Historisk

Eg veit ikkje om det er første gong i Norge, men det var i alle fall første gong i Valle Radio at vi sendte andakt på eit anna språk enn norsk, så langt eg veit.

Tysdagskveldane har vi jo hatt Over ein open Bibel i alle år, og onsdagskveldane har vi hatt Tankar frå Bibelen. Men andakt på burmesisk, det var noko nytt. Før den gjekk på lufta, var det litt diskusjon om vi skulle ha den på burmesisk eller karen, dei fleste frå Burma i Setesdal er jo karenarar. Men fordi vi og har chin-folk her, meinte eg at vi burde nytte burmesisk, sjølv om nokre av karenarane ikkje er så flinke i det språket. I Burma er det over 130 ulik språk, så vi kan knapt forestille oss korleis det må vere, her som vi vel eigentleg tradisjonelt bare har hatt samisk som minoritetsspråk.

Med i studio kom tre av burmesarane som bur i Valle. Ein av dei er chin, så om andakten skulle vere på karen, ville han ikkje skjøne det som vart sagt.

Før andakten starta, hadde eg eit intervju med Eh Ka Mwee Sein, pastoren for Setesdal baptistmenighet. Han hadde budd 22 år i flyktningeleiren Opium i Thailand før han kom til Bykle. I leiren, der det budde 16.000, hadde han fått si teologiske utdanning. I tillegg hadde han studert ved hjelp av fjernundervisning frå New Zealand og frå USA. Då kyrkjelyden vart etablert i 2009, vart han pastor, godkjend av Det norske baptistsamfunn. Dåværande generalsekretær Magnar Mæland var i si tid gjest i Valle Radio då han var på vitjing her.

Så heldt han andakt på burmesisk over Jeremia 29,11: For jeg vet hvilke tanker jeg har med dere, sier Herren, fredstanker og ikke ulykkestanker. Jeg vil gi dere fremtid og håp. På førehand hadde han sagt at det ville ta minst 15 minutt, og det gjorde det. Ein sang på burmesisk før og på karen etter fullførte programmet. Etterpå spurde eg dei tre som høyrde på i studio om kva dei meinte med å ha eit slikt innslag i Valle Radio. Dei var takksame og positive, det var flott å få høyre andakt på eit språk som er nærare enn norsk, som dei strevar med å lære.

Så kan hende vert det nye program til hausten om det legg seg til rette. Om vi då skal ha på karen eller burmesisk, får vi finne ut etter kvart.

Aktuell time og andakt på burmesisk

Programmet for tysdag 17. juni er no klart.

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Burmesisk halvtime med pastor Eh Ka Mwee Sein
18.30 Over ein open Bibel
18.45 Aktuell time med besøk i studio av Kjell-Einar Kana og med andre innslag på telefon
20.00 Sanger fra en svunnen tid
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Pressemelding til Setesdølen:
Tysdag klokka 18 får Valle Radio besøk av pastor i Setesdal baptistmenighet, Eh Ka Mwee Sein. Etter ein kort introduksjon på norsk vil han halde andakt på burmesisk.

-Det bur etter kvart ganske mange som kan burmesisk i Setesdal, men dei har ikkje hatt noko plattform i media på eige språk, seier Harald Haugland, som er ansvarleg for sendinga. I ein lokalradio treng vi ikkje så mykje byråkrati for å prøve ut nye ting, det er nok at vi har folk som kan gjere det. Så då eg la fram ideen for Eh Ka Mwee Sein, var han med på den.

-Om dette blir ført vidare etter sommarferien, får vi sjå. Dette er siste sendinga før ferien, og i tillegg til innslaget på burmesisk, vert det ein god aktuell time på norsk, sluttar han.

Burmesisk i Valle Radio

Eg har sidan årsmøtet fundert på om det kunne vere mogleg å få til sending på anna språk enn norsk i Valle Radio og slik ta konsekvensen av at det etter kvart bur mange i Setesdal som ikkje har norsk som morsmål. Eg er jo lærar for nokre av dei som strevar med å lære seg norsk som andrespråk, eller kanskje tredjespråk for den del, så eg tenkte at eg kanskje kunne slå fleire fluer i ein smekk.

