Tro, hopp och kārlek

I dag har det blitt mykje TV-sjåing, så kveldens blogg hentar inspirasjon frå noko eg fekk med meg derifrå.

Det har vore hopprenn i Vikersund denne helga, og i føremiddag var det ein svært kort gudsteneste før rennet starta. Presten fortalde der at han hadde hatt gudsteneste ein stad i samband med ein hoppkonkonkurranse, og etter gudstenesta hadde ein svensk tilskodar kome til han og sagt at han den flottaste teksten i Bibelen stod i 1. Korintarbrev kapittel 13. Så siterte han på svensk: 13 Men nu består tro, hopp och kärlek, dessa tre, och störst av dem är hopp.

Ein kunne nok oppleve det slik om ein såg på TV i dag. Skiflyging er ikkje for vanlege folk, men du verden kor flott det er å sjå på, og verdsrekordhoppet på 246,5 meter kunne ein gjerne sjå om att og om att,

I kveld kom eg til å sjå på filmen Sister Act 2 som gjekk på FEM. Eg kom inn litt uti filmen og fekk ikkje med meg starten, då fylgde eg med på slektsgransking med Petter Scherven. Men Whoppi Goldberg, som spelar nonna som kjem som songlærar på ein nedsliten high school, klarar ved hjelp av songen Joyful, joyful, we adore Thee å skape syne både tro, hopp och kärlek for desillusjonerte ungdomar og å vinne korkonkurransen dei er med i. Denne songen minna meg om Crystal Cathedral, det er kjenningsmelodi der, sjå
http://www.crystalcathedral.org/hour_of_power/calendar/index.php

Veldig mykje i livet kviler på dette. Men det var fyste gongen eg høyrde den tolkninga som presten i kyrkja i Vikersund hadde i dag.

Valleburger

I onsdagens radiosending snakka Ketil Homme og Silje Brottveit, som har teke over som drivarar av Esso-stasjonen i Valle om at dei ville prøve å få til noko kortreist mat, til dømes Valleburger. Den skulle vere basert på kjøt frå dyra til Valle Naturkjøt, etter det eg forstod. No er det ikkje så ofte at eg kjøper mat på Esso i Valle, men eg prøvde både komper og annan snaddermat der medan Erna og Will dreiv. Maten var god den, pommes frites smakar og godt av og til.

Om det skulle lukkast å få til Valleburger og den går over alt det andre gode av hurtigmat ein kan få seg, både i smak og pris, så hadde det vore ei glede om det vart parkeringskaos i sentrum av folk som skulle innom Valle Bensin og få seg Valleburger. No trur eg nok ikkje at det skjer, ikkje eingong på fredagskveldane og sundagskveldane. Men det er fint at ein tenkjer på kva ein kan gjere for å få folk til å stoppe. Eg eg er glad at dei som no starta opp, hadde mot på det. Det vil nok bli lange dagar for å halde drifta i gang.

Eg høyrde ein som kommenterte at kommunane ville få utflytta setesdølar til å flytte tilbake. -Det ser ut til at ein helst vil ha grundarar her, for ledige jobbar i det lokale næringslivet er ikkje lett å oppdrive. Den som snakka, tenkte på næringslivet i heile Setesdal då kommentaren kom. Den som har prøvd å få jobb i Setesdal dei siste åra, har sjeldan funne ein annonse om ledig stilling i Setesdølen. Ein og annan stilling i det offentlege vert lyst ut, men sjøl dei går gjerne til folk som alt har ein fot innanfor. Unntaket er jobbar som krev ei fagutdanning. Men også der er det ulike erfaringar, ein har måtta rekruttere folk til arbeid i helsesektoren frå Baltikum ikkje bare i Valle. Og innan turistbransjen er det gjestearbeidarar frå heile Norden. Men ein dansk eller svensk person i turistbransjen kan vanskeleg profilere lokal matkultur. Der har Silje og Kjetil betre føresetnader enn dei fleste.

Lukke til!

Målar og fotballtrenar

Eg høyrde på sendinga i Valle Radio onsdagskvelden. Eg fekk ikkje med meg alt frå starten, men skjøna etter kvart at Ronny Stavsholt hadde med seg Ulf Kjelleberg, som har etalbert seg som handverkar med måling og tapetsering. Kanksje hjelper han med fliser og, eg fekk ikkje det med meg.

I tillegg har han blitt med som fotballtrenar, eg trur han sa det var 15-20 på trening. Men treninga i veka var eit problem, for mange er jo ikkje heime i veka, og dei kan bare trene i helgene.

