Tysk musikk

Eg sat og såg litt på skiskyting i dag, og då sa kommentatorane at det var slitsamt å vere i Tyskland i tre veker og høyre ompa-musikk. Hadde eg hatt kaffi, ville eg nok sett den i halsen. Om eg skal kommentere det, så synest eg det er slitsamt med engelsk og amerikansk musikk i NRK til alle tider, kanalen er nesten kjemisk fri for tysk musikk.

Valle Radio vil bøte på det. Tysdag kjem Wenche Gundersen i studio for å presentere tysk musikk. Ho er økonomisjef i Valle kommune, difor er ho i radioen eit par gonger i året i programmet Kommunen informerer. Kvar gong har ho med seg tysk musikk som ho krydrar programmet med, den er melodiøs og fin og ei kjærkomen avveksling frå all country og rock som ein som oftast høyrer i eteren. Då ho var i radioen i haust, avtalte vi at vi skulle ha ein time med musikken ho og mannen er så glade i.

Til vanleg ville det vere eit program vi kunne ha onsdag mellom klokka 20 og 21, i det som har vore programleiarens time. Men etter at vi no har vedteke å korte inn onsdagssendingane med ein time, vil det nok vere vanskeleg å disponere heile den timen til slike musikkprogram. Ein bygderadio bør jo ha litt nyhetsstoff og, og det er nok naturleg å ha det i den timen framover. Difor har eg invitert Wenche til å vere med i tysdagssendinga komande tysdag. I timen mellom 19 og 20 tysdag har eg ofte hatt country gospel, men no vert det altså tysk musikk.

Set på radioen tysdagskvelden, det vert ei ny oppleving du må få med deg.

Til Hovden etter jul

Sundag kveld hamna eg bak eit par danske bussar då eg var på veg til Valle. Det førte til at eg tysdagskvelden hadde ein prat med Lasse Eidskrem i hovden.com om kva som er aktuelt på Hovden i desse dagane.

Han fortalde då at dei fleste vinterdestinasjonar er avhengige av danske grupper i vekene. I helgene fyller nordmenn opp, men i vekene er det danskar som er på tur. På Hovden er det mange danske efterskoler i denne tida. Ein efterskole er ein folkehøgskole for 16-åringar, dei som er ferdige med folkeskolen i Danmark og tek eit år før dei går i gang med yrkesutdanning eller gymnas. Ein vanleg dansk folkehøyskole har eldre ungdommar og vaksne elevar, men fordi det har vore eit press på å ha eit tilbod til dei yngre, er det etablert slike efterskoler.

På Hovden har dei lagt opp til at det skal vere meir underhaldning i helgene, så dei har etablert eit samarbeid mellom Hovden Alpin Lodge og stand up-scenen Latter i Oslo. Det fører til at kvar fredag kjem det ein stand up-komikar frå Latter og har show på Hovden Alpin Lodge.

Elles kunne Lasse Eidskrem fortelje at det var ein meter med snø på Hovden, det hadde vore meir, men så vart det mildver og då sokk det saman noko. Då han fortalde det, tenkte eg at eg var glad eg var i Valle, for her har det vorte nesten bart i løpet av juleferien, og for ein som ikkje likar snø og glatte vegar, er det perfekt.

Eg hadde dette innslaget tysdagskvelden ettersom det ikkje var onsdagssending denne veka. Dermed laga eg ein aktuell halvtime tysdagskvelden. Det vert nok ikkje så ofte eg gjer det, sjølv om eg planlegg å ha meir kulturstoff i tysdagssendingane framover ettersom sendetida onsdagskveldane er korta inn med ein time og onsdagssendingane no skal starte klokka 19. Vi får sjå korleis det går.

Etter all julematen

I den aktuelle timen i går kveld snakka eg med Silje Stange Foss som er ernæringsfysiolog på Evjeklinikken. Ho skreiv eit lesarinnlegg i Setesdølen sitt siste nummer i fjor, det kom 30. desember. Stykket heitte Kos deg med anna enn feit mat. Du kan lese det på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kos_deg_med_anna_enn_feit_mat

Stykket kom på trykk etter jul, det var jo litt dumt, for slik som det var skrive, burde det stått på trykk før jul. Men ein rår ikkje over korleis avisa sin plass er, og truleg vart det for mange god jul-annonsar til at innlegget kunne kome med.

Silje hadde vore på Evjeklinikken i vel eitt år, fortalde ho i radioen. Vi snakka litt om julematen, i Gausdal, der ho kjem frå, hadde dei ribbe. Eg fortalde henne om julemattradisjonar i Øvre Setesdal, ho kjende ikkje til tradisjonen med nepespa, så eg måtte seie noko om kva det var, og ho meinte då at det var ein tradisjon som kunne vere i samsvar med målet om å unngå feit mat til jul.

