Gratulerer, Helga Arntzen

I dag var eg på regionrådsmøte på Hovden. Det var interessant og hyggeleg. Eg fekk treffe fleire av dei nyvalde politikarane, Bjørn A. Ropstad var einaste som overlevde valet. Han var leiar av Setesdal Regionråd dei to siste åra, no er det Leiv Rygg som har teke over.

I løpet av møtet fekk eg skrive artiklar om dei IKS-selskapa som vi har i Setesdal. Desse hadde vi ikkje artiklar om frå før:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_Revisjonsdistrikt
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalsmuseet_Eigedom
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_Miljø_og_Gjenvinning
I tillegg var det representantskapsmøte i IKS-selskapa
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalsmuseet
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_Brannvesen

Så fekk eg og skrive artiklar om
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tallak_Hoslemo
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Odd_Håvard_Dahle
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Helga_Arntzen

For Helga var det ein stor dag i dag, ho fekk den høgaste utmerkinga som ein kan få i Tyskland: Tysklands fortjenstorden (Verdienstkreuz am Bande). Denne fekk ho for sitt arbeid i Aktive Fredsreiser og for arbeidet med Landeskogen Peace Center. Regionrådet gav henne jolegåve og denne dagen: 250.000 kroner til å utvikle Landeskogen. Her er pressemeldinga dei sende ut etter at vedtaket var fatta:
Styret i Setesdal regionråd gratulerer Helga Arntzen med tildelinga av Tysklands fortenesteorden (Verdienstkreuz am Bande). Det er ei velfortent ære til eit ekstraordinært menneske med eit brennande engasjement. Vi gler oss med henne og applauderer alt ho får til i Aktive Fredsreiser og på Landeskogen Peace Center.
Styret har i dag godkjent kr 250.000,- til utvikling av Landeskogen Peace Center og som førjolshelsing til Helga!
På vegne av kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle og Setesdal regionråd
Hovden, 14.desember 2011
Leiv Rygg, ordførar og styreleiar

Fra fjell og dype dal

Fra fjord og fjære, fra fjell og dypen dal
et «ære være» i dag gjenlyde skal.
Fra kirketårne i fryds basuners støt
for Guds enbårne som er i dag oss født;
nu er vi kårne, nu er vi frelst av nød.

Denne salma kom eg på då eg skulle prøve å oppsummere kveldens sending i Valle Radio. Det starta med vanleg program, men sangtimen var utsett ein time slik at eg kunne ha ein prat med Reidar Tveito om heftet Dei høgaste fjell og nutar på båe sider av Otra, del 3. Det er eit hefte der han fortel om turar til dei høgaste toppane i Bykle og Valle, og i kveld fekk vi høyre litt om arbeidet med heftet, turane han gjekk og opplevingar undervegs. Det var ein interessant prat med mange omvegar, omtrent som han opplever det når han går i fjellet.

Så gjekk vi over til sangkvelden, og i kveld hadde eg funne fram julesongar av Inger Lise Stulien, Kirsten Bråten Berg, Kim André Rysstad og Torstein Sødal og Ingrid Grøvan, Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga, då gjekk timen ganske fort, sjølv om det slett ikkje var dei gamle julesongane. Dei var der, dei og, men det var nok nyare julesongar, dei fleste av dei. Her er spelelista, henta frå Setesdalswiki:

1.Santa Lucia Levende lys
2.Tenn lys Inger Lise Stulien frå plata Heim te jol
3.Eit jolekort
4.Fager er jordi. Nynorsk tekst av Gunnar T. Rysstad
5.I denne søte juletid. Kirsten Bråten Berg
6.Et lite barn så lystelig
7.Et lite barn så lystelig Kim André Rysstad, Torstein Sødal
8.Høyr kor englar syng i kor Torstein Sødal og Ingrid Grøvan
9.O helga natt Torstein Sødal
10.Det hev ei rosa sprunge. Sissel Kyrkjebø
11.Den store stjerna
12.Upp gläd er alla Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjebø
13.I en steingrå vinter

Det var då den gamle salma kom i hugen min. Norges første julesalme heiter det på Wikipedia om Fra fjord og fjære av M.B. Landstad, utgjeven i 1856 i samband med arbeidet med å gje ut salmebok. For i den spelelista var det både Ære være og fryds basuners klang.

