Ny pave

13. mars 2013 vart ein historisk dag, om ikkje i Valle, så i verda, for då fekk Den katolske kyrkja sin fyrste pave frå Latin-Amerika, verdsdelen som har dei fleste medlemmene i verda sitt største kyrkjesamfunn. Han tok namnet Frans, då går han inn i tradisjonen frå Frans av Assisi.

Litt morosamt var det at det ikkje tok lang tid før hendinga var omtalt i Valle Radio, for Berit Homme ringte inn svar på ein rebus, og då nytta ho høvet til å fortelje at verda hadde fått ein ny pave.

Det verkar som om kommentatorane er overraska, han var visst ikkje den folk hadde tippa skulle bli vald, og det tok bare eit døger og fem avstemmingar for å kome fram til eit resultat. Som skribent på Wikipedia lurte eg på om vi hadde artikkel om han, og det hadde vi hatt sidan 2005. Svensk og dansk Wikipedia måtte skrive artikkel i kveld, dei hadde ikkje dekning av kardinalane, som norsk Wikipedia har. Han er jo ikkje nokon ungdom, fødd i desember 1936. I 2001 vart han kardinal, han har hatt eit stort engasjement for fattige, les eg i Vårt Land si nettavis. http://www.vl.no/troogkirke/bergoglio-sa-du/

Det er ein tradisjon at det stig kvit røyk opp frå Sixtinske kapell når kardinalane har kome fram til ein ny pave. Trym Bjønnes tok bilete av den kvite røyken på Hovden Badeland og lurte på om det er kome ny bademeister der, sjå http://instagram.com/p/Wzs0dcpFZ5/

Den katolske kyrkja har fått mange nye medlemmer i Norge dei siste åra, både polske og andre innvandrarar høyrer jo til den kyrkja. Eg las eit intervju der det vart sagt at det ikkje var så mange nordmenn som konverterte, det var innvandrarar som førte til veksten.

Må valet av ny pave bli til velsigning.

Norsk orgelmusikk i Postludium

I kveld valde eg å spele frå Bjørn Andor Drages nye CD «Norwegian Romantics». Den er jo ikkje heilt ny, kom ut i 2011, men eg hadde ikkje høyrt den før, og den var spelt inn på orgelet i Ålesund kyrkje, og der var svigerdottera mi, Margaret Standal Volle Haugland, tilsett som vikarorganist ein periode i fjor. No fekk eg høyre orgelet ho spelte på, som er Norges største romantiske orgel, og eg kan godt skjøne at ho likte seg på den spelepulten.

Verka i kveld var desse:

1.Ludvig Mathias Lindeman: Marsch ved Processionens Intræden i Kircken, 4:02
2.Signe Lindeman: Søndagskveld på fjellet, 3:27
3.Signe Lindeman: Søndagsfred, 4:27
4.Signe Lindeman: Påskemorgen, 1:59
5.Fridthjov Anderssen: Fuge i C-dur, 3:23
6.Christian Cappelen: Legende, 5:21

På plata er alle komposisjonane av Signe Lindeman, i kveld spelte eg tre av dei. Etter at sendinga var ferdig i kveld, snakka eg med Niklos, som kunne fortelje at Birgit Helle, som var organist i Valle i 33 år, hadde vore elev av Signe Lindeman. Av og til er verda liten. Signe Lindeman var barnebarn av den store Ludvig M. Lindeman, som var fødd i 1812 og som var i Setesdal for å samle inn folketonar.

Allsangkveld

I kveld var det tid for allsangkvelden som Sissel Åkre var i Valle Radio og snakka om under Open sending onsdagskvelden. Det var litt forvirring om staden, for i omtalen på Facebook stod det Storstoga, men dei 40 som fann vegen til Spelestoga, hadde ein fin kveld. Sissel ønska velkommen, Anna Slaby styrte prosjektoren og trommer og Tonhild Kråkenes sat ved pianoet.