Sjølv om det er viktig å lære seg norsk språk, tek det tid, og difor tenkte eg at vi kunne gje plass til litt på burmesisk for dei som snakkar og forstår dette språket. Det er jo felles språk for karenarane og dei frå chin-folket frå Burma som bur i Setesdal.

Denne helga har Reidun vore på Sunnmøre, så difor valde eg å ikkje reise til Mandal. Då naboen min, Mo Ga Po Kinny, såg at bilen min stod i Valle, inviterte ho meg til å kome til henne på lunsj laurdag. Etter nydeleg taco sat vi og prata, og så kom plutseleg mange andre burmesarar på besøk. Dei hadde vore på gudsteneste hos Paw De Lay David og kom innom for å slå av ein prat.

Ein av dei som kom innom, var Eh Ka Mwee Sein. Han er pastor for Setesdal baptistmenighet i helgene, elles jobbar han som reinhaldar på Bykle skule. Etter sju år i Norge har han fått fagbrev som reinhaldar, men kallet hans er å vere pastor, han har fleire år bak seg med teologiske studiar. Etter kvart som vi prata saman, synte det seg at han gjerne ville vere med meg i Valle Radio, så tysdagskvelden klokka 18 startar vi med ein liten prat med Eh Ka Mwee Sein før han held andakt på burmesisk. Den første halvtimen av sendinga går med til dette, og om det fungerer og vi får tilbakemeldingar på at nokon har hatt glede av denne halvtimen, ser eg ikkje bort frå at det kan blir meir av dette når vi startar opp att til hausten. Sendinga tysdag blir siste tysdagssending før ferien, så i tillegg til å ha noko av det vanlege tysdagsprogrammet, vil vi ha ein aktuell time, ettersom det ikkje lenger er onsdagsprogram i radioen no i sommar.

Næringsutvikling 1. halvår

Overskrifta på denne bloggposten var tema på innslaget Erik Berglihn hadde i Valle Radio tysdagskvelden i den aktuelle timen.

Han kunne då fortelje at arbeidet med elgparken på Landeskogen ser ut til å materialisere seg. Elgkalvane som skal kome til Landeskogen i september er fødde i Sverige og veks no opp med å bli kjende med folk.

Den store saka som han har arbeidd med saman med næringsfolka i dei fire setesdalskommunane har vore å få til ein strategisk næringsplan. Den vart tysdag handsama i styringsgruppa, så no står det att å få handsaminga i Setesdal Regionråd.

Ei anna viktig sak har vore å starte arbeidet med å få Setesdal godkjent med Merket for bærekraftig reiseliv. Her er han prosjektleiar og har hatt møte i alle kommunane saman med rettleiar Anne Dorte Carlson. Etter å ha fått innspel frå næringsliv og andre, går det arbeidet vidare i sommar og haust.

Erik Berglihn fortalde at han har sett stor pris på å kome rundt og besøke bedrifter og folk som arbeider med næringsutvikling og mindre pris på å sitje på kontoret, så han vil prioritere det første, andre gjer ein betre kontorjobb enn han.

På sine besøk har han møtt ein gründer som arbeider med å lansere eit apparat som måler UV-stråling og seier frå når kroppen får for mykje, det kan føre til hudkreft. Dette vil kunne få verdsmarknad, meinte han. Vi treng litt sol, men ikkje for mykje.

Til slutt sa han at halvåret hadde gitt meirsmak. Det som er viktig er å stake ut kursen, og så gjennomføre løpet. Han har lese mange rapportar og meiner nok at det ikkje er rapportar Setesdal treng i næringssamanheng, men å kome i gang med tiltaka som rapportane tilrår. Det gleder han seg til å arbeide vidare med.

Taxi i Valle

Tredje innslag i den aktuelle timen tysdagskvelden handla om taxi i Valle Det står på heimesida til kommunen at det er taxi i Valle, så eg tok ein prat med Jan Oddvar Rysstad på telefonen. Han er frå 1. mars traqfikksjef i Setesdal Bilruter, så no er det meir kontorarbeid enn busskøyring for han.

