Resolusjonar frå Setesdalstinget 2011

Setesdalstinget vedtok resolusjonar. Dei vart lagde ut på moisund.com, men eg kopierer dei hit og du finn dei nedanfor. Moisund.com skriv at det var fire heradstyre som vedtok resolusjonane, men det var bare teori, eg veit ikkje kor mange frå kommunestyret i kvar kommune som var til stades, men det var nok litt ulikt. Ikkje minst skuffa var eg over Valle kommunestyre, som kanskje bare hadde fem-seks av kommunestyremedlemene til stades. Det lovar ikkje så godt for komande valperiode at mange av dei som satsar på ny periode, og var borte, fleire av dei utan å melde forfall, etter det eg forstod.

Men her er resolusjonane:
Res. 1
Styret i regionrådet formaliserar og kallar inn til nytt Setesdalsting tidleg i neste valperiode.
Res 2
Uavhengig av fylkesstruktur ønskjer ein fullverdige sjukehus på Agder, der Sørlandet sjukehus Arendal har akuttfunksjonar – er utfyllande og likeverdig v.s. Kristiansand.
Res 3
Setesdaltinget utfordrar styresmaktene til å lokalisere minst ei større offentleg verksemd desentralisert til Setesdal innan 2012.
Resolusjonar til Handlingsprogrammet for 2011
Res til pkt 2: om vegar

Rv 9 er det prioriterte vegprosjektet i Setesdal.
Styret blir bedt om å arbeide videre med miljøtunellar på Brokke- Suleskardvegen i Setesdal vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.
Res. til pkt 6 om vidareutvikling av sams og koordinert reiselivssatsing:
Setesdalstinget går inn for eit felles løft for Landeskogen som internasjonal freds- og ungdomsarena.
Setesdal skal løftast fram som rekreasjons- og ”ladestasjon” for både den nasjonale og europeiske ferie-, fritids- og reiselivsmarknaden.
Setesdalstinget legg vekt på at merkenamnet Setesdal nyttast i alle naturlege samanhengar og alltid i lag med destinasjonsnamna.
Res til pkt.8 om arbeidet med næringsutvikling
Setesdalstinget ber styret føreslå korleis ein kan forsterke regionrådet som samlande aktør for plan- og næringsutviklingsarbeidet med førstelineteneste i kommunane.
Res. til pkt 12 om helseprosjekta og samhandlingsreforma.
Setesdalstinget går samla inn for etablering av Lokalmedisinsk senter på Evje og styrking av DPS Byglandsfjord i samarbeid med Sørlandet sjukehus. Dette òg som kompetansebase for desentraliserte helsetenester i kommunane.

Lyrisk på Setesdalstinget

Setesdalstinget vart avslutta med ein flott middag i kveld, og då heldt Byglandsordførar Knut A. Austad ein fin tale som han avslutta med eit dikt. Dikt høyrer med i Setesdal, og Knut, som seinare på festen vart takka for mange år i samarbeid innan regionrådet (han tek ikkje attval), fekk stor applaus for talen sin. Etter maten spurde eg om å få legge diktet hans ut på bloggen, og dermed kunne dele det med dykk som les bloggen. Det fekk eg, og her er diktet:

Fire kommunar i Setesdal,
dei møttest på Hovden til Ting
for å drøfte framtid og felles mal
og å bygge ein einighetsring.

Det kan ‘kje ver lett å finne ut
med Kay og Bjørn og Bjørgulv og Knut
ei felles framtid og same veg
til framtidas Setesdal for deg og meg.

Slik sukka ein gamal og innfødd døl
som meinte han hadde beste løysinga sjøl,
ein som var lei av alt negativt mas:
Det blir tala og skriva for mykje fjas.

Nei, sukka dølen, de lyt liggje ihop,
så blir kommunane fylte med folk.
Nei, sukka dølen, ikkje klag og syt,
brett opp skjortearman, stå opp og skryt.

Ta tak i det gode, lat det vonde gå,
hald fram med å engasjere deg, slik som nå.
Me er enkeltkommunar, fire i tal,
men samla så er me Setesdal

Leverandør av livskvalitet

I dag er eg på Setesdalstinget. Der vart stortingsrepresentantane frå Aust-Agder utfordra til å seie noko om Forventingar og realitetar – kommune- nærings- og distriktspolitikk framover. Tanken var at ein kanskje kunne få eit gullkorn i høve til Setesdal. Det var ikkje så lett for dei å formulere synspunkta sine i ei god form. Men eg noterte meg Svein Harberg si formulering: Setesdal bør arbeide for å bli den største leverandøren av livskvalitet til kommunane rundt eigen region.

