Syklar til Cuba – og ei bestemor

Ein kan la seg imponere av Jan Olsen og hans Syklar til Cuba-prosjekt. Han har fått med seg heile Setesdal på eit prosjekt som ein ikkje skulle tru var mogleg å gjennomføre. Men år etter år står han på for å prøve å gjere livet litt lettare for nokre av dei aller fattigaste på solskinnsøya i det karibiske havet.

Gjennom åra har også fleire setesdølar vore på besøk og sett at det nyttar, ytt litt av det ein har sjølv til nokre av dei ein har fått kontakt med gjennom Jan sitt arbeid. Ei av dei som gjorde dette var Barbara Iris Frimanslund. Tysdag vert ho gravlagd frå Evje kyrkje, ho døydde sist veke, knapt 90 år gamal. Då ho var 88, reiste ho til Cuba for med eigne augo å sjå Sykler til Cuba-prosjektet til Jan Olsen. Han skreiv om det i Setesdølen 8. desember 2009, illustrert med fine bilete av ei sprek dame som møtte nokre av dei cubanske mottakarane av gåver frå Norge.

Jan Olsen skriv:

“Ei norsk turbobestemor, litt krum i ryggen, men med eit fantastisk glimt i auga, styrte rullatoren sin med sikker hand inn på Jose Marti internasjonale flyplass i Havana for å dra heimatt til Evje. Ho hadde gjeve seg sjølv ei oppleving ho aldri vil gløyme. Og utpå den cubanske landsbygda sit det att to familiar og klyp seg litt i armen. På vel ei vekes tid hadde “aguelita” (den gode bestemora) Iris frå Noreg gjort at livet deira såg ljosare ut enn nokon gong før.”

Lurer du på korleis eg fekk denne historia?

Det skuldast at eg driv og legg inn overskrifter frå Setesdølen på Setesdalswiki. Tilfellet ville at eg i dag la inn ei avis frå desember 2009, der historia om Iris var fortald. Og i går la eg inn Setesdølen frå fredag, der dødsannonsen hennar stod. Arbeidet med Setesdalswiki gjer at eg får mange fleire knaggar å henge stoff om Setesdal på, og om eg ikkje hugsar alt, kan eg jo bare søke litt, så dukkar stoffet opp. Eg skulle ønske at fleire vart med på å leggje inn stoff, det vert ein betre ressurs for Setesdal for kvar dag som går. No er det 1020 artiklar, og vi har bare så vidt begynt på leksikonet. Det er potensiale til 10.000 artiklar, så det er bare å bli med i skrivinga.

Heile dalen 1. april

Eg vart for sein til å legge ut programmet for sendinga 1. april. Eg gjer det likevel, mest for å ha det med på bloggen.

Fredag 1. april
Sending til heile dalen

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakter (379 37577) frå 20.30: Jorunn Lund Harstad og Torbjørg Hoftuft

18.00 Aktuell time ved Ørnulf
Besøk på basaren til Hylestad bygdekvinnelag.
Direktesending frå Sesilåmi i Vallehalli.

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Regionrådet informerer ved Signe Solien Haugå
20.00 Harpeleik frå Hylestad soknehus. Vi møter 4 unge jenter som har fått Coop-pris
20.30 Setesdal syng Abba. På besøk i kostymeverkstaden til musikalprosjektet.
21.00 Open sending ved Bjørgulv T. Berg og Ørnulf Hasla

Send helsingar på mail til post@valleradio.com
Høyr Valle radio på http://www.valleradio.com

-Jeg velger meg april

Jeg velger meg april, skreiv Bjørnstjerne Bjørnson:

Jeg velger meg april
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
i den blir somren til!

Eg får vel og velje meg april, ettersom mars ble ein månad med lite blogging. Influensaen slo meg heilt ut, og eg har vore utslegen i snart fjorten dagar. Måndag for snart to veker sidan reiste eg oppover til Valle klokka fem om morgonen, men eg måtte sove litt på vegen, tung i hovudet og lite opplagd. Etter at skuledagen var over, gjekk eg heim og la meg og tenkte at det burde ordne seg med eit par Paracet og så noko søvn, men det skjedde ikkje. Tysdag måtte eg melde pass, radioen tysdagskvelden vart avlyst, det same vart mi deltaking i onsdagssendinga, som eg skulle ha ansvar for. Ørnulf overtok det eg hadde planlagt, sjølv heldt eg senga i Mandal. Det er ikkje noko liv å vere sjuk aleine. Men torsdag bar det på sjukehus med meg, lungebetennelsen reduserte meg til ein gispande-etter-luft-mann. Lungene var som Otra full av krypsiv, fulle av materiale som ikkje skulle vere der.

Men gode hjelparar på infeksjonsavdelinga på sjukehuset i Kristiansand fekk meg på rett kjøl att med ein solid dose penicillin, den går eg på framleis, men no er krypsivet fordrive, i alle fall ein god del av det, og med pust kjem motet tilbake, sjølv om eg framleis hostar og harkar.

Etter nærare fjorten dagar utan å blogge og utan å skrive på Setesdalswiki var det godt å kome i gang att. Eg fekk diverre ikkje høyre sendinga i kveld, men programmet i Setesdølen såg jo interessant ut, så eg vonar heile-dalen-sendinga denne fredagskvelden gjekk greitt for alle som var involverte i den.

Så får vi satse på at det nye får feste også denne aprilmånaden og at vi kan få ein god periode utover våren.