Årsmøte 2011

Eg lova å skrive om Finndøla i kveld. Men eg var på årsmøtet for Valle Radio i kveld, og då vart eg vald til å skrive referat frå møtet. Så eg får gjere det i kveld og kome attende til onsdagssendinga seinare.

Årsmøtet var på Valle Motell torsdag 14. april 2011. Det møtte 10 personar. Møtet godkjente innkallinga valde Ørnulf Hasla til ordstyrar og Harald Haugland til referent. Saklista vart godkjent uten merknader. Ein gjekk så gjennom årsmeldinga for 2010, det var nokre få kommentarar til den: Direktesendingar på sauesjådagen og lisle jolekvelden. Facebooksida vart teken i bruk påska 2010 og har 2204 medlemmer. Den og bruken av setesdalswiki som nettstad burde nemnast i årsmeldinga. Som reklameartiklar har ein kjøpt inn t-skjorter og minepennar. I tillegg til sponsorar har vi om lag 25 annonsørar.

Rekneskapen for 2010 vart så opplesen av styreleiar, då korkje kasserar eller rekneskapsførar hadde høve til å møte på årsmøtet. Rekneskapen balanserte med inntekter på 310.760 i inntekter og 385.066 i utgifter, noko som gav eit resultat på 74.306 i underskot før finanspostar og 68.049 etter finanspostar. Balansen var på 769.846, og alt det tekniske utstyret er nedbetalt. Rekneskapen vart samrøystes godkjent.

I styret var Ørnulf Hasla, Britta Lise Homme og Helge Homme, samt varamedlem Rolf Erik Homme på val. Alle hadde sagt seg viljuge til å ta ein ny periode og vart attvalde. Jørund Georg Jore, Inga Flateland og varamedlem Anna Rysstad var ikkje på val. Men det vart vald ny valnemnd. Øyvind Jacob og Niklos K. Besteland vart takka for jobben dei har gjort og Henri Tore Viki og Ronny Stavsholt vart valde til ny valnemnd. Revisor Hallvard Holum vart attvald.

Etter at dei faste sakene var gjennomgått, vart det servert pizza til dei frammøtte. Under eventuelt vart det snakka om påskesendinga som står for døra. Ørnulf Hasla takka alle medarbeidarane for jobben dei gjer og for oppmøtet på årsmøtet og ønskte lukke til med storsendinga i neste veke.

Frå val til reinhald

Den aktuelle timen onsdag 13. april hadde tre element:

1. Førebuingane til kommunevalet 2011. Jorunn Sørlie Tveiten kom i studio for å fortelje.

2. Revisjonssak for Finndølavassdraget. Helge Kiland frå Faun Naturforvaltning i Fyresdal var på telefonen for å fortelje om kva det går ut på. Håvard Viki kom i studio for å fortelje om livet på Fisstøyl og ved Fisstøylvatnet, der han har støyl. Han las også diktet som lærar Tarald Nomeland skreiv i 1961 då vatnet vart neddemt.

3. Kurs for reinhaldarar i Valle kommune. Marianne Brenna Homme fortel.

Jorunn fortalde at det var levert inn fem listeforslag innan fristen 31. mars. No hadde ho sendt ut brev til 59 kandidatar med spørsmål om dei ville kreve fritak, noko som er vanskeleg å få om ein ikkje har vore i kommunestyret siste fire år eller er medlem av eit anna parti. Det skal veljast 15 medlemmer til neste kommunestyre, så det er to nye element i høve til sist gong, då det vart vald 21 representantar frå fire parti. Valstyret skal godkjenne listene innan 1. juli. Valle KrF leverte nytt forslag innan fristen, så Pål Dale må ikkje trekkje seg, for han stod ikkje på det siste listeforslaget. Slik sett var det ulikt det som skjedde med Toril Rolstad Larsen i Arendal, hadde Demokratane levert inn ny liste då det var klart at ho ikkje ville stå der, hadde ho ikkje vore nøydd til å melde seg inn i Senterpartiet for å unngå å kome på deira liste.

