For eit ver, for eit handball-lag

Ein skal ikkje klage på veret, og eg har det godt sjølv om det kom ein halv meter snø i natt og i løpet av dagen i dag. Naboen ville kome og brøyte opp vegen fram til garasjen når det roar seg i morgon, etter vermeldinga skulle det ikkje kome meir då.

Så dagen i dag brukte eg inne og las litt på Internett og i aviser, eg skreiv litt og, men ikkje så mykje at det er så veldig mykje å melde. Men så kom ein telefon frå mor, ho skulle sende jolegåver og hadde ikkje adresser til barnebarn og oldebarn. Men akkurat då var Reidun etter posten, så eg lova å ringe tilbake.

Ikkje lenge etter hadde eg dei aktuelle adressane, og då skreiv eg ein epost og sende til bror min, og ikkje lenge etterpå fekk eg melding om at adressane var overleverte. Eposten trossa både ver og føre, og så slapp mor å skrive etter å ha høyrt det stava i telefonen. Framsteg når det funkar, og etter kvart fungerer det så godt som alltid.

Av og til tenkjer eg på korleis livet var før Internett-tida, då må eg vel meir enn 20 år tilbake i tid. Mi fyrste spede bruk av Internett skjedde siste på 1980-talet, då var det mykje meir primitivt enn no, naturleg nok. Men etter kvart er det Internett som har blitt mitt kommunikasjonsmiddel i all slags ver.

Og sjølv om det kom snø og brøytebilen var ute, kunne vi sitje inne og sjå Sverige slå Romania i handball-EM, sidan slo Norge Danmark, så i morgon blir det revansje etter det sure tapet vi hadde for svenskane tysdagskvelden. Eg som ikkje likar snø, får sitje og vente til det snøveret vi fekk denne helga går over. Truleg går det heilt fint, ikkje minst når ein kan fylgje handballjentene sin suksess.

Jolesang

Så vart det joleavslutning i år også. Vi hadde ei triveleg avslutning på Valle Vaksenopplæring i dag. Flyktningerådgjevar Guro og sjåfør Kim kom i tillegg til oss som høyrer til der, så vi var ein stor flokk som feira bursdag for PiKa og Aung Chi, begge fyller 50 i desember.

Det skjedde med marsipankake og bursdagssong og vart altså ei kombinert markering og avslutning.

Elevane våre er sangglade, så dei siste vekene har vi sunge jolesongar, og i dag var det Englar kved i høge kor og Det lyser i stille grender. Etter at me fekk piano, har Øystein boltra seg, -eg spelar bare på svarte tangentar, seier han. Det gjer at nokre songar anten kjem litt lågt eller litt høgt, men som oftast finn vi ei form som kan brukast.

I dag starta Englar syng i høge kor noko lågt, så eg bad han leggje opp, vi var godt oppsungne, så eg trudde vi kunne klare det. For eigen del meinte eg at det kom til å gå greitt, for elevane sin del var det ein fryd å oppleve. Det gjekk så godt at vi måtte reise oss på dei to siste versa, og på Glo-o-o-o-o-ria ljoma det godt i klasseromet.

Måndag fekk eg vere med på grøtkveld i familiekoret i Valle. Det er kyrkja som driv det, og dei fleste som er med, er frå Burma. Til vanleg øver dei på onsdagane, så arrangementet denne måndagsettermiddagen kolliderte med leksehjelpa for skuleelevane, men vi inviterte heile gruppa med på grøtkvelden, og det likte dei. Den kvelden vart det ikkje så mykje song, men dei skal syngje ved fleire høve i jola, og nyårsaftan inviterer karenarane til samling i Valle Menighetshus. Dei har levert ut innbyding til ei rekke norske som dei har vore i kontakt med og vonar at folk kjem for å høyre karensk song og ha ei triveleg stund i lag på tidleg nyttårskveld.

I dagens Setesdølen var det lyst ut at ein kunne søkje om støtte til integreringstiltak i lokalsamfunnet. Familiekoret er noko av det finaste integreringstiltaket vi har i Valle, så eg vonar at soknerådet søkjer pengar for å få støtte til notar og transport og kva det elles er som kostar pengar for koret. Og så vonar eg at dei syng jolesongar i Valle både denne jola og dei komande.

