2800

I dag runda Setesdalswiki 2800 artiklar. Det skjedde med 17. mai-tale i Valle 2012, som eg hadde fått tilsendt av Bjørgulv Sverdrup Lund for ei tid sidan, men først i dag fekk høve til å legge inn. Artikkelen før rundt tal var ein artikkel om rutetider for DB Bjoren i sommar, så det er stor spredning i innhaldet i denne databasen med stoff frå Setesdal.

I utgangspunktet var tanken at Setesdalswiki skulle skrive om folk og næringsliv i Setesdal, men det er blitt mykje meir. No skriv vi om kultur og konfirmantar, dagens hendingar og dødsfall. Til no har eg ikkje skrive artiklar om folk som ikkje er vaksne, med mindre dei har utmerka seg i idrett, som Aron og Elin, som Bjørgulv nemner i talen sin. Men dagleg finn eg stoff i nye eller gamle utgåver av Setesdølen som kan nyttast til å lage artiklar. Også plater og bøker er med, artikkel nr. 2700 var om plata Gorrlaus som Gunnar Stubseid spelte inn i 2008, og i dag har eg skrive om plata Munnharpe, som Sigurd Brokke gjev ut i år på Etnisk Musikklubb.

Sjølv om eg likar å skrive, kjem eg til kort i høve alt det som kan skrivast om på Setesdalswiki, så eg må ta tida til hjelp. Nokre dagar er ein inspirert og har tid, andre dagar går det tregare og andre gjeremål tek tida. Så vert det ikkje så mange artiklar. Men smått om senn veks det, dag for dag.

Eg sjekka kor mange innlegg eg har på bloggen, og sidan starten i oktober 2005 har eg skrive 2886 innlegg, så snart er det fleire innlegg på Setesdalswiki enn på bloggen. Men eg bloggar sjeldan meir enn ein gong kvar dag, så det er heilt naturleg at leksikonet veks fortare og snart har teke att forspranget, for der skriv eg kanskje mellom fem og ti artiklar nokre dagar.

Nederst på framsida ser du dei siste nye artiklane. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Og 17. mai-talen i Valle 2012, den sende vi i Valle Radio. Om du ikkje fekk høyre han på dagen eller i opptak, kan du no lese han på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/17._mai-tale_i_Valle_2012

Konfirmantar 2012

I går var det konfirmasjon i Hylestad, i dag var turen komen til Bykle, og neste laurdag er det konfirmasjon i Valle. I Evje og Hornnes er dei ferdige med alle konfirmasjonane, men også i Bygland er det konfirmasjonstid. To unge vart konfirmerte i Sandnes kyrkje i dag.

I år har eg teke med listene over konfirmantar i Setesdal som artiklar i Setesdalswiki. Du finn dei i kategorien Konfirmantar 2012, sjå
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kategori:Konfirmanter_2012
Nokre av artiklane har og bilete, takka vere Setesdølen, som har tradisjon for å ha slike bilete i avisa, og nokre av dei har eg fått nytte.

I dag var det konfirmasjon i Bykle, men eg hadde ikkje fått på plass lista over konfirmantar i Bykle. Difor sende eg ei melding til Tor Hallvard Mosdøl, kyrkjeverje i Bykle. Det gjekk ikkje lang tid før eg hadde lista og kunne legge ut artikkel. Eg er usikker på om lista har stått i Setesdølen, eg har ikkje sett artikkelen der, men no er ho i alle fall på plass på Setesdalswiki.

Eg snakka med ein person for ei tid tilbake, og ho sa dei listene burde stå tidlegare i avisa, slik at ein kunne planlegge om ein skulle gje gåver til ein konfirmant. Det er ikkje alltid så lett å hugse kor langt i oppveksten ein ungdom er komen, så slike lister hjelper godt, meinte ho. Men ho ville altså ha dei tidlegare.