I artikkelen skreiv dei om kor mykje arbeid som måtte til for å forbrenne kaloriane i ein porsjon riskrem, det var ikkje lite. Det same var jo situasjonen med kaken i jula. Ho meinte difor at det var eit sunt prinsipp å forsyne seg bare ein gong, og ikkje satse på å tøme kakeboksen så fort som råd. Då eg spurde henne om kva ein skulle gjere med kakene som vart til overs, fortalde ho at ho hadde fått eit forslag frå ein pasient på Evjeklinikken om å male dei opp til fuglemat. Då kunne ein glede seg over mange fuglar på fuglebrettet. Ein annan ide var å gje kaken til julebukkar når dei var ute med posane sine.

Det var hyggeleg å prate med henne om eit så aktuelt tema. Ho skriv i artikkelen at mattradisjonane vart til i ei tid med hardt kroppsarbeid. Slik har vi det ikkje lenger, dei fleste av oss, men kosten i jula er ikkje endra. Difor slo ho eit slag for å redusere den feite maten ein har i jula og heller ha tradisjonar som går på ting ein kan gjere saman, til dømes quiz eller aktivitetar ute.

Så får ein sjå korleis det går i det nye året.

Ny sendetid onsdagar

I kveld var det styremøte i Valle radio. På saklista stod spørsmålet om programleiarar for våren. Eg har vel skrive om det på bloggen før, at to av medarbeidarane må ha ein pause, og dermed er vi færre å dele på oppgåvene.

Etter drøftinga er resultatet at vi får ny sendetid på onsdagar. I staden for å starte med ein aktuell time klokka 18, ventar vi til klokka 19 med å starte. Då vert det som vanleg Tankar frå Bibelen før Kommunen informerer. Så vil timen mellom 20 og 21 vere lagleg til å ha aktuell sending eller temasending. Det var og tale om å sende nokre program frå denne perioden i reprise om nødvendig. Så fylgjer vanleg Opi sending klokka 21.

Med ei slik løysing vil det ikkje vere så krevjande for programansvarleg å ha ansvaret for ei sending, det er ein time mindre å fylle.

Eg er truleg den einaste som ikkje har sukka så mykje over å ha to timar å fylle, sjølv om det kan vere krevjande til tider, så har det stort sett lukkast. Og eg synest det er noko leitt at vi ikkje klarer å halde på det som etter kvart har blitt innarbeidd som ein modell å bruke i vår radio. Men slik er no stoda.

Då det var klart at vi kom til å gå for ei slik løysing, sa Kåre Rike seg viljug til å vere programleiar. Han kunne ikkje tenkje seg å ha ansvar for ein kveld etter gamal modell, men etter den nye modellen kunne han vere med. Så då løyste problemet seg med at vi blir fire som deler på programansvaret: Ørnulf, Harald, Ronny og Kåre.

Så må vi prøve å få med oss folk som kan lærast opp og etter kvart kanskje kan tenje seg å bli med i gjengen som driv Valle Radio sine sendingar. Det blir ei utfordring for oss denne våren.

Når det gjeld tysdagssendingane, blir det ikkje noko endring framover. Vi vil starte klokka 18, som vi har gjort i alle år. Første tysdagssending er altså i morgon, 7. januar, medan du må vente ei veke på å få høyre sending frå Valle radio onsdagskveldane.

Nytt år og nye program

Eg kom oppover i kveld og sette på Valle Radio, men der var det stilt. Difor gjekk eg innom i radiohuset for å sjå om eg kunne fikse det, men sjølv om eg brukte dei triksa eg har lært etter kvart, var det like stilt. Difor sende eg ein mail til teknisk sjef om saka. Vonar han finn den som kan trykkje på knappen i studio i Bykle slik at vi kjem på lufta att, det er dumt når det ikkje er lyd på frekvensen vi nyttar.

Medan eg var i studio, laga eg like godt programmet for tysdag. Det vert ikkje sending onsdag, men vi har det jo noko enklare på tysdag, så difor startar vi alt første moglege tysdag i 2014:

Tysdag 7. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

Program
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Country Gospel Timen
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Inga onsdagssending denne veka

•Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
•Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
•Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
•Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Adopter en eidsvollsmann

Dette er eit prosjekt som er kome i stand i samband med Grunnlovsjubileet 1814. Tanken er å finne ut meir om dei folka som var på Eidsvoll og som skreiv under grunnloven. Frå Aust-Agder var desse til stades:

Selvstendighetspartiet:
Ole Knudsen Tvedten
Alexander Christian Møller
Henrik Carstensen
Unionspartiet:
Jacob Aall
Thor Reiersen Lilleholt
Even Thorkildsen Lande
Hans Jacob Grøgaard
Thomas Bryn

To av desse var frå Setesdal: Olav Knutsson Tveiten og Even Thorkildsen Lande. Setesdalswiki har ein grei artikkel om den første, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Olav_Knutsson_Tveiten men foreløpig ikkje noko om den andre. Det får vi vel bøte på i året som kjem.

