Minneord på trykk eller nett

I USA og i Storbritannia har avisene eigne folk til å skrive obituaries, minneord om folk som er gått bort. Her i landet skjer det meir etter innfallsmetoden, nokre aviser trykkjer personlege tekstar der det står mest om korleis den avdøde var som ven og i familie, andre aviser trykkjer ikkje minneord om dei ikkje har ein stor grad av faktainformasjon om den som er gått bort.

Etter at eg tok til å skrive på Wikipedia, har eg hatt god nytte av slike minneord når eg skulle skrive biografiar om personar som det var naturleg å ha med i dette nettleksikonet. Etter at eg starta Setesdalswiki har eg og hatt nytte av minneord frå Setesdølen og andre aviser for å skrive biografiartiklar om folk. No nyttar eg til og med dødsannonsane for å skrive ein liten biografi om ein som er død. I det minste kan eg få med både dødsdato og gravlegging, som oftast noko om familien også. Så vert det ein liten artikkel, og den dagen alle nummer av Setesdølen for 2010 er lagt inn i Setesdalswiki, vil ein og ha informasjon om kven som døydde det året.

Eit par gonger har eg snakka med redaktørenn av Setesdølen om dette. Han har lenge meint at kyrkjelydsblada burde trykt minneorda som presten held i samband med gravferd. Det ville truleg gjort at folk tok vare på kyrkjelydsblada, seier han. Sjølv ville han og gjeve spalteplass til slike minneord. Når ein sit i gravferda og er sorgfull, er det ikkje så lett å få med seg det som presten seier. Å lese det ei veke seinare kunne vere ein del av sorgterapien. Han har lufta tanken med prestar utan å få respons.

Eg luftar også tanken her på bloggen. Setesdalswiki kunne og vere ein plass for eit minneord etter ein som er død. Då kunne ein lesar finne det om han søkte på namnet og lese det når han eller ho hadde høve til slikt. Slike bidrag er velkomne på Setesdalswiki. Med tida vert det eit godt grunnlag for slektsgransking og bygdesogeskriving om folk vert med på den dugnaden det er å lage Noregs fyrste regionale leksikon som alle kan skrive i. Her er eitt eksempel på ein artikkel basert på bare ein dødsannonse: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Ottar_Fennefoss

Frå Oslo til Bykle

Helge skulle vere med på møtet om Setesdalswiki som var torsdag. Det er han som har det tekniske ansvaret for databasen, og han var interessert i å vere med på idedugnaden eg skreiv om i går.

No høver det slik at han har fått seg bustad så nær jobben at han spaserer på jobb, og då kvitta han seg med bilen. Dermed var det aktuelt å ta buss til Valle, og etter å ha granska rutetabellar, kom han til at han kunne kome til Bykle om kvelden klokka 23.05. Det hadde eg aldri høyrt om, og eg spurde andre om det same, men det verka ikkje som om nokon visste det.

Då han kom på busstasjonen i Oslo stod Haukeliekspressen der og på bussen stod det Haukeligrend/Hovden/Bykle, så det var klart at det stemte. Halv seks gjekk han på bussen i Oslo, og etter å ha bytta til minibuss på Åmot, gjekk det strake vegen til Bykle. To personar gjekk av på Hovden, og då bussen hadde sett av Helge på YX i Bykle, snudde sjåføren og drog tilbake til Haukeligrend.

Eg møtte Jan Oddvar den kvelden, eg var nede og fekk meg bensin på Statoil Rysstad, og då stoppa bussen der slik at passasjerar skulle få handle litt og gå på do, det var jo stengt i Valle så det var ingen grunn til å stå lenge der, sa han. Eg spurde han då om dette og han fortalde at Bykle kommune hadde ein avtale med Haukeliekspressen om å køyre til Bykle om det var passasjerar – bare avstiging. Ein kunne altså ikkje rekne med at bussen kom om ein hadde vore på Hovden ein tur og ville reise heim seint på kvelden. Men elevar på Skigymnaset visste godt om bussen når dei hadde vore på tur austover og nytta den gjerne, etter det eg skjøna.

