Program for veke 2-2010

Tysdag 11. januar

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld. Vi prøver med Country Gospel Timen ein gong til.
19.30 Diktkveld
20.00 Møteplassen. Møt vinnaren av Stefanusprisen 2010, chin-burmesaren Victor Biak Lian
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 12. januar

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt frå 20.30: Jorunn Helle

Program:
18:00 Aktuell time. Mellom anna intervju med AA i samband med oppstart i Setesdal
19:00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved konstituert rådmann Elise Marie Kringen
20.00 Musikk ved Katrine og Selma frå Valle vidaregåande skule
20.30 Vi møter Marianne Uleberg
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogram_11._januar_2011
Facebook: http://www.facebook.com/#!/pages/Valle-Radio

Triveleg måndag

Ein måndag som den eg hadde i dag, det likar eg. Ein av elevane mine skulle til Evje for å ta køyretimar. Han er i siste innspurten no før oppkøyringa, teoriprøven er i boks, til og med bilen er på plass i garasjen. Men sjølve lappen manglar enno, og så hadde han fårt kjøretime i dag. Så avtalte vi at eg skulle hente han på Evje og ta han med oppover, slik at han slapp å vente heilt til kveldsbussen. Når ein dreg nedover med morgonbussen 7.20 frå Valle og så har seks køyretimar og ikkje kjem heim før klokka 19.15, vert det lite tid til jobben som reinhaldar, enn seie jobben med å lære norsk. Men dene gongen høvde det slik at eg kunne stanse på Evje og vente til han var ferdig. Dermed kom han tidleg heim og kunne få gjort begge deler.

Medan eg venta, gjekk eg innom Setesdalstrykk. No ligg det lenke til Setesdalswiki nederst på Setesdølen sine sider, og eg hadde ein triveleg prat med Knut på Bø. Han oppdaterte meg på Moisund avis, sjå http://www.moisund-avis.com/ og sendte med meg nokre eksemplar av avisa. Eg kan ikkje anna enn å seie meg imponert over avisene, som vert sende ut gratis til nedre Setesdal. Eg som bur i Øvre Setesdal kan bare få den av og til, men ettersom eg ikkje har postkasse her, ser eg den sjeldan.

Vi snakka litt Setesdalswiki, Knut på Bø var engasjert med i prosjektet då vi starta i 2009, men har ikkje kunna halde fram med engasjementet. Interessen er likevel til stades, og eg fortalde om at eg før helga hadde skrive om eit legat i Evje og Hornnes kommune og at eg lurte på å finne ut noko om han som stifta det. Legatet heiter Furer Aa. Aavitslands sogelegat, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Furer_Aa._%C3%85vitsland_sogelegat Knut kunne fortelje at ei av dei som jobba i Setesdalstrykk, heitte Aavitsland, så vi snakka med henne om dette, og ho tok ein telefon og sette meg på sporet. Så seinare i veka kjem det nok noko meir der.

Etter kvart vart eleven min ferdig med køyretimane, køyrelæraren hans var Alexander Gavoura, ein elev eg hadde på Valle skule då eg var lærar der. Vi fekk ein triveleg prat. Han hadde vore køyrelærar på Evje trafikkskule to år snart no, kom direkte til Evje etter han var ferdig med utdanninga.
-Køyrelærarar kan få jobb alle stader, sa han
-Du valde Evje, spurde eg.
-Det var ei budeie her, ja, svara han
-Rart med desse budeiene, ein vil helst vere der dei er, sa eg, og Alexander var enig.

