Samkommune

I kveld hadde eg med meg Tarald Myrum som fyrste gjest i Valle Radio. I Setesdølen nr. 100, 2010 hadde han eit lesarinnlegg om samkommune, og då tenkte eg at det var eit tema vi kunne snakke om.

Du kan lese meir om samkommune på setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Samkommune Dette er ei forsøksordning som har vore prøvd i Trøndelag, der det er etablert to samkommunar. Det er ikkje samanslåing av kommunar, men kommunar som går inn i eit forpliktande samarbeid på nokre felt, dei etablerer samkommunestyre som politisk styrer dei områda dei samarbeider på, men kommunane består likevel som sjølvstendige einingar.

Fordelen med dette er at det er politikarane som styrer, dei gjev ikkje frå seg styringa, slik det ofte vert opplevd når ein startar IKS. Tarald nemnde Setesdal Gjenvinning IKS som eit døme. Det har og vore tale om å etablere IKS innan IKT og Setesdal Brannvesen er vel og eit IKS.

Han meinte og at Setesdal Regionråd har fungert godt som eit samarbeidsorgan mellom kommunane i Setesdal, og tenkte at samkommune kunne vere ei vidareføring av det gode samarbeidet ein alt har. Men det er bare Senterpartiet som har gått inn for samkommunar. Då denne ordninga var ute på høyring, møtte den massiv motstand frå andre politiske parti, og samarbeidsorganet KS vende og tommel ned.

I Finland er det 250 samkommunar, i Sverige om lag 80, så han meinte det var rart at ein hadde vore så skeptisk til samkommunar i Norge. Dersom modellen vert lovfesta i kommuneloven, kan kommunar velje ein slik modell heller enn ei samanslåing. No fungerer ordninga etter forsøkslova. Men dei fleste partia ser ut til å meine at samanslåing av kommunar er det einaste ein bør arbeide for i Norge og er difor imot. Så får ein sjå korleis det går.

Å treffe ein elg

Eg hadde vore på Rysstad ein tur i går ettermiddag og var på veg heim. Det er jo som oftast ein interessant tur. Like nord for Soknehuset står julehuset på Rysstad 2010, dekorert etter alle kunstens reglar. Då eg kom forbi Faremo, sakka eg farten og såg på huset som brann ned fredag, der brannvesenet hadde store problemer med vatnet då dei skulle sløkkje.

Så var det 60-sonen på Nomeland, og eg såg på Hylestad skule. Eg pleier alltid å kaste eit blikk på grana som står ved huset der me budde i frå 1992. Men plutseleg stod det ein elg mitt i vegen, med hovudet vendt mot Otra, han hadde kome frå vestsida av vegen. Heldigvis hadde eg liten fart, men mange rare tankar for gjennom hovudet på meg:

Nummer 1: Den elgen var veldig stor
Nummer 2: Eg kjem til å treffe han
Nummer 3: Korleis skal dette gå?

Eg stod på bremsa, men plutseleg så kom det ein smell, og eg tenkte at no får eg han inn vinduet. Men det var bare spegelen min som blei slått inn, glasset i spegelen knuste, så eg måtte nytte spegelen inne i bilen, og då eg endeleg fekk sjå gjennom det, såg eg ikkje nokon elg, så noko fortumla heldt eg fram nordover.

Då eg hadde summa meg litt, ringde eg til Øystein, kollegaen min. Han hadde nummeret til Knut H. Nomeland, dette skjedde like nedanfor huset hans, så eg tenkte at om det låg ein elg i hagen hans, kunne han kanskje gå ut og sjå om den var der. Øystein lova å ta kontakt, og ein time seinare, då eg var komen meg heim og hadde lagt meg til å kvile middag, framleis noko sjokkert etter hendinga, fekk eg ein telefon tilbake. Då hadde Knut vore ute og sett at eg ikkje hadde drøymt, det hadde skjedd noko nedanfor huset hans, om lag ved undergangen der sykkelstien kryssar vegen. Eg hadde trudd det var lenger nord.

Men elgen hadde tydelegvis snudd og gått oppover i skogen der han kom frå, sikkert noko fortumla etter det slaget han hadde fått, men så langt Knut hadde kunna sjå, utan andre skader.

Eg har mange gonger tenkt på at ein må køyre forsiktig når ein er på farten opp og ned dalen, men til no har eg bare treft eit par rådyr. Det skjedde for nokre år sidan på Kveste, også dei hoppa vidare etterpå, sjølv om grillen var full av hår etterpå. I år har eg tenkt at det er så lite elg at ein tur er meir sikker no enn den var tidlgeare. Men eg tenkte feil.

