Lofoten og Vesterålen

Når eg skriv dette, syng Halfdan Sivertsen Kjærlighetsvisa på NRK2, Hurtigruten går gjennom Raftsundet og Lødingen sykkelklubb syklar om kapp med MS Nordnorge. Det er lyst i Vesterålen no, ogfullt av folk er ute for å sjå skipet kome opp gjennom denne smale passasjen mellom Hinnøya og Aust-Vågøy. Vi har vore i Nordland i heile dag, og det har vore mykje folk på kaien både i Stamsund og i Svolvær. No er vi spente på korleis det kjem til å bli på Stokmarknes, dei seier at korpset alt hadde stilt seg opp på kaien ein time før forventa ankomst.

Det har vore ei plage å sjå småbåtar som går like foran baugen på båten, om dei får motorstopp, kan ikkje det store skipet stoppe så lett, og med så mange båtar rundt omkring, er det ikkje lett å svinge unna heller. Kaka tok han som stod på vannski nesten naken rundt båten utanfor Digermulen. Men kapteinen kunne ikkje ha det så lett i Trollfjorden heller, det var ein heil armada med småbåtar som ville fylgje med inn i fjorden.

I Svolvær var Linda Eide, så det kjem kanskje norske attraksjonar på TV til hausten, ho var der i grilldressen sin, men blei ikkje med vidare. Då ho laga programmet frå Valle, hadde eg eit lite intervju med henne i Valle Radio.

Neste stopp er Stokmarknes, eg lurer på om eg kjem til å sjå kjente fjes der. Det er nesen litt utruleg å sjå at brua over Raftsundet er full av folk klokka eitt om natta av folk som vil vinke til skipet. På vestsida av brua ligg Hanøy kapell, der har eg spelt til gudsteneste fleire gonger. Og så kjem skipet ut av Raftsundet og går opp over Hadselfjorden. Der ligg KV Harstad og blæs vatn og helsar velkomen til Vesterålen. Det same gjer midnattsola.

Då vi var på Vestfjorden, stod regnbogen mot eit fjell i aust, kommentarane på Twitter var at lyssettinga kunne ikkje vore betre om den hadde vore planlagt. Med strålande midnattsol vert turen ei stor oppleving for dei ombord, og ikkje særleg mindre for oss her heilt i sør som ikkje klarar å finne lugaren og køya, anten ein skal på jobb i morgon eller har starta ferien og kan sove lenge ut over dagen. Korleis skal ein kunne det med ferda gjennom Troms i heile morgondagen.

Meditasjonsfjernsyn

Eg har blitt sitjande framom TV det meste av kvelden og store deler av dagen. Meditasjonsfjernsyn kalla Berit Rekve programmet Hurtigruten minutt for minutt som går på NRK 2 desse dagane, og er opplever det på same måten. Eg har reist norskekysten frå Stavanger til Kirkenes, og her får eg gjenoppleve både kysten og havnene. I kveld var det Hurtigrutens Dag i Rørvik og 2000 på kaia i den lille kystbyen der det bur 2700. 130 båtar med kanskje tusen menneske i båtane og; eit yrande liv. Så starta Helgelandsferda.

Ein himmel i dei finaste fargar, midnattsol og nesten blankt hav. Så lokkar dei med Torghatten, ekstra runde ut for å sjå holet i fjellet denne fine sommarkvelden. Ikkje rart om folk ikkje klarar å rive seg laus. Og på ferda inn til Brønnøysund er det igjen ei rekke båtar ute for å fylgje Hurtigruta inn mot hamna.

Då vi budde på Stokmarknes, var Hurtigruta viktig for oss. Sørgåande gjekk rundt klokka fire om ettermiddagen og møtte nordgåande i Svolvær, så vi kunne ta gjester med på tur gjennom Raftsundet, anten på nordtur eller sørtur eller begge deler. Og vi nytta båten når vi skulle til Bodø eller heim att, fly gjekk fortare, men Hurtigruta var ei oppleving.

Eg les på kommentarfeeden at det er mange som set pris på programmet på NRK2, nokre lurer på kva som gjer at dei gløymer å sjå på program dei hadde tenkt å sjå på. Thor Bjarne Bore twitra med eit Bjørnson-sitat: Som Bjørnson ville sagt det: Kjør langsomt, thi vi kommer tidsnok frem. Og sjølv om dei er forsinka til Brønnøysund, så langt eg kunne sjå på eit bilete frå eit kamera med telelinse var det mykje folk ute og venta på båten, sjølv om klokka er eitt før båten er inne. Det stod fullt av folk på brua utanfor byen.

