Ikkje kommunestyremøte i november

Det vert ikkje kommunestyremøte i november. Etter planen skulle det vere fyrstkomande onsdag, men det var bare ei sak som var klar, og den kunne utsetjast, så dermed vert heile møtet utsett.

Eg tok ein telefon til Ørnulf Hasla og sa at eg kunne ta onsdagskvelden, og det var han glad for. Så skreiv eg på Valle Radio sin vegg på Facebook at eg skulle gjere det, og då kom Øyvind Jacob og sa at han kunne skaffe ein halvtimes program frå 20:30 til 21:00 med to unge frå Valle VGS som kunne ha musikkprogram. Det sa eg ja takk til. Dermed tek programmet for onsdagskvelden til å flaske seg.

Grunnen til at eg sa at eg kunne stå for programmet, var opplevinga onsdagskvelden. Eg fortalde om det i ein bloggpost for nokre dagar sidan. Det kom ikkje med noko i Setesdølen om at det var sending i Valle Radio, og då dei som hadde ansvaret, troppa opp og ikkje hadde nøkkel. Eg fekk ein telefon og måtte ned og låse opp. På grunn av dette, fomla vi med å få kople opp, og medan vi streva for å få samband, kom det fleire telefonar som lurte på om det ikkje var sending den kvelden.

For mange er det kjærkome å få Valle Radio inn i stova både tysdagskveldane og onsdagskveldane. Med kvart sitt preg er dei sendingane våre til glede for mange. Så eg satsar på å ha to kveldar i radioen komande veke.

Eg må nok ta nokre telefonar for å få det heile til å gå i boks, men vonar at eg kan sende programmet til avisa som vanleg måndag. Så får du sjå i Setesdølen og fylgje med på bloggen og på Setesdalswiki og sjå kva som vert resultatet. Her er ei lenke: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Valle_Radio_program_hausten_2010

Postludium med Lefébure-Wély og Adrian Lucas

Tysdagskvelden spelte eg musikk av Adrian Lucas. Han er ein engelsk organist og kordirigent, fødd i 1962 i Essex og er frå 1996 til no knytt til Worcester Cathedral. Han er kunstnarleg leiar for Worcester Three Choir Festival, den kjente korfestivalen. Frå 1980 til 1983 var han organ scholar ved St. John’s College, Cambridge under dr. George Guest. I denne tida dirigerte han koret der og var på turar til Frankrike, Nederland, Tyskland, Belgia, Sverige, Hellas og Australia. Han stod også for fleire innspelingar med koret. I 1983 kom han til Norwich Cathedral. Der var han til 1990, då han flytta til Portsmouth Cathedral. Men i 1996 kom han altså til Worcester.

I sendinga i Valle Radio tysdagskvelden spelte eg frå ei plate han har spelt inn saman med Christopher Herrick. Eg valde nokre stykke som Lucas hadde spelt inn. Her er dei, med lengda på stykka

Hymn of the Nuns — 3:07
Sortie in B flat — 2:46
March in E flat — 3:40
The Storm — 9:28

Alle er av Louis James Alfred Lefébure-Wély, ein fransk organist og komponist. Du kan lese om han på dansk wikipedia: http://da.wikipedia.org/wiki/Louis_James_Alfred_Lef%C3%A9bure-Wely Han var ein populær improvisatør og hadde mange effektar i musikken sin.

Syltetøyglass med myntar

Laurdag er det Jolemesse på Rysstad. Det går mot trettiårsjubileum, er visst 29 år dei har halde på. I Setesdølen tysdag hadde dei ein vri på omtalen av messa, der hadde Helene Horverak eit intervju med Ruth Olsen og ANna Lislevand på Evje. Dei har vore på alle jolemessene gjennom åra, og dei gledde seg til å ta turen til Soknehuset på Rysstad i år også. I samtalen mimra dei om rådmannen i Bykle som loddseljar, mellom anna.