Prosjektet med å adoptere ein eidsvollsmann, er eit samarbeid mellom jubileumsnemnda og slektsforskningsorganisasjonen DIS-Norge. Tanken er å føre lister framover til våre dagar om etterkomarane etter dei som var på Eidsvold.

Eivind Knutsson Tveiten har ein stor bauta utanfor Valle kyrkje. Ettersom han var gift to gonger og hadde mange barn, vart det mange etterkomarar. Eg er litt usikker på om folk i Valle, som til vanleg er nokså levande interessert i slekt og relasjonar familiane i mellom, har så lange linjer i dette at dei er medvitne om at dei er etterkomarar etter ein eidsvollsmann. Kan hende kan det vere eit tema som kan gje grunnlag for artiklar på Setesdalswiki. I så fall får ein vel studere bygdebøkene noko nøye i året som kjem.

Det har vore ei oppbløming av interessa for slektsforskning i den seinare tida. Ikkje minst har mange fått med seg TV-serien Hvem tror du at du er? Her leitar ein etter forfredre til kjente folk. Kan hende kunne ein late seg inspirere til å gjere noko med lokalhistorisk vri i Setesdal i samband med Grunnlovsjubileet, både når det gjeld etterkomarar etter Even Thorkildsen Lande og Olav Knutsson Tveiten?

Vi treng fleire programleiarar

I jolehelga har det kome melding om at Valle Radio treng fleire programleiarar. To av dei som har vore med i staben treng ein pause, og då vert vi få å dele på oppgåvene. Vi tenkjer at det høver godt for dei fleste å ha ei sending i kvar månad, og då må vi vere fire til fem programleiarar for å få kabalen til å gå opp.

Eg tok ein telefon til Ørnulf Hasla i dag for å høyre litt meir om situasjonen, og han fortalde at det skulle vere eit styremøte til måndag der ein skulle drøfte saka litt meir inngåande.

-Det kan ikkje vere leiaren sitt ansvar åleine å løyse saka, meinte han.

Eg lurer på om folk som les bloggen min kunne tenkje seg å vere programleiar i Valle Radio. I så fall skal du vite at vi som har jobben, har ein triveleg jobb der vi får møte nye folk og snakke om det som rører seg i bygda og i Setesdal. Om du kunne tenke deg å bli med i fellesskapet, skal du få god hjelp til å kome i gang.

Mange tenkjer at det er så vanskeleg å vere programleiar. Men opppgåvene er ikkje så spesielle heller. Ein gong i månaden, så om lag, må du finne fram fire-fem saker som du kan ha i nyhetstimen, den aktuelle timen frå 18 til 19. I tillegg har du ansvar for ein time mellom 20 og 21, og der kan du ha mange ulike tema som du sjølv eller ein annan er med for å lage. Nokre gonger er det musikkprogram, andre gonger er det samtaleprogram. For den som er programleiar, er jobben gjort klokka 21, då kjem team som lagar opi sending og om du ikkje vil vere med i eit slikt team, kan du ta kvelden og vite at jobben er gjort.

Kunne det vere ein aktivitet for deg som les dette? I så fall kan du ta ein telefon til Ørnulf og seie at du er interessert, og om du kunne få prøve deg saman med ein av oss som no er programleiar, og så skulle vi hjelpe deg i gang og støtte deg til du føler at du kan stå på eigne bein på glattisen. Det kunne jo vere ei interessant utfordring å prøve seg på i det nye året, synest du ikkje det?

Julehefter

Erik Kjebekk har nokre interessante artiklar i Setesdølen denne jula. Dei stod i nr. 101 og 102, avisene som kom ut 23. desember og 30. desember. Her fortel han om juleheftene, som var ein fast tradisjon i vår barndom og ungdomstid. I våre dagar er det ikkje så mange att, og tradisjonen med å gå på dørene og selje julehefter er vel snart heilt borte.

Sjølv har eg og hatt mine rundar med julehefter. Dei prosentene me kunne få om vi selde julehefter var det ikkje alltid så lett å få ut, for om me ikkje fekk selt alle heftene, vart det lite provisjon når oppgjeret kom. Men me hadde vore faste kundar som gjerne kjøpte heftene, og så var det nokre som slo døra att når dei såg kven som stod utanfor.

