Onsdagssending 11. mai 2011

Eg henta programmet frå Facebooksida, Britta Lise hadde lagt det inn der:

Ansvarleg Bjørgulv T. Berg
Tekniker Kåre Rike
Tlf.vakt Anna Rysstad

18.00 Aktuell time
– Vaksenopplæring m/ Harald Haugland
– Lene Dyrkorn, ny rektor ved Setesdal folkehøgskule – motorsportskulen
– Setesdalskonferansen m/ Signe Sollien Haugå

19.00 Tankar frå Bibelen m/ Håvard Viki

19.30 Kommunen informerer m/ Wenche Gundersen

20.00 Bjørgulvs time med gjester
– Leif Sigurd Helle, kosthald og trim
– Torunn og Bjørnar Mørenskog reiser ut i Sjømannsmisjonen.

21.00 Opi sending m/ Henri Tore Viki og Rolf-Erik Homme

Høyr på sendinga: http://159.171.56.26:8000/live.m3u NB: Du høyrer ikkje noko her før sendinga er i gong.

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/

Meir informasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio

Fylg Valle Radio på Facebook

Sjølv fekk eg vere med på telefon i den aktuelle timen og fortelje litt om Valle Vaksenopplæring. Eg burde jo sagt at det ligg ein artikkel om Valle Vaksenopplæring på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Vaksenoppl%C3%A6ring

Bjørgulv lurte på kor mange elevar vi hadde, og i år er det 23 namn på blokka. Dei fleste er flyktningar, men det er og nokre andre innvandrarar. Målet med opplæringa er at dei skal klare Norsk Språktest 2 og/eller 3, då kan dei kome seg vidare på skule eller få jobb. Hittil har dei fleste som har fått jobb i Valle, fått praktiske jobbar som ikkje krev fagutdanning. For å få fagutdanning må ein ofte reise bort, det er jo ikkje tilod om vidaregåande opplæring i anna enn gullsmedfaget i Valle. Mange elevar trivst så godt i Valle at dei ikkje vil reise ut for å få seg meir skulegang, men nokre gjer det.

I år skal Norsk Språktest vere 30. og 31. mai, så no er det innspurten. Ikkje alle klarar testen fyrste gongen dei prøver, då har dei høve til å gå vidare hos oss og så prøve seg på testen fleire gonger til dei klarar den. Testen er og grunnlaget for å få statsborgarskap i landet etter å ha budd her i sju år.

Dei andre elementa i kveldens program fekk eg ikkje med meg, for eg var på reise og fekk ikkje inn radioen analogt, og internettet var eg ikkje innom før langt uti programmet, og då var det for å nytte internett til anna enn å høyre på radio. Difor vert heller ikkje sida på Setesdalswiki så fyldig som ho kunne vore, om ikkje nokon annan skriv der.

Variert kveld med stor spreiing

Kvelden i kveld vart ein variert kveld med stor spreiing. Eg starta med Øyslebø sangsøstre, som tok opp hyrdemotivet frå siste sundag i songen Min hyrde er Jesus. Deretter hadde Jakob Trodahl andakt i serien Over ein open Bibel.

Eg skreiv i går at eg ikkje visste kva Siri hadde sett saman til sangkvelden. Det vart ein variert time:
Sigmund Groven: Bruremarsj frå Seljord
Lalla Carlsen: Norge i rødt, hvitt og blått
Erik Bye: Flyktningminne
Gardemusikken: Norsk dans nr. 1 av Alfred Evensen
Knutsen og Ludvigsen: Kom mai du skjønne milde
Kor X frå Grimstad: Bruremarsj
Johannes Joner: Berg og dalbane-vise
Gardemusikken: Fredrikstenmarsj av Oscar Borg
Erik Bye: Vandringsvise

Her var det noko for alle å tralle med i eller å lytte til. Etter Flyktningeminne følte eg det slik at Erik Bye laga ein minne for dei kvinnene som stod bak og passa på når mennen var ute i farlege oppdrag.