Øystein minna meg om at ein skal ringe politiet når ein har grunn til å tru at eit dyr er skadd, dei kallar på folk som kan ut og leite etter dyret. Eg gjorde ikkje det etter å ha fått telefonen frå han, truleg må det i den forstand klassifiserast som ei ikkje-hending, men spegelen min er bevis på at det hende. Likevel er eg takksam for at eg ikkje fekk ein elgskrott over meg i bilen, då hadde det truleg ikkje blitt noko program i kveld.

Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com – klikk på live streaming

Program for veke 49 i 2010

Tysdag 7. desember

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld ved Siri Johannessen
19.30 Diktkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Harald Haugland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 8. desember

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Haralds time med gjester.
1. Marie Johnsen, leiar i barnevernet
2. Duro Bartulac, leiar i GD Laftebygg
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme

Høyr sendinga på www.valleradio.com]
Facebooksida til Valle Radio: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?ref=ts
Send helsingar til post@valleradio.com

Niklos måtte melde sjukdomsforfall til tysdagssendinga, så det vert eg som har Postludium denne kvelden, og så kjem Niklos sterkt att neste tysdag.

Og så gleder eg meg til onsdagen då eg skal ha to nye med som gjester klokka 20. Eg møtte leiaren for Setesdal barnevern, som omfattar kommunane Bykle, Valle og Bygland, Marie Johnsen, på jolebordet til Valle kommune fredagskvelden, og ho lova å kome i studio og snakke om barnevern. I tillegg hadde eg ein gammal avtale med Duro Bartulac i GD Laftebygg om å få ein samtale med han, så han kjem klokka 20:30. Han var litt skeptisk, for han var redd at hans svensk ikkje skulle vere god nok for å snakke i radio, men vi fann ut at vi kunne jo prøve. Lenke til GD laftebygg er http://www.gdbygg.no/

I sendinga skal vi og ha ein samtale med Torleif Homme om strømsikkerhet. Utgangspunktet for samtalen finn du her: http://www.pressenytt.no/nor/content/view/full/237 Men vi kjem nok og inn på brannen på Faremo fredag og problema Setesdal Brannvesen hadde med å skaffe vatn til å sløkkje. Dette vil truleg skje i halvtimen frå halv ått til åtte i det programmet som heiter Kommunen informerer.

Men kva vi skal ha i den aktuelle timen onsdagskvelden, det har eg ikkje oversikt over enno.

Jolebord med Valle kommune 3

Det var ikkje bare eg som skreiv song under jolebordet til Valle kommune fredagskvelden. Pål Dale skreiv ein som som medlemmene av kommunestyret framførte i underhaldsningsdelen i Riddersalen etter måltidet. Eg spurde Pål om å få leggje den ut på bloggen min, det er ofte ikkje så lett å få med seg teksten på ei slik framføring. Det måtte eg bare gjere, sa han, så difor deler eg han med dykk.

Melodi: Ingen er så trygg i fare

Ingen er så trygg i fare
som den gruppa til Pål Dale
Om vi hopper eller spretter
ned på beina klart vi detter.

Politikk er makt og ære,
følgjer ikkje Bibelens lære,
men i sannhet for vår neste
vi vil teste ut det beste.

Hva vi tar og hva vi giver,
misfornøyde mange bliver.
Tause kvinner – det er riktig,
Reinsdyr, scooterspor er viktig.

Her i Valle vil me have
folk på gardar – unger lave.
Ljos og trivsel – gode granner,
vi hver motstander forbanner.

Her det sladres, kontrolleres,
det forfølges og punkteres.
Rykteflom, det flommer veldig,
går en fri, så er en heldig.

Politiet kom til bygda,
trygge er de unge, trygda.
Her skal eldreomsorg skinne,
det er SAKEN vi må vinne.

Vi skal ha det bra i Valle,
dette mener faktisk alle,
men å tenke litt langsiktig,
det er faktisk også viktig.

Svenskekongen gikk til flere,
dette gjør han ikke mere.
Vi lot oss av Høyre friste,
aldri mer vi vett må miste.

Skolekampen den var amper,
det ble kjempet harde kamper.
Også hardt i egne rekker,
håper ei partiet sprekker.

Hva skal Hylestad med skule?
Der dei sloss med krutt og kule…
Skuletida ble det neste,
alle hevdet: Barnets beste

KrF, vi driv og vipper,
gamle fordommer vi slipper.
Hvor vi vipper neste året,
dyrt vi selger stemma’ våre.