Eg nemnde jolemessa på Rysstad i tysdagssendinga. Ofte har eg hatt ein prat med Ragnar Aas på Evje i høve messa, men i år droppa eg det. Men damene med syltetøyglaset med myntar fortener å verte nemnde, dei samlar pengar heile året til denne jolemessa. Når dei har vore på butikken, legg dei myntane dei får att i glaset, og det vert mykje pengar å kjøpe lodd for når basaren endeleg skal gå av stabelen. Så har dei jo vunne ein del opp gjennom åra. I fjor vart det 23 gevinstar i løpet av dagen.

I år skal Byglandsfjord Barnekor og Evje Musikklag vere med. Talar vert Mathias Mjølhus, som har vore misjonær i Tanzania. Han har og skrive bøker frå Tanzania, mellom anna ei som heiter Mangati, Tanzanias krigerske nomader og Korset på Kibo – Skisser fra misjonærlivet i Tanzania. Det er mange år sidan dei kom ut, så det er ikkje sikkert at dei er å finne andre stader enn i antikvariata no, men eg hugsar at eg las den fyrste av desse med stor interesse i 1972 då eg var redaktør av Fiskerens Venn og fekk bøker til omtale i bladet. Siste boka han har gjeve ut, kom i 1983 og heiter Mara – nybrott i Nord-Tanzania. No kjem han altså til Rysstad for å inspirere til misjon og evangelisk arbeid.

Det bør bli ein triveleg dag på Soknehuset.

Onsdagskveld med open sending

Denne hausten var eg ikkje sett opp til å ha Open sending. Det var eit sakn, så eg vart veldig glad då Henri-Tore spurde om eg ville ta onsdag 17. november for han. Eg svara ja på flekken, og i dag var vi komne til 17. november.

Planen min var å sitje på skulen til klokka 20 og høyre på sendinga, kanskje skrive om den på Setesdalswiki, og så gå til studio og vente der til klokka vart 21. Når Torbjørg Hoftuft er telefonvakt, pleier ho lage vaflar eller noko anna godt til kaffien, og så sit vi og pratar litt medan vi venter.

Denne kvelden vart annleis. For 17.50 ringde Ørnulf frå Evje og spurde om eg kunne gå ned og låse opp, då stod Øyvind og Liv Gunn og venta utan nøkkel. Saman med dei var Randi Myrum og Leonhard Jansen frå Setesdalsmuseet, som skulle fortelje om arrangementet dei skal ha der i morgon. Då skal dei vise filmen om korleis ein tek på seg Setesdalsbunad. Ingebjørg Vegestog Homme er den som syer det, og Sigrid Uppstad og Alfred Ryningen er skodespelarane saman med henne. I Open sending fortalde ho litt om arbeidet med filmen, for ho løyste ein rebus og vart trekt ut til å kome inn i studio.

Med fem minutt til sendinga starta gjekk det fort og gale å prøve å kople opp til Bykle. Vi ringde og trudde det gjekk greitt, men det kom ingen lyd frå ekstern linje då vi prøvde radioen. Så prøvde vi igjen, og ein gong til, men då var klokka over seks og ingen lyd kom gjennom eteren, så eg tok telefonen til Jørund Georg Jore. Han var på Frøysnes og kunne ikkje kome i teknisk rom og hjelpe oss, men rettleia frå telefonen. Minuttane tikka og to-tre telefonar kom der folk lurte på om det vart sending, det hadde jo ikkje vore noko i Setesdølen i går heller.

Etter kvart fann vi feilen, det var nesten pinleg enkelt, og snart var vi på lufta. Då var det gått over 20 minutt sidan vi skulle ha vore der. Torleiv Soltun kom for å hjelpe Liv Gunn, det var tredje kvelden hennar som teknikar, og ho var ikkje trygg. Men han er ein rutinert teknikar som gjev ein urøynd person god støtte. Dermed kunne eg gå tilbake til skulen, men då heldt eg fram med å lage rebusar og kom ikkje på å høyre på sendinga, så kva som skjedde der, må eg få Øyvind Jacob til å skrive om på Setesdalswiki. Lenke til det finn du her, han har enno ikkje skrive noko, men har lova å hjelpe meg litt etter kvart. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101117

Meir om onsdagskvelden kjem etter kvart.