Elles likte eg godt Berg- og dalbanevisa og var glad at eg ikkje var med i ein slik farkost.

Eg hadde funne nokre artiklar på Setesdalswiki som eg hadde som tema mellom halv åtte og åtte. Her var Niklos med den første delen, og han hadde mykje å fortelje om Straumsfjødd som eg ikkje hadde fått med i artikkelen. Dermed vart det ein rikdom å dele i den artikkelen.

Eg fortalde og soga om Tor Hoslemo og plata han er med på: Dalstroka innafor. Slåtten Mosdølen er aldri før spelt inn på plate, og eg spelte slåtten i radioen, slik at folk kunne høyre han.

Niklos hadde norsk musikk på sitt program i kveld.
Gregoriansk song frå den gamle Olsokmessa i Nidarosdomen:
Nidaros Domkor: Predicasti Jesu care dirigent Ludvig Nielsen
Nidaros Domkor: Rex Olavus Gloriosi dirigent Ludvig Nielsen

Magne Elvestrand: Fuge over B-A-C-H i frygisk toneart av Ludvig Mathias Lindemann spelt på orgelet i Margaretakyrkan i Oslo

Andrew Canning: Toccata over ein melodi av Michael Haydn (Din rikssak) av Arild Sandvold spelt på hovudorgelet i Uppsala Domkyrka

Det skotske nasjonalorkesteret: Rjupo pao Folgafodne av Geirr Tveitt dirigert av Bjarte Engeset

Bergen Domkantori: Reiar unge av Johan Kvandal, dirigent Magnar Mangersnes

Eg likte nok best Andrew Canning si framføring av Toccata over ein melodi av Michael Haydn (Din rikssak) av Arild Sandvold på hovudorgelet i Uppsala Domkyrka. Eg fekk ikkje høyre hovudorgelet då eg var der, men den fyldige klangen var til å nyte lenge.

Ny veke, nytt program

Tirsdag 10. mai

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld med Siri Johannessen
19.30 Setesdalswiki veks
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Norsk musikk.
21.00 Kyrkjebakken

Eg veit ikkje kva Siri vil finne av songar i morgon, men Niklos skal ha eit program med norsk musikk i nærare tusen år, frå Olavssekvensar til Johan Kvandal. Sjølv har eg tenkt å ha med noko om Setesdalswiki i kvart program framover, det skjer noko der heile tida, og då er det spennande å omforme noko av stoffet til radioprogram.

Det kan tenkjast at noko av programmet her kjem Niklos eller Siri til å vere med på, eg har tenkt å fortelje om artikkelen om Straumsfjødd, då er nok Niklos naturleg å spørje. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Straumsfj%C3%B8dd Eit anna tema som eg nok vil snakke med han om, er slåtten Mosdølen. Så langt eg kan finne, er Tor Hoslemo den einaste som har spelt inn den på plate. Det er ein liten artikkel om denne slåtten på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Mosd%C3%B8len

Siri har eit engasjement for Setesdalswiki, så det er ikkje unaturleg at ho og kjem med litt i kveldens program om Setesdalswiki. Ho deltok på Setesdalskonferansen, og der har Setesdalswiki ein del stoff.

Velkommen til å setje på radioen klokka 18 tysdag 10. mai 2011.

Sant, godt eller nyttig

Kjell Ingolf Ropstad har ei god fortelling på bloggen sin i dag, Sjå
http://www.kjellingolf.no/2011/05/til-ettertanke.html

Han fortel om ein person som kom til Sokrates og ville fortelje ei historie, men at Sokrates ikkje ville høyre før historia hadde bestått ein trippeltest, målt mot orda i overskrifta.

Eg trur at ein del historier nok kunne tene på å verte målt mot denne testen. Mykje slarv kan unngåst om ein gjer det.