Dette opplevde eg som ei formulering ein burde ta vare på. Etter kvart kom han og inn på reiseliv og landbruk og tilgroing som tema som ein kan arbeide med. Aktiv turisme er eit element i den samanhengen.

Saavi Nomeland spurde om vegen mellom Åseral og Bygland og vegen mellom Valle og Sirdal. Freddy de Ruiter og Ingebjørg Godskesen peika på at Setesdal Regionråd må stå for ei aktiv lobbyverksemd. Men alle snakka om at det var Riksveg 9 og E 18 som var prioritert.

I den spørjetimen var det ei rekke spørsmål frå setesdalspolitikarane, og med Styrk Fjærtoft Trondsen som ordstyrar vart det ei munter økt.

Folk og natur

I sommar kjem du nok til å få høyre mest om aktiviteten på Setesdalswiki her på bloggen. Ettersom det ikkje er sending i Valle Radio, må eg jo finne andre ting å skrive om, og Setesdalswiki er jo meir relevant enn kva eg har på brødskiva mi til frokost eller kva eg et til middag. Med tema frå Setesdal går ein ikkje så lett tom. Og eg synest det er viktig å ha ein tekst på bloggen dei fleste dagane i veka. Etter at eg tok til å legge ut lenker til nokre av artiklane på Facebook og Twitter, har besøkstalet teke seg opp ein del. Det gleder meg naturleg nok.

I eit slikt regionalt leksikon vil det jo kome artiklar om folk og natur i regionen. I dag hadde Setesdølen to sider om Jon Bjones, byklaren som vart ordboksredaktør. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Jon_Bjones Der var det nok informasjon til at eg kunne skrive ein liten artikkel om han. Då eg leita på nettet etter bilete, fann eg eit lite på heimesida til Bø Rotaryklubb, der han har vore president frå juli i fjor og no skal levere kjedet vidare til ein annan i klubben. Det fekk meg til å mimre, for då eg var rektor på Hadsel Folkehøyskole på Stokmarknes, var eg aktivt med i Hadsel Rotaryklubb og var president i klubben eit år for lenge sidan.

Av dei andre nye artiklane i dag vil eg nemne artikkelen om Kaldsåni, som er ei elv sør for Hartevatnet der dei no planlegg eit småkraftverk. Eg fann informasjon nok i ein annonse i dagens Setesdølen til at eg kunne starte artikkelen, og etter kvart fann eg og litt informasjon på Internett.

Når ein lagar artiklar på ei slik wiki, er det viktig å få hyperteksten til å fungere. Hypertekst er lenker til andre artiklar, og på Setesdalswiki er dei blå når det er andre artiklar og raude når det ikkje er artiklar. Hypertekst er nok det som har gjort Wikipedia så populært, for med det kan ein lett gå frå artikkel til artikkel, utan å skrive inn nye søkeord. Artikkelen om Kaldsåni fekk blå lenke til Bykle, Hartevatnet, Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde og Setesdølen nr. 44, 2011. Men om du slår opp på artikkelen, ser du at det er røde lenker på fleire andre oppslagsord, der er ikkje artikkelen skriven enno. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kalds%C3%A5ni Slik er det på nesten alle artiklar, dei lagar nye røde lenker. Så ein kan halde på lenge før hyperteksten er blå. No har Setesdalswiki 1341 artiklar og sikkert tre gonger så mange røde artiklar som ventar på å verte skrivne. Du som les dette er velkomen til å vere med og lage leksikon for ein flott region.

Programheltar og doldisar

Dei siste dagane har eg arbeidd med å gjere alle lenkene blå på artikkelen om Setesdalstinget 2011 på Setesdalswiki. Du finn artikkelen her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalstinget_2011

No er alle lenkene blå, men det var ein stor jobb å finne informasjon om nokre av dei som stod på programmet. Difor kalla eg kveldens blogg for programheltar og doldisar. Etter å ha skrive artikkelen om Jan-Inge Tungesvik, som er direktør for KS Region Agder, sende eg ein mail til han i ettermiddag for å høyre om det ikkje var råd å få litt meir informasjon om han. Han svara ganske fort at han diverre var forhindra frå å vere med på Setesdalstinget 2011 og at Wenche Tangene skulle halde innlegget han etter planen skulle hatt.