Han kunne bekrefte at det er taxi i Valle, at det er Setesdal Bilruter som har drifta, men at det meste går til køyring for sjukehuset, så det er slett ikkje bare å ringe etter taxi, for når bilen er disponert av sjukehuset, er det ingen annan bil å setje inn. Det er ikkje økonomi til å ha meir enn ein bil i taxidrift i Valle, og om sjåføren har fri, finn dei ein vikar for oppdrag som gjeld liv og helse, men ikkje for oppdrag som gjeld å få ein person heim frå puben, slik taxiar elles i landet gjer ein fredagskveld.

Av den grunn har dei ikkje gått særleg sterkt ut med å fortelje om tilbodet, det er i grunnen ikkje særleg godt, men det er slik det no har blitt.

Elles kunne Jan Oddvar fortelje at han har teke jobben som trafikksjef for eitt år, så får han sjå om han heller vil tilbake til busskøyring, det har vore hans store interesse så langt. Men då han vart spurd om å gå inn i den nye jobben, tenkte han at han ville prøve, det kunne vere ei interessant utfordring.

På jordet i Krossen

I går starta teltmøta på jordet i Krossen på Evje. Talarar er Erik Albert og Torgeir Skrunes, det er masse gode sangkrefter, på opningsmøtet var det Flekkerøyguttene som var med.

Ho som eig jordet i Krossen, Hege Jokelid, var med på telefonen i Valle Radio tysdagskvelden. Då fortalde ho at det var fjerde sesongen dei har teltmøter der og at bonden som slår jordet, måtte slå tidleg i år og bare fekk fire høyballar på jordet i førsteslåtten.

Då ho skulle gifte seg med Tor Syvert Jokelid, sa han at han ville kjøpe småbruket i Krossen, for det var eit så fint jorde å ha teltmøter på der. Huset var ikkje så mykje å skryte av, men det skulle han pusse opp, han er bygningssnekker. Den komande brura godtok dette, så no har dei altså teltmøter der i juni kvart år. Det vil alltid vere nokon som synest det er vanskeleg å gå inn på eit bedehus, men som kan gå på teltmøte.

Hege Jokelid fortalde at det kjem mykje folk på teltmøta, før om åra har det vore 2-400 på kvart møte. Det er ei god ramme om møta og kvar dag mellom 12 og 14 er det sending på Radio Evje. Også møta blir overførte i radioen.

Nytt i år er at det laurdag klokka 11 og sundag klokka 11 vil vere bibelundervisning. Folk har ønska det, og då prøver vi ei slik ordning. Læraren er Audun Hjellvik, som er forkynnar i Vestlandske indremisjon.

På jordet i Krossen

I går starta teltmøta på jordet i Krossen på Evje. Talarar er Erik Albert og Torgeir Skrunes, det er masse gode sangkrefter, på opningsmøtet var det Flekkerøyguttene som var med.

Ho som eig jordet i Krossen, Hege Jokelid, var med på telefonen i Valle Radio tysdagskvelden. Då fortalde ho at det var fjerde sesongen dei har teltmøter der og at bonden som slår jordet, måtte slå tidleg i år og bare fekk fire høyballar på jordet i førsteslåtten.

Då ho skulle gifte seg med Tor Syvert Jokelid, sa han at han ville kjøpe småbruket i Krossen, for det var eit så fint jorde å ha teltmøter på der. Huset var ikkje så mykje å skryte av, men det skulle han pusse opp, han er bygningssnekker. Den komande brura godtok

Ein sensajson i fiskeverda

I den aktuelle timen tysdag 10. juni kunne Valle Radio som fyrste media pres, entere ein sensasjon i fiskeverda. Det skjedde i samtalen med Tor Moseid, som er dagleg leiar i VAFA – Valle fiskeadministrasjon. Det er ei samanslutning av 16 fiskelag, kvart fiskelag består av grunneigarar knytt til eit vatn eller eit vassdrag.

Han kunne fortelje at laurdag 31. mai vart det fanga ei bleke under Hallandsfossen i Valle. Bleka var 27 cm lang, dei kan nok bli opp til 30 cm. men å få ei så stor bleke lengst nord i Flåne, det er ein sensasjon. Det har ikkje skjedd på 50 år.

