dei nyttar sosiale medier og telefon, etter det eg skjønar. I Oslo hadde dei til og med ein radiostasjon som sendte på burmesisk til heimlandet, Democratic Voice of Burma. Den pakka saman og flytta til Thailand i november, dei håpar etter kvart å kunne flytte stasjonen inn i landet, men så langt er dei ikkje komne enno.

Kan hende var dette bakgrunnen for at eg kasta fram tanken om at Valle Radio kunne tilby ein halv time radio på burmesisk språk der dei flyktningane som har etablert seg i Setesdal kunne få høyre språket frå heimlandet i eteren. I Valle bur det karenarar og chin, kva morsmål dei som bur elles i dalen har, veit eg ikkje, men burmesisk er fellesspråket deira, og dei byter ofte mellom morsmål og statleg språk når dei snakkar saman.

Etter mi meining hadde det vore ei spennande vidareutvikling av Valle Radio.

Nyhetsprofil

I årsmøtereferatet som eg skreiv i går, nemnde eg at vi hadde snakka om nyhetsprofilen i radioen etter omlegginga. Eg fekk lyst til å skrive litt barmeir om det.

Når vi no har eit system der vi har sommarferie i juni, juli og august, er det tre månader utan sending i Valle Radio. Før hadde vi bare ferie i skuleferien, så vi har korta inn tre, fire sendingar, tilsvarande om lag ein månads sendingar.

Med endringa i mediesituasjonen i landet er mykje av nyhetsstoffet flytta til sosiale medier, seier forskarane. Men slik opplever ikkje eg det i Setesdal og Valle. Setesdølen kjem på papir tysdag og fredag, elles er det Valle Radio som formidlar nyheter. Når vi korta ned sendetida, gjekk det heilt klart ut over nyhetene.

Jørund Georg kasta i samtalen fram tanken om at vi kunne tenke på sjølvkøyring, det vil seie at programleiaren er teknikar. Men ingen var særleg interessert i ei slik løysing, noko av sjarmen med Valle Radio er det sosiale mellom oss som held på.

Men eg tenkjer av og til at det kunne vore mogleg med ein times avbrot i P4-musikken og hatt lokale nyheter ein kveld, der det ikkje var tale om fullt onsdagsprogram, men kan hende bare ei sending med nyheter, og det var det. Då kunne til og med sjølvkjøring vore interessant.

Vi snakka saman om å få fleire folk med oss, og i dag fekk eg ein liten respons på det, ein av dei som har flytta til kommunen i det siste kunne tenke seg å vere teknikar. Kan hende vi kunne få til ei kopling, slik at vi kunne ha ein nyhetstime måndagar eller torsdagar, som ikkje konkurrerte med programma dei andre dagane.

-Skjer det så mykje i Setesdal at ein kunne ha ein times nyhetssending? spør du gjerne.

Eg trur at Valle Radio dekker eit behov for dei som likar betre å høyre nyheter enn å lese dei. Det gjeld bare å sjå potensialet vi har for å formidle stoffet vi alt har i lokalmiljøet. Og dersom Setesdølen får ein konkurrent på nyhetsstoffet, trur eg ikkje avisa vil verte dårleg av det, tvert imot.

Men sjølvsagt kan Valle Radio-bloggen brukast til nyheter.

Årsmøte 2013

I kveld var det årsmøte i Valle Radio. Det var tid for å gjere opp status for 2013. Møtet vart halde på Valle Motell, og vi var 12 personar som møtte opp: Ørnulf, Jørund Georg, Kåre og Rolf frå styret; Ronny og Henri Tore frå valkomiteen, programleiarane Harald og Bjørgulv, teknikarane Torhild og Siri og telefonvaktene Solveig og Jorunn LH.

Innkaling og sakliste vart godkjent. Harald vart vald til referent og Ørnulf til møteleiar.

Årsmeldinga var skriven av Kåre, og Ørnulf las ho opp. Ho vart godkjent med akklamasjon. Dersom eg får den tilsendt på mail, kan eg legge den ut på bloggen etter kvart.

Ørnulf gjekk og gjennom rekneskapen, som synte inntekter på om lag 350.000 kroner, ein auke frå 290.000 i 2012. Dermed vart det eit godt overskot på drifta, rekneskapen var gjort opp med vel 71.000 i overskot.

Rolf Erik leia valet. Kåre og Jørund Georg var på val og vart attvalde med akklamasjon. Det same vart Ørnulf som leiar. Også valnemnda vart attvald, det same vart revisor Hallvard Holum.