Fire år har vi hatt sammen,
ikke alltid fryd og gammen!
Men vårt mål er dette ene:
Bygdas sanne vel alene.

Melodi: Min båt er så liten

Vår gruppe er liten og Høyre så stort,
men Pål har tatt Bjørgulv si hand.
Når han styrer bygda så blir mye gjort,
da går det så godt som det kan.

Ingen tvil om at jubelen stod i taket etter framføringa.

Jolebord med Valle kommune 2

I går skreiv eg fyrste runde av beretninga om jolebordet til Valle kommune fredag 3. desember 2010. Eg lova då å gje teksten til songen eg skreiv til jolebordet. Her kjem den:

Melodi: Nå har vi vaska golvet

Ei vise vil me syngje på dette jolebord,
når alle saman stemmer i, det vert eit veldig kor.
Vi skal ‘kje syngje Abba, det kunne vore gøy,
men me sit her rundt jolebord med mat og dekketøy.

Me er ‘kje nokon sutreklubb, iallfall ei i kveld,
me gleder oss i vennelag og held ved lag ein eld.
For jobben vår er triveleg og kvelden den er glad
her oppe mellom fjella og heiane ein stad.

Her folka lever lenge og eldrebylgjer slår
og valkampen er snart i gang, skal tru korleis det går.
Me kan vel spekulere litt om køen den blir lang,
men slik ein tanke neppe er eit tema for ein sang.

I denne kalde tida er straumen dyr som gull
men magasina tome er, det synest me er tull.
Til Otra Kraft me sender ein takk for jobb og straum
i femti år har elva vår ikkje hatt ein flaum.

Så mange slags problem dei har i verda rundt omkring,
i Valle er me spart for både krig og andre ting.
Så lat oss gjere livet lett for dei me møter her,
og truskap i ditt arbeid, det jo verdifullt er.

Så mange er dei oppgåver me møter på vår veg,
på kvar sin måte treng du dei, og dei kan trengje deg.
I kveld treng denne festen at du er sosial,
så du treng ikkje tenkje på kalkulatortal.

Snakk snilt med sidemannen i pausar ved ditt bord,
for festen den vert betre di fleir som vekslar ord.
Kva tema de skal drøfte, det står dykk ganske fritt,
men festen blir nok aller best når ingen pratar skit

Så lat oss alle kose oss på Sølvgarden i lag
og nyte kvelden saman ein kald desemberdag.
Lat maten her oss smake, bruk vit og kvar ein sans,
så vil me få ein kjempekveld ved borda og på dans.

Jolebord med Valle kommune 1

Det vart ingen bloggpost i går, fredag 3. desember, for eg drog på jolebordet til Valle kommmune på Sølvgarden. Etter at me flytta til Mandal har eg ikkje prioritert dette, for tidlegare har det vore på laurdagen og eg har prioritert å vere heime i helga. Men denne gongen var det lagt til fredagskvelden, og då kunne eg vere med, sjølv om det kolliderte med fredagssendinga i Valle Radio. Artikkelen om denne på Setesdalswiki er nokså kort og summarisk. Om eg klarar å få litt meir kjøt på dei beina, veit eg ikkje, men veit du noko som det høver å legge inn i artikkelen, er du velkommen til det. Det er bare å fylgje denne lenka http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Fredagsprogram_Valle_Radio_20101203 og klikke på rediger-knappen, så kan du skrive det du veit.

Etter ein hyggeleg jolebordskveld saman med fem av dei karenske elevane mine, som har deltidsjobbar som reinhaldarar i Valle kommune og difor var inviterte til å vere med, sette eg kursen mot Mandal ved 22:30-tida. Ein kort stopp på YX på Evje er vanleg når eg køyrer denne turen, anten der er på sør eller nord. Men eg kom heim for seint til å skrive bloggen.

Festen var hyggeleg og komiteen hadde gjort ein god jobb i forkant, så det var både songar ved bordet, tale av ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund og fungerande rådmann Elise Marie Kringen. Og etter ei bordsete på eit par timar, samla vi oss i Riddersalen til underhaldningsprogram. Der fekk vi ei framføring av korleis ei øving i Nordibø songlag kunne arte seg. Eg er ikkje sikker på om Harald Knudsen sitt opptak av framføringa vert sendt i Folkemusikktimen, slik Eilert Sundt-konserten på Hovden same kvelden vil bli, men det var god underhaldning for alle oss som stua oss saman i romet. Vi var 130 tilsette på jolebordet, og ikkje alle kunne få plass i salen, men det fungerte greitt med serveringa sjølv om vi var så mange som skulle få oss mat. Det er bare så synd at magen vert medd før auga.