Kjebekk fortel og om dei kristelege julheftene. Det er mest utruleg at Ved juletid hadde 125.000 i opplag. Det skulle eit ganske godt organisert arbeid til for å selje så mange hefter ved å gå på dørene.

Då eg vart redaktør av Fiskerens Venn i 1972, fylgde også arbeidet med juleheftet med. Fiskerens Venn hadde ganske høge opplagstal, så det var ein god medskøyt i den økonomiske drifta av bladet. Men det var eit stort ekstra-arbeid å skaffe stoff til å fylle bladet, sjølv om vi hadde nokre faste skribentar som tidleg kom med artiklar. Men så var det jo eit problem at ein helst ikje skulle ha meir enn ein artikel av kvar forfattar. Det var ikkje alltid så lett å få til, så i innspurten vart det ofte til at ein treiv etter det ein hadde for handa.

Etter at eg kom til Valle, var eg med i Skriftstyret for Jol i Setesdal eit par år. Medan Fiskerens Venns julehefte vel knapt kjem ut i særleg stort opplag lenger og kanskje ikje lenger vert seld på dørene, har Jol i Setesdal halde stand i 50 år. Opplaget er rett nok no redusert til 2000 las eg i bladet, Kjebekk skriv at dei fleste heftene ikkje publiserte opplagstalet.

Korleis det var med Fiskerens Venn, hugsar eg ikkje. Men framleis blar eg gjennom dei kristelege julehfetene som kjem i min veg i den søte juletid.

Kjebekk nemner bare dei nynorske heftene i artikkelen. Men vi gledde oss og over 91 Stomperud og Knoll og Tott, Fiinbeck og Fia. Fleire av desse er framleis å få som julehefter og gjev grunnlag for litt humring meir enn ein gong.

Det ular og blæs

Det har vore ein vindfull periode på slutten av 2013. Mang ein kveld har eg lege i senga og høyrt vinden ule rundt nova. Ein kan og sitje inne og sjå korleis tretoppane vaiar i vinden. Då er i alle fall eg glad for å vere under tak, og ofte tenkjer eg på dei som bygde huset eg er i. For ei tid tilbake høyrde vi at taket vart flerra av eit hus og grunnen var at ein hadde brukt for korte spikrar. Då tenkjer eg på svigerfar som bygde huset eg bur i. Det gjorde han utan spikerpistol, og det står stødig etter seksti år. Låven vår er enno eldre, det ser ikkje ut til at han nauar særleg heller.

I slike stunder er eg glad eg ikkje har båt, for det fylgjer alltid ekstra ansvar med å vere båteigar, og særleg når pålandsvind og måne skapar springflo i kombinasjon med vind. Då bør ein sjekke fortøyingane og kontrollere at båten ikkje får skade. Å sleppe alt ein har i hendene for å dra ut og sikre båten, det kan vere både strevsamt og stitt.

Når vinden er kombinert med regn, vil katten vår helst ikkje ut. Sjølv om han må, så drøyer han i det lengste, og han har ein teknikk med å setje seg langt inne i stova, sjølv etter at han har mjaua og gitt signal om at han kunne ønske at vi opna døra. Ofte finn han den døra der det dårlege veret merkast minst, så mange gonger går vi frå dør til dør for å vere til behag. Ikkje lenge etter at vi har slept han ut, er han på døra og vil inn att.

I gamle dagar ba ein om godt og tenleg ver i kyrkja. Eg er litt usikker på om den bøna framleis er med i kyrkjebøna eller om trua på yr.no har blitt så sterk at ein trur seg å kunne vere budd på det meste. Då vi i dag høyrde at forsikringsselskapa hadde betalt ut meir enn ein milliard i skadeerstatning etter dei namngjevne stormane i 2013, skjønar ein at det er store krefter i sving og at ein gjer lurt i å ta det litt piano når det ular og blæs.

“I slikt vær, da får du bønner, Gud” heiter det i diktet Juleaften av Henrik Wergeland:
Et vær, som rystet
den sterkes hjerte i dets skjul i brystet,
et himmelvær, hvori sitt eget navn
han påropt hørte
av ånder, stormene forbi ham førte,
mens hver en tretopp hylte som en ravn? Men ravnen gjemte
seg selv i klippen, ulven sulten temte,
og reven våget seg ikke ut.
I huset sluktes
hvert lys, og lenkehunden inneluktes….
I slikt vær, da får du bønner, Gud!

Heile diktet finn du her: http://www.poemhunter.com/best-poems/henrik-wergeland/juleaftenen-christmas-eve/