Kommunestyremøte for desember 2010

Møtet vart sendt i Valle Radio onsdag 15. desember frå klokka 18, det vil seie at det kom i gang litt etter klokka 18, truleg fordi det var gruppemøte i alle gruppene frå klokka 17, og ikkje alle vart ferdige i tide.

Sakene og vedtaka finn du på Setesdalswiki. Her er lenka: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101215 Vedtaket i budsjettsaka har eg ikkje fått lagt inn enno, det skal vere noko meir enn innstillinga frå formannskapet.

Den saka som det knytta seg størst interesse til, var nok den som vart omtala i Setesdølen under overskrifta Toralf Andersen får fyken. Det fekk han og, men ikkje utan nokre forviklingar. Då saka kom til handsaming, hadde Høgre og KrF eit forslag på å velje Torleif B. Harstad til ny leiar. Men det gjekk ikkje, for leiaren av Kontrollutvalet skal ikkje vere medlem av andre utval, og Torleif var medlem av Planutvalet. Dermed gjekk kommunestyret vidare utan å gjere seg ferdig, og då budsjettet var diskutert ei stund, tok dei matpause.

Men etter pausen var det klart for å gjere ferdig både budsjettet og saka om kontrollutvalet. Då synte det seg at det vart ei kvinne med lang fartstid, men utan verv i systemet no lenger, Tora Homme Uppstad som vart den nye leiaren. Kommunestyre valde så Kent Lund til nestleiar og attvalde dei andre. Dette kunne eg lese i referatet frå kommunestyremøtet i dag, der stod det og at etter framlegg frå Høgre og KrF vart sitjande kontrollutval avsett fyrst, før dei så gjennomførte det eg skreiv ovanfor.

Ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund var på Sørlandssendinga og fortalde om saka og sa der at grunnen til det heile var at leiaren av kontrollutvalet hadde teke ei politisk sak frå politikken over i rettssystemet, det gjorde at han ikkje lenger hadde tillit frå ordføraren, som hadde teke opp saka, og heller ikkje frå fleirtalet i kommunestyret, 17 støtta ordføraren, bare to stemde mot.

Etter møtet skreiv han på Facebook: Nesten juleferie – budsjettbehandling i boks – og det ble bra. La det snø!

Liv Bratlie Løyland kommenterte budsjettbehandlinga slik, også det på Facebook: Det var i grunnen ikke mange som sa så mye. Høyre kuppa hele diskusjonene med mange gode forslag som ble enstemmig vedtatt:-) Godt å være ferdig med dette kommunestyremøtet…:-)

Ei sending som det ikkje vart noko av

I går kveld kom eg tidleg til studio for å kople opp Valle Radio i tide. Men det gjekk ikkje, så etter å ha prøvd litt, måtte eg ringe teknisk sjef i Valle Radio, Jørund Georg Jore. Vi gjekk gjennom situasjonen, men fann ikkje ut av det gjennom telefonen, så han sa at han fekk kome sør.

Så kom han, og etter kvart var det klart at det ikkje bare var vankunne frå mi side. Han måtte ringe til dei som har levert utstyret. Etter kvart gjekk klokka forbi sju, men dei hadde ikkje funne ut av det. Klokka vart kvart over åtte før Jørund endeleg kunne sjå at systemet fungerte.

Men då valde eg å setje meg foran TV og sjå Norge slå Ukraina.

Det var siste tysdagssendinga før jol. Og den vart det altså ikkje noko av.

I kveld er det kommunestyremøte i Valle Radio. Eg høyrer på det medan eg skriv bloggen i kveld. No gjekk dei akkurat til matpause og gruppemøte. På desembermøtet er det suppe og lefse, så det var kjærkome etter to timars møte å få ein slik pause.

I veka før jol vert det sending på lisle joleptdagen. Fyrst er det ei sending frå Valle sentrum, deretter er det opptak som er blitt gjort tidlegare. Til slutt er planen å sende jolemusikk som folk kan bruke medan dei gjennomfører dei siste førebuingane til jolehelga.