Etter mi meining er det ein buss som fortener å verte betre kjent i Valle og på Rysstad. Det er mest vanskeleg å kome fortare frå Oslo til Valle enn den tida bussen bruker, seks timar om ein vert henta i Bykle, og den turen er jo overkommeleg sjølv litt seint på kvelden.

Eg trur det er grunnlag for å lage eit innslag om dette i Valle Radio når det høver slik.

Setesdalswiki veks

I dag hadde Signe Sollien Haugå kalla inn til idedugnad om Setesdalswiki. Denne nettsida veks og har no over 700 artiklar og speglar tilhøve i Setesdal. 10 personar møtte på Sølvgarden og fekk vite meir om prosjektet og tenkje litt på korleis ein kan kome vidare.

På Setesdalswiki kan ein skrive om kultur, næring, personar og stader i Setesdal. Og mykje anna kan kome med. Det er fritt for alle å skrive, og så prøver vi å hjelpe kvarandre slik at artiklane vert gode og lesverdige. Dette prinsippet om at alle kan vere med trur eg har vore ein viktig grunn til suksessen til wikipedia globalt og nasjonalt. Men den nasjonale versjonen har reglar som gjer at lokale og regionale emne ikkje så lett finn ein plass i dette leksikonet. Difor kom ideen om eit regionalt leksikon der næringsliv og kulturliv kan omtalast på lik linje med alle kommunestyrerepresentantane, ikkje bare ordførarane.

Etter kvart vil nettstaden verte ei kjelde som andre kan bruke. Til dømes fann Sigurd Haugsgjerd informasjon han kunne bruke i Setesdølen som kjem i morgon, fredag 21. januar. Då han fortalde om det, lo eg, for eg hadde alt i sommar tenkt at noko slikt kom til å skje.

Idedugnaden førte til at vi vil prøve å få til nokre arrangement i alle kommunane der folk kan kome og få informasjon om prosjektet. Det er eit prosjekt som er basert på gleda over å lage noko meir enn av tanke på å tene pengar, alt er dugnad. Men mange bekker små, gjer ei stor å. Og ei stor å kan nyttast til mykje.

På 10 år har wikipedia vakse til over 3,5 millionar artiklar på engelsk og til over hundre språk. Den norske versjonen på bokmål har snart 300.000 artiklar og den nynorske har over 60.000 artiklar. Kven veit kor mykje stoff om Setesdal og dei nære bygder ein kan samle over ein slik periode. Eg trur det vil verte ei kjelde å ause av om vi fyller på henne med stadig nytt stoff i åra som kjem.

Setesdalswiki fungerer som ei slags heimeside for Valle Radio, program og element frå programma ligg som tekst der. Vil du vite kven ho er, den Mariann Uleberg som Bjørgulv T. Berg intervjua i fyrste sendinga i år, så finn du artikkel om henne. Og vil du vite kven som er i kommunestyret i Bygland og som snart skal avgjere om Ose Turistheim skal seljast, så kan du finne ein artikkel med liste over alle medlemmene. Enno er dei fleste lenkene raude, for artiklar om kvar og ein er ikkje på plass enno. Men du kan kanskje skrive ein artikkel om ein av politikarane der? Det er bare å klikke på den røde lenka og skrive ein kort biografisk tekst, så er du med på å vidareutvikle denne nettstaden.

Gå til http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside og registrer deg som skribent og bli med på denne store dugnaden, du og.

Svein Harberg i Valle Radio

I kveld tok Øyvind Jacob ein telefon til Svein Harberg, stortingsrepresentant for Høgre frå Aust-Agder. Bakgrunnen var at Harberg har fremja eit dokument-8-framlegg i Stortinget for å få liv i saka om motorisert ferdsle i utmark.

I samtalen med Øyvind og Ørnulf Hasla fortalde Harberg, som har hytte på Hallbjønnsekken og som handlar i Valle når han er på hytta, at det har vore eit forsøk der åtte kommunar har hatt prøveordning med lokal forvaltning av lova. Det har fungert svært godt, og det har ikkje kome klagar på slik lokal forvaltning, Sirdal og Vinje var med i prosjektet, men ingen kommunar i Aust-Agder.