I dag har eg lese ein god del av det som handlar om Byglandsfjord Sag i boka til Reidar Tveito: 50 år på sagbruk. 750 bilder fra et arbeidsliv som kom i 2010. Den er dokumentert med bilete, og er både god og nyttig. Ein kan ikkje anna enn å verte imponert over kva Per Birkeland og Knut P. Sandnes fekk bygd opp på Vassendøya sør for Byglandsfjord. Eg kom til å snakke ein del med Per Birkeland på Setesdalskonferansen, og det han fortalde stemmer med det Reidar skriv om. Foreløpig er det ikkje blitt nokon artikkel om dette på Setesdalswiki, men Reidar lasta opp eit bilete av saga i dag, så det er ikkje usannsynleg at det kjem noko med tida.

Då eg las Kjell Ingolf sin blogg, tenkte eg at slik vil eg gjerne at det eg skriv og skal vere, anten det er her på bloggen eller på Setesdalswiki. Det same er i grunnen mi vurdering av det eg gjer i programma eg lagar for Valle Radio. Sokrates sin trippeltest er ein god test å bryne seg på. Takk til Kjell Ingolf som skreiv om den.

Filmar frå Setesdalskonferansen 2011

Eg skreiv i går at eg skulle legge ut lenke til filmen Gul midtstripe til Hovden når eg fann lenka. Men etter å ha rota litt rundt utan å finne den, spurde eg Styrk Fjærtoft Trondsen, som var konferansier på Setesdalskonferansen 2011, ved å sende ein epost. Det gjekk ikkje så lang tid før eg fekk svar, og då fekk eg vite at det ikkje var han som hadde laga den filmen. Han skriv: Filmen om den gule midtstripa er laga av Per Tomas Govertsen i Govertsen film, og eg har ikkje kjennskap til om han har lagt filmen ut på nettet.

Men den filmen var ikkje den einaste vi fekk sjå på konferansen. Styrk Fjærtoft Trondsen, som driv Kringkastinga AS, hadde laga fire filmar til konferansen, en om Fjellgarden Hovden, ein om Hasla og ein om Autoservice Evje. Den siste var om Landeskogen Peace Center.

http://www.youtube.com/watch?feature=player_profilepage&v=ZMkWhrRrCXk Om Hasla

http://www.youtube.com/watch?feature=player_profilepage&v=mVma8QYnt-I Om Landeskogen

http://www.youtube.com/watch?feature=player_profilepage&v=V0mMQ0t_vhg Om Autoservice Evje

http://www.youtube.com/watch?v=9RC7Rc2CFsQ&feature=related Om Fjellgarden Hovden

Alle filmane fortel folk om korleis det er eller har vore å starte noko nytt. Marton og Anna fortel om eigarar som finansierer det som trengst for å kome i gang, medan Helga Arntzen på Landeskogen fortel om den frustrerande mangelen på pengar når ein skal rehabilitere eit DIGERT bygg. Grete Fossen fortel om utviklinga frå dei starta i stoga heime på Helle til den store verksemda Hasla er i dag og Knut Birkeland fortel om utviklinga frå eiga einmannsbedrift til merkeverkstad for KIA og salg av nye bilar. Filmane syner oppstart av nye bedrifter utan at det var noko stort tema i det heile på konferansen. Slik sett gav den input til mange tankar deltakarane måtte ha ut frå kvar sin ståstad.

Gul midtstripe til Hovden

Ved avslutninga av Setesdalskonferansen 2011 synte Styrk Fjærtoft Trondesen ein nylaga film om riksveg 9: Gul midtstripe til Hovden. Sentral i filmen var Kjell Ingolf Robstad, som var til stades på konferansen og som i filmen kasta ein boks med gul spraymaling frå Stortinget til Bykle, der Kay Jeiskelid tok imot og heldt fram med arbeidet. Slik synte filmen samanhengen mellom lokalt og sentralt samspel for å realisere draumen.