Å synge i Spelestoga er ei fin oppleving, det er god akustikk der. Denne mandagskvelden klokka 19 møtte også Syngjandi ein time tidlegare enn vanleg øvingstid tilsa, dermed var det god støtte for sangen for oss som kom der fordi vi likar å synge. Av publikum hadde nok omgrepet Vi over 60 høvd best, men det var ei gruppe karenarar der, og dei er midt i livet. Sissel sa at arrangementet også høvde for barn, men det fekk nok ikkje barneforeldre med seg.

Sangane var kjente og kjære, i alle fall dei fleste, men programomtalen truga med nokre nye songar, og det fekk vi og, eller i alle fall songar som ikkje så ofte vert nytta i allsang. Prøysens Blåbærtur og Du skal få en dag i mårå var med, Kjerringa med staven, Å jeg vet en seter, Å vesle lerka, (men ikkje Alle fugler), What shall we do with the drunken sailor og Kum ba ya, my Lord.

Midt i programmet slapp karenarane til med ein song. Seks karenarar song og Paw De Lay David spelte piano, og dei song fleirstemt. Eg som har dei på skulen i norskopplæring, veit noko om sanggleda deira, og det var flott å høyre dei utanom klasseromet. Planen var at også chin-gruppa skulle synge, men der var det sjukdomforfall, rennande nase og sår hals gjorde at dei ikkje kunne stille opp denne kvelden.

Eg var heldig og kunne ha Reidun med meg, og ho helste på fleire kjende. Ingebjørg Brottveit praia meg og takka for intervjuet eg hadde hatt med Ånund, son hennar onsdagskvelden. Då vi snakka saman, undrast eg på om han visste om mora sat og høyrde på, men han måtte medgi at han ikkje hadde fått informert henne om at han skulle på lufta den kvelden. Men Britta Lise hadde gjort det, så ho hadde fått høyre det og var så glad for det. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130306

Det er visst eit år til neste gong Folkeakademiet Valle vil ha eit slikt program att. Kan hende er det fordi det er så sjelden at det fungerer. For kvelden i kveld var god å ha med seg. Dessverre tenkte eg ikkje på å ta med opptakar, så eg får ikkje sende det i Valle Radio. Der får eg nok halde meg til eit anna opplegg på sangkvelden i morgon.

Veke 11, 2013 i Valle Radio

Den eine veka er knapt fullført før ein må til å tenkje på nytt program i Valle Radio. I veke 10 hadde eg ansvaret for både tysdag og onsdag, i veke 11 er det Ronny Stavsholt som har ansvar for onsdagskvelden. Programmet hans finn eg truleg i Setesdølen tysdag, då kan eg oppdatere bloggen slik at det står saman med tysdagsprogrammet. Men av lista ser eg at Kåre skal vere teknikar og at Rolf Erik og Henri Tore skal ha ansvar for Opi sending. Her er lenke til lista: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2013

Tysdag 12. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
18.55 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 13. mars

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakter frå 20.30: Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Ellinor Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Unn-Merete Nordby
20.00 Fred og forsoning. Opptak av tidligare biskop Gunnar Stålsett sitt foredrag i kommunestyresalen i Valle 8. mars 2013
21.00 Opi sending ved Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Mobiltelefonavhengig

I dag las eg ein artikkel i Vårt Land der Levi Henriksen, forfattaren, fortalde at han etter kvart hadde lært seg å legge att mobiltelefonen heime. Han erfarte at han alt for ofte vart oppteken med å sjekke mobiltelefonen i staden for å vere til stades der han var. Han måtte sjekke om det var ein bokhandlar i Trøgstad som ville ha han på boksignering, der det kom tre kundar, to for å spørje om kor noko var i butikken og ein for å spørje etter boka Hel ved, som det jo var ein annan som hadde skrive. Då skjøna han at han burde gjere noko, så han la att telefonen heime.

I grunnen er det utruleg kor fort vanane våre har endra seg. På ti år har alle fått mobiltelefon og fleire og fleire seier opp abonnementet på fasttelefonen. Den ringer jo heime, og er du ikkje heime, får ein ikkje tak i deg. Men med mobiltelefonen får ein det.