Turen oppover dalen gjekk fint, og med ein liten stopp i Setesdølen for å hente aviser eg kunne skrive inn på Setesdalswiki, kom vi til Valle ved 15.30-tida. Då skulle eleven min gjennomføre reinhaldarjobben. Eg sette meg i Valle Radio for å planlegge sendinga i morgon kveld. Programmet skreiv eg her på bloggen i går kveld, trudde eg, men eg fekk problem med nettet mitt, så det har eg ikkje lagt ut enno, verkar det som. Då får det kome i morgon. Det ligg på Setesdalswiki, http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogram_11._januar_2011

Køyr forsiktig

På vegen nedover Setesdal fredag ettermiddag hørde eg på NRK P1. Dei har trafikkmeldingar og som oftast er det bilberging eller omkjøring på grunn av stengde vegar no om vinteren. Men denne fredagen, i går, var det ei ulukke i Lavangsdalen i Troms, hovudvegen inn til Tromsø. Etter kvart kom det fram at fem menneske miste livet, over femti var innblanda i ulukka, ettersom bilen som fekk sleng trefte ein buss med handballspelarar frå Alta med nærare førti ungdommar på veg til handballturnering i Tromsø. Tre av dei drepte var leiarar ved Narvik sjukehus som hadde vore på leiarmøte på Universitetssjukehuset i Nord-Norge. Dei to andre var far og son frå Melbu. Mor og tvillingsystera vart skadde i ulukka, men overlevde.

Ein har prøvd å rekne ut kva kostnader ein som vert drept i ei trafikkulukke medfører for samfunnet og har kome til vel 23 millionar kroner. Samla kostnad for denne ulukka vart då 117 millionar. Samla kostnad for dei 22 menneskeliva som gjekk tapt i Lavangsdalen dei siste ti åra, var ein halv milliard, sa den profilerte legen Mads Gilbert og kravde fysisk skilje mellom vegbanane på strekningen. Annan stad på nettet las eg at det ofte er stor fart på denne strekningen og at folk oppmoda UP til å oftare ha kontrollar der.

Samstundes høyrde eg at det hadde vore minnemarkering for dei trafikkdrepte på Sørlandet. Sjølv om talet på drepte i trafikken er gått mykje ned dei siste åra, er det framleis høgt.

Eg kjende at eg vart gripen der eg sat i bilen. Eg ba ei bøn for dei som lever att etter å ha hatt ei slik ulukke på nært hald og om at eg måtte vere vara for ulukker på vegen.

Rette klede i Setesdal

Boka med denne tittelen har vi hatt heime ein del år, til tross for at vi ikkje har setesdalsbunad, korkje eg eller kona. Men i går fann eg fram boka og bladde gjennom henne, og det står ganske mykje der. I tillegg er det så mange fine bilete at ein vert sitjande og bla til augo blir både store og våte. Valle Radio sin medarbeidar Britta Lise Homme er avbilda i bunad, Andre kjende er heller ikkje vanskeleg å finne i boka.

Utgangspunktet for dette var at eg skulle skrive ein artikkel om grautkupte til Setesdalswiki. Til vanleg søker ein på Internett når ein skal skrive ein artikkel til dette nettleksikonet. Men der var det lite å finne, bare eit bilete av grautkupte som gjenstand i samlingane til Norsk Folkemuseum. Og så var ordet med i vallemal.no si samling av dialektord med forklaring. Det var forresten ein reportasje om denne sida i Setesdølen i dag. Der står det at databasen er på mest 9000 dialektord, og nye kjem til kvar veke.

I artikkelen hos setesdalswiki er det lenke til sida på Norsk Folkemuseum, der ein kan sjå bilete av ei grautkupte frå 1918. Eg vonar eg skal få på plass bilete av ei nyare grautkupte i artikkelen etter kvart.

I tillegg vil eg jo gjerne ha artiklar om andre klede frå Setesdal.

Setesdalswiki veks

I går var «all time high» for Setesdalswiki med besøk av 116 unike brukarar. Når det før har vore mest vanleg med besøkstal på mellom 50 og 70, skjønar du sikkert at eg jublar litt. Grunnen er nok at Setesdalswiki vart nemnd på wikipedia i går, rett nok bare i ein bisetning som ein liten wiki med 653 artiklar (663 i dag), men med lenke som gjorde at folk kunne trykke seg rett frå wikipedia til setesdalswiki. Dermed var det mange som fekk lyst til å sjå kva det var for noko, reknar eg med. Difor vart eg endå meir overraska då det i kveld var 117 unike brukarar innom. Eg hadde trudd det skulle gå ned mot normalen att.