I filmen var det lange køar av personbilar som rulla på ein nedsliten veg med kantar som hadde gjeve etter for tunge køyretøy. Men det var bare eitt tungt køyretøy å sjå. Etterpå kom Per Birkeland på Byglandsfjord Sag til meg og kommenterte filmen:

-Filmen burde synt situasjonar der ein tungt lasta tømmerbil møtte ein turistbuss eller ein annan tømmerbil

-Ja, sa eg, eller Nomeland Anlegg si digre tralle med ein av dei store maskinane hans på.

-Ja, sa Per, det hadde synt noko av problema næringslivet i Setesdal har på grunn av den smale vegen. Og slike situsjonar kan ein sjå dagleg.

-Eg trur eg vil skrive om det på bloggen min, sa eg.

Som sagt, så gjort. Du som les bloggen min skjøner vel at konferansen eg skreiv om i går no er ferdig. Eg er komen heim til Mandal via Riksveg 9 og E39, der det i dag tidleg var ein frontkollisjon mellom ein tysk personbil og ein norsk varebil, fire alvorleg skadde. Så eg skjøner at kravet om delte kjørebanar kjem opp att. Men eg skjøner ikkje at tidsramma for å få til noko slikt er 2023 eller seinare.

Riksveg 9 er på god veg til å verte fin på mange plassar. Når no Tveit – Langeid-parsellen etter kvart vert ferdig og Sandnes – Harstadberg i Valle så kjem i arbeid og vert fullført, vil det vel helst vere to parsellar i Bygland kommune som vert flaskehalsar. Under konferansen var dette og eit tema for folk i uformelle samtalar, der ein og tenkte på kravet som Bygland har fremma om ny bru på Ose. Då vart det sagt at om ein la heile riksvegen på austsida av fjorden frå Ose og til Storstraumen, så kunne den byggjast utan å sjenere noverande trafikk, og så kunne ein sleppe heile diskusjonen om kor vegen skal gå på Frøysnes og Skomedal.

Så langt eg kunne høyre, var det eit stort engasjement for å få gul midtstripe til Hovden på konferansen. På Setesdalswiki kan du sjå bilete av Ose bru frå 1952. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Ose_bru Det vart og sagt at filmen skulle leggjast ut på nettet, men så langt har eg ikkje funne den. Når eg finn han, skal eg leggje lenke til filmen her, så du kan sjå den, du og.

Setesdalskonferansen 2011

I kveld skriv eg bloggen frå Setesdalskonferansen 2011. Eg oppdaterte nettopp artikkelen om konferansen med informasjon om kven som vann Setesdalsprisen 2011, som vart delt ut av stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad. Vinnaren i år var Hanna og Bjørn Erling Auestad – Bykle Hotell. Det var stor glede i salen over at dette ekteparet fekk prisen, dei har gjort ein stor jobb med Bykle Hotell og har etter kvart også fått tre hotell på Hovden å drive. Dei står på og skapar noko. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.7622316

Konferansen, som er på Revsnes Hotell, har samla næringslivsfolk og andre frå heile Setesdal. I dag har det vore foredrag om tidsbruk, det er jo eit emne alle kan ha godt å verte minna om kor viktig det er. For meg var nok foredraget til Leiv Gautestad det mest interessante. Trenaren for ØIF Arendal var dyktig i å fortelje om kva som skal til for å skape eit team. Han krydra foredraget med opplevingar frå handballverda, han har jo mange landskampar og 20 år som trenar bak seg.

Starten av konferansen var ein presentasjon av bedrifter i Setesdal, og det var mange som ein sjeldan høyrer om, som her fekk presentere seg. Sjølv sa eg litt om Setesdalswiki, som no har 1200 artiklar, men som har over 4000 røde lenker, noko som tyder på at det er nok å skrive om. I løpet av konferansen har eg og knytta kontaktar som nok vil resultere i artiklar etter kvart som tida går. Ein av dei eg prata ein del med, var Helga Arntzen, som skal halde 17. mai-tale på Rysstad i år. De som skal feire 17. mai i Valle vil møte ei engasjert dame som til tross for at ho har passert 70 år, brenn for å få bygd eit fredssenter på Landeskogen. Ho fortel at ho har budd mange stader i Norge, men aldri blitt så godt motteken som då ho kom til Bygland. Til 17. mai vil ho kome i Setesdalsbunad, ny for det store høvet ho opplever det er å få tale i Valle kommune denne dagen.

