Onsdagssendinga 10. november: Aktuell time

Så var onsdagssendinga 10. november over. Bjørgulv T. Berg var ansvarleg og Inga Flateland var teknikar. Heile timen var på telefon denne kvelden.

Den aktuelle timen starta med ein samtale med Åse Rike om basaren som kvinneforeningane Fjellblomen og Regnbogen arrangerer 27. november. Hovudpremien er ein weekend på Dronningen i Kristiansand, greitt når ein skal på jolehandel. Dette vert messe nr. 29, så dei har halde på ei stund. Denne gongen er det Inge Flåt som skal vere gjestetalar.

Etter samtalen med Åse Rike, snakka Bjørgulv med Torunn Charlotte Nyberg Lund. Ho har fått i oppdrag av rådmannen å greie ut om det er råd å få til felles 17.-maifeiring i kommunen. Ho ynskjer difor å få innspel frå folk som har synspunkt på dette. Torunn var leiar for 17. mai-komiteen i Valle i fjor og har sjølv erfaring, som forelder til 8. klasse. Ho bed om innspel til saka, ikkje ja eller nei-svar: Kan ein ha feiringa det annankvart år på kvar plass? Også i andre kommunar har ein denne problematikken, i samtalen snakka dei om Evje og Hornnes som også har hatt diskusjonar om dette. Frist for å kome med innspel er 19. november.

Siste personen som var i telefonen, var Wenche Tangene. Ho fortalde om Helseprosjekt Setesdal. Ho er tilsett av Setesdal Regionråd for å vere prosjektleiar i to år frå august 2010. Med på laget har ho mange dyktige tilsette frå kommunane som er engasjerte som prosjektleiarar for ulike temaprosjekt.

Bjørn Harald Hagen – har ansvar for Demens-prosjektet – med oppretting av Demensteam og pårørandeskule.
Kjersti Plathe – er prosjektleiar for Rus- og psykriatriprosjektet.
Grete Vabo – har eit FOU prosjekt innanfor sjukepleiedokumentasjon.
Katrine Homdrum – leiar IKT-helse prosjektet.
Stein Vabo – leiar telemedisin og dermatologi-prosjektet.

Helseprosjekt Setesdal er ei viktig satsing som lyfter sektoren i heile dalen, kunne Wenche Tangene fortelje. Du kan lese meir om Wenche på Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Wenche_Tangene

Du finn også informasjon om heile onsdagskvelden i Valle Radio på Setesdalswiki, sjå
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101110

Program for veke 45

Tysdag 9. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel.
18.30 Sangkveld
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20.00 Diktkveld
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 10. november

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakter: Torbjørg Hoftuft og Malmfrid Nyborg Homme

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19:30 Kommunen informerer ved Frode Verpe
20:00 Bjørgulvs time med gjester
21:00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Helsingar: tlf. 379 37577 eller post@valleradio.com

Les meir om programma på Setesdalswiki
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_9._november_2010

Kjemp for alt hva du har kjært

Slik syng vi i salma Alltid freidig når du går. Det er starten på siste verset som er overskrifta i kveldens blogg. Eg kom til å tenke på det då eg las i avisa om valet i Burma. Det var på sundag, og alt før dagen hadde observatørar som fylgjer situasjonen, sagt at det ikkje kunne passere som demokratisk val. Parti som var i opposisjon til styret og som hadde medlemmer som sat i fengsel, vart nekta å stille til val. Så Aung San Suu Kyi boikotta valet. Ho vann valet i 1990, men har stort sett vore i fengsel eller husarrest sidan den gongen. Om ho reiser ut av Burma, får ho ikkje kome tilbake, så ho kunne ikkje reise til Storbritannia då mannen hennar vart sjuk og døydde, og dei to sønene hennar bur i Storbritannia.

No melder media at det ser ut til å verte full borgarkrig i Burma. Alle minoritetsgruppene har sagt at dei står saman mot generalane sin hær. Og folk flyktar til Thailand og får bu i militærleirar og flyktningleirar på sørsida av grensa.

Du kan jo tenke deg at det er dette som pregar dei burmesiske flyktningane som bur i Valle. Dei leitar seg fram til informasjon på Internett, og så får vi små drypp med informasjon om folk som kjempar for fridom og fred i heimlandet sitt.