At folk vil få lyst til å reise på cruise med Hurtigruten etter dette programmet, det trur eg nok. Reklame for det vakre landet vårt er det etter mi meining. Så kan ein minnast opplevingar og reiser ein sjølv har hatt.

David Phelps i Vennesla

Eg har hatt David Phelps med i Valle Radio når eg har hatt Sangkveld-program. Difor tenkte eg at eg skulle ta turen til Vennesla då han hadde konsert der i kveld. Det var Øystein Berg som fortalde meg om det, han held meg oppdatert på Gaither Music sine aktivitetar. Konserten var i samarbeid med Voice of Joy, eit gospelkor frå Haugalandet, og det var eit veldig trykk då dei starta konserten. Eg likte nok best den meir stille søndagsskolesangen Jesus er kongen min, den var detlenge sidan eg hadde høyrt.

Denne fredagskvelden kom eg heim til Mandal klokka 17.30, så var det i grunnen bare å få i meg litt mat, og klokka seks gjekk turen tilbake til Vennesla. Det er ikkje så ofte Reidun og eg dreg ut att på ein fredagskveld, men denne konserten ville vi få med oss. Litt før klokka sju svinga vi inn til Filadelfia, der var det mange folk som dirigerte trafikken, så det var lett å parkere. Øystein var alt komen, han var saman med Toralf Berg frå Evje. Vi fann oss plassar noko langt bak i salen, medan Øystein ville prøve korleis det var å sitje på galleriet.

Det er rart med musikk, vi likar nok best det vi kjenner frå før, så publikum klappa mykje då det kom nokre av dei songane denne tenoren er mest kjent for å synge. Han tok mellom anna Nessun dorma, ei arie som Pavarotti hadde på repertoaret, og då klappa folk mykje både før og etter.

Sjølv opplevde eg nok It’s well with my soul som den sangen eg likte best. Den har eg hatt i Valle Radio mange gonger, helst med Odd Dubland sin norske versjon Det er vel med min sjel. Koret hadde ein svensk som var nydeleg, men når ein ikkje noterer eller ikkje har program, er det litt vanskeleg å hugse, så den klarar eg ikkje å ta att.

Apropos det å ikkje ha program. David Phelps sitt band hadde ein stor evne til å henge med i dei sangane han ville ha, det verka lite fastlagt på førehand, men kom meir etter kva respons han fekk frå publikum, og den var jo god. Eg trur dei fleste gjerne ville ha fått meir av han då han runda av klokka 21.30. Trampeklapp førte til at han tok eit ekstranummer, men truleg hadde dei det travelt, for då me hadde snakka litt med Øystein og Toralf, som var dei einaste kjentfolka, så vidt vi kunne finne ut, var alt bussen koret skulle bruke for å kome til neste konsert, køyrt fram og folka var i full gang med å laste inn bagasje.

Ein triveleg og ei fin oppleving. Her er lenke til You Tube med David Phelps:

http://www.youtube.com/watch?v=9FgG2gagXoc Nessun Dorma, her med innleiing som og syner eksempel på den trivelege introduksjonen til songane, slik han og gjorde det i Vennesla.

Ulike reiser

I kveld skriv eg med suset frå Hurtigruta i øyrene. Du trur vel at eg er på tur, men eg sit i Valle som eg pleier. Grunnen til suset er at på NRK2 sender dei programmet Hurtigruta minutt for minutt, verdas lengste TV-program. Det starta i kveld, og skal gå i 5,5 døgn. Det er ei oppleving å sjå det, og etter det eg ser på twitter og Facebook, er eg ikkje aleine om å sjå på det heller. Alt no, bare få timer etter at dei starta, har dei passert store cruiseskip og små kyst-tankbåtar, og naturen er fascinerande.

I dag fekk eg overraskande besøk av bror min og kona. Dei var på veg frå Ålgård til Oslo og tok indre vegen, ettersom Suleskarvegen er open no. Det var veldig hyggeleg at dei stoppa her ein time, og vi fekk ein god prat. Dei var på biltur, og tenkte at det var godt å strekke på føtene i Valle. På Hurtigruta kan ein strekke føtene kva tid ein vil, så det er jo to ulike reiser og heilt ulike opplevingar.