Dagen etter var eg i klassen, og då fortalde ein av elevane at onsdagskvelden hadde det kome fleire som ville trene fotball, men då trenaren ikkje var der, snudde dei i døra og gjekk heim. Så langt eg kunne skjøne, var Ulf i Valle Radio til vel 18.30, så det hadde vel vore høve å få til trening etterpå, men truleg vart det ikkje noko av det.

Etter det eg skjøna, var det quiz på Valle Motell, og Ulf hadde visst planar om å gå der denne kvelden. Seinare las eg, eg trur det var på Facebook, at det hadde vore om lag 30 personar på Quiz denne kvelden. I kveld var det forresten sportsquiz på motellet. Eg var ikkje der heller. Sjøv om eg ringte inn svar onsdagskvelden i den opne sendinga, var det fordi eg hadde wikipedia å støtte meg på. Sportsresultat hugsar eg ikkje lenge, så på ein sportsquiz ville eg ikkje vore til særleg hjelp.

For å kome tilbake til utgangspunktet, så vonar eg at målaren, som sa han hadde boka full til påske, får nok arbeid til å kunne bli buande i Valle. Vi treng alle dei folk vi kan få i kommunen, pleier ordføraren å seie, og å få ein målar og ein fotballtrenar i same person, det må vel kallast eit kupp.

Takk til Ronny som presenterte han i Valle Radio.

Meir om Reinshornheii

Onsdag 27. januar skreiv eg om Reinshornheii, høgaste fjellet i Bygland. Det er ikkje alltid så lett å vite kven som les bloggen min, men i dag møtte eg ein lesar og den historia har eg lyst å fortelje i kveld.

I bloggen den gongen fortalde eg at det var eit bilete i Setesdølen frå i sommar som hadde fått meg til å skrive om Reinshornheii på Setesdalswiki. Fotografen var Reidar Tveito. Eg visste ikkje meir om han då, men i dag fekk eg eit brev frå han, det var noko stort og innhaldet synte seg å vere ei bok han har laga, Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra, ei gjennomillustrert biletbok på 52 sider i A4-format med flotte fargebilete frå turar til 8 toppar i Bygland kommune. Eg las til auga vart stort, imponert.

Etter å ha lese leita eg fram telefonnummeret hans og ringte for å takke for den uventa gåva. I løpet av samtalen inviterte eg han til møtet om Setesdalswiki som skulle vere på Bygland i kveld, og ettersom han ikkje hadde noko anna på timeplanen, kom han og var med på møtet. Då fortalde han at han hadde søkt på eige namn på internett og då funne at han var nemnd på bloggen min. Der var det og lenke til artikkelen om Reinshornheii på Setesdalswiki, så han fann det eg hadde skrive der. Difor vart han nysgjerrig og ville gjerne vite meir,

Før telefonsamtalen med han hadde eg lagt inn eit nytt avsnitt i artikkelen om Reinshornheii. Eg kalla det litteratur og la inn boka med ISBN-nummer. I kveld, då vi trykte på lenka, synte det seg at boka var så ny at nummeret ikkje var registrert i nasjonalbiblioteket enno. Det kjem visst noko i Setesdølen om boka i morgon.

Eg laga og lenke på boktittelen, og i telefonen fortalde eg at eg ville skrive om boka og leggje ut innhaldslista, slik at folk kunne sjå kva for fjell og nutar det var tale om. Den artikkelen laga eg så ettar at vi hadde snakka saman. På møtet på Bygland i kveld synte eg så korleis ein kunnne lage lenker til desse fjella og i neste runde skrive artiklar om dei. Dei artiklane vil vel kome etter kvart.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Dei_h%C3%B8gaste_fjell_og_nutar_langs_b%C3%A5e_sider_av_Otra

Om å lengte heim

I kveld var Katrine Johnsen aleine i studio frå klokka 20 til 20:30. Makkeren hennar, Selma Margaret Dahlin, låg heime i influensa og kunne ikkje vere med. Katrine er frå Harstad og då er det ikkje lett å kome seg heim så ofte. I programmet snakka ho om heimlengt. Både mamma og søsken sat i loftstua heime og høyrde på henne på Internett, så ho kunne sende helsing heim.

Musikken i programmet var melodisk og vakker: Tir n’a Noir med Vamp var fyrste songen ho spelte, og Velkommen heim med Sissel Kyrkjebø var den siste sangen ho spelte. Ho våga til og med å snakke om klumpen ho fekk i halsen når ho snakka om heimlengt og spelte musikken. Det var modig og sterkt gjort.

