Respons

I dag var eg innom på Joker før eg skulle dra til Mandal, og der møtte eg Svein Brokka.

-Du har hatt ei travel veke med radio, sa han.

Eg kunne jo ikkje vere uenig i det, for denne veka hadde eg radio både tysdag og onsdag.

Svein fortalde då at dei sat på kjøkkenet og høyrde på Valle Radio, for der var det best å få inn stasjonen.

-Det var interessant å høyre Egil Grandhagen. Eg skjøna at det var reprise, men eg hadde ikkje høyrt det før, sa han.

-Det vart sendt frå Norea i juni, men då hadde vi sommarferie, så det hadde ikkje vore i Valle Radio før, sa eg.

Eg tenkte at tysdagskvelden var det to Egil-ar i sendinga, for Egil Grindland hadde Over ein open Bibel, og han har vore i Oveinang mange gonger, så Svein kjenner han og godt.

-Og så var det morosamt å høyre om emissæren som ikkje visste kva for eit bedehus han skulle til, heldt Svein Brokka fram. -Då måtte eg le.

-Ja, han skulle til Hornnes, men trudde han skulle til Moisund, svara eg.

-Tenk at Knut Svein Dale rota slik, smilte Svein.

I dag såg eg i Setesdølen at Knut Svein skal til Moisund komande tysdag. Når ein har same opplegget annankvar tysdag på Moisund og Hornnes, kan ein nok surre litt. Han syner film om Matteus-evangeliet, den filmen fylgjer teksten i Bibelen kapittel for kapittel og dannar grunnlag for litt undervisning og samtale etter ein halvtime med film. I opplegget er det og kveldsmat, fortalde Knut Svein i sendinga tysdagskvelden.

Også for sendinga onsdagskvelden kom det mange tilbakemeldingar frå folk som hadde høyrt, ikkje minst samtalen eg hadde med Bjørg Åkre. Ho fekk SMS, eg fekk kommentarar på Facebook og IRL, som dei kallar det, In Real Life, i det verkelege livet.

Respons er godt å få. Eg likar å lage radio, og eg likar å få respons. Takk til dykk som høyrer på sendingane.

Omdømme

Omdømmebygging er blitt viktig for mange verksemder, til og med ein kommune. Ein kan oppleve at arbeid dei gjer for ein som vil busetje seg i kommunen, ikkje alltid vert motteeke. Slik opplevde eg noko av det rådmann Eivind Berg sa i Kommunen informerer-programmet i Valle Radio i går kveld.

Eivind Berg fortalde om ein som hadde kjøpt seg hus på Sandnes i Valle og hadde planar om å starte eit mikrobryggeri. Grunnen til at saka kom opp, var eit intervju i Setesdølen tysdag, der vedkomande var vel nøgd med hjelpa han hadde fått frå næringsetaten i Evje og Hornnes kommune, men ikkje nøgd med det Valle kommune hadde ytt. I intervjuet kom det og fram at det hadde vore eit sjokk for han at Riksveg 9 skulle leggjast om eller byggjast ut på Sandnes, noko som ville gå ut over eigedomen han hadde kjøpt seg. Rådmann Eivind Berg fortalde då at både han sjølv, næringssjefen og ordføraren hadde stått på for å finne løysing for å etablere verksemda i Valle, saka om vegen var det jo vanskelegare å gjere noko med. Likevel var nok konklusjonen at han som hadde tenkt å busetje seg i Valle, flytta og hadde med seg ei negativ oppleving frå Valle.

Det var ikkje så mykje å gjere med den saka no, men Eivind Berg hadde likevel nokre svært positive opplevingar å fortelje om. For det første ville han berømme dei som gjer ein stor jobb med å køyre opp skiløyper på Furestøyl og ved Bjørnevatn. Det løypetilbode vi har i kommunen for folk som vil gå på ski, er svært godt, fortalde han. Sjølv kom han rett frå skitur i Brokke for å vere med i radioen. I sendinga fortalde han og at Valle vert vurdert som unikt når det gjeld isklatring og at det nett no var 20 personer frå Newcastle som budde i kommunen i to veker for å drive med isklatring. -Det er noko vi kunne gjere meir ut av, meinte han. Han gledde seg og over at turistinformasjon no er heilårsopen i kombinasjon med frisørsalogen til Aamli klipperi som opna laurdag. Ørnulf hadde laga reportasje frå det som vart sendt i Aktuell time, og rådmannen gledde seg over at dette tiltaket kom i gang, til beste for situasjonen for dei som ville stelle seg på håret og turistar vinterstid.

Elles var rådmannen nøgd med at administrasjonen i 2012 hadde handsama om lag 250 saker innan bygging og frådeling, 95% av dei innanfor tidsfristane. I 2010 var det om lag 200 slike saker, så ein kunne vone at marknaden er på veg oppover att i Valle.