I dag fekk Sonja Biserko Universitetet i Oslos menneskerettighetspris for sitt arbeid for menneskerettar i Serbia. Ho er leiar av helsingforskomiteen i landet, som ho starta i 1994 – det finst eit førtital slike komitear rundt om i verda der folk kjempar for det dei har kjært. Ho opplever trakassering og truslar, men meiner det er så viktig at dei som var krigsforbrytarar under krigen på Balkan får si straff at ho ikkje bryr seg om truslar og trakassering. Du kan lese meir om henne på wikipedia, eg skreiv den artikkelen i dag: http://no.wikipedia.org/wiki/Sonja_Biserko

I vår målestokk er nok kampen på langt nær så krevjande. Vi lever i eit land der vi har det godt og ikkje treng å kjempe for elementære rettar. Men å leve tett innpå folk som opplever kampen nært, minner i alle fall meg om at eg bør takke for at vi har det så godt.

Sutreklubb

Steinar Nomeland skreiv i Setesdølen fredag 29. oktober om Hylestad sutreklubb. Innlegget stod på side 10, og mange har lurt på kven som var med i den klubben. Eg prata med Steinar om det og ville ha han til å gjenta lesarbrevet i Valle Radio onsdagskvelden, men det ville han ikkje. Han hadde fått mange meldingar frå folk både på epost og SMS, og folka som kontakta han var glade for at han sette fingeren på noko som lett kan verte eit problem, anten ein er i ein formell klubb, ved eit uformelt kafebord eller bare møtest og pratar saman: Det er det negative ein konsentrerer seg om.

Det burde ikkje vere slik, det er så mykje positivt ein kan glede seg over. Sist laurdag, dagen etter at innlegget stod i Setesdølen, arrangerte Valle IL Sprekleiken. 30 deltakarar og 100 til 150 som såg på, kunne Tarald Myrum fortelje i Valle Radio onsdagskvelden etterpå. Og Valle IL avsluttar no Postkassetrimmen og skal ha basar og premieutdeling etter årets sesong om ikkje lenge. Dette er ikkje noko å sutre over, tvert om burde vi glede oss saman.

Avisene har lett for å fokusere på negative saker. Tysdag 2. november hadde Setesdølen ei framside med to gladsaker og ei trist sak. Hovden-revy drog fullt hus, var den eine, Jakob (19) fekk kraft-stipend. var den andre. Og så kom saka om at Arne Skare må i fengsel lengst til høgre på sida. Fredag fekk vi vite at Bygland avviklar prosjektet Bygland best å bu i. Det var neppe nokon gladsak, kommunestyret drøfta saka til klokka eitt om natta. Bølgene har nok gått høgt i det lukka møtet. Eg lurer på korleis det går i Bygland når det gjeld Ridehallen som Bygland KVS ville setje opp, der kommunen ville at hallen skulle setjast opp langt borte frå skulen. Eg har ikkje høyrt noko meir om korleis det gjekk, men at dei har klart å få nytt liv i skogskulen med nye eigarar og stor entusiasme må vel vere ei gladsak. Dei har gjort noko godt i Bygland, ikkje bare fekk skogskulen nytt liv, men ein satsar på nytt liv på Landeskogen og.

Så mangt og mykje folk vrir og vender
og sutresongen sin ut dei sender.
Ta på deg briller, sjå ein gong til
så kanskje finn du eit lite smil.

For sutresongen gjev ingen glede
for den som likar ein song å kvede.
Velsigna er vi frå dag til dag,
så kvifor skal vi då gå og klag’?

http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Liste_over_utgjevingar_av_Setesd%C3%B8len Her finn du lenker til Setesdølen sine overskrifter i utgåvene for 29. oktober og 2. november.

Laftebygg i moderne utgave

I sendinga onsdagskvelden var Rune Ingebretsen gjest i Kommunen informerer klokka 19:30. Etter at han hadde fortalt om aktuelle ting som skal skje i kommunen i dagane framover, spurte eg han om ekskursjonen som kommunestyret hadde sist onsdag til GD Laftebygg på Rysstad. Det var eit oppslag i Fædrelandsvennen om besøket.