Katrine Johnsen fortalde og at i morgon kjem det 11 elevar som skal vere hospitantar på årets workshop. Dei skal vere på skulen til sundag og prøe seg i faget. Neste helg kjem det 11 nye elevar. Kvart år har skulen to slike workshops for folk som lurer på å søke til skulen. Eg har inntrykk av at dei gjer eit godt rekrutteringsarbeid. God reklame var det og i å få ein NM-vinnar i gullsmedarbeid då Lise Engdal vann konkurransen i Fredrikstad sist veke. Katrine snakka med henne i sendinga fredagskvelden, då saman med læraren Lex de Jong.

Stor honnør for eit fint program.

Lenka til onsdagskvelden finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110209

Program for veke 6 2011

Tysdag 8. februar

Tysdag 8. februar 2011

Ansvarleg: Harald Haugland

Program

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Country Gospel timen ved Per Govertsen
19:30 Sørlandets Litteraturpris 2011. Samtale med Lisbeth D. Homme
20.00 Møteplassen – Anne Karin Kaasa
20.30 Postludium. Orgelmusikk av Franz Liszt
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 9. februar

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Liv-Gunn Viki
Telefonvakter frå 20.30: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Janssen

Program

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Liv Tanche-Larsen
20.00 Musikkprogram ved Katrine og Selma
20.30 Ronnys halvtime
21.00 Opi sending med Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no
Høyr Valle Radio på http://valleradio.com
Fylg oss på Facebook
E-post: post@valleradio.com

Eg rakk ikkje å legge ut programmet for denne veka før tysdagssendinga var over. Du kan lese meir om tysdagsprogrammet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_8._februar_2011

Gullvinnar

Fredagskvelden 4. februar kom Katrine Johnsen og Lex de Jong i studio for å snakke med Valle vidaregåande skule sin ferske Norgesmeister Lise Engdal, som 3. februar, altså torsdagskvelden, hadde vunne NM i gullsmedarbeid. Konkurransen vart arrangert i Fredrikstad, der dei og har ei linje for gullsmedutdanning. Lise kom ikkje tilbake til Valle før sundagskvelden, og i dag har ho vorte feira med kake og festivitas. Men fredagskvelden hadde dei henne på telefonen.

Ho kunne ikkje heilt tru at det var sant, for ho var ikkje nøgd med arbeidet sitt. Dei hadde fått utlevert arbeidsteikningar og skulle lage øyrepynt på 21 timar, trur eg det var. Så det var ikkje opp til eigen kreativitet, her skulle dei testast på korleis dei kunne arbeide etter arbeidsteikning. Då dommen kom, vart Lise svært forundra, for ho hadde inga oppleving av at det kunne vere ho som skulle vinne. Men ho hadde heller ikkje noko særleg kontakt med dei andre, dei gjekk på PLUS-skulen og ho kjende dei ikkje.

Takk til Ørnulf, som fortalde meg at Lise hadde vunne og at vi burde prøve å få henne med i Valle Radio. Takk til Katrine, som ville kome og ha program denne fredagskvelden og til Lex som kom saman med henne og hjelpte med gode spørsmål i samtalen. Her er lenke til artikkelen om Lise Engdal på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Lise_Engdal

Dei snakka og om veka på skulen då dei hadde prosjekt og skulle lage smykke til ein afghanistansoldatbunad eller noko liknande. Her kan du sjå bilete av korleis den såg ut:
http://www.austagderfk.no/Vare-virksomheter/Videregaende-skoler/Setesdal-vidaregaande-skule/Valle/Nyheter-fra-Valle/Resultat-av-designuka/ I venstre margen på den artikkelen er det lenker til kvar dag i den designuka, så du kan sjå mykje av arbeidet elevane gjorde. Line Mastad, som laga bunaden, er ho som og laga Setesdalsburka for nokre år sidan. Line Mastad held på med mastergrad ved Høgskolen i Telemark, og temaet ho arbeider med er Strikking i samtidskunsten. Så no kjem elevane med i masteroppgåva hennar.

Som du skjøner, det var ein innhaldsrik fredagskveld.