Jorunn må og gjere ein jobb i å rapportere til Statistisk sentralbyrå, mellom anna om kvinneandel og alderssamansetting.

Saken om Finndølavassdraget skal eg kome tilbake til i morgon.

Siste sak i aktuell time var kurset som var for reinhaldarane i Valle kommune tysdag. Det er 12 reinhaldarar i kommunen, og dei treng fagleg påfyll. Marianne Brenna Homme, som er leiar for reinhaldarane, fortalde om ergonomikurset dei hadde med folk frå Setesdal Bedriftshelseteneste. Ved å bruke heile kroppen, vert belastninga ikkje så stor på deler av kroppen. For jobben som reinhaldar er ein tung jobb. Men ho var svært glad for burmesiske og polske reinhaldarar som stiller opp når ho treng vikarar for dei fast tilsette. Utan dei hadde det heile stoppa opp.

Pasjonstida

Siste veka før påske vert ofte kalla pasjonstida. Vekene før er fastetida, men den siste perioden har det blitt vanleg å framføre pasjonsmusikk, det vil seie musikk som skildrar Jesu liding og død.

Eg valde å gjere dette i kveld i programmet Påskesangkveld. Eg angrar litt på at eg ikkje var tydeleg i annonsen i Setesdølen, slik at folk som las den, kunne vite at det var tale om Johannespasjonen av Johann Sebastian Bach det meste av kvelden. Men då eg sende inn programmet, hadde eg ikkje oversikt over kor lang tid det ville ta, så difor vart det som det vart.

Den første delen av programmet var det pasjonssalmer og pasjonssongar. Sjølv om programmet heitte Påskesangkveld, kunne det kanskje like gjerne heitt pasjonssangkveld, for det var ingen songar som handla om oppstoda i kveldens program. Her er lista over desse:

Skruk: Se vi går opp til Jerusalem 2:49
Sondre Bratland: Se hvor nu Jesus treder 4:02
Skruk: Den stunda i Getsemane4:29
Lars Bårdsen: Du som låg i natti seine 4:37
Sondre Bratland: Gå under Jesu kors å stå 6:36
Misjonsskolekvartetten: Eg stend og ser på ei nagla hand 2:31
Skruk: Solen på himmelen lukket sitt øye 5:29

Så kom Johannespasjonen i ei innspeling med Hallenser Madrigalisten (Chorus Master: Alexander Gosch) / Virtuosi Saxoniae, dirigent: Ludwig Güttler. Speletida var 107:33, så det gjekk litt ut over klokka 21 før vi var ferdige. Då hadde lyttarane fått høyre mykje vakker tysk sang. For både Matteuspasjonen og Johannespasjonen er på tysk, og det er vanskeleg å omsetje desse tekstane slik at musikken og språket fylgjer kvarandre. Eg hadde lagt til rette for at folk som har data kunne finne informasjon på Setesdalswiki, og eg trur nokre brukte informasjonen der, i alle fall tyder besøkstalet på nettsida på det.

Pasjonstida er ei tid då ein kan grunne litt på forsoningsverket og då høver pasjonssalmene godt. Så eg avslutta kvelden med å la Sondre Bratland synge O hoved høyt forhånet, som nok er den salma eg knytter mest til denne tida.

Veke 15

I går kom eg til Valle rundt midnatt og ville skrive på bloggen. Men det hadde vore straumbrot i løpet av helga. Dermed var serveren som set min datamaskin i forbindelse med Internett ute av drift. Så i går kom det ikkje noko innlegg på bloggen.

Denne veka har eg ansvar for både tysdags- og onsdags-sendinga. Dermed måtte eg sende program for begge dagane til Setesdølen i føremiddag:

Tysdag 12. april

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Påskesangkveld
21.00 Kyrkjebakken

Tysdagskvelden vil eg ha ein påskesangkveld frå klokka 18.30. Eg vil starte med nokre påskesongar, men det meste av programmet vil gå til Johannes-pasjonen av Johann Sebastian Bach, eit verk som tek om lag to timar å framføre. Eg vil leggje ut lenke til den tyske teksten på Setesdalswiki, slik at ein lyttar kan fylgje med på teksten på datamaskinen. Det finst mange hundre innspelingar av verket, men eg har funne ei innspeling med Hallenser Madrigalisten frå Lukaskirche, Dresden i 1998. Dirigent er Ludwig Güttler.