Eg reknar med at eg bør gå gjennom avisene frå tidlegare år og skrive inn lister over konfirmantar i 2011 og 2010 også, slike personlister er det mange som finn glede i, artiklane om konfirmantar i Evje kyrkje 2+12 er vist over 30 gonger på vel ei veke.

Må Valle få ny varaordførar?

Dette var spørsmålet Kim Pedersen reiste i siste kommunestyremøte i Valle. Det gjekk for open mikrofon, så alle som høyrde på sendinga onsdagskvelden, kunne få det med seg.

Bakgrunnen var at Frode Verpe har fått stilling som leiar for Bykle og Valle sin felles helse-etat, han har svart ja takk til stillinga og skal ta til 1. september.

Spørsmålet var av dei som ikkje var førebudde, så ordførar Tarald Myrum vart teken noko på senga. Kim ville helst ha vald ny varaordførar før sommaren, men seinast i august. Tarald meinte at han og Frode måtte setje seg ned og finlese reglementet og loven før dei kunne svare noko endeleg.

Høgre har no tre representantar i kommunestyret. Om det verste skjer, må kanskje Frode Verpe søkje permisjon frå heile vervet. Dei som er att frå Høgre er då Nina Susanne Johnsen og Knut Hagen. Ein av dei kan då bli varaordførar, om ikkje den som kjem inn i staden for Frode kan ta over. Gudrun Nomeland er første varamedlem og vil då rykke inn som fast medlem. Etter henne kjem
Saavi Nomeland, Torunn Charlotte N. Lund, Svenn Magne Brokke, se Marie Hovet og Kjell Ole Homme. Men regelen er at ein fylgjer lista, så om Frode må ut, kjem Gudrun inn.

Ved ordførarvalet støtta også KrF og Venstre det som vert kalla posisjonen, så om ingen av Høgre sine folk vil gå inn i vervet, kan eventuelt Bjørgulv T. Berg eller Sissel Åkre også verte aktuelle som varaordførar.

Her er lista over medlemmer og varamedlemmer til Valle kommunestyre: http://www.valle.kommune.no/council.aspx?ObjectType=ePhorteCommittee&ePhorteCommittee.ID=2

Setesdølen slo opp saka i fredagsavisa. Der kan du lese kva Ole Birger Lien skreiv om saka. Setesdalswiki har overskriftene, detaljane må du sjå i papiravisa: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8len_nr._43,_2012

Velkommen, juni

Eg vil ønske juni velkommen i kveld, sjølv om temperaturen ikkje er sommarleg, så var det første dagen av sommarmånadane i dag. Vi har lagt bak oss mai kulde gjør bondens lader fulde, med juni kan vi gjerne få noko høgare temperaturar.

Eg kom meg tidleg av garde frå Valle i dag, og turen gjekk greitt nedover, bare ein kort stopp på Evje, og så heilt til Vehus, svinge av til Stokkeland, vidare til Brennåsen, der ein kom inn på E39 utan venting, og då kunne ein kome heim i høveleg tid. Det gjer godt å få ein roleg kveld heime etter ei veke borte, så eg droppa skriving på data i kveld. Setesdalswiki får vente til i morgon, men eg tenkte at om eg skal halde målet om å blogge dagleg, så bør eg ikkje starte juni utan nokre linjer. Så difor fyrte eg opp datamaskinen og skriv desse linjene.

I kveld hadde Jorunn og Kåre Opi sending. Eg gjekk ikkje inn på Internett for å høyre på dei, men tenkjer heller på at i dag var første dagen av tida til Jorunn som pensjonist frå reinhaldarjobben. Framleis vil ho nok vere å sjå på Valle Bygdeheim og andre stader, men reinhald i kommunen overlet ho no til andre. Takk for innsatsen kan eg seie, du har halde reint i klasseroma eg har brukt i fleire år og det har vore hyggeleg å få besøk av deg. Heldigvis vert ein ikkje pensjonist frå dugnadsarbeidet i Valle Radio, der held ein på så lenge ein synest det er gama, både lønn og pensjon vert gjeve i annan valuta enn norske kroner.