Mindre vart det ikkje då Niklos kom med sitt program til adventstida i Postludium. Om heile kvelden kan du lese her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_13._desember_2011

Program for veke 50, 2011

Eg sende dette programmet til Setesdølen i går. Eg gløymde då å få med at Niklos sitt program er eit adventsprogram, så eg legg det til her. Sangkvelden eg skal ha, vert nok prega av jolesongar, sikkert på både det eine og det andre språket.

13. desember 2011

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Dei høgaste fjell og nutar i Valle og Bykle. Reidar Tveito vert med
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Adventsprogram
21.00 Kyrkjebakken

14. desember 2011

18.00 Kommunestyremøte

Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com
Les på Valle Radios blogg, http://valleradio.blogs.no
Detaljar om programmet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_13._desember_2011
Fylg oss på Facebook http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio

Jolebord

Valle Radio inviterte medarbeidarar til jolebord i dag. Det er ein tradisjon at vi samlast på Valle Motell etter familiejolebordet. Så et vi og kosar oss og snakkar om laust og fast som vi har opplevd i radio og elles. I kveld var vi 14 personar, og det er som det pleier å vere.

Eg starta halv eitt frå Mandal og skulle vere i Valle klokka fire. Ved kysten er det ikkje snø, men i bakkan opp frå Skarpengland såg eg jo at det var snø i kanten og så vart det meir og meir oppover. På Evje var det bensin til 12.20, så eg fylte tanken, ikkje ofte ein ser 12-talet på bensinpumpene no for tida. Så stoppa eg på Byglandsfjord og fekk ein hyggeleg prat med Reidar Tveito, då gjekk det på aktuelle saker om Setesdalswiki. Eg fortalde at eg hadde planar om å skrive ein artikkel om Hovatn Aust vindkraftverk seinare i dag, det har eg no gjort, og Reidar hadde bilete frå dette heieområdet som han la inn i artikkelen. Vi har og fått att kartfunksjonen, så Helge la inn kart i artikkelen. No kan den vere ein grei start for å gjere seg kjent med temaet. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovatn_Aust_vindkraftverk

Og så inviterte eg Reidar til å vere med i programmet tysdagskvelden. Då vil vi ta den samtalen som vi hadde planlagt onsdag for halvanna veke sidan, då sendinga vart avlyst. Då skal vi snakke om Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3, heftet Reidar gav ut i haust om fjellturar i Øvre Setesdal. Det kan vere ei fin jolegåve til turglade folk, for folk som meg, som ikkje er så turglade fungerer heftet og godt, for eg får sjå litt av det eg går glipp av.

Eg måtte vidare, og føret vart ikkje betre, så klokka var mest ti over halv fire då eg stoppa på Besteland for å plukke opp Niklos. Så gjekk det strake vegen til Valle Motell, der dei fleste andre sat og venta på oss. Snart kunne vi forsyne oss av ribbe og pinnekjøt og alt kva ein kan tenke seg av tilbehør, både varmt og kaldt. Magen vert imidlertid mett før augo, men i dag klarte eg å begrense meg noko, heldigvis, sjølv om eg framleis er mett.

Etter kvart kom vi over i prate-fase, og då gjekk praten om arbeidet i Valle Radio. Justeringar, ønske, kommentarar vi hadde fått, litt av kvart kom på bordet og vart delt med dei andre. Ørnulf hadde ei lita orientering og kunne fortelje at det er planen å få bygd eit lagerrom på den verandaen som er utanfor inngangsdøra, slik at eit lager kan bli frigjort til anna bruk. Særleg ved påskesendingane er det noko trongt. Planen er og å få nye møbler og å fikse på studio. Ein av datamaskinane har gått sidan vi starta for 13-14 år sidan, så det er vel planen å erstatte den og. Så vil vi få minst eitt vindu til som kan opnast, og kan hende vil vi og få varmepumpe til bruk når sola steiker og ein treng air condition.

Så ønskte vi kvarandre god jol og takka for eit semester som har vore innhaldsrikt og variert.