Vi som jobbar med å lage Valle Radio er jo svært avhengige av at folk har mobiltelefon. Men når dei kjem i studio, vil vi jo at dei skruar av lyden eller legg telefonen att utanfor. Eg som på tysdagskveldane er både teknikar og programleiar, har jo av og til gløymt å setje telefonen på lydlaus, og plutseleg går ringesignalet mitt ut over heile Setesdal. Det er jo litt pinleg, då.

Men utan mobiltelefon hadde det vore mykje vanskelegare å sy saman ei sending. Intervju må planleggjast og den som skal intervjuast må nåast, ofte utanfor kontoret eller heimen. Så vi brukar telefonen mykje og har god hjelp av den. Mange gonger kan folk ikkje kome i studio, men ein kjapp prat på telefonen, det kan dei fleste vere med på. I sendinga onsdagskvelden måtte vi bruke mobiltelefonen for å snakke med Olav Jan Nomeland, for han var oppteken med dugnad for å byggje dragracebanen til Nordisk Meisterskap i snowdrag, så han kunne ikkje bryte av og kome i studio. Men frå banen på Åraksøyne fortalde han om opplegget og ønska folk velkomne til scooterfesten. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130306

No er arrangementet over, Nordisk Meisterskap er arrangert. I morgon ventar eit cup-arrangement. Om du har høve til det og er interessert i denne forma for motorsport, bør du ta turen. Det vil vere ei oppleving utanom det vanlege.

Kvinnedagen 2013

I kveld såg eg andre del av konserten i Kristiansand der dei feira Stemmerettsjubileet. I Valle Radio markerte vi inngangen på jubileumsåret i sendinga 9. januar, då vi fekk ordførarane i dalen med på å finne første kvinne i kommunestyra i respektive kommunar. Av dette vart det ein artikkel på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Stemmerettsjubileet_2013

I konserten i Kilden i kveld var det bare kvinner i orkesteret, som hadde ei kvinne som dirigent, og dei som underheldt og framførte helsingar, var alle kvinner. I introduksjonen til helsinga frå Kaci Kullmann Five vart det sagt at ho held styr på Stålsett og Jagland i Nobelkomiteen. Kor Jagland var i kveld, veit eg ikkje, men Stålsett var i Valle, og opptak frå foredraget han hadde kjem i Valle Radio onsdag som kjem.

Sjølv var eg i Mandal bedehus og høyrde Knut Svein Dale. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Knut_Svein_Dale Han har hatt opplegg med film og forkynning mange stader i Setesdal, no presenterte han opplegget i Mandal, det er planen å kjøre slike kurskveldar der til hausten. Han viste eit avsnitt frå Johannesevangeliet, det høvde fint no før påske, for avsnittet handla om tida før Jesus kom til Jerusalem og om inntoget i Jerusalem palmesundag.

I avsnittet var det ein sekvens som handla om Maria, søster til Marta og Larsarus. Det førte til spørsmål om ho var den same som ho som vart kalla Maria Magdalena. Det kunne Knut Svein avkrefte, og fortalde at Maria Magdalena var frå Magdala i Gallilea, medan kveldens Maria var frå Betania. I same sveipen fortalde han at det var tre Maria som stod saman ved korset då Jesus vart krossfest, Maria, Jesu mor, Maria Magdalena og Maria, Klopas si kone.

Sjølv om det gjekk lang tid før kvinner kunne gjere presteteneste i Den norsk kyrkja, hadde kvinner sentrale oppgåver i dei norske kristelege organisasjonane lenge før 1913, sa biskop Helga på festen i Kristiansand. Den tradisjonen går like tilbake til Golgata, kunne ho ha lagt til, om ho hadde vore og høyrt Knut Svein i kveld.

Ånund Brottveit i Valle Radio

Eg har to gonger tidlegare her på bloggen skrive om Ånund Brottveit, forskningssjef i Kirkeforskning, og hans forskning om Ski-VM 2011. I går var han med i Aktuell time i Valle Radio og fortalde om arbeidet sitt. Han har budd 30 år i Oslo, 20 av dei åra har han arbeidd på Diakonhjemmet Høgskolen før han no i februar fekk ny jobb.