Å køyre over heia til Sirdal er jo ei oppleving i seg sjølv. Eg møtte Gunlaug Tveiten på biblioteket i dag, ho hadde vore med på turen som Fagforeninga hadde for dei tilsette i pleie og omsorg til Flor og Fjære i går. Ho sa akkurat det, å køyre over heia er ei oppleving. Å kome til parkanlegget i Ryfylke er ei heilt anna oppleving, det blømer i kvar krik og krok.

Eg nytta forresten høvet til å skrive om Gunlaug på Setesdalswiki. Det vart ein innhaldsrik liten tekst, du kan lese den her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gunlaug_Tveiten Ho er hjelpepleiar og aktivitør. Det høvde forresten slik at eg og skreiv om ein annan hjelpepleiar og aktivitør i dag, Anne Helle Hagen. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Anne_Helle_Hagen Utanom jobben spelar ho religiøse folketonar på hardingfele, og Tone Å. Rysstad syng, så dei reiser til aldersheimar og kyrkjer og framfører musikk.

Ulike reiser, ulike opplevingar. Den som reiser, har noko å fortelje, vert det sagt. Å høyre folk som har vore på reise, fortelje i Valle Radio, gjev ofte interessante radioprogram. Kanskje du skal ut på ei reise i sommar og har noko å fortelje om i Valle Radio til hausten. Tenk på det og gje meg eit ord om du har lyst til å fortelje om ei reise du har gjort.

Musikk og IKT, Facebook og meir til

I dag høvde det slik at vi på Setesdalswiki fekk skrive artikkelen om Jørund Georg Jore, Valle Radio sin tekniske sjef og fagansvarleg IKT i Valle kommune. Enn så lenge…., i september går han over i Setesdal IKT som skal drifte IKT for alle kommunane i Setesdal.

Det var interessant å skrive den artikkelen, for då fekk eg litt meir kjøt på dei beina eg visste var der. Eg visste at Jørund er ut over det vanlege interessert i musikk, men hadde ikkje klart for meg at han hadde spelt i band over heile Agder i ungdommen, i bandet Sharrox og at han der var saman med Mona Ida Håvorstad Frøysnes, Vidar Frøysnes, Sveinung Roland og Andres Birkeland. I det heile er det ein rikt utrusta teknisk sjef i Valle Radio, og eg er glad for å ha fått på plass artikkelen om han.
http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=J%C3%B8rund_Georg_Jore&redirect=no

Dagen i dag starta med nokre ordforklaringar, substantivet «finne» tyder villmark, og substantivet «viti» tyder varde eller vete. Eg skreiv om dei orda på Setesdalswiki etter at det hadde kome spørsmål om dei på Facebook.

Facebook er eit godt medium for å halde kontakt. Eg har gratulert folk som eg elles ikkje hadde visst hadde fødselsdag, fordi eg plutseleg oppdaga at det stod der. Ei av venene eg har på Facebook, er Mei-Lin Chung. Ho går og på Valle Vaksenopplæring og lærer seg norsk. Ho tek mange bilete og deler dei med venene sine på Facebook, både her i landet og på Taiwan, der ho kom frå. Ho tok eit bilete av Bygland kyrkje, og det fekk eg legge inn i artikkelen om kyrkja. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bygland_kyrkje

I dag laga eg ein artikkel om henne på Setesdalswiki, den kan du lese her: http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Mei-Lin_Chung&redirect=no Og biletet av henne, det tok Reidar Tveit, som ho er gift med. I dag inviterte ein annan av elevane våre oss til å kome heim til dei i Leite og ha formiddagsmat. Det vart ei kulinarisk oppleving, og Mei-Lin var med oss, så no ligg det ei rekke bilete på Facebooksida hennar frå ei triveleg stund på toppen i Leite. Ta turen innom henne og sjå på dei fine bileta. Og i morgon kjem det nok meir, for vi er i avslutningsveka på skulen, og folk tek bilete både tidleg og seint.

Gamlestev og nystev

Å skrive om stev på Setesdalswiki hjelper meg til å lære noko nytt. No har eg skrive om gamlestevet Der æ so vent å vesteheio som er laga av Jon Bjørgulvson Rysstad, oldefar til Kim André Rysstad, som han skreiv på Facebook i dag. I løpet av dagen har det fått ei rekke kommentarar på Facebook etter at Øyvind Jacob siterte stevet der. Då gav han meg eit godt høve til å syne til artikkelen på Setesdalswiki, takk skal du ha for det, Øyvind.

Det meste i stevet, som har tre vers, er lett å forstå, men fivel, det trong ei forklaring. Difor la eg lenke til ordet, og skreiv ein artikkel om det og. Det er det same som myrull.