I morgon skal vi få høyre om ei bedrift som vart overkøyrd av medietoget, og etterpå skal representantar for media diskutere medias makt. I tillegg skal fire bedrifter presenterast med film. Så det vert ein interessant dag i morgon og.

Onsdag utan Valle Radio

Det var skjedd ein feil i oppsettet for våren, så det vart ikkje sending i dag. Øyvind hadde skrive inn 6. mai i sin kalender, det var det som stod på planen, men Valle Radio har ikkje sending fyrste fredag i mai, vi hadde jo sending fyrste fredag i april. Og han kunne ikkje snu på flekken og flytte programmet han hadde planlagt til onsdag, så då måtte det bare gå ut.

På Facebook-sida til Valle Radio var det ein som kommenterte at ein bare kunne spørje Ronny, så kunne han snakke om bilar og fisking i timevis. Eg møtte Ronny i dag, han køyrde post i dag, og han sa at han var oppteken, så sjølv om han likte å snakke om både bilar og fisking, kunne han ikkje stille i dag.

I ettermiddag var det loppemarknad for Erla 4H i Frikyrkja i Valle. Dei har tapetsert sentrum med plakatar dei siste dagane, så ingen skulle vere i tvil om kva som skulle skje. Sjølv gjekk eg ikkje bort, eg har nok lopper og tør ikkje kome heim om eg har vore på loppemarknad. I staden vart eg sitjande ved hagebordet utanfor Valle Handel og prate med folk som hadde vore på Dagsenteret på Valle Bygdeheim. Det vart ein hyggeleg halvtime i sola. Hege Brokke, Tone Bjørgum og Kari Uppstad eldest, men dei gleder seg over vår og er glad at den strenge vinteren er over. Så får det våge seg om det er kuldegrader nokre morgonar.

I dag vart det kneipbrød til middag. I morgon skal eg på Setesdalskonferansen og nyte mat frå grytene på Revsnes Hotell, så eg kunne ta det litt enkelt i dag. I staden sette eg meg til å fullføre dei siste artiklane mot 1200 på Setesdalswiki, og ut på kvelden kom eg i mål. Så no er eg klar for Setesdalskonferansen 2011 i morgon. Målet mitt var at det skulle vere 1200 artiklar der før 5. mai, og det er det no. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Musikk-tysdag

Det vart ein del musikk i sendinga i kveld. Eg hadde kunngjort Country Gospel Timen, men cd-plata hadde eg gløymt å få med meg, så den timen får vente til neste veke. I staden spelte eg Elvis og Gaither Vocal Band. Her er spelelista, rett frå Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_3._mai_2011#18.30_Sangkveld

Crying in the Chapel med Jailhouse Rock og med Elvis
Frå plata How GreatThou Art, Elvis si andre gospelplate
How Great Thou Art
In the Garden
Somebody Bigger Than You Are
Farther Along
Stand By Me
Without Him
So High
Where Could I Go But To The Lord
Frå plata The Best of The Gaither Vocal Band
He Touched Me
When We All Get Together With The Lord
The Love of God
Mary Did You Know
I believe in a hill called Mount Calvary
There is a river

Då eg hadde spelt dette, var klokka blitt halv åtte. I programmet 19.30 Setesdalswiki mot 1200 artiklar vart desse artiklane omtalte: Bygland folkebibliotek, Tor Hoslemo, Årdalshallen, Ånebjør, Fisstøylvatnet. Eg nemnde og at eg prøver å få med alle dei politiske listene, men at SP-lista i Valle ikkje har kome med.

