Å glede nokon

I dag vart eg sitjande framom TV-apparatet, det var mykje der som kunne glede nokon og einkvar i sportsendingane. I går sa ein reporter at i fjor vann ein norsk ein konkurranse i skiskyting kvar helg, og han lurte på om det kom til å bli like god utteljing i år. Tora Berger berga oss denne helga, og fleire andre med henne.

Så bytta eg kanal og kom inn på kanal 10, som er ein kristen kanal, og der var det ein tale av John Hardang, som er predikant og profil i P7 Kristen Riksradio. Det var eit opptak frå i sommar, då det var Bibelkurs på Sørlandet Folkehøgskole, Birkeland, der både Torleif B. Harstad og kona mi gjekk same året for lenge sidan. Dette Bibelkurset er og ein lang tradisjon, ei heil veke kjem folk saman for å høyre forkynning og glede seg saman.

I denne talen sa John Hardang noko som eg kom til å reflektere over i denne førjulstida: Om ein i 40 år har gledd nokon kvar dag, har ein gledd 14600 gonger. Om ein har klart det, er ikkje godt å seie, men det kunne jo vere eit mål å strekkje seg mot, tenkte eg.

Og så tenkte eg på denne bloggen, som eg veit har ein del lesarar kvar dag. Vonleg gleder du deg av og til når du les det eg skriv, så kan det teljast som eit pluss når eg til no har skriv vel 2750 bloggpostar her. Nå tenkjer eg ikkje så mykje på å slå ein rekord, men med åra har det blitt ein del linjer både her og andre stader. Vonleg har dei vore til glede for lesarane, det har i alle fall vore målet med skriveria mine, anten dei er her, på Setesdalswiki eller andre stader.

Å vere til glede for lyttarane er noko som eg og tenkjer på når eg lagar program i Valle Radio. Det er fantastisk å få høve til å lage program av mange slag frå ei bygd der folk har mange interesser. Dermed kan eg få spegle noko gjennom programma eg lagar, også når dei er laga ut frå det som eg er oppteken av og interesserer meg for, eg er neppe den einaste med interesse for det som går på lufta.

Eg er takksam for respons når det høver slik.

Heder til Pål Dale og Olaf-Henrik Homme

I går gjekk det kommunale jolebordet av stabelen på Sølvgarden. Maten og praten var det ikkje noko å seie på, underhaldninga var av beste merke: Etter praktiske opplysningar av Trygve Rysstad, som presenterete staben sin i same slengen, helsa vår nye rådmann Eivind Berg velkomen og gav ordet til toastmaster Øyvind Jacob, som etter ei kort innleiing oppmoda folk til å synge songen eg la ut her på bloggen igår. Deretter gav han meg ordet til eit lite kåseri, det fekk eg godord for og er naturleg nok takksam for dei.

Men så kom innslaget som toppa kvelden i mine augo: Olaf Henrik Homme fekk Norske Kommuners Sentralforbunds heidersmerke for 24 år i kommunestyret og Pål Dale fekk same utmerkinga for 32 år i kommunestyret, noko han sjølv retta til 36. Ordførar Tarald Myrum stod for tale og overrekking av diplom og medalje til dei to, som sette umåteleg stor pris på hederen. Pål takka på vegne av seg og Olaf Henrik og begge fekk velfortent applaus.

Matøkta var lang og god, og då folk hadde forsynt seg både ein og to og tre gonger, var det tid for Damenes tale, som Tor Brokke heldt og fekk stor fagnad for. Litt seinare kom Marianne Brenna og kvitterte med Herrenes tale, og jubelen var ikkje mindre for hennar underfundige samanlikningar og strålande framføring. Kanskje ikkje så rart når ho kunne opplyse at det var over 70 prosent kvinner i den kommunale arbeidsstokken.

Takk for maten-talen var det Lisbeth Dalquist Homme som heldt, og ho slo eit slag for biblioteket sine kokebøker, sjølv Sølvgardens kokkar kunne nok finne noko interessant der, for ikkje å nemne inspirasjonen bøkene kunne gje andre og mindre kokekyndige.

Matøkta varte eit par gode timar, så gjekk turen i kjellaren der det var musikk og dans i mange former til langt på natt. Sjølv la eg vegen mot Mandal, eg ville heller kome heim seint fredagskvelden enn å bruke føremiddagen laurdag på å køyre nedover. Og sjølv om vegen var kvit til langt nedanfor Evje, var trafikken liten så pass seint, så det gjekk høveleg greitt å kome seg fram.

Gratulerer til Pål og Olaf Henrik!

Heile dalen og jolebord

Radiomessig har denne veka vore ein fiasko. DET BLIR IKKJE SENDING I KVELD HELLER.
Stormen på sundag har blåst ned to antenner og rive av kablar, det let seg ikkje gjere å ordne dette før sendinga i kveld. Beklager dette! var meldinga på Facebooksida for nokre minutt sidan. Men det er ikkje lett å stå seg mot naturkreftene, og arbeidet med sendarane er frivillig arbeid som vert gjort i fritida, så ein får vente til antenna er fiksa før ein kan få program att i Valle Radio.