Setesdalswiki er nok avhengig av samarbeidet med Setesdølen og Valle Radio. Då Setesdalswiki vart starta, var det for å ha ein lokal nettstad der folk innan næringslivet sjølve kunne skrive inn informasjon om si bedrift. Det har skjedd i liten grad, næringslivsfolk seier til meg at dei er glade dei kan svare på epost, om dei skal skrive om si eiga bedrift på Internett, får dei angst. Så den intensjonen ein hadde då Setesdalswiki vart starta for snart to år sidan, har ikkje gått i oppfylling. Men i sommar fekk eg eit samarbeid med Setesdølen, slik at eg kan leggje ut overskriftene i avisa på Setesdalswiki. Setesdølen har ikkje noko nettavis, dei legg bare ut eit bilete av framsida. Det kopierer eg og legg som illustrasjon i artiklane. Men eg lagar lenker der det høver, og dermed kan den som les Setesdalswiki klikke på lenker der ein vil vite meir. Sjølvsagt er det ikkje så mykje enno, men systemet fungerer. I går stod det at Bygland husflidslag skulle arrangere grautkuptekurs. Eg laga ei lenke til grautkupte, leita litt rundt på Internett og i boka Rette klede i Setesdal som Valle bygdekvinnelag har gjeve ut og laga ein artikkel om grautkupte. Den kan du lese her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Grautkupte Då fekk eg lenke til Bygland husflidslag, eg hadde skrive om det tidlegare. Så høvde det slik at på boka eg henta stoff frå var det litt informasjon om Valle bygdekvinnelag, så eg laga ein artikkel om det også. Dermed får den som klikkar på lenka om grautkupte meir informasjon.

Det same skjer når det gjeld Valle Radio, der skriv eg om kvart program, så setesdalswiki fungerer som ei heimeside for Valle Radio. Nå har Valle Radio informasjonsside på Facebook, men det er ikkje av same typen, så dei to typar media utfyller kvarandre. Her er informasjon om tysdagsprogramma hausten 2010: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Liste_over_tysdagsprogram_i_Valle_Radio_2010

For kvar veke kjem det meir stoff. I dag var det eit par som registrerte seg som brukarar. Om fleire vert med og skriv, så vil det vekse fortare enn når bare eg skriv, så du som les dette, er velkommen til å bli med og hjelpe til slik at Setesdalswiki veks.

Setesdalsloft og meir til

Då eg fekk avisa i dag, det er Fædrelandsvennen eg tenkjer på, var det eit bilete eg kjenner godt oppe i høgre kanten på framsida. Sjeldne loft, var tittelen, og Rygnestadloftet var avbilda. Den artikkelen må eg sjå, tenkte eg og bladde opp til side 2 i andre delen, den som heiter Innsikt og gjer at avisa er mykje meir interessant å lese no enn ho var før. Der hadde Torgeir Eikeland skrive ein interessant artikkel med tittelen Sjeldnare enn vikingskip. Artikkelen handla om dei trihøgda lofta, det er bare att tre av dei, alle med opphav i Valle. Brottveitloftet er på Norsk Folkemuseum i Oslo, Nomelandsloftet er på Vest-Agder-museet i Kristiansand. Det siste loftet finn vi på Rygnestad, det kan ikkje flyttast, for det er bygd saman med stogehuset i Rygnestadtunet.

Men biletet på framsida var av Rygnestadloftet, som er på to etasjar, men med store dimensjonar på stokkane, svært velhalde og innhaldsrikt. Så biletet av det trihøgda loftet på Rygnestad hadde avisa ikkje fått med.