Men då prøveperioden var omme og det skulle lagast rapport basert på erfaringane, såg ikkje Direktoratet for Naturvern, som hansamar saka, på konklusjonane, men fremja sitt eige syn, som gjekk ut på ei strengare praktisering. Ettersom det var usemje i regjeringa, vart saka lagt vekk. Det er ingen tent med, og opposisjonen vil gjerne ha saka opp med tanke på å få til ei permanent ordning i tråd med forsøksordninga.

-Ein opplever jo at folk som har snøscooter, køyrer i hyttefelt og på vegar fordi det ikkje er lov å køyre lovleg med dei, sjølv om det er lov å kjøpe og å eige snøscooter, sa Harberg, som meinte at det var betre om det kom ei avklaring i Stortinget. No reknar han med at i løpet av eit par månader kan det kanskje verte ein debatt i Stortinget om saka.

Dette vart den einaste saka eg fekk høyre av kveldens sending. Eg tok meg ein tur til Rysstad for å fylle bensin, Esso-stasjonen i Valle er stengd og eg skal til Bykle i kveld og hente Helge, som kjem for å vere med på møtet om Setesdalswiki i morgon. På Statoil Rysstad møtte eg trivelege folk eg slo av ein prat med i staden for å høyre resten av nyhetstimen, så kva anna Øyvind og Bjørgulv snakka om, fekk eg ikkje med meg.

Men eg fekk med meg litt av Kommunen informerer, der Frode Buen brukte siste nummer av Bygdenytt for å minne om aktuelle saker. Øyvind fortalde og at treningsbassenget i fysioterapiavdelinga no er i drift att, etter to og eit halvt år utan basseng var det mange som gledde seg over at dei no kunne få trene i varmt vatn att. Om nokon legg ut informasjon på Setesdalswiki, får du heller lese meir der om sendinga i kveld: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110119

400-års minne

Niklos K. Besteland likar minnedagar, og i kveld markerte han minnet om Tomas Luis de Victoria, som levde frå 1548 til 1611. Han var ein spansk komponist og blir ofte kalla den spanske Palestrina. Han fekk si fyrste musikalske utdanning ved katedralen i Avila, der han var korgutt frå han var 10 år. I 1565 vart han elev ved Collegium Germanicum i Roma, eit jesuittkollegium, og der kom han i kontakt med Palestrina sin musikkstil. I 1575 vart han prestevigd, og under kong Philipp den andre av Spania fekk han stilling som kantor. Han hadde ein stor produksjon, 20 messer, 44 motettar, 35 hymner, 16 magnificat, 7 bibelske salmekomposisjonar, 12 antifonar, 19 cantica. Den berømte Officium Defunctorum spelte vi i Valle Radio til Helgemesse 2010.

I kveld var det koret i Westminster Cathedral som song under leiing av David Hill. Eg fann nokre relevante lenker for deg som vil vite meir:
http://en.wikipedia.org/wiki/David_Hill_(choral_director)
http://no.wikipedia.org/wiki/Westminsterkatedralen
http://no.wikipedia.org/wiki/Tom%C3%A1s_Luis_de_Victoria
http://en.wikipedia.org/wiki/O_Magnum_Mysterium

Dette var det første programmet Niklos hadde utan orgelsolo. Og det var hans program nummer 271.

Gospel Country

Ein time med Gospel Country i kveld. Den kom eg lett frå, for Per Govertsen sende ei plate frå Arendal der han hadde brent inn heile programmet.

Eg trefte Ørnulf på Valle Handel i dag og han hadde sett på filene eg hadde lasta ned frå nettet, dei må konverterast før dei kan spelast i vår spelar. Slikt har eg ikkje lært meg å gjere enno, så eg får prøve å få det til etter kvart.

Eg har i lang tid hatt Sangtime i radioen no, og før jol var Siri Johannessen med fleire gonger. Det var meininga ho skulle hatt programmet i kveld også, men ho fekk problem med bilen og nådde ikkje fram i tide. Dermed vart det Country Gospel, og programmet hans var godt. På slutten var det til og med ein liten andakt.

Sist veke nytta eg spelelista hans som grunnlag for å finne songar til Sangkvelden, og då oppdaga eg ein artist eg ikkje hadde visst om før: Ann Kristin Eikeland frå Kvås. Då song ho eit par norske songar, det var sjeldan vakkert. Eg vil nok nytte dei seinare i Valle Radio.