Han kunne fortelje at eigaren av bedriften kom til Sverige for 10-12 år sidan, og så kom han til Rysstad i samband med bygginga av Sølvgarden Hotell. Han likte seg så godt på Rysstad at han valde å slå seg ned i Åsan og etabler GD Laftebygg, som har sett opp eit bygg til opp mot 15 millionar i investering på Rysstadmo. I tillegg til han sjølv, som opprinneleg er frå Kroatia, jobbar seks polakkar der no. Rune Ingebretsen kunne fortelje at dei heldt på med ei hytte på 100 kvadratmeter som dei skulle ha ferdig denne veka. Den var seld, det var ikkje ei demohytte.

Det spesielle med denne bedrifta er at dei lagar lafteplank av limtre. Dei får inn lokalt trevirke som dei turkar til det bare er 12% fukt. Så kuttar dei det til lister og lager limtre, som så vert forma i den storleiken ein treng. Maskinar syter for at dette går greitt for seg. Av dei plankane vert så hytta lafta. Det gir større fridom når det gjeld dimensjonar, og byggetida vert og kortare enn ved tradisjonell lafting. Alt no har dei møtt stor interesse for produktet frå heile landet.

Rune Ingebretsen meinte at dette firmaet ikkje ville vere ein konkurrent til tradisjonelle laftarar i Setesdal. Kundar som vil ha tradisjonell laft, vil ikkje vere interesserte i denne måten å gjere det på. Men det er ein marknad der tradisjonell lafting ikkje strekk til, meinte han.

Eg leita på Internett og fann heimesida til GD Laftebygg. Du kan sjølv lese om firmaet der. Dei skriv norsk/svensk, men det er ingen grunn til å ikkje lese sidene til firmaet: http://www.gdbygg.no/index.php

Det var interessant å høyre det han hadde å fortelje.

Sangkveld med Siri – og godord frå lyttarar

Tysdagskvelden 2. november var det igjen sangkveld i Valle Radio. Det var Siri Johannessen som valde sangane, og det vart ein hyggeleg time der ho fann fram songar ein ikkje høyrer så ofte, mellom anna songar frå Jesusvekkelsen på 1970-talet. Her er lista:

1. Mahalia Jackson: He’s got the whole world in his hand
2. Lage Wedin: I det fjerne jeg skuer
3. Tore og Koret: Jeg løfter mine øyne opp til fjellene
4. Roland Utbult, Oslo Gospel Choir: Det skal bli en bättre plats
5. Jan Groth: I går, i dag, til evig tid
6. Reflex: Någon stans blant skuggorna står Jesus
7. Arve Moen Bergseth: Kven kan seia ut den gleda
8. Rolf Listrøm: Løftene kan ikke svikte
9. Kari Hansa og Gregers Hes: Fall til ro

I etterkant fekk Siri og Valle Radio godord frå mange. På Facebooksida kom det “Liker”, og då Siri møtte lyttarar onsdag, fekk ho og positive kommentarar.

Det får meg til å tenkje på kor viktig det er å gje slik tilbakemelding. Av og til kan ein kome til å lure på om det er nokon som høyrer på sendingane, og ofte spør folk om vi har hatt noko lyttarundersøking. Då må eg svare at vi hadde ei slik undersøking for mange år sidan, men det var vanskeleg å få noko tydeleg svar, anna enn at folk høyrde på oss når det høvde slik.

Det kan høve slik når ein sit i bilen eller traktoren, når ein sit aleine eller treffest for å høyre radio saman, slik eg veit har skjedd i samband med Opi sending. Og så pleier eg å seie at eg har fått kommentarar frå folk eg ikkje hadde venta å få nokon kommentar frå, og det tyder på at det er mange fleire enn vi trur som høyrer på Valle Radio. Nokre program er det kanskje to-tre hundre som høyrere på, og det er ikkje lett å samle så mange folk om eit felles emne på annan måte.

Har du lyst til å lage sangkveld ein tysdagskveld, så er det norske songar som er det viktige, kan vel og kome ein og annan svensk sang eller ein kjent engelsk som folk kan syngje med på. Men desse kveldane er det sangen som står i fokus, solo, duett, kvartett, kor. Det er viktig å gje plass til både sangen og dei gode orda i ei bygd.