Då skreiv eg ein epost til Torgeir Eikeland og fortalde om skilnaden, og snart kom det svar tilbake om at han alt hadde fått merknad på det før, og at det ville kome ei retting i avisa i morgon. Samstundes lurte han på om eg visste kva tid det var bygd. Det visste eg, for eg hadde vore inne på heimesida til Setesdalsmuseet og funne at det var bygd i 1590, same året som stogehuset var sett opp. Det spesielle med dette loftet på Rygnestad er at toppen vart bygd fyrst, basert på mønsåsen til stogehuset. Med den som utgangspunkt bygde ein så loftet. Men det vart for tungt, taket på stoga tok til å lette i andre enden, og då måtte resten av loftet byggjast for å ta vekta av toppetasjen bort frå stogehuset.

Eg ville jo gjerne skrive om dette på Setesdalswiki, men så langt er eg ikkje kome enno, for når eg skal skrive ein artikkel på Setesdalswiki, likar eg å ta utgangspunkt i ei rød lenke, og då må eg fyrst skrive ein artikkel om Rygnestadtunet der det kjem ei rød lenke til det trihøgda loftet. Så langt er eg ikkje komen enno, det har vore mykje anna og som har hendt i dag og som har gjort at eg ikkje har fått tid til det enno. Men ein liten start har det blitt: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Rygnestadtunet

Så er vi i gang att

Dette var ramma for kveldens program i Valle Radio:

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Diktkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland har funne musikk til nyår og epifani
21.00 Kyrkjebakken

Ei sjukanta ramme, slik det så ofte er i tysdagssendingane. I kveld lukkast det å kople opp utan problem, det gav ei god kjensle alt frå starten. Dei fyrste songane henta eg frå plata Joletid, som Eilert Hægeland, Hallvard T. Bjørgum og Kirsten Bråten Berg laga det året eg kom til Valle, i 1991. Det er ei plate eg har gledd meg over i alle dei åra eg har vore her.

Kåseriet mitt i kveld kunne du lese på bloggen eg skreiv i går. Eg lurer på om han som laga radioblogg i går, visste kva han snakka om, for i kveld klokka 22.20 høvde det slik at eg kunne høyre på NRK P2 att, eg hadde køyrt Niklos heim og sette meg i bilen og venta på Radiobloggen. I staden kom Mytekalenderen, så kanskje det med radioblogg bare var ein flopp. Den som høyrer på P2 får sjå.

Svein Granerud hadde Over ein open Bibel fyrste veka i år, som i fjor. Om det var same andakten, det har eg ikkje kontrollert. Den kunne godt høyrast to gonger, den var god å lytte til.

I kveld hadde eg tenkt å sende Per Govertsen sitt Country-gospel-timen. Men det fekk eg ikkje lagt inn i spelaren, så eg måtte droppe det. Eg må finne ut kva som var problemet og sjå om eg får spele ein prøve seinare. I staden måtte eg finne ut songar, og då valde eg å spele noko frå eit par plater av Gaither Vocal Band og noko frå ei contrygospelprega plate av Judith. Det vart bare dette i kveldens sangkveld.

I diktkvelden las eg diktet Juleaftenen av Henrik Weergeland. Det kom ut i samlinga Jøden, ni blomstrende tornekviste i 1842. Eit sterk dikt som det no var lenge sidan eg hadde lese. Gjesten i Møteplassen var biskop Ole Kristian Kvarme, det var ein interessant halvtime der ein fekk eit betre bilete av Oslo-biskopen.

Så var det Niklos sin tur. Kormusikk og orgelmusikk til nyår og epifani hadde han kalla programmet, og melodien som vi syng til Guds godhet vil vi prise var gjennomgangstema i det meste av musikken han hadde funne. Gjennomarbeidd og med gode kommentarar som alltid. Det er interessant og trygt å ha Niklos i studio.

Så kunne vi avslutte med å melde at det ikkje blir sending i morgon, onsdagssendingane startar 12. januar. Og det var einaste kunngjeringa eg hadde fått melding om, så med det ebba programmet ut.