Johannes-pasjonen er noko eldre enn Matteuspasjonen. Han vart fyrste gong framført i Leipzig 7. april 1724. Det meste av teksten er frå Joh. 18 og 19, men eit par plassar er det teke med korte tekstar frå Matt. 26 og 27.

Onsdag 13. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Gudrun Nomeland

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved rektor Tron A. Støle
20.00 Ein halvtime med Halvdan Sivertsen
20.30 Fjell og nutar i Setesdal. Reidar Tveito fortel
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Harald Haugland

Fylg oss på Facebook
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no
Meir informasjon på Setesdalswiki http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Svar på rebusar: Telefon 379 37 577
Epost: post@valleradio.com

Programmet for onsdagskvelden byr på ein godbit klokka 20.30. Då skal eg snakke med Reidar Tveito. Han gav ut eit hefte om dei høgaste toppane i Bygland i januar, og planlegg no eit tilsvarande hefte om toppar i Valle og Bykle. Han har besøkt mange av toppane alt, men må ha komande sommar på seg før han er ferdig. Han har lagt ut mange bilete på Setesdalswiki, der kan du sjå bileta vi skal snakke om: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kategori:Reidar_Tveitos_bilder

Det øvrige programmet denne kvelden vil eg legge opp i løpet av onsdagen. Du er velkomen til å kommentere programmet her på bloggen eller på epost til meg på
harhaugl(at)gmail.com (du må erstatte (at) med krøllalfa)

Fjell og toppar i Bygland og Valle

I veka som gjekk kom eg til å skrive ein liten stubb om Vide lega på Setesdalswiki. Det står ei gjetarbu frå 1932 der. Artikkelen finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Vide_lega Før den bua kom opp, var det ei bu som var så lita at ein måtte ligge på skrå for å strekkje seg ut der. Eg lagra artikkelen utan bilete, men då eg kom på nettet i dag tidleg, hadde Reidar Tveito lasta opp eit bilete av bua frå 1932. Eg var ikkje sein om å legge det inn i artikkelen, så når du les han, kan du sjå den noverande bua der.

Litt ut på dagen i dag lasta han så opp eit bilete av Skeisknuten, som er det høgaste fjellet i Årdal sokn i Bygland vest for Otra. Eg hadde skrive ein artikkel om dette fjellet, basert på heftet han gav ut tidlegare i vinter: Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra Eige forlag 2011 ISBN 978-82-998304-3-0 Her er lenke til artikkelen eg skreiv om fjellet, som no har fått bilete: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Skeisknuten

Litt ut på dagen i dag fekk eg ein telefon frå han, og vi snakka saman om mangt og mykje i samband med dei to artiklane. Eg fortalde at eg hadde funne stoffet om Vide lega i Torfinn Normann Hageland: Murar og hellarar i heiane ISBN 82-993-799-1-1 nr 566, og han hadde og nytta seg av den boka når han laga si bok.

I løpet av samtalen fortalde han at han heldt på med ei bok om dei høgaste toppane i Valle og Bykle. Mellom anna hadde han prøvd å kome seg til Urddalsknuten, som er høgaste fjellet i Valle, på grensa mot Sirdal, men han måtte gje opp, det vart for langt for ein tur han gjorde saman med dottera. Difor er han ikkje ferdig med stoffet til denne boka enno.

Eg spurde då om han kunne tenke seg å vere med på telefonen frå Byglandsfjord onsdagskvelden, når eg skal ha sending i Valle Radio. Så kunne han fortelje om prosjektet, og så kunne vi spele litt musikk og ha ein hyggeleg prat. Det ville han gjerne, kan hende han kunne få noko informasjon frå lokalkjende som kunne takast med i boka han held på med.

Så onsdag klokka 20.30 vil Reidar Tveito frå Byglandsfjord vere gjest i Valle Radio. Eg gleder meg til den halvtimen.