Dikt i Valle Radio

Tysdagskvelden hadde eg eit diktprogram i Valle Radio: Djupt gjennom berg det hjalar – tittelen var frå diktsamlinga av Hallvard Eldhuset som sist veke kom ut på Setesdalsforlaget. Frå den boka las eg dikta Kvar morgon og Det blæs. Deretter fann eg nokre fugledikt og starta med Hallvard Eldhuset sitt Hubro, som eg opplevde både sterkt og godt. Deretter fann eg fram til diktet Dagleg brød av Tormod Uleberg frå samlinga Ljoslandet. Det handlar om spurvehauken som slår ned på ei meis ein vinterdag og er ikkje mindre sterkt. Deretter avslutta eg med eit humoristisk dikt av Ingrid Geithus frå hennar samling Ferdaskrinet. Diktet Gamlehøna og den store hanen er kosteleg i både konkret og overført tyding.

Mellom dikta fann eg noko film-musikk. Både Cavatina, Deer Hunter og tema frå Tornefuglane fungerte saman med dikta.

Eg var spent på korleis det ville fungere, men eg vart overraska over kor godt det harmonerte, både med dei to fyrste dikta, som handla om dagsens tider, og med dei siste. Eg tenkte at episke dikt fungerer truleg betre enn dei meir lyriske, men samanstillinga vart god for meg medan eg las dei.

Alle dei tre diktsamlingane var frå Setesdalsforlaget, og Ånund K. Homme hadde høyrt på heime på Øvrevoll og han hadde same opplevinga: Dette fungerte høveleg greitt. Difor kjem eg til å ha nokre diktprogram i tida framover. Eg vil leite litt etter både lyriske og episke dikt, og så får eg sjå om eg finn noko musikk å veksle med.

Her kan du sjå oppsettet for tysdagskvelden der programmet vart sendt: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_2._november_2010

På Setesdalswiki kan du finne informasjon om Tormod Uleberg og Hallvard Eldhuset. Klikk på dei blå lenkene, så kan du lese meir.

Sprekleik og politikk, pensjonistar og pensjon

Den aktuelle timen i kveld hadde overskrifter som dei du ser i overskrifta. Først var det Tarald Myrum som fortalde om Sprekleiken, som vart arrangert siste laurdagen i oktober, 30. oktober. Kjendistrekkplasteret i år var sjukjemparen Ida Marcussen, som deltok både i klassen for menn og kvinner, men som måtte sjå seg slått av nokre menn. Ho skreiv autografar like smilande. Vinnaren Henry Viki var høgt oppe etter å ha slått ut alle andre.

Vi snakka litt om omlegginga, og Tarald trudde nok dei kom til å satse på å ha arrangementet inne. Då kan dei ikkje kaste stokkar, men andre øvingar kan tilpassast, og sjølv høyballar kan ein rulle inne. I tillegg til å krype under eit gjerde og balansere, måtte dei bære fire sekker øverst opp på tribunen. Han fortalde og om andre øvingar som eg ikkje hugsar i detalj, men alt i alt var det publikumsvennleg å kunne gjennomføre det inne og det kom 150 publikummarar i tillegg til dei 25 til 30 deltakarane.

Etter han var det Toralf Andersen som kom i studio. Han fortalde frå møtet i Valle Ap måndag 1. november, der dei oppnemnde programkomite og nominasjonskomite. 1. mars skal arbeidet vere ferdig. Styret skulle vere programkomite, og han gav oss også namna på nominasjonskomiteen. Eg noterte dei ikkje opp, så eg får kome tilbake til namna seinare, men eg merka meg at nyinnvald medlem Steinar Kyrvestad ikkje var med i desse gruppene.

Tredje tema var Pensjonistforbundet sitt manifest. Gro Lande, som har vore skulesjef i Valle for ein del år sidan, og som sidan var skulesjef i Tokke, har no vore leiar i Aust-Agder Pensjonistforbund i fire år. Ho er blitt synleg i media og er aktiv også i sentralstyret i Pensjonistforbundet. I sendinga gjekk ho gjennom Manifestet. Eitt av dei punkta eg merka meg handla om å ha oversikt over kor mange sjukeheimsplassar det er i kommunane. Det finst ikkje noko sentral oversikt over dette, ho meinte dette måtte kome på plass snarast.

Endeleg var Erling Sagneskar innom for å snakke om møtet i Valle Sparebank torsdag klokka 18, der ein skal informere om pensjon og sparing med tanke på pensjonsreforma. Møtet er altså mindre for pensjonistar enn for folk som skal verte pensjonistar, og det kan sikkert vere lurt å melde seg på også for unge folk, for dei har ein lang periode å spare på. Det skulle vere servering, difor måtte folk melde seg på, og sjølv om fristen var i dag, ville ein nok kunne bli med om ein sa ifrå tidleg torsdag.

