Om temamøte og kommuneplan

I kveld var Frode Buen i Valle Radio i Kommunen informerer. Det var tredje gongen i vår, han hadde trudd han var ferdig for sesongen, men så fekk han melding frå meg om at han stod på lista no igjen, og det var han glad for, elles hadde han ikkje kome.

I tillegg til å fortelje at det er råd for etternølarar å søkje plass i kulturskulen fram til fredag, det gjeld plassar frå hausten, så fortalde han om eit temamøte som skal vere i kommunestyresalen i Valle måndag:

Folkemøte om bustad- og sentrumsutvikling
Inspirasjonsforedraget på dette møtet er ved landskapsarkitekt Espen Evensen Reinfjord, Asplan Viak, og prosjektleiar for stadutvikling Aust-Agder fylkeskommune, Kari Huvestad.

Arrangør: Valle kommune
Stad: Kommunstyresalen
Tid: måndag 26. mai 18:00

Det var eit tilsvarande møte på Rysstad 7. mai. Det handla om næring, og då kom det 34 personar. Den viktigaste saka dei tok opp, var spørsmålet om veg vestover. Ein heilårsveg vestover vil gje mange fordeler for næringslivet i Setesdal. Frode fortalde at vegen var kalkulert til om lag 400 millionar på 1990-talet, i dag vil han nok koste ein milliard når ein skal til å lage tunnellar gjennom fjellet for ikkje å kome i konflikt med reinsdyrtrekka.

Frode vona at mange kom på møtet komande måndag og då kunne seie si meining om temaet. Dette skal bli ein del av samfunnsdelen av kommuneplanen dei no arbeider med. 3. pinsedag blir det så eit nytt møte, denne gongen om geografi, og det er juridisk bindande, det er då ein seier kva ein vil nytte arealet i kommunen til.

Ei gravferd å minnast

I dag var eg på Ålgård i gravferd. Difor var det inga sending i Valle Radio i kveld. Og det er grunnen til at eg skriv litt om gravferda her på bloggen. Ho gav grunn for nokre refleksjonar eg vil dele med dykk som les bloggen.

Då vi var samla for å planlegge gravferda, snakka vil litt om av vi innanfor ramma som kyrkja har, kunne ha fleire musikalske innslag. Ofte fører slike tankar til at ein leier ein solist til å syngje, men i dette høvet ville vi nytte eigne krefter. Og slik vart det, takka vere mors 16 barnebarn, som alle var med.

Då me var små, kjøpte foreldra våre eit trøorgel. Eg og søster mi, som er to år yngre enn meg, skulle lære å spele. Far var kyrkjetenar, så han ordna timar for oss hos organist Øvestad, kan ein tenkje seg noko betre samanheng mellom namn og yrke enn det? Etter at vi hadde halde på ei stund, var noteheftet Ved orgelet 1 ei viktig samling stykke som vi øvde på, og i dag kom nokre stykke frå dette heftet som førespel til gravferda. For oss var assosiasjonane klare, dei var kanskje ikkje like tydelege for alle som var i kyrkja, men Våren av Grieg, Träumerei av Schumann og Largo av Händel er stykke som mange har høyrt mange gonger i gravferder. Når preluderinga også inneheldt Jeg er en seiler på livets hav, Den indre Sjømannsmisjon sin fanesang, og mor var aktiv i ei forening for denne organisasjonen, var tone slått an for ei gravferd der musikken kunne tale til mange.

To av barnebarna innleidde så med improvisasjon over salma Med Jesus vil eg fara, ei salme som mor og far nytta i bryllupet og som avslutta fars gravferd i 2005. Dermed var hendingar i eit langt tidsspenn knytta saman med musikken. Sidan kom fleire andre av songane og melodiane som kjenneteikna ei kvinne som var glad i kyrkja og bedehuset sin sangskatt. Det vil føre for langt å nemne alle, men tonane syng i hugen min medan eg skriv dette.

Difor var det naturleg å avslutte med Blix-salma No soli bakom blåe fjell, kveldssalma som ofte var brukt i husandakt heime. Den sette eit fint punktum for ein minnerik dag der musikken kan hende for fleire enn meg var med på å understreke sider ved liv og teneste i den tida mor fekk leve, ho var vel 96 år, og heilt til det siste var kristen sang ein viktig inspirasjon for livet hennar.

Takk

1.
Takk, min Gud, for alt som hende,
Takk for alt slik du det gjer,
Takk for dag som er til ende,
Takk for dag som enno er!
Takk for fager vår som strøymde,
Takk for hausten grå og arm,
Takk for tårer som er gløymde,
Takk for hjartefred i barm!