Valle Radio i Fædrelandsvennem i dag

Det er to gode grunnar til å få med seg Fædrelandsvennen i dag, 14. desember.

Håvard Viki
Dagens juleglede gjekk til Håvard Viki, og på siste sida i del 2 av avisa har Johs. Bjørkeli skrive ein fin tekst om han. Den tek til slik: Håvard er kjent for å vere mannen som fiksar alt av små maskiner. Det er aldri nei når nokon spør han om å reparere noko, anten det er laurdag eller måndag. Og under eit fint bilete av Håvard i godstolen kjem tittelen: Han har allstødt ei hjelpande hand.

I artikkelen er Håvard sine andaktar i Valle Radio nemnde: Andaktane som eg held i Valle Radio er eit kall.

Theis Salvesen
På side 9 i del 2 har Theis skrive ein artikkel i serien Synspunkt. Tittelen på artikkelen er Smil, min elskede kirke. Den fyller heile sida, men er lett å lese, så eg vil rå deg til å spandere dei minutta det tek. Theis reflekterer litt over utviklinga som har vore i kyrkja. Han er innom både mormora si, Einar Gelius, biskopar han har hatt og fleire andre. Og så fortel han om ei brukarundersøking som vart lagd fram i november om korleis folk er nøgde med offentlege tenester.

Dei som kom dårlegast ut, var politi, skatt og toll, det som vert kalla myndighetsorgan. Nest dårlegast var omsorg, det vil seie sjukeheimar og heimehjelp. Midt på treet kom utdanning og oppvekst, nest høgast kom helsesektoren. Men høgast kom Den norske kirke. Folk kjende seg møtte med respekt, fortel Theis, som synest det smakar av fugl at presten slår fastlegen i denne undersøkinga.

I siste del av artikkelen reflekterer Theis så litt over utviklinga i samfunnet. Han har sett på statistikken og sett at talet på legar i Vest-Agder har blitt seksdobla sidan 1970, frå 124 til 708, og dei fleste, 516 soknar til i Kristiansand. I 1980 var det 12 menighetsprestar i Kristiansand, i 2010 er det 16. Og talet på advokatar i Noreg er gått opp frå 1679 i 1970 til 7522 i 2010. Theis meiner at desse tala syner noko av prioritertinga i samfunnet og er stolt av å vere med i gruppa som med små ressursar vinn brukarundersøkinga.

Til slutt i artikkelen kommenterer han eit oppslag i Fædrelandsvennen frå 18. oktober der avisa skreiv om ei marginalisert kyrkje og illustrerte artikkelen med eit bilete frå Lund kirke der det var 12 personar i kyrkja. Han synest det var godt gjort å unngå å få med på biletet dei hundre andre som og var i kyrkja. Og i Tveit var dei neste tre hundre den same sundagen. Difor seier Theis: Smil, min elskede kirke. Som med små ressurser gir fullskalatilbud til alle. I glede og sorg, i hverdag og fest, til gammel og ung.

Eg smilte og tenkte at det var godt sagt.

Jolegraut

I ettermiddag vart eg invitert på jolegraut i Valle menighetshus. Det var Familiekoret som stod for arrangementet. Familiekoret i Valle er eit kor som kyrkja har skipa til der dei fleste familiane som er med er flyktningar frå Burma. Og så er det nokre norske med, men dei er ikkje så mange.

Til vanleg pleier dei å starte øvingane med kaffe og prat klokka 16.30, denne gongen starta dei klokka 16.00. Men veromslaget gjorde at dei mange burmesarane som arbeidar som reinhaldarar i Valle, hadde ein travel dag med mange skitne golv og ikkje var ferdige like tidleg som grauten. Eit anna problem som ingen hadde tenkt på var at det er leksehjelp for borna frå klokka 16 til 18 måndag og tysdag.

Det siste problemet løyste seg greitt, dei som var på leksehjelp og leksehjelparane vart alle invitert til å ha litt jolegraut før dei starta med skulearbeidet, og det fungerte svært fint. Smått om senn kom og reinhaldarane og grauten kunne ausast opp, med mandel og marsipangris etter joleskikk. Det vart James som fekk mandelen, men han hadde ikkje fått med seg at ein pleier å spare mandelen for å vise at ein fortener marsipangrisen, så han hadde svelgd heile mandelen. Grisen fekk han likevel….