Aktuelt ein fredagskveld 3

Bjørn Ropstad er styreleiar i Setesdal Regionråd, og Signe Signe Sollien Haugå hadde fått han til å vere regionrådet sin talsmann denne fredagskvelden. Dermed vart det meir snakk om den politiske sida enn om dei aktuelle prosjekta. Og dei fire kommunane legg no 1,5 mill kvar i potten til regionrådet, då det vart starta opp, la Bykle årleg 8 mill inn. I tillegg kjem pengar frå stat og fylke, så regionrådet har ein trygg økonomi og høve til å støtte prosjekt som kan få næringslivet i Setesdal til å bløme.

Eg spurde om han såg ei framtid for regionrådet, og han sa at det var etablert som eit varig organ, det er ikkje tale om å leggje ned Setesdal Regionråd. Iveland var med før, men dei vende seg mot kysten og etter ei oppseiingstid på to år, gjekk dei ut av regionrådet. No vil både Iveland og Evje og Hornnes kommune over til Vest-Agder og legg opp til folkeavstemming i samband med valet til hausten. Bjørn Ropstad meinte det ikkje ville bli noko problem å vere med i Setesdal Regionråd om kommunen hans gjekk over til nabofylket og dei andre vart verande i Aust-Agder, sjølv om han vona at alle vart med over til vest om det vart nei-fleirtal i avstemminga som fylket skal halde.

I løpet av samtalen snudde rollane seg, for ordføraren i Evje og Hornnes kommune, som no er styreleiar i Setesdal Regionråd, ville vite meir om Setesdalswiki. Han hugsa at eg hadde fortalt om dette prosjektet på Setesdalskonferansen 2010 på Sølvgarden og ville gjerne at eg fortalde meir om dette.

Eg kunne då fortelje at Setesdal Regionråd hadde arrangert eit møte på Sølvgarden for å drøfte korleis ein skulle kome vidare i arbeidet med dette regionale leksikonet. Der hadde ein kome til at det burde haldast informasjonsmøte i alle kommunane. Så eg fortalde at det alt har vore møte i Valle kommune, komande torsdag klokka 18 skal det vere møte i kommunestyresalen i Bygland og at eg også vil ha slike møte i Evje og Hornnes kommune og i Bykle kommune.

Setesdalswiki er det einaste regionale leksikonet som alle kan skrive i. Det finst regionale leksikon for Sogn og Fjordane fylke og for Nordland fylke, men dei er det bare tilsette i NRK som kan skrive i, det er NRK som driv dei. Setesdalswiki fungerer på same måte som Wikipedia, men har rom for informasjon som er regional og kommunal og som ikkje vil kunne få plass i eit nasjonalt leksikon som Wikipedia. Så eg utfordra han til å prøve.

Vi var også innom Riksveg 9, som har vore noko av det sterkaste satsingsområdet til Setesdal Regionråd. Bjørn Ropstad viste der til artikkelen som stod i Fædrelandsvennen torsdag, der det og var lista opp parsellar som endå ikkje hadde fått gul midtstripe. Lokal finansiering på 100 millionar kroner burde gjere det greitt å kome vidare med dette, ikkje mange stader ein får så stor lokal medverknad. MÅlet er gul midtstripe frå Kristiansand til Hovden innan 2020.

I desse halvtimane med offentleg informasjon prøver vi å ha litt musikk, men det vart det ikkje tid til i samtalen med Bjørn Ropstad. Plutseleg var klokka 20.00 og neste programpost skulle på lufta.

Aktuelt ein fredagskveld 2

I går avslutta eg med å fortelje om praten eg hadde med Tarald Myrum om aksjonen Ja til eitt Agder, som han vart vald til styremedlem i frå Setesdal. Sjølv var han ikkje på møtet i Arendal då aksjonen vart starta onsdagskvelden, det vart noko krøll med innkallinga, for dei som kalla inn hadde ikkje brukt rett epostadresse til han. Men i Valle Radio var han klår på at sjølv om dei fleste i Setesdal, han sa at ei undersøking synte opp mot 70 prosent, var for eitt Agder, så var det viktig at folk melde seg inn i organisasjonen. Jo fleire medlemmer, jo større trykk, meinte han, og fortalde at dei ville satse på å lage materiell som synte fordelene med å slå saman fylka. Til dette trong organisasjonen pengar, og sjølv om fylket vil bevilge pengar til begge aksjonane, treng ein og medlemspengar.