Mine karenske vener var på jolebord for første gong, og dei gjekk til liks med dei fleste av oss til dei kalde rettane fyrst. Men då den tallerkenen var tom, var magen full, så det var vanskeleg for dei å gå neste runde og få ein varmrett dei kunne gjere ære på. Eg prøvde likevel å syne dei, med god hjelp av Torleif Harstad, korleis vi et fisk og lefse. Men er det fullt, så er det fullt, så det var ikkje så mykje dei kunne få ned av denne tradisjonsretten i Valle.

Men neste år skal dei gjere det betre, då skal dei ta lite av den kalde maten og dermed ha meir plass til varm mat og dessert.

Denne bloggposten skulle vere innleiing til å legge ut songen eg skreiv til jolebordet. Men eg trur eg stoppar her, det er dumt med så lange tekstar at ein ikkje orkar lese dei, Så får du få songen i neste blogginnlegg.

Sverre Lund 100 år

Ein dag på etterskot sender eg gratulasjonar til Sverre Lund, som fylte 100 år i går, 1. desember 2010.

Eg nemnde det i Kyrkjebakken i Valle Radio tysdag 30. november. I programmet Kyrkjebakken, som alltid avsluttar tysdagssendingane, og der eg prøver å nemne aktuelle ting som skal skje, nemnde eg desse temaene den kvelden:

1. Sverre Lund er 100 år i morgon, onsdag 1. desember 2010.
2. 1. desember på Nomeland bedehus. Samling med kvinnegruppa, alle kvinner hjarteleg velkomne. Enkel servering.
3. Langrennstrening Valle IL torsdag 2. desember 2010 klokka 17.30
Neste sending i Valle Radio er fredag 3. desember 2010 frå klokka 18:00 til «heile dalen».
4. Eilert Sundt-konsert på Hovden grendehus. Fredag 3. desember 2010 kl 19:00 skipar Setesdal spelemannslag til konsert i Hovden grendehus med Kirsten Bråten Berg (stev og viser), Sigurd Brokke (munnharpe), Knut Kjetilson Jore (stev og viser) Tor Espen Helle (dans), Daniel Sandén Warg (fele m.m.), Birgit Rike Lund (stev og viser), Birgit Anette Helle (dans) og Leonhard Jansen (forteljar). Samfunnsgranskaren Eilert Sundt vitja dalen i 1866 og konserten er laga rundt tekstar han skreiv etter den turen. Første gong framført under Nordsjøfestivalen i Farsund i august 2010. Billettar: 150/100/50 – vaksne/honnør, student/kulturkort.
5. Viggo Wilhelmsen har møter på Nomeland bedehus fredag 3. desember 2010 klokka 19.30, laurdag 4. desember 2010 klokka 19.30 og sundag 5. desember 2010 klokka 11. Det vert ofring til arbeidet i Korint.
6. Valle pensjonistforening har møte på Valle motell måndag 6. desember 2010 klokka 17.

Denne kvelden var det ganske mange meldingar i den programposten. Men at Sverre Lund var 100 år, var det fyrste eg nemnde. I samband med at Valle pensjonistforening skal ha jole til måndag, kunne eg ha nemnt at Sverre i mange år var leiar av Valle pensjonistfoerning, og at han ivra mykje for prosjektet Den ggyldne spaserstokk som dei hadde i foreninga.

Britta Lise Homme var på hundreårsdagen og tok ein del bilete frå festen, som var på Valle bygdeheim frå 13 til 16 denne dagen. Du kan sjå bileta hennar på Facebook, dei er opne. Sjå denne lenka: http://shrinkalink.com/38807

Eg skreiv ein artikkel om Sverre Lund på Setesdalswiki. Du kan sjå den artikkelen her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Sverre_Lund

Setesdalswiki har fått ny framside, så om du, når du har lese om Sverre, klikkar i venstremargen på Hovedside, ser du at det har blitt ganske store endringar.

Program for fredag 3. desember 2010

Fredag 3. desember vert det sending til heile dalen.

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Ingunn Uppstad og Bitte Haugen

18.00- 19.00 Aktuell time
Filmpremiere på Setesdalsmuseet
Damenes aften i Valle

19.00-19.30 Tankar frå Bibelen ved Torleiv Harstad

19.30-20.00 Regionrådet informerer ved Signe S. Haugå

20.00-21.00 Opptak frå Hovdenrevyen

21.00 Open sending ved Ronny og Kåre

Høyr sendinga på http://www.valleradio.com
Helsingar sendast til post@valleradio.com
Telefon 379 37577