Fredsprisvinnarar

Eg vart sitjande og sjå på utdelinga av Nobels fredspris til tre sterke kvinner i dag. Ein kunne ikkje anna enn å la seg fascinere av dei, kvar med sitt uttrykk stod dei fram som sterke og uredde. Den yngste av dei, Tawakel Karman frå Jemen, såg ikkje ut til å vere særleg tynga av stundas alvor, ho heldt den lengste talen og var tydeleg på at kvinner kjemper ein kamp for fridom og fred for både kvinner og menn og barn. Her kan du lese meir om henne:
http://no.wikipedia.org/wiki/Tawakkul_Karman

Heller ikkje Leymah Gbowee er så gamal, ho er fødd i 1972 og altså ikkje 40 år ennå. I 2002 organiserte ho Women of Liberia Mass Action for Peace. Fredsrørsla starta med lokale kvinner som ba og song på fiskemarkedet. Ho organiserte både kristne og muslimske kvinnene i Monrovia i Liberia til å be for fred og å halde ikkjevaldsprotestar. Vi merka godt på talen hennar at Martin Luther King var eit førebilete. Her finn du meir om henne: http://no.wikipedia.org/wiki/Leymah_Gbowee

Den eldste av vinnarane var den som talte først. Ellen Johnson Sirleaf er fødd i 1938 og er altså 73 år, president i Liberia og nettopp vald til president for seks nye år i landet. Ho har tysk blod i årene sine, Ho er Afrikas første, demokratisk valgte, kvinnelege statsoverhovud, økonom av utdanning frå Harvard University og har vore finansminister i landet. Engasjementet hennar var ikkje mindre enn det dei to første gav uttrykk for, gleda hjå alle var smittande og eg sat med tårer i augo og tok del i det. Les meir om henne her: http://no.wikipedia.org/wiki/Ellen_Johnson_Sirleaf

Eg tenkte at verda har endra seg mykje dei siste åra. Sosiale medier er verksame på ein måte som ingen tenkte var mogleg for få år tilbake, og sjølv er eg ein del av dette. Kva gjorde vi før Internett og mobiltelefonar? Eg er så gammal at eg hugsar det. Men Internett og sosiale medier har vore medverkande til at tapre kvinner stod opp mot det som kunne kjennast som ei umogeleg overmakt, modige, ja heltemodige kravde dei sin rett for seg og sine folk. Og vann fram.

Gratulerer til alle saman.

Variert Aktuell time

Sendinga onsdagskvelden starta med ein aktuell time, og eg fekk med meg noko som eg skreiv i artikkel om sendinga på Setesdalswiki, sjå
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_7._desember_2011

Men eg tek det med på bloggen og, så kan dei som ikkje fylgjer setesdalswiki sine artiklar, sjå kva dei går glipp av:

17. mai-bok
Intervju med Bjarne Tveiten om den nye 17. maiboka som tar for seg feiringa i Setesdal og Øvre Telemark. Intervjuar: Ørnulf Hasla. Lanseringa skjer laurdag 17. desember 2011 i Frikyrkja i Valle. Der startar ein klokka 11, og klokka 13 kjem ordførar Tarald Myrum og fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund for å vere med. I tillegg vert mange av forfattarane med der, dei kan signere bøkene.

Utan kjettingar
Om den polske sjåføren på sommardekk i Bykle. 11.000 i bot, betaling for Viking-hjelp frå Åmot, kjøpe kjettingar, få hjelp til å legge dei på, så retur til Kristiansand, og etter 100 meter stoppa han og tok av kjettingane att. Truleg fekk han nye 11.000 i bot.

Om brannvern i adventstid
Torleif Homme: Brannvern i desse førjolstider. Desember er skrekkmånaden når det gjeld brann. Difor er det ein sentral aksjon når det gjeld brannvern. Brannvarslarar bør vere seriekopla, og det er betre med mange varslarar enn for få. Ikkje er dei så kostbare heller. Lysmansjettar er ein stor årsak til brann. Ofte gløymer ein å sløkkje lysa når ein skal legge seg, for det er mange elektriske lys som står på heile tida, og då gløymer ein stearinlysa. Også ved fyrverkeri til nyttår er det viktig å tenke brannvern. Men i haust har det vore stille på denne fronten og det er vi glade for. Ei side på internett kan hjelpe: tryggogsikker.no

Då antenna bles ned
Reidar Trydal: Om kva som må til for at sendingane våre kjem på lufta og kva som var feil sist veke. Begge antennene på omformaren i Bykil fall ned, og ledningen vart også øydelagt. Først på tysdag var veret slik at vi kunne kome over elva, vi hadde bare ein liten gummibåt, og elva fraus mest. Ikkje var det skiføre, ikkje scooterføre, så dei måtte bruke truger, og så måtte dei ha stolpesko for å kome seg opp og få reparere. I tillegg måtte dei få tak i utstyr, og det måtte bestillast. Dermed tok det ein del tid før alt var klart att.