Det fine med hypertekst, som Setesdalswiki jo er, er at ein kan lage lenker til nye ord og omgrep. Her la eg til og med inn eit bilete av myrull. Frå lenka nedanfor kan du finne det
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Der_%C3%A6_so_vent_%C3%A5_vesteheio

Utgangspunktet for dette er ein kassett eg lånte på biblioteket i Valle. Det er rart å tenke på at då vi starta med Valle Radio, nytta vi kassettar ganske mykje. No kan vi knapt spele dei, om vi finn ein kassettspelar. Tidene forandrar seg.

Det andre stevet eg skreiv om i dag, er nystevet I fjødd å finne av Gunnar Tarjeisson Rysstad (1867-1928). Det er bare eitt vers, men innhaldsrikt likevel. I artiklane skriv eg ikkje diktanalyse, eit leksikon ser meir på korleis det er blitt brukt. Dette stevet er det mange som har lært seg, i Agder Folkemusikkarkiv er det ei lang liste med utøvarar som har framført stevet, men så langt har eg bare funne Bjørgulv Straume som har det på kassett eller plate som har vore til sals. Det kan vel fort endre seg når eg leitar litt.

I den artikkelen var det og turvande med ei ordforklaring, ordet finne er ikkje så vanleg i bruk lenger. Så då blei det endå ein artikkel. Alt finn du om du går på denne lenka: http://www.setesdalswiki.no/wiki/I_fj%C3%B8dd_%C3%A5_finne

Der æ so vent å vesteheio

Eg haddde lånt ein kassett på Valle FOlkebibliotek. Den heiter Luftslaget, og Bjørgulv Straume gav han ut i 1990. Der kved han Der æ so vent å vesteheio, stevet som mang kjenner seg att i når ein kjører Suleskarvegen.

Der æ så vent å vesteheio
so om midtsummårstiii.
Myran æ kvite av fivelblome
å lauvet lyser i lii.

Der æ angjen bå søt å rein
å gjeve de goe kveike.
Om du æ alli så vengjelause
du mest i luftin kan leike

Graset glitra i sol å dogg
mæ snodig siptande lite.
Rjupa skarra å gaukjen gol
så vent frå ein gåmåle viti.

For å få same opplevinga som Jon Bjørgulvson Rysstad (1877-1966) skildrar, må ein nok ut av bilane, det er mogleg, men parkering er jo noko vanskeleg, så det er ei eksklusiv oppleving.

Medan eg skreiv artikkelen, tenkte eg at eg skulle finne ut om andre hadde det med på plateutgjevingar, og då dukka Kim André Rysstad opp, han har det med. Dermed sette eg opp ei lenke til han, men eg hadde ikkje nokon artikkel om han på Setesdalswiki. Heldigvis hadde eg skrive om han for nokre år sidan på Wikipedia, så det var ikkje så vanskeleg å få til artikkelen om han og plata hans, Tak hardt uti hand.

Stevet henta eg frå Stevbasen til Agder Folkemusikkarkiv. Om du vil vite meir, kan du gå til http://www.setesdalswiki.no/wiki/Der_%C3%A6_so_vent_%C3%A5_vesteheio Der finn du lenker til det eg har skrive om. Og så kan du hugse å gratulere Kim André Rysstad med dagen komande veke. Alle likar å få ei helsing. Margunn har bursdag i dag, og Facebooksida hennar er etter kvart blitt ganske lang med helsingar. Då me snakka med henne i dag, syntest ho at det var hyggeleg at så mange hugsa henne med nokre ord.

Slagord

Visste du at om lag halvparten av kommunane her i landet har slagord. I Valle har slagordet vore «Gjestfri for nye tankar» ei stund no, og det var og mottoet for Setesdalstinget 2011. Ånund K. Homme la ut ei lenke frå Nationen på Facebook, og den brukte eg til å lage ei side på Setesdalswiki som eg kalla Setesdals slagord. Gå gjerne inn på den sida og les det som står der: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdals_slagord

Øvst i dalen, så har Bykle slagordet: «Bykle ser langt» og Evje og Hornnes har slagordet «Hjertet i Agder». Bygland hadde ikkje kome med i oversynet i Nationen, men dei har jo hatt «Bygland best å bu i» som slagord no ei stund. Sjølv om prosjektet vart lagt ned, trur eg dei brukar slagordet framleis.