Med det tona timen ut og det var tid for Tankar frå Bibelen ved Terje Seilskjær, som kom åleine, ettersom Bjørgulv T. Berg plutseleg hadde fått eit anna oppdrag. Dermed fekk eg vere med han i studio og snakke om å sjå og å bli sett, med utgangspunkt i forteljinga om den mannen som var blind frå fødselen av og som vart lækt av Jesus.

Du kan sjå kveldens programoverskrifter på http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101103

Mimrekveld

Sangkvelden i kveld gav meg mimrekjensle då Siri Johannessen valde songar med Lage Wedin og Rolf Listrøm. Dei var begge med John Olav Larssen i Teltkirken. Lage Wedin slutta tidleg, for han vart det ein akademisk karriere innan musikk, til tross for at han kunne nådd langt som songar. Det er makt i de foldede hender med Lage Wedin var fast i ønskekonserten i mange år.

Men Rolf Listrøm hadde eg glada av å møte og samarbeide med i mange situasjonar. Då John Olav Larssen vart generalsekretær i Den indre Sjømannsmisjon, fylgde Rolf Listrøm med. Han vart songevangelist og etter kvart kretssekretær i Oslo krets og han var mykje på Oslo Sjømannskirke, som vart base for Den indre Sjømannsmisjon sitt arbeid på Austlandet. Den tida eg var redaktør for Fiskerens Venn, skreiv han ofte frå reisene sine i bladet.

Rolf var i mange år med som songar på Justøy Bibelcamp, også etter at John Olav ikkje lenger var så aktiv der. Han hadde hytte på Justøy og var der det meste av sommaren saman med kona Randi. Vi flytta til Vesterålen, og då var det ikkje naturleg å vere på Justøy, dei korte vekene med ferie hadde vi som oftast hos svigerforeldre og foreldre i sør. Men sjølv om vi ikkje hadde nær kontakt, var og er det alltid ei glede å kunne seie hei til kvarandre når vi møtest.

I kveld song han Løftene kan ikke svikte, det er ein song av den svenske pinsepredikanten Lewi Pethrus. Om han har Per Olof Enquist skrive boka Lewis reise, som nok kan kallast ein biografi, men då er biografiomgrepet noko utvida. Den boka kan du låne på biblioteket.

Eg har vore noko usikker på korleis eit diktprogram kunne fungere på radioen. Men eg fann dikt av Hallvard Eldhuset, Yngvar Uleberg og Ingrid Geithus. Etter å ha presentert nokre dikt av Eldhuset, landa eg på fugle-dikt, og det var trivelege tekstar av alle desse. Så eg trur eg vil lage fleire diktprogram i radioen seinare.

Programkommentar

Denne veka ser ut til å bli ei fin veke når det gjeld programma i Valle Radio. Eg sende informasjon til Setesdølen sundag kveld, men det skulle eg visst ikkje ha gjort, for måndag morgon fekk eg melding om ein halvtime som Øyvind Jacob hadde laga med elevar frå Valle vidaregåande skule om diamantar. Det gleder eg meg til å høyre.

Når eg så legg på ein halv time med Gamle svisker av Ånund K. Homme, så vert det ein variert time før Opi sending med Rolf Erik homme. Ånund Laga 250 program for lokalradioen på Sunnmøre då han budde der. Dei går visst i reprise enno, det er trivelege program han syr saman.

Som pensjonist har han gjeve ut over 150 bøker på Setesdalsforlaget. Ei av bøkene kom sist veke: Djupt gjennom berg det hjalar. Her er det mange fine dikt av Hallvard Eldhuset, og eg vil presentere nokre av dei i sendinga tysdagskvelden.

At eg har fått Siri Johannessen med meg på Sangkveld ein gong til gleder eg meg over. Ho har god musikalsk teft og i sendinga sist veke synte ho noko av det ho set pris på. Det var til å høyre og hugse. Men om du ikkje hugsar det, kan du gå til Setesdalswiki, for der finn du spelelista for kvelden hennar: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_26._oktober_2010 Kva ho har funne til denne sendinga, får du finne ut i morgon kveld klokka 18:30.