Spelelista til programmet finn du på Setesdalswiki:
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogram_18._januar_2011#18.30_Sangkveld._Country_Gospel-timen

Eg synest det er fint å kunne kople saman Setesdalswiki og bloggen, så ta gjerne ein tur innom og les det som står der.

Wikipedia 10 år

Laurdag var det 10 år sidan Wikipedia starta. Det er rart å tenkje på kor mykje som er blitt forandra på desse åra når ein ser det i wikipedia-perspektiv. Difor vart jubileet markert over heile verda. Den engelske versjonen av leksikonet er på 3,532,058 artilar i kveld når eg skriv dette. Den norske er på 287 803 artiklar og den nynorske er på 62 847 artiklar.

I veka før jubileet var det ein viss ståhei fordi det nynorske leksikonet Allkunne, som bare har om lag 1500 artiklar, hadde fått ein advokat til å skrive til wikipedia og klage leksikonet for brot på opphavsretten. Kravet var erstatning på 75.000 kroner pluss saksomkostningar. Vi som held på med wikipedia var noko overgjevne, for dei kunne bare teke kontakt med ein administrator på nynorsk wikipedia, der fadesen skjedde, så ville han ha sletta artikkelen om Arve Brunvoll. Opphavsretten er viktig, så wikipedia slettar alt som er kopiert frå andre stader på nettet, om det då ikkje er tydeleg at det er lov å kompiere. Alle som skriv må gje frå seg retten til det dei skriv, det er det som er grunnlaget for suksessen, trur eg. For då kan andre gå inn og fikse og utvide det som eg har starta på. Dermed veks artiklane heile tida, i tillegg til at det stadi kjem nye artiklar basert på raude lenker i tekstane som alt er skrivne.

Sjøv vart eg med på dette 12. juni 2006, så eg har femårsjubileum til sommaren. Eg har nok vore ein av dei meir produktive skribentane, passerte 42.000 redigeringar no i januar. Men for tida er eg litt slapp, eg har brukt 19 dagar på dei siste 50 redigeringane, og det kunne eg klare på ein dag når eg var på det mest aktive.

Grunnen til at eg er litt mindre aktiv på wikipedia er at eg har starta Setesdalswiki, eit regionalt leksikon der ein kan skrive om slikt som ikkje er nasjonalt, men som kan vere interessant nok for det. På denne wikien passerte vi 700 artiklar no i helga, og eg har nok skrive dei fleste. Sidan nyttår er det kome 60 nye artiklar, og eg har ansvaret for 58 av dei. Då eg i sommar fekk avtale om samarbeid med Setesdølen slik at eg kan skrive av overskriftene i avisa, gav det grunnlag for å kome vidare i arbeidet.

Torsdag skal vi ha eit møte for å snakke saman om vegen vidare. Signe Sollien Haugå i Setesdal Regionråd har sendt ut innbyding til ein del som steller med informasjon i kommunane i Setesdal og bedt dei om å invitere folk dei kjenner som kan vere interessert i dette. Det skal vere på Sølvgarden og startar med lunsj klokka 11.30 og så varer det til 14.30. Om du som les dette har lyst til å vere med, kan du melde deg på til post@setesdal.no

Veke 3 – 2011

Her er programma for denne veka:

Tysdag 18. januar

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld ved Siri Johannessen
19.30 Diktkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogram_11._januar_2011
Facebook: http://www.facebook.com/#!/pages/Valle-Radio

Stengt Essostasjon

I sendinga i går snakka Ronny Stavsholt og Kåre Rike som vanleg om at premiane skulle leggjast på Esso i Valle. Heller ikkje dei visste at stasjonen var stengt. Etter det eg høyrde i dag, var siste opningsdagen måndag. Erna og Will hadde vel halde på knapt eit par år då dette hende. Men siste tida har vore tung, for Will fekk problem med ein fot og vart sjukemeld. Dermed vart Erna aleine om å drive, og det vart tungt i lengden.

