I salmebok og på CD

I helga skreiv eg på Setesdalswiki om plata Eisemo som gruppa Ugagn lanserte sist veke. Det som inspirerte meg var artikkel om plata i Setesdølen fredag. Spor 1 på plata har tekst av Gunnar T. Rysstad, og eg kom til å lese litt om diktaren, bonden, ordføraren og stortingsmannen. Det er artikkel om han på Wikipedia, og eg tenkte at artikkelen på Setesdalswiki bør vere noko meir enn det som står der. Då kom eg til å tenkje på at eg hadde boka som Olav Bø stod bak på Det norske samlaget i 1967, året han ville fylt 100 år. Boka heiter Hugsjå og inneheld dikt og prosa av mannen som vart fødd på Heimigard Rysstad og som dreiv gard på Straume.

I år 1900 publiserte han i Syn og Segn teksten Fager er jordi, nynorsk omsetjing av jolesalma Deilig er jorden. Den kom med i Nynorsk Salmebok og Inger Lise Stulien song den inn på plata Heim te jol i 2011. Året etter kom Anne Karin Kaasa si tolkning på plata Eg såg deg.

Også andre tekstar av Gunnar T. Rysstad er å høyre på plate. Sigrid B. Berg syng teksten Tore, mora Kirsten Bråten Berg hadde med teksten Vårliv på plata Min kvedarlund og Bjørgulv Straume har med eit par stev på kassetten Luftslaget. I alt har eg til no funne seks innspelingar av tekstar av Gunnar T. Rysstad. Agder Folkemusikkarkiv har fleire innspelingar, mellom anna med Birgit Rike Lund og ei innspeling med Tora Skomedal, som nyleg døydde, av I fjødd og finne. Endeleg har Bjørgulv Straume teke med 15 gamlestev frå Reiår unge på plata Frå ættt til ætt.

Det har vore interessant å lese om ein person som har prega Valle og Setesdal. Her er artikkelen eg skreiv om han: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gunnar_T._Rysstad

Inga tysdagssending i veke 8

Som eg skreiv sist veke, tysdagssendinga i veke 8 går ut. Det er vinterferie, og eg er i Mandal. Her legg eg planar for sendingar framover, i alle fall tenkjer eg på dei. Så får du sjå kva det fører til utover våren.

Denne sundagen har eg nok brukt meir tid på å glede meg over gode resultat i skiskyting enn på å fundere over framtidige program i Valle Radio. Snookerfinalen i Wales og Tore på sporet måtte eg og få med meg, så eg har nok meir vore konsument av media enn produksjonsplanleggar i dag. Vonleg kjem det nye dagar med gode idear utover i veka.

Nye landsmenn i media

Sist veke, trur eg, las eg ei melding i ei avis, eller kanskje høyrde eg det på TV eller radio, nyheter flyg fort forbi og det er ikkje alltid eg noterer meg tid og medium. Det handla om at nye landsmenn var underrepresentert i media. Så googla eg litt og fann ei lenke som bekrefta det, http://www.imdi.no/no/Arsrapporter/aarsrapport2009/Forskerne/Innvandrere-i-norske-medier/Under–og-overrepresentert/ Årsmelding frå IMDI 2009 seier: Personer med innvandrerbakgrunn er underrepresentert i norske medier som nyhetsformidlere, kilder og intervjuobjekter.

Eg måtte tenke litt etter og fann då ut at eg trur det stemmer også i dei media som eg har best kjennskap til, Setesdølen og Valle Radio. Sist veke var det eit oppslag i Setesdølen om Chin-gruppa i Valle som song på Nomeland bedehus, men i Valle Radio har vi knapt hatt med flyktningane i Valle, til tross for at dei er mange og har sterke historier dei kan fortelje. Ein grunn til det er nok språk-barrieren, den første tida i kommunen kan dei lite norsk, og så misser dei nyhetsinteressa.

Indirekte hadde eg med burmesarar i Valle då eg sende opptak frå ei gudsteneste nyleg, for då song Familiekoret, og fleirtalet av medlemene der er burmesarar. Og Ørnulf laga ei sak på opning av frisørsalong og spanske frisørar nyleg. Og vi har hatt saker der dei utanlandske lærarane på Valle vidaregåande skule har vore med og snakka om gullsmedlinja som dei er lærarar på.

No er det vel og slik at utlendingane som har kome til Valle, ikkje utan vidare vil i radio. Etter kvart er det blitt mange å ta av, polske, nederlandske, tyske, svenske og spanske, for å ta europeiske, og folk frå Arfika, Asia og Sør-Amerika har og funne vegen til Valle og Setesdal.