Eg hadde ikkje tenkt å høyre så mykje på Valle Radio i kveld, for eg skal på jolebord. Det kommunale jolebordet går av stabelen på Sølvgarden i kveld, og eg har skrive sang og har fått i oppgåve å halde eit kåseri før maten vert servert. Det seier seg sjølv at kåseriet vert kort, folk kjem ikkje saman for å høyre på underfundige tankar på eit jolebord. Men eg takkar for tilliten eg er vist og får prøve å gjere mitt beste.

Tidlegare år har eg publisert jolebordsongen min her på bloggen, eg får prøve å gjere det dette året og, det er femte året eg lagar song, og alle åra har det vore: No har vi vaska golvet-melodien som har vore brukt. Eg ville ikkje bryte tradisjonen, så det vart same melodien i år og:

Melodi: Nå har vi vaska golvet

No Berit har rast frå seg, no blæs ho ikkje meir
kommunefolk no samlar seg frå små og store reir
til jolebord på Sølvgarden, det er blitt tradisjon,
når alle her kan møtast, så har det sin misjon.

Eit år har gått og mangt har hendt i denne fredens bygd,
her jobbar framleis nokre, men mange har fått trygd.
Kommunestyret minka har, dei bare femten er,
men sju av dei er kvinner, kom ikkje her og her.

Så har me bytta ordførar, no alt er blitt som før,
No Tarald er vår talsmann og Bjørgulv, han drog sør.
I Arendal han strevar med folk som vil til vest,
mens me held fast på Aust-Agder og samlar oss til fest.

Ein felles nasjonaldag, det var ein gledens dag,
men skulesaka stilna i kvardagsmas og jag.
Dei tomme magasina, dei nok av nedbør fekk,
men sommaren var dårleg då himmelen var lekk.

Vårt Mållag fekk kulturpris for vallemal dott no
og landets beste rasteplass vart Honnevje med do.
Om sauetalet minkar, naturkjøt kan me få
og fritidshus no byggjast og det er godt å sjå.

Kor vegen går for Valle, det er ei godt å spå,
så lat oss heller glede oss med mat, og etterpå
me denne fredagskvelden kan ha det fint og godt
kollega i kommunen: At du er her, er flott!

30. november: Adventsaftan

Medan vi i Norge feirar 1. sundag i advent som starten på adventstida, er det mange andre land som markerer starten på adventstida 1. desember. Denne trenden ser vi her i landet og, ettersom dei fleste adventskalendarane startar i dag, både dei heimelaga og dei kommersielle.

Som lærar for burmesiske flyktningar får ein jo eit innblikk i deira tradisjonar, og i går og i dag har eg fått vite noko om feiring av adventsaftan. Dei samlast ved sekstida om kvelden og har fest med ris og kylling, barna får søtsaker, og så er det bøn og sang og dans ut over kvelden heilt til midnatt. I går kveld samlast alle burmesarane i Valle hos Noe Bow Nya i Leite. Naboar lurte nok på kva som var det store denne onsdagskvelden, dei heldt på heilt til midnatt. Dei minste barna klarte nok ikkje å halde seg vakne så lenge, men då klokka hadde runda 24, tok folk på heimveg.

Dei var jo noko trøytte i dag då, dei pleier ikkje å vere oppe så lenge til vanleg, så vi tok det litt forsiktig på skulen i dag, det er mange måtar å lære seg norsk på, og sang kan vere ein god måte når elevane er glade i sang.

I går delte eg med elevane mine den sangen som vi skal synge på det kommunale jolebordet i morgon. Melodien No har vi vaska golvet har eg jo brukt kvart år på desse songane, og dei vart med på å syngje den, både originalen og min tekst. Dei tok bileta til Alf Prøysen ganske lett, sjølv om dialekten der er mest like unik som vallemålet, det måtte litt forklaring til, men bileta er jo kjende over heile den kristne kulturkrinsen. Ettersom fleire av elevane er reinhaldarar eller vikarar innan reinhald, var det naturleg å lage eit lite vers om å vaske golvet:

Nå har jeg vaska golvet, og nå skal jeg ha fri
for hjeme venter barna, familien er blid.
Jeg liker godt å vaske, og pengene jeg får,
de prøver jeg å spare, men likevel de går.

Så song vi den nokre gonger, og plutseleg kom forståinga, og då kom og latteren. For det er jo ein svært kjent situasjon, ein prøver å spare, men pengane går. Godt å kunne dele ei slik felles oppleving med litt smil i det adventstida startar for fullt. Ikkje minst i denne tida merker ein at pengane går, nokre gonger helst fortare enn ein kan klare å halde tritt med dei.