Program for fredag 4, februar

Fredag 4. februar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv-Gunn Viki
Telefonvakter frå 20:30: Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Helle Haugen

Program:

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19:30 Regionrådet informrer
20:00 Musikkhalvtime ved Katrine Johnsen frå Valle vidaregåande skule
20:30 Haralds halvtime
21:00 Open sending

Meir informasjon på Setesdalswiki http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Fredagsprogram_Valle_Radio_20110204

Høyr oss på http://valleradio.com (live streaming) og fylg oss på facebook

Eg sende og notisen nedanfor til Setesdølen i dag:

Framtid for Ose Turistheim i Valle Radio

I Valle Radio si sending fredagskvelden til «heile dalen» kjem Julia Stray for å snakke om framtida for Ose Turistheim. Det skjer i Haralds halvtime klokka 20.30, fortel Harald Haugland til Setesdølen. Han har mykje anna interessant på programmet denne kvelden. Alt klokka 18 kjem Jan Wojtaszek i studio for å fortelje om overnattingskapasiteten i Brokke. Tarald Myrum vil også kome innom og gje siste nytt frå aksjonen Eitt Agder. Han minner også om Sesilåmi, som ser ut til å verte fullteikna før påmeldingsfristen går ut. Vi skal også ha ein prat med Bjørn Harald Hagen i Demensteamet i Setesdal om pårørandeskulen dei startar no i februar. Som vanleg vert det andakt klokka 19, den er ved Bjørgulv T. Berg, og etter han vert det informasjon frå Setesdal Regionråd. Frå klokka 21 er det Opi sending med rebusar og musikk, så det er god grunn til å leite fram Valle Radio sin frekvens og få med seg aktuelt og triveleg lokalt stoff denne kvelden.

Fire Essar

Tysdagskvelden hadde Niklos K. Besteland funne fram fire essar som rød tråd i Postludium.
Alle levde i tysk renessanse, det vil seie på 1600-talet, så det var før Bach, som jo er den store kyrkjemusikaren. Renessansen gjekk til 1650, Bach var fødd i 1685.

Rekkefølge på komponistane er gjerne slik at Niklos spelar kronologisk etter fødselsår. Dei tre første var fødde med eit års mellomrom.

Heinrich Schütz, 1585-1672, var den som var fødd først og som døydde sist. Verket Die mit Tränen säen henta teksten frå Salme 126 i Biblen. Her var komposisjonen for 5-stemmig kor og det var Alsfelder Vokalensemble og Himlische Cantorey som framførde det med domkantor Wolfgang Helbich frå Bremen som dirigent.

Johann Hermann Schein, 1586-1630, var neste i rekka. Verket hans, Christ lag in Todesbanden var og eit korverk, framført av Evangelische Singgemeninde Siegen dirigert av ulrich Stötzel

Så kom Samuel Scheidt, 1587-1654, med verket koralvariasjonar over Veni Creator Spiritus. Her var det organisten Paul Hauser som spelte på Klais-orgelet i Worms domkyrkje.

Til slutt kom Heinrich Scheidemann, 1595-1663, sitt verk Preambulum i C spelt av Pieter van Dijk på orgelet i Sct. Laurenskyrkja i Alkmaar i Nederland.

Det siste orgelet var eit historisk orgel frå 1645. Nederland har mange slike historiske orgel. Orgelet i Worms er bygd av Klais Orgelbau i Bonn i 1985. Dette tyske firmaet skal byggje det nye orgelet i Kristiansand domkyrkje, det blir det fyrste orgelet frå dette firmaet i Norge. Niklos nytta høvet til å fortelje det i programmet, og eg kunne ikkje dy meg, men meinte det ville verte ein fin 60-årspresang, det skal vigslast rundt den tida Niklos fyller 60. Han var ikkje uenig med meg i det og gledde seg til å få høyre det.

Om bønn i andakt og sang

I kveld hadde Oddvar Søvik andakt om bønn i Over ein open Bibel. Då høvde det godt å ha songar om bønn i Sangkvelden som fylgde etterpå.

Lær meg å bede Gud – Hallgeir Greger
Jeg folder mine hender små – Hanne Krogh
Be en enkel bønn – Marit og Irene
O, store Gud – Solveig Leithaug Henderson
Jeg vil gi deg, o Herre, min lovsang – Andreas Wennemo
Det er makt i de foldede hender – Lage Wedin

Ettersom sangkvelden bare varte i ein halv time denne kvelden, vart det bare desse som vi fekk plass til. Og medan den siste sangen vart spelt, kom Annemor Sundbø inn døra. Ho har eit travelt program og er mykje på reisefot, men hadde funne høve til å kome i Valle Radio for å fortelje om den siste boka si, den som heiter Norske vottar og vantar.

-Det fine med å kunne ha program i Valle Radio, er at ein får tid til å fortelje ei historie, sa ho. Så fortalde ho at i neste veke skal ho på Åsensenteret i Ørsta/Volda og fortelje om figurar i strikkekunsten, og då skal ho verte intervjua på Gardermoen av Kulturredaksjonen i P2. Ho har og vore på Førkveld i NRK1 og i TV2 sitt God morgen Norge i samband med bøkene ho har gitt ut.

Ettersom det har vore mykje om Ose i avisa i det siste, svinga vi innom dei aktuelle skane også, Annemor var glad for at Bygland kommune valde å behalde hotellet, dei drivarane som driv det no, genererer mykje kultur på Ose. Ho kom til Ose då kulturismetenkinga var på det sterkaste og synest at Ose Ullvare har blitt ein bra stad å drive ut frå, sjølv om ho ikkje er der heile vinteren, å varme opp det store huset i periodane med lite folk, det er ikkje særleg lønsamt.

Du finn meir om du les lenkene til programmet på Setesdalswiki. Då Annemor var ferdig, var det Møteplassen, programmet frå Norea Mediemisjon som stod for tur, og i kveld var det intervju med Tore Askildsen, dagleg leiar i selskapet. Medan det gjekk, kunne vi ta ein kopp te, Annemor, eg og Niklos K. Besteland, som hadde Postludium til slutt i kveld. Men det skal eg skrive om ein annan kveld. No får eg køyre han heim til Besteland før natta kjem over oss.

Her er lenke til programmet på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogram_1._februar_2011