Ein variert kveld, med Ronny Stavsholt til å binde det heile saman. Velgjort!

I eit nytt land

I går henta Astrid Nomeland og Anny Brokke burmesiske kvinner i Valle for å ta dei med på Nomeland bedehus til kvinnemøte. Eg var ikkje der, men eg fekk ei god forteljing frå dei burmesarane som var der, det hadde vore mat, utlodning, sang og andakt og dei hadde hatt det fint. Dei forstod nok ikkje alt, men det gjorde ikkje dei norske heller, for burmesarane song på sitt språk. Men den kristne fellesskapen treng ikkje alltid språk, ein merker han over språkgrensene. Og dei som har vore i Norge så lenge at dei har funne seg til rette i landet vårt og i mørketida, set pris på å møte andre kvinner til kristent fellesskap sjølv om språket ikkje alltid heng med.

Det er no kome tre nye burmesarar til Valle. Eg vil nok tru at det var ikkje den beste tida å kome frå Malaysia til Valle. Dei har vore i høgkommissæren for flyktningar i Malaysia si varetekt og venta på å få ein stad dei kunne bu. Så vart det Valle i desember.

No er situasjonen den at folk som kjem frå andre deler av verda, må ha legesjekk når dei kjem hit. Noko kan gjerast i Valle, men ofte må dei til sjukehuset for å få kontrollar som ikkje kan gjerast av kommunelegen. Det skjedde denne veka, og når ein er ny i landet, er det ikkje like lett å finne ut av korleis ting fungerer. Dei trudde drosjen skulle vente, men den hadde bare fått bestilling på tur til sjukehuset, så den tok med seg andre pasientar heimover før burmesarane var ferdige. Så kom dei ut og fann etter kvart ut at bilen dei hadde kome med, ikkje var å finne, og når ein ikkje kan språket, er det ikkje så lett å finne ut kva ein skal gjere. Med ein del telefonar heim til folk som kan språket deira og hjelp frå fleire hald fekk dei etter kvart bil, men sjåføren var utlending som aldri hadde vore i Valle før, så han ville helst ikkje lenger enn til Rysstad. Men etter kvart kom dei til Valle, der passasjerane i mørket ikkje visste kor dei budde og sjåføren heller ikkje hadde peiling. Etter nye telefonar kom dei til slutt fram til huset til ein annan burmesar og mor og far og ein to månader gammal baby kunne falle til ro etter ein lang dag, frå klokka 7.45 til klokka 21 på tur i eit ukjent land med ukjende folk.

Men eg meiner at no etter kvart er det på tide å få gatenamn og husnummer i Valle. Ovanståande skulle vel seie sitt om det.

Program for onsdag 7. desember 2011

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Torbjørg Hoftuft
18.00-19.00: Aktuell time v/ Ronny Stavsholt
– Intervju med Bjarne Tveiten om den nye 17. maiboka som tar for seg feiringa i Setesdal og Øvre Telemark
– Torleif Homme- brannvern i desse førjolstider
– Reidar Trydal. Vi får høyre litt om kva som må til for at sendingane våre kjem på lufta og kva som var feil sist veke.
19.00-19.30: Tankar frå bibelen v/ Torleif B Harstad
19.30-20.00: Kommunen informerar v / Torunn Charlotte Nyberg Lund, leiar kultur og fritid
20.00-21.00: Ronnys time
Gjester: Torunn Charlotte Nyberg Lund og Torleif K Løyland.
Vi snakker litt om joletradisjoner, jolemat, folkemusikk m.m.
21.00 Opi sending v/ Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad
Fylg Valle Radio på Facebook

Høyr oss på http://www.valleradio.com
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Meir om kvelden på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_7._desember_2011

Sendaren oppe att

Antenna i Trydal vart reparert i dag. Folk vassa i snø og kom seg opp på fjellet i Trydal der sendaren står på vestsida av Otra og fekk fiksa det som måtte ordnast, så i kveld kunne eg hatt sending, men ettersom eg hadde avlyst sendinga med annonse i avisa i går, let eg det vere.