Så vart det meir sang då Ingve Gilje snakka med Gunvor Krogen Stokka frå Sandnes. Ho hadde gitt ut plate og vi fekk høyre nokre songar.

Til slutt kom Niklos K. Besteland i studio med musikk av Telemann:

1. Fantasi i D-dur (Allegro – Dolce _Allegro) spelt av domorganist Wolfgang Baumgratz, som Niklos høyrde spele i Stavanger for 25 år sidan, på Bach-orgelet i St. Petri katedralen i Bremen

2. Kantate til siste sundag før faste: Seele, lerne dich erkennen (TWV 1:1502) (Aria – Resitativ – Arie) med Bergen Barokk (Mona Julsrud, sopran, Frode Thorsen, blokkfløyte, Markku Luolajan-Mikkola, cello, Hans Knut Sveen, orgel og cembalo

3. Herr Jesu Christ, dich zu uns wend. Koralpreludium. Utøvar som nr. 1

4. Vater unser in Himmelreich. Koralpreludium. Utøvar som nr. 1

Vakker musikk av ein som levde samstundes som Johann Sebastian Bach, men heilt anna karakter.

Tysdag 3. mai 2011

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 County Gospel Timen
19.30 Setesdalswiki mot 1200 artiklar
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Kyrkjemusikk av Telemann
21.00 Kyrkjebakken

Når Niklos i kveld lagar eit Telemann-program, er det grunn til å gle seg. For Telemann, som levde frå 1681 til 1767, og altså var noko eldre enn Johann Sebastian Bach (1685-1750), var den mest kjende komponisten i samtida. Han er og den mest produktive av alle. Fødd i Magdeburg, død i Hamburg. Nynorsk wikipedia har ein stor artikkel om han, sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Georg_Philipp_Telemann Frå den siterer eg ingressen, resten kan du lese sjølv før du høyrer programmet i morgon kveld:

Telemann er truleg den mest produktive komponisten i europeisk musikkhistorie, i det minste ut frå det som er bevart etter han. Johann Sebastian Bach og Antonio Vivaldi var samtidige med Telemann, og han var ein livslang venn av Georg Friedrich Händel. Bach vert idag rekna som den største komponisten, men i deira levetid var Telemann den mest kjente.
Telemann lærte stort sett musikk gjennom sjølvstudium. Dei første suksessane som komponist fekk han medan han var jusstudent ved universitetet i Leipzig. Her grunnla han amatørorkester og leia operaoppføringar, og vart til slutt musikkdirektør ved universitetskyrkja. Etter korte tilsettingar ved hoffa i Sorau og Eisenach vart Telemann musikkdirektør for byen Frankfurt am Main i 1712. Han var samstundes kapellmeister ved to kyrkjer og publiserte musikken sin på eige forlag. Frå 1721 var han tilsett som Cantor Johannei og Director Musices i Hamburg, nokre av dei mest prestisjefylte musikkpostane i Tyskland, og litt seinare overtok han leiinga for operaen i byen. Han stod framleis i tett kontakt med utanlandske hoff, og organiserte regelmessig offentlege konserter for det øvre sosiale laget i byen. Internasjonalt ry fekk Telemann etter eit åtte månaders opphald i Paris i 1737-38.

Verklista til Telemann er særs omfangsrik og omfattar alle dei vanlegaste av musikkformene på tida. Eit utprega trekk ved musikken hans er songbare melodiar og oppfinnsam bruk av klangfargar, og – særskild i seinare verk – uvanlege harmoniske effektar. Instrumentalverka til Telemann er ofte prega av fransk og italiensk påverknad, mellom anna òg med innslag av polsk folkemusikk.

Etterkvart som dei kulturhistoriske ideala endra seg utover på 1800-talet møtte musikken til Telemann hard kritikk. Først på andre halvdel av 1900-talet byrja ein på ei systematisk utforsking av den samla produksjonen hans, og arbeidet er framleis ikkje avslutta fordi det store omfanget gjer det vanskeleg å få oversikt.