I samtalen om arbeidet kom vi inn på utsiktene til at FM-nettet skal sløkkjast i 2017, noko som truleg ikkje vert gjennomført så tidleg. Årsmøtet var vidare vel nøgd med omlegginga av premie frå påskebasaren der vinnaren kan velje mellom dalebukse eller gåvekort på 30.000 kroner frå sponsorane til Valle Radio.

Omlegginga til ein time kortare sendetid onsdagane vart og diskutert, både teknikarar og programleiarar var nøgde med endringa. Det vart likevel halde fram at vi må prøve å halde oppe ein nyhetsprofil, å spegle lokalsamfunnet er ein viktig verdi for Valle Radio. Som vanleg vart det og diskutert korleis vi kunne få fleire folk til å vere programleiarar og teknikarar, utan at nokon hadde gode svar på dette.

I alt dette var det og servert nydeleg pizza frå Valle Motell. Møtet starta klokka 19 og vart heva klokka 21.30.

Tour des Fjords 2014

Medan rittet i fjor hadde sikra seg alle dei norske proffsyklistane, Thor Hushovd, Alexander Kristoff og Lars Petter Nordhaug, var det bare Kristoff som stod på startstreken i år.

Å sjå på sykkelritt er fascinerande. Eg hugsar frå fjorårets start i Valle i regnveret den fredagen, det var bare eit svusj, så var horden av syklistar forbi. På TV syter fotografar for nærbilete av både dei som er i brudd og dei som er i hovudfeltet. Eg undrar meg på at det går godt, dei fyk av garde i 50 km/t og sit bakpå motorsyklar og filmar. Det er balansekunst av høg klasse, men for oss som sit i godstolen heime og fylgjer med, er det god underhaldning. Når vi og får gode kommentarar, så blir det ein idrett som vinn fleire og fleire TV-sjåarar.

Årets ritt vart som i fjor avslutta i Stavanger, og det var spennande å sjå sykling på kjende trakter. Det er all grunn til å late seg imponere av Alexander Kristoff. Då han tråkka til i innspurten, verka det mest som om dei andre stod stille der på Vågen i Stavanger. Og den som seier at det ikkje er bakkar på Jæren, kan jo prøve å sykle opp til Ullandhaug frå Madla, det såg ut til å vere ein bakke som kravde mykje kraft for å halde fart og ikkje sakke akterut.

Eg hugsar at eg i fjor undra meg over at Fædrelandsvennen knapt ofra ei linje på rittet, til tross for at Sparebanken Sør sitt sykkellag hadde gode sørlendingar på startstreken. Heller ikkje i år var det mange linjer å lese. ein einspalter på side 36 fortalde at Kristoff vant, Holst Enger på femte. Og teksten inneheldt om lag det same som overskrifta.

Sjølv let eg meg imponere av den unge dansken Jesper Hansen som vann ein etappesiger. Det førte til at eg skreiv ein liten artikkel om han på Wikipedia. Du kan lese den her: https://no.wikipedia.org/wiki/Jesper_Hansen_(syklist)

Eg kunne nok har skrive om fleire syklistar som var med i rittet, men det vart med den eine, så langt. Kan hende burde eg skrive om dansken som vart nr. 2, Magnus Cort Nielsen, han var ein sympatisk ung mann, så langt eg kunne forstå då dei intervjua han etter rittet. Han var skuffa over å bli slått av Kristoff med eitt sekund samanlagt, men når han får det litt på avstand, tippar eg at han er nøgd med dei to vekene han var i Norge og sykla i mai 2014.

Eidsvollsmennene sine etterkomarar i Bygland

Siri Johannessen har i vår arbeidd med å legge inn etterkomarar etter eidsvollsmennene frå Setesdal på eidsvollsmenn.no,
nettstaden som er laga i samband med grunnlovsjubileet 2014.
Til no er det registrert over 2000 etterkomarar etter Eivind T. Lande og Olav Knutsson Tveiten. Ein finn dei over heile landet og nokre hundre skal og vere i USA og Canada.

Mange av etterkomarane bur i Setesdal, og difor vil Siri gjerne ha kontakt med folk i Bygland som kan fortelje meir, spesielt om Landeætta. Der er det til no berre registrert i underkant av 600 etterkomarar.

Slektstreet til Eivind ligg her:
http://data.eidsvollsmenn.no/tng/descend.php?personID=I23371&tree=Eidsvollsmenn&display=compact&generations=12

Onsdag 4. juni kan du treffe henne på skulen i Grendi frå klokka 15 til 18.

Torsdag 12. juni er ho på tenestetorget i Bygland frå 12 til 15.

Viss nokon sit med informasjon eller endringar, kan ho og kontaktast direkte via tenestetorget.