Han gjekk på ungdomsskulen i Valle, men han hadde barneåra på Flosta i Arendal. Etter ungdomsskulen gjekk han på Hornnes, og då pendla han heim til Valle, sa han, og fortalde at han hadde gått Sesilåmi og at han var over middels interessert i skigåing, noko som vel var grunnen til at han vart med på forskningsprosjektet om Ski-VM 2011.

Men no er det ikkje så ofte han er i Valle. Han besøker mora, Ingebjørg Brottveit, men elles går turen fort på heia når han er i bygda.

-Sit mor di og høyrer på oss, spurde eg

-Eg har gløymt å seie frå til henne at eg skal i Valle Radio, sa Ånund Brottveit.

Kirkeforskning er eit lite forskningsinstitutt som står for forskning på kyrkjerelaterte saker, men og på andre saker etter kva som måtte høve for forskarane. Dei får finansiering frå Staten og frå private som går inn med prosjektmidlar. Instituttet har lokalar på Diakonhemmet Høgskole, så det var ikkje stor endring for Ånund Brottveit å flytte til ny arbeidsgjevar.

Praten vår om Ski-VM handla mellom anna om korleis ein rekrutterte ikkje-etniske nordmenn til å vere med i dugnadsarbeidet, men og som publikum. Det var ikkje lett, ein klarte vel bare å få med 2-3 prosent av dugnadsgjengen med framandkulturell bakgrunn.

Då kommenterte Ørnulf Hasla, som og sat i studio under samtalen at på Norsk Høstfest i USA var det mange tusen dugnadsarbeidarar, men det var dei norske som hadde teke vare på denne tradisjonen i USA. Det syntest Ånund var interessant, eg trur helst han fekk ide til eit nytt forskningsprosjekt. Sosialantropologar likar å forske på ting langt borte, men i dei seinare åra har dei og teke i bruk sosialantropologi-teknikkar for å forske på eige samfunn.

Kan hende blir samtalen i Valle Radio til eit nytt forskningsprosjekt. Då vil det nok kome reportasje i radioen. Og det er nok ikkje siste gongen Ånund Brottveit er med oss i ein samtale.

Folkeakademiet i fokus

I kveld var Folkeakademiet i fokus i Valle Radio si opne sending. Leif Kvinlog var med meg i studio heile programmet, og Sissel Åkre, som er leiar i Agder Folkeakademi og medlem av landsstyret i Folkeakademiene, var innom for å fortelje om dei neste prosjekta i Valle Folkeakademi.

Fyrstkomande fredag kjem Gunnar Stålsett til kommunestyresalen i Valle for å snakke om fred og forsoning. Møtet tek til alt klokka seks, og vil vel vare eit par timar. Stålsett vart nyleg tildelt ein japansk fredspris på 1,2 millionar kroner. Han arbeider internasjonalt, men og lokalt, og er no på ein foredragsturne på Agder. Møtet i Valle er siste stopp på den turneen, og Sissel gledde seg storleg til dette arrangementet, der Mariann Uleberg og Knut K. Jore skal delta med musikalsk innslag.

Måndag er det sangkveld for heile familien i spelestoga klokka 19. Då vil ein under leiing av Syngjandi synge norske allsongar for både barn og vaksne. Dette er kvelden Syngjandi pleier å ha øvingane sine. Men denne kvelden er alle velkomne til å vere med. Og songane kjem på veggen, ein slepp å lese i sangbok, fortalde Sissel før ho gjekk.

Leif kunne då gå vidare og fortelje at dei planlegg eit oppfølgingsmøte med lokale folk om fred og forsoning der Ida Hidle, Hans Skottrud og Terje Seilskjær er aktuelle innleiarar. Men tida for dette er ikkje fastsett.