Til Kilimanjaro

I kveld var eg så heldig at eg fekk med meg Bjørg Åkre til å fortelje om turen ho hadde til Kilimanjaro i starten av 2013. Det vart ein triveleg time i Valle Radio, for Bjørg var mest ikkje komen ned att, sjølv om det snart er ein månad sidan turen var slutt.

Ho slengde seg med då det vart ein ledig plass på ein tur som Ada Sofie Austegard hadde tala om då ho var i Valle i haust. Medan dei andre deltakarane hadde førebudd seg i nærare eitt år, fekk ho bare 14 dagar til å gjere seg klar, det var mest ikkje råd å få ta alle vaksinane ein gong. Ho raska med seg malariatablettar og vona det skulle gå bra. Eg kom ikkje så langt at eg fekk spørje henne om det gjekk bra i høve til sjukdomane.

For det gjekk jo bra i høve til å kome seg til toppen på verdas høgaste frittståande fjell. Dei fjella som er høgare, ligg i fjellkjedar, men Kilimanjaro ligg fritt midt i Afrika, og utsynet då sola gjekk opp og dei stod på toppen var ubeskriveleg, alle slags fargar og ein raudfarge bada toppen. Dei var bare der oppe ein halvtime, fekk ta bileta for å dokumentere at dei hadde vore der. Men lufta var tunn, så dei var glade for å kome nedover att, heile turen den siste dagen tok 18 timar.

Ettersom ho hadde kort tid å førebu seg, hadde ho teke seg ein tur langs Strondelene og opp i Berg med ryggsekk, turen i Afrika var noko heilt anna, så det var ei utfordring å fullføre. Men bærarar og medvandrarar hjelpte kvarandre, og turleiarane var og støttande og såg til at folk klarte seg. Ein av dei 12 deltakarne på turen måtte gje opp før dei kom til topps.

Men Bjørg fullførte og kunne tenkt seg å ta turen om att med det same. Det vart ei oppleving for livet, sjølv om ho felte tårer kvar dag. Ein papirengel som son hennar hadde laga til jol var med i sekken, ho opplevde mest at ein engel var med henne og gav styrke på ferda gjennom regnskog nede og månelandskap på toppen.

Takk for ein triveleg time i radiostudio denne onsdagskvelden, Bjørg!

Sanggudsteneste i Valle kyrkje

I kveld sende eg Bjørgulv T. Berg sitt opptak frå sundagens songgudsteneste i Valle kyrkje. Sokneprest Terje Seilskjær og Valle familiekor var sentrale i gudstenesta, og det var ei oppleving å høyre dei.

Familiekoret song mest mot slutten av gudstenesta, og då var det ei spesiell oppleving å høyre Å store Gud på karensk språk, der koret og kyrkjelyden song omkvedet. Ettersom ein kjenner melodien og den norske teksten, var det ei spesiell oppleving å høyre sangen på deira språk.

Vi syng ein del i klassen. Då syng vi norske sangar, det er god trening i å lese norsk, akkurat som det var for oss då vi lærte engelsk, tysk og fransk og song My bonnie, Lorelei og Chevalier de la table ronde og måtte la tunga krølle seg på uvande måtar.

Elevane på vaksenopplæringa kan veldig mange av dei melodiane som vert brukte i kyrkja verda over, så vi syng av dei felleskristelege sangane, det er god trening i munnleg norsk. Men å høyre dei i familiekoret var ei ekstra oppleving. Eg tenkjer og at det er god integrering for dei å vere med når ein norsk kyrkjelyd samlar seg til bønn og lovsang.

Denne kvelden var jo litt spesiell, ettersom ein og tenkte på prost Bernt Olav Jensen som døydde onsdag. No tek sokneprest Terje Seilskjær over som vikar for prosten til ny prost er tilsett. Dermed vil ein nok få ein ny periode med vikarprestar i Øvre Setesdal. Men Familiekoret, det er ein rikdom for kyrkjelydane.

Program for veke 6, 2013

Tysdag 5. februar
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel. Egil Grindland
18.30 Kristenlivsaktuelt. Knut Svein Dale om «Matteusevangeliset på film»
19.00 Sanggudsteneste frå Valle kyrkje.
20.00 Møteplassen. Egil Grandhagen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer fastetidsmusikk frå renessanse og barokk
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 6. februar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter frå 20.30 Jorunn Helle og Solveig Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen. Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer. Eivind Berg
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending. Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike. Ring inn på 379 37577

*Post kan sendast til post@valleradio.com
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Onsdagskvelden kjem Bjørg Åkre i Valle Radio klokka 20 for å fortelje frå turen ho hadde til toppen av Kilimanjaro. Om ho er einaste valldøl som har gått til topps på Afrikas høgaste fjell, det veit ikkje Harald Haugland i Valle Radio, men han lovar ein interessant samtale om ein spennande tur. Denne kvelden reknar han og med å få ein prat med elevane på Valle skule som neste veke skal vere med i fylkesfinalen i NRKs klassequiz, Gunn Hoftuft, Eirik Unneland og Johan Homme og klassestyraren deira, Arild Aabø. I sendinga onsdagskvelden vert det og ein prat med Odd Harald Robstad om eit vevkurs som Evje og Hornnes Bygdekvinnelag og Studieforbundet for Samfunn og Næring skal starte 13. februar og ein reportasje om Aamli klipperi i Valle som kombinerer frisørsalong med turistinformasjon.