Sjølv har eg i liten grad nytta meg av Esso-stasjonen i Valle ettersom eg reiser til Mandal i helgene. Då vert det til at eg handlar bensin på helgetilbod der, og gatekjøkkenmat har eg ikkje vore nokon tilhengjar av på mange år. Men i haust var eg innom der nokre gonger og fekk meg gatekjøkkenmat. Eg hadde i grunnen tenkt å få meg det i dag og, men fekk altså vite at det ikkje var mogleg lenger.

I alle år hadde Valle Radio avtale med Essostasjonen om å leggje ned premiar der etter Opi sending. Kor Ronny og Kåre leverte premiane frå i går, veit eg ikkje. Men eg går ut frå at det vil kome ei løysing om ikkje alt for lang tid. Ein ting er premiane, noko anna er høvet til å kjøpe bensin. Det er å vone at nokon vil finne den utfordringa interessant også i framtida. Valle treng ein bensinstasjon i bygda.

Mellom Theis og Mariann

Fyste onsdagssendinga i 2011 starta med Theis Salvesen, som skal gjeste Valle kyrkje under prestegjeldsaksjonen og tale der fredag 28. januar, og slutta med Mariann Uleberg frå Hovden, som studerer musikk i USA og som spelte tre stykke på gitar for oss i Valle Radio. Dei synte ein strålande teknikk og stor musikalitet og var ei rein oppleving å høyre.

Mellom desse ytterpunkta fekk vi så ein samtale om den anonyme alkoholikaren Yngvar om at AA vil prøve å starte med samlingar i Setesdal og skal ha eit informasjonsmøte om dette for heile Setesdal i Grendi neste onsdag klokka 18. Den som har lyst til å reise, kan kontakte NAV i kommunen, som vil organisere transport. AA vart starta i 1947 og har vore ei god hjelp for mange alkoholikarar sidan den gongen.

Bjørgulv fekk og tid til ein prat med Bjørnar Mørenskog, som har starta butikk på Hovden etter at han avslutta drifta på Hovden Fjellstoge. I butikken sel han klede frå Stormberg og bøkene og kartmåleria som han har gjeve ut. Bjørnar sin aktivitet er i skjæringspunktet mellom kultur og næring, og då Bjørgulv snakka med han i telefonen, var han på veg heim frå Kristiansand etter å ha henta eit lass med klede hos Stormberg. I tillegg til å drive butikk vil han framleis organisere pilgrimsturane frå Hovden til Røldal om sommaren.

Etter at Torleif Harstad hadde hatt Tankar frå Bibelen, kom konstituert rådmann Elise Marie Kringen i studio i programmet Kommunen informerer. Ho fortalde om alt som skjer i samband med helsereformen, sjølv hadde ho vore på eit møte i Arendal i dag og blitt oppdatert på ein del av det som skal skje i året som ligg framfor oss. Mange av dei emnene som ho fortalde om, har alt artiklar på Setesdalswiki, det var helst litt moro å sjå at det vart blå lenker i teksten etter kvart som eg skreiv. Du kan lese om heile kvelden om du fylgjer denne lenka: http://www.eskeland.net/w/index.php?title=Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110112&redirect=no

Klokka 20 presenterte Katrine Johnsen og Selma Margaret Dahlin frå Valle vidaregåande skule presenterer. Deira musikk i dag var av irsk og roleg slag, vel verd å høyre på. Og då dei var ferdige med sin etappe i kveldsprogrammet, var ringen slutta i høve til det eg starta denne bloggen med: Mariann Uleberg sin gitarmusikk, ho spelar elgitar, var sjeldan vakker. Og samtalen med henne var også til å få forstand av.

Klokka 21 overtok Ronny Stavsholt og Kåre Rike studio med Opi sending. Tema for rebusane var overnaturlege fenomen. Eg løyste nokre av rebusane og ringde inn, men kom ikkje til studio. Om eg vann krus, får eg finne ut på Facebook etter kvart, Britta Lise pleier å legge vinnarane ut der. Eg skreiv ikkje så mykje om opi sending på Setesdalswiki, eg vart distrahert og hadde ikkje høve til å få med meg alt som hende der. Men dei to i studio verka å ha ein triveleg kveld, klokka vart over 23 før dei sa god natt.