2.
Takk for det du har forklara,
Takk for det som uklart er,
Takk for du på bøna svara,
Takk for det eg ikkje fær,
Takk for livsens gåter løynde,
Takk for hjelp i sorga sår,
Takk for nåden som eg røynde,
Takk for frie barnekår!

3.
Takk for gledene eg kjende,
Takk for sol og himmel blå,
Takk for motgang du meg sende,
Takk for sorg som du la på,
Takk for harde prøvingstider,
Takk for hjelpa du meg gav,
Takk for kvar ein dag som lider,
Takk for trøyst mot gru og grav!

4.
Takk for rosene på vegen,
Takk for tornar mellom deim,
Takk for reiste himmelstigen,
Takk for trygg og evig heim,
Takk for kors og takk for plåge,
Takk for himmelheimen blid,
Takk for stridens lutringsloge,
Takk for alt til evig tid!

Tekst: August Storm

Melodi: Johannes Alfred Hultmann

Program for veke 21, 2014

Her er programmet i Valle Radio for komande veke:

Tysdag 20. mai
Inga tysdagssending denne veka

Onsdag 21. mai
Ansvarleg: Harald Haugand
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter frå klokka 20.30: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft

19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Haralds time. Intervju med Geir Lippestad og anna aktuelt stoff
21.00 Opi sending ved Ronny Stavsholt

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Fagert er landet

I år var det som vanleg fyldig oversyn over programmet for 17. mai i Setesdølen. Om ein gjekk inn på dei kommunale heimesidene, var det til dels endå fyldigare, for Valle sitt vedkomande stod det til og med kva for songar ein skulle syngje.

Både på Valle Bygdeheim og i kultursenteret var «Fagert er landet» ein av songane. Wikipedia fortel at salma, som er skriven av Anders Hovden mens Hovden var sokneprest i Krødsherad i Buskerud, skal ha blitt skriven den etter ein skitur i strålande ver. Teksten stod på trykk første gong i 1907. Opprinneleg hadde Hovden skrive salma med tanke på melodien Kirken den er et gammelt hus, men vi syng den helst med ein gammal melodi etter den tyske salmediktaren Melchior Vulpius frå 1609.

I 1911 sende Hovden salma til Gustav Jensen, i håp om at den skulle komme med i den nye salmeboka han arbeidde med. Gustav Jensen tok han likevel ikkje med i sitt framlegg i 1915, men i Landstads reviderte salmebok kom den med, med fem vers, som i Nynorsk salmebok og Norsk Salmebok.

Salma vart høgdepunktet i mi opplevinga av årets 17. mai-feiring i ei framføring som Helene Bøksle hadde på TV2. Ho song den med så mykje kjensle at ein vart sitjande og fundere på innhaldet. Eg trur ho song alle fem versa. Eg tek med eitt, med tankar som ein ikkje så ofte høyrer elles i året:

Signa då Gud vårt folk og land.
Signa vårt strev og vår møda.
Signa kvar ærlig arbeidshand,
signa vår aker med grøde.
Gud utan deg den vesle urt,
veiknar og visnar, bleiknar burt.
Ver du oss ljoset og livet.

Har Vinje vore i Valle?

Aasmund Olavsson Vinje var fødd i 1818 i Vinje og døydde i 1870. Han budde vel det meste av tida si i hovudstaden. Men etter å ha gått på Asker seminar og fått for gode resultat til å få dei første lærarpostane han søkte, fekk han fra 1. mars 1844 lærarstilling i Mandal. Han vart verande til sommaren 1847, då vart ha overflødig og reiste til hovudstaden for å friste lukka der.

Vinteren 1847 løyste han handelsbrev i Kristiansand for å drive handel med tømmer frå Åseral. Det vart aldri noko av.

Dei kjeldene eg har lese, seier ikkje noko om at han har vore i Valle eller Setesdal nokon gong. I dag var eg på biblioteket i Mandal, dei hadde salg på gamle bøker, og der var det ei 20 år gamal essaysamling om Vinje som eg fekk for 10 kroner. Eg bladde ein del i den, men fann heller ikkje der noko om at han hadde vore i Setesdal.

Men eg lurer på det likevel. Vi veit at Ivar Aasen var i Valle då Valle kyrkje vart vigsla hausten 1844. Då var Vinje i Mandal.

Andre kjende forfattarar som har vore i Setesdal er til dømes Arne Garborg, han skildrar korleis han gjekk over heia frå Sirdal og kom ned til Ose. Og vi veit at mange kunstmålarar var i Setesdal.

Slikt sit eg og lurar på denne maikvelden. Om du har informasjon om dette, hadde eg vore takksam for ein kommentar.