Den er den første som er teken i dette området sidan samanbrotet i blekebestanden i begynnelsen av 1970-åra. Den stammar frå rognplanting i blekeprosjektet, truleg i 2010 og var i godt hald. Det vert sett ut blekerogn frå Syrtveit Fiskeanlegg kvart år over ein lang strekning i Otra, også ved Hækni og nedanfor Langeid. Sist haust vart det ved prøvefiske fanga 19 bleker ved Besteland. Desse var små og av årsklassane 1-3 år.

Bleka vart sett ut att, ein håpar at ho skal bli kjønnsmoden og etter kvart legge rogn, slik at arbeidet med å få ei sjølvreproduserande blekestamme tilbake kan lukkast.

Tor Moseid, som vaks opp på Byglandsfjord, men no bur på Sandnes, fortalde at han som gutunge fiska mykje bleke i Byglandsfjorden. Det skjedde mest med oter, far hans hadde ein motorbåt som dei nytta, eller så kunne dei gå langs land. Men no har det vore langt mellom blekene i øvre del av utbreiingsområdet, bleka gjekk til Hallandsfossen i gamle dagar, fortalde han. Men reguleringa knekte nesten stamma, så ho har fått kunstig hjelp i mange år frå fiskeanlegget på Syrtveit.

Sjølv fiska han helst på heia no for tida. Då kunne han gjerne gå til Ljomsvatnet eller andre vatn på austheia, der er det fin fisk å få. Han har båt i Flåne, men det er så mykje gras der at det tek bort noko av gleda med å fiske. Krypsivet er ei pest og plage for alle som vil nyte fisket. Det er for øvrig gratis å fiske i Otra for alle som bur i Valle, men turistar må kjøpe fiskekort.

Tysdag 10. juni 2014

Eg prøver meg med tysdagsprogram dei to vekene som er att til sommarferien. Her er programmet for 10. juni:

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Om eidsvollsmenn.no
19.00 Aktuell time
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

== Eksterne lenker ==
*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Pinsetid

I dag på første pinsedag såg eg gudsteneste frå Sverige på TV. Den skal eg kome tilbake til. For eg kom og til å sjå eit innslag på Dagsrevyen der reportarar hadde vore ute og spurt folk på gata om dei visste kvifor vi feira pinse. Det synte seg at svært få visste det, men ein 12-åring kunne seie at det var høgtida 10 dagar etter Kristi Himmelfartsdag. Han var ein av dei få som kunne noko konkret av dei som vart spurde i den undersøkinga.

Vi som er litt meir opplyste, veit at pinsa ofte vert omtalt som kyrkja sin fødselsdag, det var då det heile starta som i dag syner seg i kyrkjelyder over heile verda. Rett nok med noko ulike fargar i truvedkjenning og form, men likevel eitt i Kristus gjennom Den Heilage Ande.

Presten som talte i kyrkja i Norrköping, skildra pinseunderet på ein måte som var ny for meg. Sjølve underet der disiplane talte på ein måte som gjorde at folk frå mange land forstod det dei sa, det er eit under som knapt har sin like, ikkje eingong tungetale kan måle seg med noko slikt.

Men presten synte korleis vi og i dag har mange språk innan språket og korleis det ofte kan vere vanskeleg å skjøne fagspråk sjølv for folk som har felles språk. Det var det ikkje vanskeleg å vere samd i. Som lærar i norsk som andrespråk ser eg korleis elevane mine nok kan ha og forstå eit daglegspråk i norsk, men om dei skal skildre til dømes religiøse erfaringar, kan dei i liten grad nytte språket eg lærer dei, det er ikkje ein del av daglegspråket. Når vi har språktest 2 og 3 og Bergenstesten, er kvar av testane eit utvida språk der ein skal bruke språket på ein rikare måte.

I så måte er det eit pinseunder kvar dag når ein prøver å forstå eit nytt språk med alle dei valørar og konnotasjonar som språket har. Ja til og med eige morsmål er eit pinseunder, at vi menneske kan kommunisere med avansert språk, til dømes abstrakt språk, seier forskarane er den viktigste skilnaden frå dyra.

Du opplever altså eit pinseunder kvar einaste dag. Gled deg. God pinse.