No i kveld er det klart at heller ikkje Per Bendixen kjem, dei to skulle vore saman om første økta torsdag morgon, der tema var Helsenytt, og dei skulle hatt eit innlegg om Økonomiske avtalar mellom kommunane og Sjukehuset. No er det ikkje så stort problem, Wenche klarar nok fint å halde det innlegget. Ho er Setesdal Regionråd sin prosjektkoordinator på dei mange helseprosjekta som etter kvart har vakse fram i samarbeid mellom kommunane.

Men mitt utgangspunkt for å skrive om dei på Setesdalswiki var at det er godt for deltakarar på ein konferanse å ha høve til å verte litt kjent med dei som held foredrag. På Setesdalskonferansen 2011 gjorde eg det same, og erfaringa derifrå støtta meg i at det er godt å ha ein wiki der ein kan lage lenker av programelement. Med hypertekst kan ein late lesaren få lese litt grundigare om dei som held foredrag og kva dei har gjort før dei går på talarstolen på ein slik konferanse. Men å finne slik informasjon er svært vanskeleg. Dei to som denne gongen vart programheltar er ikkje dei einaste doldisane i Aust-Agder. Fylkesrådmann Arild Eielsen er det heller ikkje lett å finne noko som helst om på Internett, verken kor lenge han har vore fylkesrådmann eller kva han gjorde før han fekk den jobben. I artikkelen om han har eg lista opp nokre styreleiarverv han har, dei fleste av dei er i selskap som Aust-Agder fylkeskommune eig. Noko måtte eg jo skrive i artikkelen om han.

Eg er for at vi får eit samfunn som er opnare og der fleire får vite om folk som held foredrag på konferansar og folk som er med i styre og råd. Difor jobbar eg med Setesdalswiki, til beste for regionen og folka som bur her.

Setesdalstinget 2011

Dei siste dagane har eg vore oppteken av dette arrangementet som skal gå føre seg på Hovdestøylen komande veke. Du finn artikkelen her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalstinget_2011

Målet mitt har vore å lage alle dei røde lenkene blå før konferansen startar. Dermed kan folk som skal på konferansen få vite litt meir om dei som skal halde foredrag. Eg gjorde det same til Setesdalskonferansen, som var på Refsnes Hotell tidleg i mai, det er ein måte å gje tyngde til arrangementet på. Setesdals Regionråd, som står bak konferansen, er jo og utgangspunktet for Setesdalswiki.

Etter kvart som eg skriv, lærer eg meir om arrangementet, og dei folka som kjem. Målgruppa for konferansen er kommunestyremedlemmene i Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes. I prinsippet får dei innkalling, det er som eit vanleg kommunestyremøte. Men dei som skal slutte i politikken, er kanskje ikkje like interesserte i å delta på ein konferanse som går over to dagar, i alle fall ikkje om dei har ein annan viktig jobb som dei må få fri frå for å reise til Hovden.

No har eg bare att to røde lenker, så er heile artikkelen blå. Vonleg klarar eg å finne stoff om dei to siste i morgon eller tysdag.

Setesdal Regionråd gjer etter mi meining ein stor jobb for å binde saman Setesdalskommunane. Alle kommunane strevar med forholdsvis like problem, og regionrådet jobbar for at dei skal finne løysingar saman, ikkje på tvers av kvarandre. Det er betre med fire kommunar som samarbeider enn at dei vert slegne saman og all administrasjon flytt til Evjemoen.

Fredag 3. juni 2011 – Siste sending før ferien

Det var Ronny Stavsholt som var ansvarleg for sendinga, medan Kåre Rike og Inga Flateland var teknikarar. Telefonvakter var Torbjørg Hoftuft og Gudrun Nomeland. Ronny hadde sett opp dette programmet:

kl 18.00 Aktuell time
– Valle jakt og fiskelag m/ Knut Erik Paulsen
– Kunstnaren Hans Georg Kohler og Leonhard Jansen kjem i studio.

kl 19.30 Tankar frå Bibelen m/ Bjørgulv T. Berg
kl 19.30 Setesdal Regionråd informerer m/ Signe Sollien Haugå
kl 20.00 Ronnys time med mykje sommarmusikk.
– Henri Tore Viki kjem i studio og fortel om fotballskulen som skal arrangerast i juli.

kl 21.00 Opi sending m/Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Eg hadde diverre ikkje høve til å høyre programmet, men tek det likevel med på bloggen for skuld arkivet.