Norea til Nomeland bedehus

Sundag ettermiddag kjem Anne Margareth Austgulen og Synnøve Kvervavik Vatne til Nomeland bedehus klokka 18. Dei skal dele inntrykk frå Norea Mediemisjon sitt arbeid i Midt-Austen og Nord-Korea. Menneske der har liten eller ingen trusfridom. Norea Mediemisjon bruker radioprogram og TV-prosjekt som SAT-7 for å nå ut. Dei har eigne barneprogram og når kvar dag tusenvis av barn i Midt-Austen.

Tysdagssendingane mine baserer seg på stoff frå Norea Mediemisjon. Det gjeld Over ein open Bibel og Møteplassen. Tidvis nyttar eg også anna stoff frå Norea Mediemisjon. Alt dei stiller til rådvelde for Valle Radio, får vi bruke gratis. Arbeidet deira er basert på at folk som ser verdien i mediemisjon, støtter arbeidet med gåver. Det er difor høve til å gje gåve når dei er rundt og har informasjonsmøte for å fortelje om arbeidet.

Det er sjeldan eg er i Valle ein sundag klokka 18, om eg køyrer oppover sundagskvelden, er det helst slik at eg kjem til Valle ved midnatt. Så eg får ikkje høve til å vere på møtet. Men eg vil anbefale alle som høyrer på Valle Radio sine tysdagssendingar å ta turen til Nomeland bedehus denne sundagskvelden og ha med ein god slant for å støtte arbeidet.

Bergtun spiseri

Bergtun spiseri opnar laurdag 9. april, etter det Tina Høgevold fortalde i Valle Radio onsdagskvelden. Ho var gjest hos Øyvind Jacob frå klokka halv ni til ni, og det vart ein triveleg halvtime.

Frå å vere det som ho tenkte som ein hobbyaktivitet i kjellaren heime, har Bleieboden vakse til å ha 5 personar tilsett og ei omsetning på over 6 millionar. Alle rom heime vart sprengde, og så flytta dei til Nordibø, men også der vart det for trongt, så etter to år måtte dei atter finne meir plass. Dermed kjøpte dei Bergtun, og det gjev grunnlag for meir enn ein internett-butikk. Dei har og utsal for publikum i Valle, og dei sel mykje meir enn det namnet skulle tilseie. Tina fortalde om mangt og mykje ein kan finne i hyllene om ein går innom.

Men Bergtun gav også høve til å få til ein stad der folk kunne få seg kaffe, og både ho og Knut har vore på barista-kurs for å lære å lage kaffe i moderne form, så ein får både espresso og andre typar kaffe om ein tek turen innom. Etter kvart kom også Kristine Bjørgum Forde med i staben, ho har 80 prosent stilling, og då kom ideen om eit spiseri der folk kan kome og få smårettar på dagen. Dei vil ikkje ha kveldstilbod, i alle fall ikkje noko fast, men om folk har ønske om spesielle arrangement, stiller Bergtun gjerne opp. Det har jo alt vore Filosofikafe og Kvinnedag-arrangement. Fredag vert det eit arrangement for inviterte, og laurdag er første opningsdagen for publikum. Men alt no har det vore ein del folk innom for å få seg lunsj, gjerne slutta grupper som har bestilt.

Det ser ikkje ut til å verte noko overnattingstilbod på Bergtun. Då må romma oppgraderast mykje og det er kostbart. Det har vore ei omfattande renovering av dei romma som no er tekne i bruk, både isolasjon og anna vedlikehald er gjort på bygningen. Så får ein ta ting litt etter kvart, sa Tina, ein må passe på så økonomien går rundt.

Tina er aktiv på mange område, ho er dirigent for Setesdal syng ABBA, som skal setjast opp til hausten og som no øver for fullt. Og så skal internettbutikken sine kunder få varene sine, så det er nok å ta tak i. Ho roste samarbeidet med dei andre næringsdrivande i sentrum og såg fram til dei ulike aktivitetane dei skal ha til sommaren.

