Smak 2014

Onsdagskvelden snakka eg med Merethe Hjemdahl frå Fjellgarden Hovden, som var på matmessa Smak 2014 på Lillestrøm. Denne messa er ei fagmesse for matbransjen, og ho var saman med 24 utstillarar frå Agder og Telemark for å promotere mat frå regionen vår. Fjellgarden Hovden var einaste deltakar frå Setesdal, og Merethe sa at dei kunne ikkje vore med om dei ikkje fekk vere med i ei slik samleutstilling, for det er dyrt å delta.

-Kvifor reiser de på ei slik messe, vart de ikkje utselde til jol? spurde eg
-Jo, men no har vi produsert nytt, sa ho og fortalde kva dei hadde med til Smak 2014

Fjellgarden Hovden sel varene sine i nokre butikkar i Kristiansand, men ser potensiale til å utvide meir. No er det in med lokalprodusert mat, så det kan vere lurt å bli med på den bølga når ho er her, sa Merethe Hjemdahl. I morgon er messa slutt, då er det tilbake til Hovden, der butikken bare har hatt ope laurdagar til no i vinter, men frå neste veke, 13. februar, vil butikken ha ope torsdag, fredag, laurdag og sundag. Dei har heimesida si her: http://fjellgardenhovden.no/

Takk til Merethe Hjemdahl som i ein travel messeperiode tok seg tid til å snakke i Valle Radio.

Helgetaxi

Er det mogleg å få løyve til å køyre helgetaxi utan å måtte binde seg til å køyre 24 timar sju dagar i veka? var spørsmål i Bykle kommunestyre sist veke. Dette vart det sak på i Setesdølen, og i kveld hadde eg det som ei av sakene i Haralds time i Valle Radio. Eg hadde avtalt med Leiar av samferdselskontoret i Aust-Agder, Leiv Egil Thorsen og Jon-Rolf Næss, ordførar i Bykle, om å vere med på telefonen frå kvar sin ende av fylket.

Diverre lukkast det oss ikkje å få kontakt med Arendal, der var telefonen oppteken. Teknikar Kåre ringte og ringte, men måtte til slutt vende tommel ned, det var oppteke frå 20.30, då eg hadde avtalt å ringe han og heilt til eg avslutta samtalen med Jon-Rolf etter ti minutt. Men Jon-Rolf var på tråden som avtalt, og han greidde ut om problemet. Han fortalde at dette ikkje var noko kommunen eigentleg hadde noko med, men ei sak som dei prøvde å hjelpe med, for, som han sa, det er jo bedriftene på Hovden som får kjeften når folk ikkje får taxi etter å ha vore ute om kvelden, eller når dei skal ut om kvelden. Og på Hovden er det ein meter med snø, noko som gjer at det er mykje folk der i helgene framover vinteren. Kan hende kunne bedriftene på Hovden få ei ordning med turvogn-løyve.

Thorsen i Aust-Agder fylkeskommune, som administrerer løyveordninga, sa i telefonen til meg då vi avtalte at han skulle vere med i radioen at det han kunne seie var at dei kunne sende ein søknad til fylket, så skulle dei ta det opp med Samferdselsdepartementet om korleis lova skulle forståast og om det var høve å gi dispensasjon for helgetaxi. Men dei måtte få ein søknad, slik at dei hadde noko å ta utgangspunkt i. No fekk han ikkje seie det på lufta, men eg sa det om lag slik i programmet, ut frå det han hadde sagt då vi snakka saman tidlegare i dag.

Jon-Rolf lova at dei skulle vende seg til fylket med saka og så fekk dei sjå kva som vart løysinga. Det vert nok ikkje noko løysing i vinter, men kan hende til neste år, sa eg. Vi må finne ei løysing så fort som råd, sa han.

Gryande demokrati

I kveld fekk eg ein svært interessant samtale med Chris Nyborg, som jobbar på Lokalhistorisk Institutt om Grunnlovsjubileet. Han hadde skrive artikkelen på lokalhistoriewiki om korleis Olav Knutsson Tveiten Eivind Torkildson Lande vart vald til å representere Råbyggelaget. Prins Christian Frederik hadde gjeve detaljert instruks om korleis valet skulle skje og til 100-årsjubileet kom det ut ei bok med namna på alle som vart valde på møta i prestegjelda til å vere valmenn.