Her finn du programmet på Setesdalswiki med musikken og fleire detaljar: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogram_4._januar_2011

Radioblogg

Eg måtte smile då eg køyrde oppover til Valle i kveld og høyrde på P2. Dei annonserte Radiobloggen som eit fast programinnslag som skulle kome klokka 22.20 kvar kveld. Mytekalenderen var flytt til klokka 06.20, den var for morgonfuglar frå 2011, i staden skulle P2-folka blogge.

I grunnen var det eit kåseri. Og ein blogg er som regel, i alle fall når det er tale om ordets blogg, eit kåseri, der ein skriv om ting som fell ein inn medan ein skriv. Web-logg var utgangspunktet for ordet. Ein skulle altså skrive ein logg for dagen på web, internett. Der har du nok grunnen til at eg som regel skriv bloggen min nokså seint på kvelden. Det er først då eg har oversikt over kva dagen har ført med seg.

Eg sat og høyrde kveldens Radioblogg i P2 og tenkte at dei var velkomne etter. No er det over fem år sidan vi starta Valle Radio sin blogg, det var i oktober 2005. Men i NRK siterte dei ein eller annan som hadde sagt at sosiale medier, som blogg, Facebook og Twitter, ikkje er ekte før dei gjev høve for mottakarane å svare på bloggen. Difor hadde dei i P2 diskutert om ein skulle sleppe publikum til i Radiobloggen, men det hadde dei gått bort frå. I staden vert det no folka i kulturavdelinga som skal blogge i P2 sin radioblogg. Det skal visst heller ikkje vere råd å kommentere, i alle fall fekk eg ikkje med meg noko lenke til det i kveld. Men dei sa at om det vart etablert ei gruppe på Facebook som kravde at publikum skulle få blogge i Radiobloggen, så måtte dei kanskje sjå på ordninga ein gong til.

På Valle Radio sin blogg har eg skrive over 2300 innlegg, og det har vore høve til å kommentere heile tida. Det står 75 kommentarar, det er jo bare 15 pr. år, så de lesarar har ikkje vore så ivrige til å kome med dykkar meiningar i høve til det eg skriv. Dette var og omtala i Radiobloggen på P2, dei meinte at det var svært mange gonger sjølv folk som jobba i radio ikkje hadde lyst til å kommentere eit innlegg, dei ville bare nyte det å vere lyttarar. I mitt tilfelle får det vere tale om lesarar. Eg vonar du nyt ein og annan av postane mine og tenkjer å halde på også i året som enno ikkje er skrive så mykje om.

Vet du hvem du er?

Dette var tittelen på eit program på TV i kveld, og eg vart sitjande og fylgje med på det. Programmet handla om slektsgransking, og ettersom eg har ein son som er nokså aktiv med det og har teke i bruk data i slektsforskning, DIS, så hadde eg jo litt peiling frå før. Til eit slektsstevne for nokre år sidan gav borna mine ut ei bok om ei slektsgrein, og den har blitt flittig brukt i ettertida.

I kveld fekk vi fylgje Bjarne Brøndbo på leiting etter slekt, og då lærte eg ein god del. Til dømes handla det om dambygging i Namdalen, der var det fløtardammar som var ein heilt ukjend del av industrihistoria for meg. Heller ikkje visste eg at ein i Trondheim hadde ein stor innflytting frå Flensburg på 1700-talet. At bybrannar kunne leggje formuar i grus, det hadde ein jo høyrt om, men her fekk vi tydelege døme på kva konsekvensane kunne vere i ei tid utan forsikringsordningar.

Det fine med eit slikt program er at det fortel ei historie, og historieforteljing er jo meir enn å finne data i kyrkjebøker og linjer bakover. Å finne kva som løyner seg bak dei turre tala, det kan vere svært så interessant. Vi såg korleis Bjarne Brøndbo oppsøkte ein onkel han ikkje hadde møtt før, han var halvbror til mora og hadde ikkje vakse opp saman med halvsøstrene sine. Dermed fekk vi og eit innblikk i korleis livet kunne arte seg på bygdene. Det er rart å tenkje på at det i grunnen ikkje er så lenge sidan heller.