Deretter fortalde han om Sesilåmi 2011, som alt har over 2000 påmelde. I år vert det sett strek ved 2500, så etternølarar må raske på no. Påska er sein i år, så rennet skal vere 4. april, men han var ikkje redd for snømangel og vona at veret vart slik at rennet kunne gjennomførast og ikkje avlysast som i 2010. Klimaet så langt vest er meir ustabilt enn lenger aust, der dei store renna vert arrangerte, men no har Sesilåmi endra mykje for komande år og organisert opplegget som i dei andre store renna. Det vert ei seeda gruppe basert på tid ein har frå tidlegare renn, eventuelt frå nasjonale og internasjonale konkuransar. Dei får starte først, og så vert det fellesstart for dei useeda klokka 8:30. Sjølv trudde han at han kom til å måtte starte sist og sjå til at folk kom seg over, men han var ikkje sikker, men måtte han det, vart det ikkje noko rekordløp i år. Men han hadde meldt seg på for å gå.

Den siste eg hadde på tråden i Aktuell time var Bjørn Harald Hagen, som er leiar av Demensteamet i Setesdal. Teamet er oppretta under Setesdal Regionråd og har ein medlem frå kvar kommune, kommunelege 2 i Valle, Hallvard Mosdøl, er teamet sin medisinsk faglege og sjølv koordinerer han arbeidet i dette toårige prosjektet. No skal dei starte pårørandeskole, påmeldingsfristen er 10. februar og første kursdagen er 16. februar. Skolelokale er Frivilligssentralen i Bygland og det er lagt opp til seks kurskveldar uover våren. Meir informasjon finn ein her: http://www.setesdal.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1204&Category.ID=592

Med dette avslutta eg den aktuelle timen og overlet mikrofonen til Bjørgulv T. Berg, som hadde Tankar frå Biblen denne kvelden.

Aktuelt ein fredagskveld

Det er eit puslespel å setje saman ein fredagskveld. Ein leitar i avisa og på nettsider og snakkar med folk og etter kvart kjem det eit bilete av korleis ein kan leggje opp kvelden. Så må ein ringe og gjere avtalar og då er det ikkje alltid det høver for den ein har tenkt å ha med seg. Andre gonger må den som vert spurd, tenkje seg om, kanskje rådføre seg med andre, og så skal vedkomande ringe tilbake. Om det då dreg ut med å få tilbakemelding, kan heile planlegginga stoppe opp, for den tida som ein har disponert, kan ikkje brukast av andre. Og når det tek tid, vert ein uroleg og lurer på om ein finn noko anna om det ikkje legg seg til rette for den ein har tala med.

Nokre gonger har ein og problem med å få tak i den ein vil snakke med. Før kveldens sending lurte eg på å få med meg Trond Mikkelsen i Setesdalfolk, dei hadde kurs for kurshaldarar sist helg og han hadde sikkert hatt noko å fortelje. Men det nummeret som står på kontaktsida, har ikkje svart dei to-tre gongene eg har prøvd, og dermed vart det ikkje noko av det i det heile. Eg prøvde og å få tak i folk frå Setesdal folkehøgskule, dei har no starta opptak til neste år, men Marit J. Brokke måtte tenkje på det, og sidan fekk eg ein sms om at det ikkje passa.

Då eg tok ein telefon til Jan Wojtaszek frå Brokke Alpinsenter, var det JA med ein gong. Eg ville vite noko om overnattingskapasiteten dei har bygd opp i Brokke. Han lova å kome i studio til klokka seks i kveld, men då klokka var seks, var det ingen Jan å sjå. Eg måtte spele litt musikk i starten og prøve å finne han på telefonen, men Kåre Rike, som var teknikar i kveld, fekk ikkje kontakt. Dermed måtte eg over på reserveløysinga, eg hadde plan om eit politisk innslag med Nina Skiftenes frå Bykle Frp, men ho hadde heller ikkje svart då eg ringte for å avtale det, så det enda med at eg las opp lista dei har sett opp. Så kunne eg ta inn Anne Mo Grimdalen frå Grimstad, som skal kome saman med Jan Kløvstad frå Arendal til Valle sundag ettermiddag og ha eit møte med sikte på å få setje opp ei Venstre-liste i Valle. Ho fortalde litt om sitt engasjement som venstrepolitikar, både i kommunestyre og fylkesting. Miljøengasjement og fridom var stikkord i det ho sa, ho var så engasjerande at ein kunne få lyst å kome på møtet i kommunestyresalen sundagskvelden.

Deretter var det tid for ein prat med Tarald Myrum om Ja til eitt Agder. Han er blitt Setesdal sin styremedlem i den organiasjonen. I Setesdal vil dei fleste gå for eitt fylke, så han trudde ikkje jobben vart så stor her, men det er viktig at aksjonen får medlemmer, 200 kroner er medlemspengane. Meir fylgjer seinare