I kveld, laurdag 16. februar 2013, hadde Anne Lindmo eit innslag på TV om ein kurdisk filmskapar som no hadde klar ein spelefilm han hadde laga manus til saman med Kjell Ola Dahl. Eg kom då til å tenke på at det sikkert er stoff i det nye landsmenn kan fortelje til artiklar i både Setesdølen og Jol i Setesdal. Vi får sjå om noko nedfeller seg i desse publikasjonane med tida.

Ønskereprise

Eg har fått spørsmål om det er råd å sende samtalen eg hadde med Bjørg Åkre i reprise. Bjørgulv hadde og fått det spørsmålet, og Bjørg ringte meg og sa at ho hadde fått fleire spørsmål om dette.

Eg sendte spørsmålet over til Jørund Georg, kan hende han kan gå inn i arkivet for 6. februar og finne opptaket, slik at Bjørgulv kan sende det komande onsdag. Av og til burde vi nok sende gode program i reprise, og samtalen med Bjørg var levande og interessant, ho var flink til å fortelje om turen sin.

Vi er ikkje så flinke til å sende repriser som NRK, dei har jo program i reprise heile dagen, eit innslag i Sørlandssendinga om morgonen kan godt kome att i sendinga om ettermiddagen, det skjer vel mest kvar dag, og dei har ein haug med journalistar til å lage program. Hos oss, der alt skjer på dugnad, er det sjeldan eit program vert sendt i reprise. Vi har visst ein programpolitikk som seier at om folk ikkje høyrer når vi har sending, kan dei ha det så godt, det er deira problem at dei går glipp av gode program i Valle Radio.

Så får vi sjå om Jørund Georg klarar å finne programmet med Bjørg, det var frå klokka 20 til 21 den 6. februar og om det kjem på lufta komande onsdag. Om Bjørgulv ikkje får sendt det, kan eg kanskje sende det ein tysdagskveld etter vinterferien.

Sigbjørn Horverak

Tysdagskvelden tok eg ein telefon til Sigbjørn Horverak og spurte om han ville seie litt om Formiddagstreff på Evje bedehus. Det var eit arrangement i går, onsdag, klokka 11.30, og eg hadde sett i Setesdølen at han skulle tale der.

Den gamle rektoren på Bygland skule, tidlegare ordførar i Bygland, er ikkje vanskeleg å be, og han fortalde at dei hadde slike treff ein gong i månaden og at det kom 25 til 30 personar på desse arrangementa. -Det er jo godt for pensjonistar å kome seg ut midt på dagen og sleppe mørke kveldar, sa han. Då eg lurte på om arrangementet kolliderte med middagen for pensjonistar som er vane med å ha den midt på dagen, meinte Sigbjørn Horverak at dei gode smørbrøda og godt lag på bedehuset nok vog opp for ein middag.

Sjølv likte han å vere aktuell når han var rundt som fritidspredikant. Denne dagen tenkte han å dele med folk eit brev han hadde fått frå Mali-misjonærane Halvorsen, som har teneste for Normisjon og som i den spente situasjonen det har vore i landet, har måtta halde seg i Senegal i periodar.

Sigbjørn Horverak har vore fritidsforkynnar det meste av sitt vaksne liv. Det starta då han var nyutdanna lærar på Bjørkelangen og aktiv i ungdomsarbeid der. Han var der i den tida ungdomsskulen vart innført her i landet, og no hadde han fått invitasjon til å kome tilbake dit og vere med å skrive ei bok om dette. Frå Bjørkelangen flytta familien til Greipstad, der engasjerte han seg og i ungdomsarbeid, og oppgåver som fritidspredikant tok ikkje slutt då dei flytta til Bygland. Den første tida i Bygland budde familien i Prestlidi, men så fekk han overta gard på Horverak etter ein onkel som var barnlaus, og sidan hadde dei budd der, fortalde han i samtalen vår.

Då eg spurde om han engasjerte seg ein del på Evje, kunne Sigbjørn Horverak fortelje at han budde dei første åra sine på Evje, han var fødd der. Far hans arbeidde i NSB og i 1944 flytta dei til Sørlandsbanen. Sidan kom far hans tilbake til Evje og var der heilt til jernbanen vart lagd ned. Men framleis tek han turen i Evje kyrkje på konsertar og elles på møte når det høver slik.

Det vart ein hyggeleg og aktuell samtale med ein av dei som er aktive for å halde i gang verksemd på bedehusa i Setesdal.

Vinterferie, veke 8 2013

Komande veke er det vinterferie. Dermed vert det ikkje sending tysdagskvelden, eg reiser til Mandal og held meg der komande veke.

Eg var og sett opp til å ha Opi sending onsdagskvelden. Den har Jorunn Lund Harstad lova å ta for meg, og då er den i dei beste hender.