Det var ikkje fritt for at ein kunne trekkje linjer mellom omtalar og opplevingar i programmet og parallellar til eiga slekt. Slik vart programmet meir lærerikt og gav meir innsikt enn mykje anna. Det var skilnader mellom landsdelene i synet på kven ein skulle vekse opp saman med, vart det og sagt i programmet. Sjølv om programmet slik ikkje bare skildra solskin, når ein driv med slektsgransking, vil det fort kome fram tilhøve som ein ikkje ville vere så stolt av i vår tid, gav det innsikt og forståing for korleis livet kunne arte seg for folk her i landet for ikkje så mange år tilbake.

Eg gleder meg til neste program. Men truleg vil det vere vanskeleg å gjere noko slikt på radio. Bileta og filmsekvensane gjorde mykje for å levandegjere historia. Å bare fange så mykje stoff utan bilete, vil nok vere mykje vanskelegare. Menm bygdebøkene i Valle er verd eit studium. Snart er det vel tid med supplementsbind for å spegle det som har hendt dei siste 25 åra, det tek jo til å bli ei stund sidan bygdebøkene kom ut.

Godt nytt år

Eg slutta fjoråret med å takke for det gamle, så då får eg skrive det nye årets første blogg med å gratulere med det nye.

Jo lenger ein lever, jo større er sjansen for at ein lever lenge, var det ein som sa. Men vi har sett at fleire har blitt leita etter i nyårshelga, og som vanleg har det vore brannar på grunn av fyrverkeri. Det må ha vore ille å verte huslaus i ein familie med åtte barn, slik vi kunne høyre om i dag. Ille er det jo uansett, men med så mange familiemedlemmer er det ikkje lett å finne seg ein ny og høveleg stad å bu og sikkert ikkje enkelt å finne ein stad å vere i ventetida heller.

Elles kunne vi høyre at det var mange augeskader som følge av fyrverkeri som løp løpsk. Sjølv har eg alltid halde meg langt unna fyrverkeri, så for dei som kjenner meg er det sikkert ikkje noko bombe å få vite at eg stør dei som meiner at nyårsfyrverkeri bør vere ei kommunal sak. Unntak kan eventuelt gjerast for folk som bur ei halv mil frå næraste nabo eller noko liknande.

Nyårsdagen pleier ofte vere ein sløvedag, som syster mi kalla det i ein SMS eg fekk frå henne i dag. Det er nyårskonserten og hopprennet på TV, men elles er dagen stille. Sjølv fekk eg med meg begge to, og hopprennet var vel helst ei sløvegreie, med bare ein omgang og lang pause midt i. Likevel vart det fall, heldigvis utan store negative konsekvensar, så vidt eg kunne sjå. Men triveleg at vi fekk ein norsk hoppar inn blant dei fremste, sjølv om han ikkje kom på topp tre.

Syster mi og mannen hennar kom på nyårsbesøk, det var triveleg å nyte jolebakst saman og å prate saman om slekt og familie og livet i sitt vanlege løp. Snart er jolehelga over og den daglege dont tek til, så vi fekk ei triveleg stund saman før dei drog heim att. Å bruke fridagar på denne tida til å vere saman med familie er ein god tradisjon, så eg er takksam for at dei tok turen. Sjølv har eg halde meg innomhus det meste av joleferien, kulda gav meg ikkje lyst til å gå ut, og då den gav seg, vart det så glatt at eg på ingen måte ville ta turen på glattisen om eg ikkje var temmeleg nøydd.

Men eg fekk laga program til tysdagssendinga 4. januar og til og med sendt det inn til Setesdølen i tide til at det kom med i romjolsnummeret. Så snart er vi i gang att.