Rådyr frokost

Då vi åt frokost i dag, såg vi eit rådyr på Fidja. Det gjekk så adstadig og beita at vi lurte på om det skulle ha kje. Ofte pleier rådyrkje å trykk i enga når ein slår graset, så det kunne høve. Etter kvart tok det seg over bekken, drakk litt, nippa til gras og plutseleg stoppa det. Då vi skulle sjå, var kjeet der og fekk melk. Det hadde lege stille og venta i buskaset på Fidja, det er mange år sidan det vart slått der, så buskas er nok eit betre ord enn gras.

Dermed var overskrifta til bloggen i kveld, eg kunne ikkje dy meg for å lage ordspelet. Geita hadde bare eitt kje i år såg det ut til, og det fylgde henne tilbake over bekken og etterkvart forsvant dei inn i skogen. Seinare såg vi dei lenger oppe på jordet.

Eit slikt syn gjer at vi heller smiler litt over solbærtreet som gjekk ad undas i vinter etter at rådyret hadde vore og gnagd borken av det. Eller blomane som får duge som mat av og til. Rådyret sin frokost kan vere så mykje. Men målet er å overleve og å gje liv til eit nytt kje, eller helst to. Eitt såg det ut til å vere i år. Og då kan det gå ut over hagane både hjå oss og naboane når vinteren er på det strengaste.

Vår frokost var av det enklare slaget i dag. Vi droppa egget, men kaffi er jo godt når ein sit slik saman på morgonen før dagens ulike gjeremål tek til. Så var det litt kjøtpålegg og litt brunost, plent som ein vanleg dag da. Men med rådyropplevinga vart ein vanleg frokost noko ekstra. Ein telefon til barnebarn og nokre ord med dei er heller ikkje å blåse av Kristi Himmelfartsdag. “Tenk om hele vide verden hadde det så godt!”

Sommardag og Setesdalswiki

1. juni er starten på sommaren, i alle fall etter kalenderen. Etter gradestokken kan ein nok diskutere det, for 13 grader er ikkje så mykje å kalle sommar. No heiter det at Mai kulde gjør bondens lader fulde, men når det no er juni, kunne den stive nordavinden godt gje seg.

Men dagen er ein merkedag for meg, same kva temperaturen måtte vere. I dag henta eg ein bærbar datamaskin på Databutikken på Evje, plent ny. Tanken er at eg skal kunne bruke den når eg er ute og skal skrive på Setesdalswiki. Til no har eg stort sett skrive på stasjonære maskinar når eg har vore heime eller på jobb, men no vil eg kunne skrive når nokon inviterer meg på besøk og vil fortelje om bedrifta si eller andre aktuelle emne.

Eg har vel etter kvart skjøna at mange synest det er vanskeleg å skrive på Setesdalswiki. Difor har eg sagt at eg kan kome på besøk og skrive om eg får ein invitasjon. Sjølvsagt må det passe inn i det eg elles held på med, men eg vil ha høve til å svinge innom av og til når eg er på tur opp eller ned i Setesdal.

Det beste for å få sving på dette regionale leksikonet ville vore at fleire vart med på skrivinga. Då ville veksten kome fortare og dermed interessen for prosjektet auke. Særleg kunne det vore fint å få fleire til å skrive i datoartiklane om aktivitetar som skjer. Om dette kom i gang, kunne vi kanskje dekke det som har vore prøvd å få til, ei nettside der ein kan finne ut om aktuelle hendingar i Setesdal. Dei forsøk som har vore gjort med å få til noko slikt før, har stort sett stranda fordi folk må sende informasjon til ein person som legg det ut på ei nettside. På Setesdalswiki kan alle skrive inn sine arrangement på aktuell dato. Dei kan og sjølv oppdatere informasjonen om det skjer endringar.

Siste månaden har det kome over hundre nye artiklar på nettstaden, så Setesdalswiki veks. Om vi klarar å halde dette nivået framover, vil nok vere avhengig av at fleire vert med på å skrive.