Av den grunn hadde eg høve til å vere innom på Joker ved 17.30-tida, og då trefte eg Knut Olav Uppstad. Han var organist her i Valle då eg kom hit for 20 år sidan. No er han organist i Lørenskog i ei lita stilling, og så er han free-lance organist elles i Oslo-området. Det går lenge mellom kvar gong vi møtest, så eg ba han med opp på Valle Vaksenopplæring, så vi kunne snakke litt, og han hadde tid til det. Praten kom fort inn på Wikipedia og Setesdalswiki, for han hadde prøvd å skrive litt på Wikipedia. Etter at eg hadde synt han litt om Setesdalswiki, gjekk det ikkje lang tid i kveld før han prøvde seg heimefrå. Stor grunn til glede over ein ny skribent på Setesdalswiki.

Tidlegare i dag var eg innom Coop Valle for å høyre om dei hadde ladar til mobiltelefon. Eg har fått ny, og kunne ikkje bruke den gamle, og den som fylgde med telefonen, la eg att i Mandal, så når den nye telefonen no gjekk mot utlading, var gode råd dyre. Men sanneleg hadde dei ikkje det og hos Coop Valle, og medan eg hadde meg ei middagskvil, saug mobiltelefonen min ny kraft.

I føremiddag kom eg over ein adventskalender som ein av dei som skriv på Wikipedia lagar. Då tenkte eg at det kunne vere noko for Setesdalswiki, så eg kopierte konseptet og la ut ei side der målet var å få folk med for å få bilete frå Setesdal. Så la eg ut bilete av årets Jol i Setesdal på 1. desember og oppmoda folk om å vere med. Snart kom ein annan og la inn eit bilete av Hylestadportalane, og deretter kom det eit bilete som Jamie hadde teke av Setesdalssmør. I løpet av kvelden måtte eg difor skrive artiklar om både Hylestadportalane og Setesdalssmør. Så la eg sjølv inn plakaten frå Kong Hanes eftf. sin Beatles-konsert i Valle på 4. desember, og like etterpå fekk eg ein mail frå Helene Horverak, som hadde teke bilete av Byglandsfjorden og Horverak 4. desember. Det vart lagt på 5. desember. Og plutseleg var det fem bilete i denne julekalenderen. Det vert spennande å sjå kva som kjem dei neste dagane. Du kan gå inn og sjå kalenderen her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalswikis_julekalender_2011

I morgon, onsdag, er det sending att i Valle Radio. Ronny har ansvar for den.

Inga sending i morgon heller

Eg droppar sendinga i morgon tysdag 6. desember og sende annonse til Setesdølen om det. I dag tidleg var det ikkje lyd på frekvensane våre, og det veret som har vore i dag, har vel ikkje akkurat gjeve grunnlag for å reparere antenna i Trydal. Så då vert det ein tysdag utan sending også denne veka.

Når ein tenkjer over det, har vi jo likevel hatt stor regularitet i sendingane, det er ikkje så ofte at vi må avlyse. Så får vi håpe at det vert fiksa i løpet av veka om veret vert høveleg og at vi får spelt litt jolemusikk neste veke. Sesongen for slik musikk er kort, og det er mykje å ta av, så vi kunne nok brukt alle fire tysdagssendingane til sangkveldar med jolemusikk. Oslo Gospel Choir og Maria Haukås Mittet har ei plate som heiter Lys imot mørketida, og den kunne vore høveleg å spelt både gamle og nye jolesongar frå. Mellom andre har dei ein som heiter Gjeterfolk i våre lier. Om det vert sending neste tysdag, trur eg nok eg kjem til å spele den og fleire med frå den plata.

Julehøgtida stemmer komponistar og tekstforfattarar til å skrive songar og i vår tid, men dei fleste av desse er det nok ikkje råd å syngje i gang rundt joletreet. Men det minkar vel med juletregang og i våre dagar, så dei gamle songane kan nok gjere si nytte ein generasjon til.

Torsdagskvelden kjem konserten Jul i Sør til Valle kyrkje. Kim André Rysstad, Maria Arredondo og Torstein Sødal skal gje oss mellom anna Et lite barn så lystelig. Eg høyrde den på Spotify og det var ein flott versjon, men sanneleg er ikkje den 20 år gamle innspelinga med Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Eilert Hægeland heller å forakte.