Grunnloven 200 år

Gjennom heile vinteren og framover våren har eg hatt ein programserie i Valle Radio i samband med at Grunnloven er 200 år. Difor var det interessant å sjå på TV i dag der Stortinget hadde festmøte og feira Grunnloven med besøk av heile kongefamilien så vel som representantar frå nordiske parlament.

Då festmøtet inne i salen var slutt, var det bunadparade utanfor salen. Men Setesdalsbunaden fekk vi knapt sjå på TV, for akkurat då skulle NRK intervjue stortingspresidenten, det var jo eit skår i gleda. Men eg sette på TV akkurat då Bykle-ordføraren så vidt fekk sine sekund i ruta, det får bøte litt på skuffelsen.

På festen utanfor Stortinget spelte Forsvarets stabsmusikkorps, for høvet forsterka med Torunn Irene Moen Kristensen, som eg er onkel til. Ho spelte obo, det gjer ho stadig vekk ved store høve, eg meiner å hugse at ho spelte i orkesteret i Kristiansand under Stemmerettsjubileet i Kilden i fjor og. Det er hyggeleg å sole seg i glansen når ein ser kjenningar på TV, til og med når det bare er ein sjølv som merkar glansen.

I Valle Radio har du kunne høyre den nye sangen laga til jubileet. Dei song den inne i salen med Guldbergs kor og allsang, ut frå bileta kunne ein tru alle hadde høyrt den kvar tysdagskveld i Valle Radio, for dei song med, kvar med sitt nebb. Alle sat, men då Ja vi elsker skulle syngjast, då reiste dei seg. Den nye songen er feiande flott, men det er Ja vi elsker som er nasjonalsang, tenkte eg då eg såg det.

Etter lunsj på slottet sette Jon Rolf Næss, Tarald Myrum, Leiv Rygg og Bjørn Ropstad og alle dei andre ordførarane kursen heimover for å feire Grunnlovsdag og Nasjonaldag lokalt. Dei må vere rimeleg inspirerte etter ei slik oppladning.

Ein hyggeleg samtale

Av og til får eg spørsmål om eg aldri går tom for noko å skrive om. Eg ville lyge om eg svarte nei, for av og til er eg ganske tom når eg set meg ved tastaturet. Men plutseleg dukkar det opp nokre tankar, og så er eg i full gang. Denne gongen vil eg fortelje om ein hyggeleg samtale.

Måndag middag kom eg innom i leiligheten i Leite, eg skulle reise til Mandal for så å dra vidare til Ålgård tysdag. Til vanleg har eg huset eg bur i for meg sjølv, men denne dagen var det folk i etasjen over meg. Då eg hadde parkert og kom ut av bilen, stod Hildeborg Lund og Karen Lund Aamlid saman med mannen til Karen på verandaen og helste på meg. Dermed tok eg turen opp til dei og fortalde at denne gongen vart det bare ein dag i Valle og at eg var på veg til Ålgård for å besøke mor.

I samtalens løp fekk eg mange opplysningar, mellom anna at Hildeborg hadde gått på Bryne landsgymnas, der ho tok til i 1966. Eg rekna då ut at ho truleg gjekk der på same tid som søster mi, og spurde henne om ho tilfeldigvis hadde støytt på Jorunn, men det kunne ho ikkje hugse, dei hadde nok ikkje vore i same klasse.

Dei fortalde at dei laurdag hadde hatt dugnad i hagen, det visste eg dei skulle ha, og eg hadde spurt om dei kanskje kunne skjere litt av ein busk i innkøyringa eg nyttar. No var heile busken borte, og eg var glad til. Eg gleder meg og over at det ser ut som om dei mange nedhogne grantrea som ligg i lia nedanfor huset no vert køyrde bort for å nyttast til flis. Det må jo vere betre enn å la dei ligge og råtne i lia. At dei kom ned, har jo gitt ei heilt anna utsikt frå veranda og kjellaren der eg bur.

Vi gledde oss over den, alle saman, før eg takka for praten og gjekk ned for å pakke og dra nedover dalen. Dei tok seg ein kaffekopp før dei heldt fram med vårreingjering inne, det var greitt å nytte tida ettersom dei skulle vere i gravferda etter May Irene Aamlid tysdagen.

Eg var takksam for den trivelege samtalen då eg starta frå Valle eit kvarter seinare.