Etter maten var det høve til å lage jolepynt. Sissa hadde med utstyr for å lage jolekorger. Det var også høve til å bake smultringar og krumkaker. Snart var deigen stukken ut til smultringane og krumkakene tok til å kome på plass. Litt snaking undervegs var det frå både norske og burmesiske deltakarar, men til slutt fekk dei med seg smaksprøver heim til dei som ikkje hadde hatt høve til å kome.

Song vart det ikkje så mykje av denne kvelden, men Tonhild spelte både Glade jol, Jingle bells og Det lyser i stille grender. Den siste song vi alle versa av, den fyrste song vi på fleire språk, og den mellomste bare nynna vi til. Så måtte Tonhild gå, ho skulle på øving med Syngjandi, dei har jolekonsert til sundag.

Familiekoret er eit glimrande integreringstiltak, dei syng ved ei rekke arrangement. Men det hadde vore endå betre om også nokre norske familiar hadde funne tid og høve til å vere med. Men denne mandagsettermiddagen var ei fin oppleving for oss som fekk vere med.

Program for veke 50 i 2010

Så er vi komne til veke 50. Det stundar mot jol og eit nytt år, men vi er ikkje ferdige med sendingane i Valle Radio enno.

Tysdag 14. desember

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Diktkveld
20:00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 15. desember

Teknikar: Jørund Georg Jore

18.00 Kommunestyremøte

Høyr Valle Radio på Internett: http;//www.valleradio.com
Trykk på Live streaming.

Fylg oss på Facebook: http://www.facebook.com/#!/pages/Valle-Radio

Jolebord med Valle Radio

Tysdag stod det ein annonse i Setesdølen:

Hei alle gode radiovener

Valle Radio

vil med dette innbjode til jolebord
Sundag 12. desember klokka 16.00 på Valle motell

Alle som er med å bidreg til at Valle radio kjem på
lufta er hjarteleg velkomne!
Vi vil og tale om året som har gjengje og
om året som kjem.

Helsing oss i styret

Det har blitt ein tradisjon med jolebord for programleiarar, teknikarar og telefonvakter på Valle Motell ein sundag før jol. Vi samlast når familiejolebordet går mot slutten, og får vere i eige rom og har høve til å snakke litt saman om året som har gått og om planar for det nye året.

Dette året er altså samlinga i morgon.

Annonsen i avisa skuldast at ikkje alle medarbeidarane i radioen har epost og at styret ikkje har eposten til alle som har det. Men det at den stod i avisa gjorde at nokon av dei som har vore med som gjester i ulike program og trudde at dei var inviterte. Så langt rakk ikkje invitasjonen, det er ein ganske stor gjeng som har vore innom for å seie noko i løpet av året som har gått. Sjølv ein gjennomgang av alt eg har skrive på bloggen i 2010 vil neppe få med alle, sjølv om eg prøver å få med det meste, er det ikkje alltid eg lukkast. No har eg ikkje gått gjennom bloggen for 2010 for å sjekke, det kunne vore interessant nok i seg sjølv og sikkert grunnlag for ein artikkel på bloggen. Men det får i så fall kome ein annan gong.

No gleder eg meg til å ta turen dit og treffe gode radiovener over eit godt måltid. Om alle kjem, blir vi 20-30 personar som stiller opp i morgon klokka 16.

Brannfeller

Oslo: Hver tredje sørlending bor i en potensiell brannfelle, og vinterens sprengkulde øker risikoen for branner i hjemmet. Brannårsakene er hovedsakelig åpen flamme og elektriske artikler.

Slik stod det i ei pressemelding som kom til Valle Radio sist veke. Eg heldt på å planlegge onsdagsprogrammet, og då eg las dette og såg at det var Torleif Homme som var sett opp som representant frå Valle kommune i programmet Kommunen informerer, spurde eg han om vi kunne snakke om det i halvtimen frå halv åtte til åtte onsdagskvelden. Han takka meg for at eg hadde minna han på at han stod på lista, han hadde heilt gløymt at det var hans tur denne kvelden.