Sjå, Jerusalem

I dag kom eg over ein artikkel av Stig Wernø Holter om salmer som ikkje kom med då Salmeboka frå 1985 vart reviddert. Han hadde telt dei og funne ut at det var 273 salmer som var med i den gamle salmeboka, men som måtte vike plassen for nytt materiale. Det gjekk hardare ut over nynorske salmer enn over bokmålssalmer, og den som det gjekk hardast ut over, var Elias Blix. I den nye salmeboka har han bare 22 salmer, medan han hadde 51 salmer med i den forrige.

Stig Wernø Holter listar opp alle salmene som forsvann, og nokre av dei er salmer som vi som er godt vaksne, lærte på skulen. Andre var salmer vi ikkje lærte på skulen, men som har vore i bruk når folk har vore samla til møte og gudsteneste og som ikkje var gått ut av bruk. Endeleg var det nok og salmer som knapt var blitt brukt og som heilt klart fortente å misse plassen.

Eg kom over ei av Blix-salmene og tenkte å dele den med deg som les bloggen min i dag. Sjå, Jerusalem, sjå din konge kjem var forma ho hadde no, då vi lærte den, var ho litt vanskelegare å skjøne: Seg, Jerusalem, sjå din konung kjem.

Opprinneleg var ho tenkt som ei advent-salme, men mitt minne om henne er nok heller frå påsketida. Biletet er frå palmesundag då Jesus rei inn i Jerusalem. Konge-biletet av Jesus finn ein både i tekstane før jul og før påske, dei går litt over i kvarandre. Difor høvde sikkert salma begge stader i kyrkjeåret.

Eg tenkte eg ville sjå om nokon hadde spelt inn salma, og då fann eg Wolfgang Plagge, som hadde teke den med som første spor på plata Julevariasjonar frå 2005. Då får du ingen sang, men nydeleg spel. Melodien kjenner vi og frå salma Våk, o sjel, og be. Så kan du lese teksten sjølv hos liturgisk ressursbank:
http://liturgi.info/Sj%C3%A5,_Jerusalem,_sj%C3%A5_din_konung_kjem_(LH359)

Ting som ikkje fungerer

I går skreiv eg om webkameraet i Sarvsjuvet som ikkje fungerer og at på heile den nettsida er det bare framsida som fungerer.

I dag vil eg fortelje om bussrutene i Setesdal. Det går buss frå Valle til Kristiansand klokka 07.20 og klokka 16.15. Heim att kjem buss klokka 11.15 og 19.15.

Torsdag skulle tre av elevane mine på mørkekjøringskurs på Evje. Det går om kvelden når det er mørkt, det vil seie at det starta klokka 17 og heldt på til klokka 19.30. Om elevane skulle ta buss, måtte dei reise klokka 7.20, vente heile dagen på Evje før kurset starta klokka 17. Når kurset var ferdig klokka 19.30, måtte dei overnatte til neste dag då bussen går oppover frå Evje på føremiddagen og dei kom til Valle klokka 11.15. For eit kurs på tre timar måtte dei altså bruke halvanna døger.

Løysinga denne gongen vart at eg tok ein tur til Evje med avreise frå Valle klokka 15 og retur til Valle klokka 21. Tre timars kurs og halvannan time i bil kvar veg var noko smidigare.

Slike opplevingar gjer at ein skjønar kor vanskeleg det er å bu i Distrikts-Norge utan bil. Elevane mine har bil, no strevar dei med å få seg førarkort. Etter mi meining er det noko av det viktigaste dei kan skaffe seg om dei skal bli buande i Setesdal, noko dei gjerne vil.

Webkamera

I dagens Setesdølen stod det at Otra Kraft hadde sett opp webkamera i Sarvsjuvet. Eg tenkte at eg kunne gå inn og sjå på det, for då kraftverksdirektør Reidar Mork var med i Valle Radio tidleg i januar, fortalde han levande og interessant om utbygginga, og då kunne det vere moro å sjå kor langt dei var komne no.

Eg fann hovudsida til utbygginga, men same kva eg trykte på, så kom det feilmelding: Idium Portalserver forstår ikke helt hva du forsøker å gjøre. Kanskje har du angitt en ugyldig nettadresse, ugyldige parametre, eller du bruker en gammel nettleser.

No veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere, for eg har brukt den nettadressa som google har funne til meg og eg brukar deira nettlesar, Chroome, som vel er ein av dei nyaste nettlesarane. Heller ikkje Opera finn dette nettkameraet.

Men anlegget har ei fin side på Facebook, der kan ein sjå bilete frå utbygginga: http://www.facebook.com/pages/Otra-Kraft/154663031312832