Folkeakademiet vil og har den tredje konserten i Øystein Kikut sin serie med pianokonsertar i vår. Den vert 21. april i Spelestoga, og sundagen etter, 28. april kjem Klovnen Knut til Valle. Han er morosam for både barn og vaksne.

Mellom alt dette fekk vi tid til å ha rebusar og musikk. Rebusane finn du på Setesdalswiki si side om programmet denne kvelden, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130306

Dei som vann premiar i kveld, var
Valle Radio-krus: Gyro Trydal,
Flakslodd: Kjellaug Rysstad, Torfinn Liestøl og Solveig Heistad
Gyro K. Hommes premie: Torhild Lunden.

Overrasking på direkten

Eg trur nok Niklos K. Besteland vart litt overraska i kveld då redaktør i Valle Radio, Ørnulf Hasla, kom innom med blomebukett og konvolutt. Ørnulf beordra Niklos inn i studio, og han hadde ikkje anna å gjere enn å lystre sjefen.

Vel inne i studio gjekk dei på lufta og Ørnulf takka Niklos for innsatsen og gratulerte han med 60-årsdagen i morgon 6. mars. Det var nok litt uventa, for Niklos hadde meldt frå til avisene i regionen om at han ikkje ville ha namnet sitt i avisa i høve dagen, og så kom det i radioen i staden.

Men slik kan det gå når ein har hatt over 300 program med orgelmusikk og kyrkjemusikk i Valle Radio, heilt frå vi starta med tysdagsprogramma har Niklos vore med. Grundig og informativt fortel han om musikken vi spelar. Annankvar veke er han på plass, av og til med ekstra program og.

Valle Radio er einaste kanalen i Norge som har eit fast program av denne typen. Så smalt at andre radioar ikkje lagar slikt. Men vi gjer det, og i kveld var det tre-fire lyttarar på Internett, noko som tyder på at det er folk som høyrer på oss. Kor mange det er ute i dalen som høyrer på tysdagssendinga er ikkje godt å seie, men vonleg er det ein del der og.

Frå Valle Radio fekk Niklos blomar og gåvekort på 500 kroner hos Valle Handel. Gratulerer med dagen.

Meir om Hurrabakken og litt til

Stadnamn kan vere interessant. Eg fortalde for eit par dagar sidan om spørsmålet eg fekk om eg kunne seie noko om Hurrabakken i Hornnes. Det var eit skot i mørker, men i dag ringde eg til Bernt Gautestad, som har vore leiar i Evje og Hornnes historielag og lurte på om han visste noko.

Vi snakka saman og etter kvart kom vi fram til at den som budde der, vart kalla Såve Svingen. Dotter hans var filletante til Bernt Gautestad, så plutseleg var det meir interessant for han enn han hadde tenkt, for han hadde ikkje visst at dei hadde budd på den plassen.

Men kva namnet kunne kome av, nei det hadde han ikkje peiling på. Men han fortalde at dei ikkje sa namnet på same måte som det vert skrive, men meir i den forma som ein nyttar når ein snakkar om ei kvinne som praktiserer det som vert kalla verdas eldste yrke. Men det er jo ikkje så mange som kan tenke seg å bu på ein plass med det namnet, så ei forskjønnande omskriving kunne kanskje vere på sin plass.

Forskjønnande omskriving vert ikkje brukt alle stader. På Lista har dei nokre fallossteinar dei kallar pikksteinane, og no meiner folk at det er ein slik på Skjernøy utanfor Mandal og. Det var ein artikkel om det i avisa Lindesnes i dag: http://www.l-a.no/kultur/24393.html?fb_comment_id=fbc_118489961669667_50841_118897691628894#f1abd6104

Under den artikkelen har Øyvind Jacob kommentert at det er ein stad aust for Roskreppfjorden som heiter Pikksteinheii, og der fann han ein stein som liknar veldig på dei som står på Bygland kyrkjegard.

Bernt Gautestad vil leite litt og høyre om nokon andre i området på Evje veit noko om namnet på staden der Salve Uppstad, muraren frå Svingen, budde i 1910.