Samtalen starta med at han fortalde litt frå brannen på Faremo fredag for ei veke sidan. Det var same dagen som kommunen sitt jolebord, og dei fleste av folka i brannvesenet hadde dystre minne tilbake til fjorårets brann i Åmli, der det var folk som omkom.

-Desember er den månaden i året det brenn mest, sa Torleif. -Det er i og for seg ikkje så unaturleg, for det er og den månaden ein brukar mykje open eld i stearinlys og den månaden ein belastar straumnettet ekstra med alle jolestjerner og joletrelys og anna lyspynt ein pyntar med i samband med jola. Ofte nyttar ein skøyteleidningar og padder, og om dei er for dårleg dimensjonerte og ein set ein ovn inn i dei, kan det gå varme i paddene, og plutseleg brenn det. Padder med knapp for å skru av straumen er gode å kople til TV og dekoder og slike apparat, og så kan ein skru av alle med eit trykk. Dei er og dimensjonerte til å tole slike apparat, men ovnar er det alltid større risiko med. Og joletreet bør ein skru av om natta, for der er pærene kopla i serie, og om ei går, så aukar styrken på resten, og då kan fleire gå, og det kan også gå varmgang om dei kjem borti brennbart materiale.

Torleif fortalde om problema dei hadde med å få fram vatn i nærare 20 minusgrader. Dei vart våte og kleda fraus til is, så dei måtte hjelpe kvarandre å få dei av. Dei kunne ikkje late huset brenne ned, for ein vil alltid gå gjennom branntomta og prøve å finne årsaken til brannen.

Så var det ikkje meir enn natta etter samtalen vår i Valle Radio, så brann eit hus på Haugelandsvegen i Brokke ned til grunnen midt på natta. Denne gongen hadde brannvesenet god tilgang på vatn etter det Jørund Georg Jore, som var utrykningsleiar denne natta, kunne fortelje til Setesdølen i dag.

Her er lenke til onsdagsprogrammet i Valle Radio 8. desember: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101208

Demensteamet i Setesdal

I Setesdølen for tysdag var det på side 5 eit bilete av seks personar. Lege Hallvard Mosdøl er rådgjevande lege for Demensteamet i Setesdal og saman med han stod Bjørn Harald Hagen frå Evje og Hornnes kommune, koordinator for teamet, Oddveig Flåt Åvitsland frå Evje og Hornnes kommune, Anna Elisabeth Fjose frå Bygland kommune, Aina C. Oksholen frå Valle kommune og Linda Reiulfsen frå Bykle kommune.

Eg tenkte at eg kunne ta ein prat om Demensteamet i Setesdal med Aina C. Oksholen i den aktuelle timen i går. Ho hadde kveldsvakt på Valle Bygdeheim, men ho kunne vere med på telefonen. Ho er nyutdanna og begynte i jobben i Valle i august og vart då med i dette fellesprosjektet som går for heile Setesdal. Ho fortalde at teamet skulle skape eit større miljø for dei ansvarlege i den einskilde kommune. Dersom det kom ei melding som gjorde at sjukepleiar måtte gå på heimebesøk, kunne ho få med seg ein annan frå demensteamet og gjere jobben i lag. Så kunne ein få hjelp når ein skulle skrive rapport og sende til fastlegen, som tok saka vidare.

Det var og på tale å kome i gang med pårørandeskule, slik at ein kunne gje betre hjelp til den som lever med ein dement person i familien. Planen var å starte slike kurs på nyåret. Å styrke arbeidet for demente pasientar og familiane deira har blitt eit nasjonalt satsingsområde.

Du kan lese meir om Demensteamet i Setesdal på Setesdalswiki. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Demensteamet_i_Setesdal

Og har du noko å spørje om, kan du kontakte Aina eller ein av dei andre i demensteamet. Kontaktinformasjo finn du på Valle kommune sine heimesider, http://www.valle.kommune.no Der er det ei lenke som heiter Kontakt, og der finn du telefon og epost til alle tilsette i Valle kommune.