Triveleg onsdagskveld

I kveld hadde eg høve til å høyre på Valle Radio, og det vart ein interessant og triveleg kveld. Eg har skrive om det som eg høyrde på setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110406

Eg fekk ikkje med meg starten, men eg trur den første gjesten var Torunn Charlotte Nyberg Lund. Då eg sette på sendinga, snakka dei om Valle Naturkjøt. Dei har visst slakta det første dyret der. Det skjedde hos Jens Eide i Lillesand, det er jo noko meir kortreist enn Nortura, som slaktar på Jæren. Ho var godt nøgd med måten dei tok vare på dyret på og på måten det ferdige kjøtet vart levert på. Men ho kunne nok tenkt at kjøt frå Valle Naturkjøt vart servert til publikum i Setesdal og ikkje i Lillesand. Det meste av kjøtet gjekk nok likevel til andelseigarane, som fekk 45 kg kvar som dei måtte selje sjølv. Det hadde visst ikkje vore noko særleg problem.

Den andre gjesten i den aktuelle timen var lensmannsbetjent Fredrik Korsvik, som alt hadde vore i Valle eit år og difor knapt kunne kallast ny. Han hadde litt kjennskap til Valle som hyttevalldøl, familien hadde hytte på Bjørnevatn. Fredrik Korsvik var aktiv handballspelar og kunne tenke seg å starte ei handballgruppe innan Valle IL.

Etter at Håvard Viki hadde hatt andakt, kom Torleif Homme frå Valle kommune for å ha Kommunen informerer. Han kunne fortelje om fleire planar som kommunen arbeider med: Oppgradering av barneskulen i Valle, områdeplan for Valle sentrum og plan for gang og sykkelveg frå Hylestad barnehage til Holtesvingen. Den sykkelvegen skal skiljast frå bilvegen med autovern, slik at det vert eit sterkt fysisk skilje mellom mjuke og harde trafikantar. Og så er planen å få til ei rundkøyring i krysset, det vil redusere farten forbi skule og barnehage og gjere krysset tryggare for alle partar, ikkje minst om sommaren.

I godt lag går kvelden fort, og det gjorde den med desse to talige personane i studio.

I gang att

Å kome tilbake til studio etter fleire veker borte, det er alltid godt. I kveld kom eg her og då var det kome ein ny datamaskin. Den som eg pleier bruke, var ute av drift, og den nye fekk eg ikkje i gang. Så eg vart litt panisk, for eg måtte få laste ned Over ein open Bibel og Møteplassen frå programbanken.no Etter kvart måtte eg gje opp, men så fekk eg fikse det likevel frå teknikarplassen. Heldigvis.

Og då det gjekk i orden, var i grunnen kvelden berga. Kåseriet baserte eg på fredagens bloggpost, andakten kom av Marianne Synnes Braseth og Country Gospel Timen hadde eg på ein cd. Så brukte eg Fædrelandsvennen sine artiklar om Sørlandets Litteraturpris i den halvtimen. Deretter var det møteplassen, som eg og fekk laste ned frå Norea. Og Niklos stilte opp som programmet sa med vakker musikk frå renessanse og barokk.

Britta Lise Homme var innom med gjesteboka, ho supplerer den med bilete, og no fekk vi skrive i den i kveld og. Kyrkjebakken-programmet fekk eg ta ein telefon til Per Emanuelsen, eg møtte han i Valle sentrum i dag og avtalte at eg skulle ringe han så han skulle få snakke om sjømannskyrkjekvelden han skal ha i Fjellgardane kyrkje komande fredag frå 18 til 20. Og så fortalde han frå besøket han hadde hatt i Bykle pensjonistforening i kveld, med 20 pensjonistar samla på Bykle Hotell. Per har ein hobby med å samle på gamle andaktsbøker, så vi snakka litt om den hobbyen og.

I det heile var det godt å kome i gang att.

5. april

Tysdag 5. april

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Country Gospel Timen
19.30 Sørlandets Litteraturpris
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Høyr på sendinga: http://www.valleradio.com
Meir informasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_5._april_2011
Fylg Valle Radio på Facebook