Ein epoke er over

I kveld føler eg det som om ein epoke er over. Grunnen til at eg måtte avlyse tysdagssendinga i Valle Radio i dag, var at vi i dag tidleg reiste frå Mandal til Stavanger for å ta farvel med mor. Ho kom på sjukehus laurdag kveld, og då skjøna vi at det nok ikkje var så lenge att. Men i løpet av helga vart ho betre etter eit kraftig hjarteinfarkt, og dermed reiste eg til Valle sundagskvelden. Legane sette henne på ei viss behandling, sjølv om ho var over 96 år. På veg til Valle sundagskvelden fekk eg melding om at det nok ikkje var så lyst som eg hadde trudd, men eg venta til måndag middag før eg reiste heim att til Mandal med plan om å dra til Stavanger tysdag morgon.

Men då vi var på veg mot Stavanger, kom det melding om at familien burde kome til sjukehuset snarast råd om vi hadde høve til det. Halv eitt kom vi så dit, då sat ein sjukepleiar og heldt mor i handa, og det var tydeleg at det var alvorleg. Men vi sa til henne at vi var komne og tok over plassen ved sjukesenga saman med søster mi, Solvor. Så sat vi der, mor streva med pusten, men vi fekk nokre ord saman. Bror min, Hermund, kom og dit, medan to andre søsken, som hadde vore hos henne måndag, ikkje kunne kome. Etter kvart fekk ho fleire pustestopp, og klokka kvart på to slutta ho heilt å puste. Eit langt liv var over, no er eg den eldste i familien vår.

Mor fekk bu heime heilt til slutt. Ho fekk noko hjelp frå heimesjukepleie den siste tida, men ho ville helst bu heime, og slik vart det. Heimen hennar på Ålgård var samlingsstaden vår, no står han tom.

Etter at ho var død, var det naturleg for alle oss fem søsken med ektefellar å møtast saman i stova heime og snakke om det som kjem. Det vart ein lang og god samtale der vi planla gravferda saman med representanten frå gravferdsbyrået. Då kom mange minner fram, gode minner som vi kunne dele saman midt i sorga. Vi formulerte dødsannonse og tok til å planlegge sjølve seremonien i kyrkja. Då far døydde i 2005, hadde vi solistar til å vere med utanom familien, denne gongen vil vi prøve å få nokon av mors etterkomarar til å vere med og prege gravferda. Vi fann fram sangar ho hadde vore glad i og kom etter kvart fram til dei som vi skulle bruke i gravferda.

Det er mange ting å hugse på i ein slik situasjon, men etter kvart trur eg vi kom i mål med det som det var råd å gjere ferdig denne første dagen. Så går det ei veke, og neste tysdag, 20. mai, er det gravferd. Dermed vert det ikkje sending i Valle Radio neste tysdag heller.

Mor var ei bønekvinne. Kvar kveld ba ho for barn, svigerbarn, barnebarn med ektefeller og oldebarn. Ho nemnde oss ved namn, og ho hadde fleire andre og som ho hugsa på der i Kyrkjeveien på Ålgård. Men no er ein epoke over. Vi lyser fred over minnet om Gurina Haugland.

Bærekraftig reiseliv

I dag hadde eg høve til å delta på møtet som Setesdal Regionråd hadde på Evje om bærekraftig reiseliv. Anne Dorte Carlson frå Trysil var inspirerande foredragshaldar, men det var for få som hadde møtt fram for å høyre henne. I tillegg til at ho gav oss ei innføring i kva det betyr, leia ho ein prosess der vi fekk seie noko om kva vi meinte om situasjonen i Setesdal og kva som var styrke, svakhet, mulighet og truslar for å realsiere dette.

Eg kom på ei gruppe med to nederlendarar som driv i reiselivsnæringa i Evje og Hornnes kommune. Det var litt interessant å høyre dei snakke frå sin synsstad om Setesdal sitt tilbod innan reiseliv. Dei snakka varmt om natur og rein luft og reint vatn, men og om kor skjemmmande det er med gamle bilvrak og anna søppel som ligg og flyt i naturen og at det ikkje er søppelboksar der bilistar kan finne på å stoppe. Slik det er no, er det nokre få flotte rasteplassar, men temmeleg mange stader der ein kan tøme søppel utanom rasteplassane. Og nordmenn tømer søppel i naturen i langt større grad enn ein gjer elles i Europa.

I løpet av dagen kom det og fram at vi burde fått ei endring på namnet på verneområdet i Setesdal Vesthei. Verneområde er ikkje særleg gjestevennleg ord, nasjonalpark er eit mykje betre ord i reiselivssamanheng. Truleg er det ikkje så stor skilnad i reglar heller. Du kan lese meir om det i artikkelen områdevern på Wikipedia: https://no.wikipedia.org/wiki/Omr%C3%A5devern

Alt i alt var det nokre timar der eg lærte ein del om viktige føresetnader for å få til eit bærekraftig reiseliv. Du kan lese litt meir om emnet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Merket_for_b%C3%A6rekraftig_reiseliv