Eit slagord eller eit motto kan vere med å fokusere arbeidet. Difor kan det vere lurt å bruke eit slikt motto. Sirdal seier «Meir enn ryper», det har eg sans for.

Kanskje burde og kulturorganisasjonar lage sine motto. Kyrkjelyden Elim Evje har laga eit motto som står fremst på heimesida deira Et inkluderende åndelig fellesskap for mennesker i alle aldre. Eg skreiv om dei i dag, 1. pinsedag, det måtte vel vere høveleg å skrive om ein pinsemenighet denne dagen, tenkte eg. Om Den norske kyrkja sine kyrkjelydar har motto, er eg i grunnen ikkje sikker på. På heimesidene til Valle og Hylestad kyrkjelyd er det i alle fall lite slikt å finne: http://www.kirken.no/?event=showSokn&pSoknId=s05050401

Men kanskje kjem dei etter med eit slagord i kyrkja og.

Ayla

Endeleg kom siste bok i serien om Ayla og livet i steinalderen. Den første kom på 1980-talet, den sjette og siste kom no i 2011. Eg har i grunnen gledd meg til boka, eg likte fortellinga om denne kvinna sitt strabasiøse liv. De hellige hulers land er tittelen, og eg bestilte den på Valle folkebibliotek då eg såg den kom, eg var den første på lista, men let ein annan lånar få den før meg, då eg var noko oppteken og godt kunne vente litt når eg først hadde venta så lenge.

Men no er eg i gang med dei 807 sidene, og sjølv om det er lenge sidan forrige bok, greip ho meg med det same og drog meg inn i forteljinga. Ayla, som har lært seg mykje naturmedisin og difor vert rekna som svært klok i samfunnet ho bur i, skal få ytterlegare opplæring. Denne prosessen fører henne til grotter med mange teikningar laga av folk før henne, langt inne i fjellet. Ikkje ville eg gått inn i slike holer, men dei levde jo meir i pakt med naturen og nytta naturen på ein annan måte den gongen, så det er kanskje ikkje så utenkeleg.

Uansett så er boka fengslande og vanskeleg å legge frå seg. Så ein del av pinsehelga og komande veke vil nok verte brukt på å kome gjennom den, det står visst fleire på ventelista, og dei bør og få høve til å lese den før vinteren kjem. Eg skulle til å seie før sola snur, men det skal nok litt til at så mange klarar å få lest noko i den før sola snur, det er jo bare eit par veker til.

Godt med respons

Eg snakka med Britta Lise i dag og me kom inn på emnet «Å få respons». Når ein held på med noko så triveleg som Valle Radio, er det av og til slik at ein tenkjer at alle andre skulle vere like opptekne av det som ein sjølv, og når ein kjem på jobb eller treffer folk dagen etter ei sending, skulle det drysse inn med kommentarar. Slik er det ikkje, og av og til tenkjer ein at ein nesten kunne gje opp, det er ikkje nokon som høyrer på likevel.

I slike situasjonar har me sagt til oss sjølve at det er heilt vanleg å ikkje få respons. Sjølv om det er hyggeleg å få det, må vi nok for det meste leve med at det mest bare er den som lagar programmet, som er særdeles oppteken av det. Andre går til og frå, og om dei set seg ned for å høyre, skal det likevel mykje til at dei snakkar om det dagen etter. Så er det desto gildare når det skjer og ein får respons.

Facebook har blitt eit populært medium. Eg trur at noko av grunnen til det er at ein kan trykke «liker» på eit innlegg. Då får den som har skrive noko, rask tilbakemelding, utan at ein treng å formulere tekst sjølv. Eg opplevde jo dette veldig godt då eg la ut nokre lenker på Facebook frå Setesdalstinget. Eg fekk nokre kommentarar på lenka til filmen om Riksveg 9: «Gul stripe til Hovden», og nokre som trykte «liker». Responsen gledde meg, naturleg nok.

Det er ikkje alltid så mykje som skal til, og mange aviser har og begynt med ein eller annan type «liker»-knapp i tilknytning til artiklar på Internett. Det er jo ein svært enkel måte å gje respons på, men den verkar.

Framleis er det nok mange som kan verte betre til å bruke ein slik «liker»-knapp, anten det er på Facebook, der det er knapp, eller andre stader, der ein kanskje må ty til andre måtar å gje respons på. Å få respons er godt både for profesjonelle og amatørar. Eg vil gje Valle Radio sin styreleiar honnør for å vere flink til dette og minne meg sjølv på at eg kan bli flinkare. Det er godt med respons.