I vår var eg visst bare sett opp til å ha Opi sending den eine gongen, så dermed vil du ikkje få høyre mi røyst i dei programma denne våren, om det då ikkje skulle høve slik at nokon av dei andre som er sett opp, skulle trenge ein vikar.

Merkevarebygging

I ettertid av finalen i MGP har eg tenkt mykje på det Bykle kommune gjorde då dei sette opp bussar til Oslo og let alle som ville, få vere med i festen. Eg trur det betydde meir for Bykle enn om Fjellfolk hadde kome til Malmö og fått ei plassering midt på treet, for her hadde Bykle kommune noko å samle seg rundt og identifisere seg med.

Til vanleg høyrer ein helst om skiparadiset på Hovden når det er tale om Bykle. Men her fekk kommunen profilert seg på noko heilt anna, på ei musikkgruppe som leverer kvalitet på høgaste nivå i sin sjanger og som ikkje er redde for å seie kor opphavet er, til og med sangen deira handla om det harde livet ein kunne ha i utkantane. Om det ikkje går på livet laust i våre dagar, så luskar framleis ulvar rundt i bygdene.

Også Valle står på for å profilere seg hos folk i regionen. I dag tidleg var kultursjef Torunn Charlotte Lund på Sørlandssendinga for å fortelje at kommunen vurderer om dei skal bygge nytt kulturhus og i alle fall må ein ruste opp dei husa ein har. Valle har ikkje tenkt å gje frå seg merkelappen kulturkommune.

Medan Torunn var på lufta fleire gonger i dag tidleg, sat 10. klasse på buss til Kristiansand for å få omvisning i NRK-huset på Tangen. Der har medarbeidarane i Valle Radio og fått omvisning. Etter ein runde i huset var det klart for finalen i Klasse-quizen, og sanneleg gjekk ikkje Valle-elevane, dei eg hadde med meg i studio onsdagskvelden, til topps i konkurranse med 11 rette svar. Stinta i Arendal klarte 10, så nivået var høgt denne gongen.

Gratulerer, Eirik Unneland, Gunn Hoftuft og Johan Homme!

Program for veke 7, 2013

Tysdag 12. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel. Magne Birkedal
18.30 Kristenlivsaktuelt
18.50 Bedehussang i Grenseland
20.00 Møteplassen. Mot pinsepastor Vidar Godøy
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer musikk av Georg Böhm
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 13. februar

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter frå klokka 20.30: Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Elinor Rysstad.

18.00 Ørnulfs time.
Knut Nomeland som leiar Brokke utvikling kjem i studio og fortel om overtaking av aksjar i Brokke skianlegg.
Me vitjar engelske isklatrarar i Brokke.
Vidar Homme kjem i studio og fortel om satsinga i Oslo.
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad.
19.30 Kommunen informerer ved Rune Ingebretsen.
20.00 Frå Hylestad skule, femte, sjette og sjuande klasse førebur seg til den store bygdekvelden
20.30 Presentasjon av Runar Granheim sin nye demo CD.
21.00 Open sending ved Henri Tore og Rolf. Telefon 379 37 577

Vi sender for heile Setesdal Kvar Veke!
Send info eller helsing til post@valleradio.com
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Vel blåst, Bykle og Fjellfolk

Så er MGP over og det norske bidraget til Eurovision Song Contest er kåra. Det vart ikkje Fjellfolk, men Margaret Berger. Eg vil likevel seie vel blåst, Fjellfolk. De gjorde ein flott innsats, etter min musikksmak burde de vore i Gullfinalen, for ingen av dei låtane som var der, var noko å høyre på.

Det var morosamt å høyre programleiarane sin introduksjon og få på NRK for heile landet om innsatsen Bykle kommune gjorde for å få til ein heiagjeng og for å støtte Fjellfolk, og biletet av dei mange som var samla for å støtte Fjellfolk, gjorde inntrykk. Bunader og plakatar var godt synlege nokre sekund i TV-ruta.

Eg vonar at Ulvetuva får stor spreiing gjennom iTunes og at Fjellfolk dermed får noko att for å ha gjeve Øvre Setesdal noko å samlast om i siste del av januar og første veka av februar 2013. Trym som komponist og tekstforfattar bør få fleire oppdrag og vil nok markere seg meir i tida som kjem.

Eg har tidlegare sagt til Trym at han bør skrive på norsk, responsen etter ei hektisk tid i MGP talar neppe imot det. Eg høyrde eit radioprogram nyleg der dei peika på at fleire og fleire låtskrivarar no nyttar norsk språk. Det kunne ein knapt tru i kveldens finale i MGP, men eg vonar det er tilfelle og gler meg til Trym trur seg til å gjere det, han har hatt gode tekstar når han har våga seg til å skrive på norsk.

He3r finn du artikkelen om Fjellfolk på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Fjellfolk