Råbyggelaget var svært lite, så om ein skulle hatt to utsendingar frå kvart prestegjeld, ville det vore 12 personar som vart valde. Difor gjorde dei ei lokal tilpassing her og valde to frå kvart sokn. Kven det var, kan ein lese om i artikkelen han har skrive på Lokalhistoriewiki: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Val_til_Riksforsamlinga_1814_i_R%C3%A5byggelaget

Det spesielle med Råbyggelaget var at dei valde to bønder og ein embetsmann. Bare Mandals amt gjorde noko tilsvarande, dei valde tre bønder. Instruksen frå regenten var å velje to embetsmenn og ein bonde, men slik vart det altså ikkje, kunne Chris Nyborg fortelje. Elles i landet fylgde dei regenten si oppskrift. Nyborg såg det som den gryande starten på den demokratiske utviklinga som har skjedd i landet.

Vi snakka og litt om levekåra i Norge i 1814. Han siterte frå eit brev ein eidsvollsmann hadde sendt heim til kona om at han delte seng med ein lensmann og lurte på kor mange politikarar som i dag ville delt rom med ein annan person om dei var på ei offisiell reise. Han fortalde og at trakteringa var god, i motsetning til kva det var elles i landet dette året, etter at det hadde vore hungersnød og uår. Vi snakka og om at dei to som reiste til Eidsvoll frå Setesdal var velståande, den eine var handelsmann, den andre var lensmann, og dermed hadde dei betre inntekter enn bønder flest. Men dei var svært medvitne om at dei var bønder, det kom fram i fleire samanhengar.

Halvtimen gjekk alt for fort, men Nyborg lova å bli med fleire gonger om vi hadde bruk for han i Valle Radio. Vi hadde planlagt å snakke om eidsvollsmenn.no, men det vart det ikkje tid til, så det får vi kome tilbake til.

Program for veke 6, 2014

Tysdag 4. februar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Om eisvollsmenn.no ved Chris Nyborg
19.00 Open time
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 5. februar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Ørnulf Hasla
Telefonvakt frå klokka 20.30: Ingebjørg Helle Haugen

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Leif Kvinlog
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending ved Henri-Tore Viki og Rolf Erik Homme

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Fellesskap i 40 år

Nomeland bedehus feira 40 år laurdagskvelden med eit variert program. Bjørgulv T. Berg leia festen etter at styreleiar Torleiv D. Bjørgum hadde helsa velkomen. Leiinga var uformell, prega av at folk hjelper kvarandre når fellesskapet er saman. Etter eit par songar las eg prologen eg hadde skrive, Eit hus for håp. Sissa Ringstad, Siri Melhus og Gro Håtveit var forsangarar, og Bjørgulv hadde fått med seg min kollega Øystein Berg på piano medan han sjølv spelte gitar. Det gav ein rungande song.

Av andre programinnslag må eg nemne Torbjørg, som hadde late Lavrans vere heime denne kvelden for å lade opp til OL i sushi i selskap med Smirnoff. Else Gyro Rysstad hadde og mange andre gode poeng i helsinga, ikkje minst poenget om å Sela, finne ro og fred på bedehuset, som det står i Salme 3 og 4. Opp av veska drog ho gode bukseselar for å understreke poenget.

Knut T. Brokke hadde studert Bygdesogeskrifter og fortalde litt om det første bedehuset på Nomeland, slik vart det trekt linjer langt tilbake. Matøkta var strålande, Knut og Anny hadde laga suppe, nybakte lefser frå Jorunn Lund Harstad så vel som rundstykke smakte nydeleg og vart runda av med kaffe og kaker som det høver seg i eit bursdagsselskap.

Viggo Wilhelmsen talte og nytta same teksten som Sverre Olsen hadde brukt ved vigslinga av huset i mai 1973 og streka under korleis han som tilreisande predikant likevel kjende seg eitt med bedehusforsamlinga på Nomeland, det kristne fellesskapet finn ein både i Setesdal og i Korint, der han er eldstebroder i kyrkjelyden som har blitt etablert som følgje av verksamda til Viggo. Ei jubileumsgåve vart gjeven til dette arbeidet. Kostnadene ved festen vart dekte ved ei utlodning, der var årene utselde før alle hadde fått kjøpe.

I programmet i Valle Radio tysdagskvelden sa Torleiv at festen skulle vare frå fire til sju, men klokka var godt over halv åtte då vi avslutta. Triveleg å få vere saman denne kvelden og møte vener og medarbeidarar frå tida me budde på Nomeland.