Englevakt

Fredag hadde eg med meg to burmesarar og den vesle dottera deira på knapt eit år til Evje. Dei skulle vidare til Arendal, og difor kom det ein burmesar med bil for å hente dei på Evje. Eg sette dei av og tok fatt på siste del av turen min til Mandal, der eg hadde helga som vanleg.

Då eg kom tilbake på skulen måndag morgon, fekk eg høyra at turen over heia mot Arendal ikkje hadde vore så enkel som min tur til Mandal. I Froland hadde det kome ein lastebil mot dei. Den fekk sleng i ein sving, og bilen med burmesarane havna i grøfta for å unngå å kollidere med lastebilen. Airbagane løyste seg ut for dei i framsetet, men dei i baksetet kom heller ikkje til skade. Men bilen vart mykje skadd. Måndag vart han kondemnert, så no må det vel handlast ny bil.

Men folka kom uskadde frå hendinga, og det er i grunnen det viktigaste. Sjåføren vart med bergingsbilen tilbake til Evje, der fekk han leigebil, men då køyrde han om Kristiansand for å kome til Froland og hente dei som var stranda.

Vi snakka ein del om å ha uhell i trafikken med elevane på Valle Vaksenopplæring etter dette. Mange ynskjer å få seg førarkort, bil er jo naudsynt når ein bur i Valle. Men det fylgjer ansvar og uhell med det, dei fleste av oss har hatt opplevingar som har vore prega av at ein hadde englevakt og kom frå det med helsa intakt.

Etter mi meining er det noko å takke for ein tysdagskveld i november.

Kattedikt

I kveld har eg sete og putla med kattedikt. Det er diktkveld i Valle Radio i morgon kveld og eg har planlagt kattedikt. Det var i grunnen eit av dikta sist veke som inspirerte meg til det, Tormod Ulebergs Terrorbalanse over hekken. Eg skal lese det og eit anna dikt av Tormod Uleberg: Katterespekt.

Men eg må vel og spele Jakob Sandes sang om Simon i Støa og katten. Det er både dikt og musikk i fin kombinasjon.

Men når eg lagar diktkveldar i Valle Radio, er det for å presentere dikt frå Setesdalsforlaget sine forfattarar. Og dermed kjem eg til Ingvald Langemyr, som har mange kattedikt i boka Heime, vers og stykke, som han gav ut i 2003.

Eg har ikkje bestemt rekkefylgja på dikta, men her er nokre titlar:
Kattar, side 27
Katteliv, side 31
Hankatten, side 35
Kattane mine, side 51
Kjetter, side 56
Katten vår, side 68
Katten og fluga, side 82
Friarar, side 150
Furua, side 168
Mannen og katten, side 170
Regle, side 177
Kjetta vår, side 187

Og så må eg kanskje ha med litt Katzenjammer og kanskje – Duetto buffo di due Gatti/Kattearien av Rossini, eg vonar eg kan finne det på Spotify. Truleg skulle det kunne fylle halvtimen som eg har kalla diktkveld i morgon. Her er programmet for heile kvelden:

Tysdag 16. november 2010

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld ved Siri Johannessen
19:30 Diktkveld. I kveld: Kattedikt
20:00 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Les på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_16._november_2010
Du kan høyre programmet frå klokka 18 på http://valleradio.com
Der må du gå til den lille lenka som heiter Live streaming under den svarte RSS-boksen og klikke på den for å høyre programmet.

Reiårsfossen med lys

Sist sundag stoppa eg på Reiårsfossen kro og hadde middag der. Eg hadde køyrt Reidun på bussen, ho har vore bångjøle i Nittedal denne veka og kjem ikkje heim att før tirsdag.

Middagen var god, særleg vil eg framheve fårikål som ein rett ein kunne forsyne seg av mange gonger. Desserten var heller ikkje å forakte, eg kom meg ikkje over heile fjøla på dessertbordet i vindauga, det heldt med tilslørte bondepiker og moltekrem for min del. Eg skjønar godt Knut William Bygland som meinte han måtte teste kvaliteten på desserten og difor tok seg minst ein ekstra runde, eg trur det var moltekremen som måtte testast nokre gonger.

Etter middag og dessert var det råd å gå inn i salongen og få kake og kaffe. Vi såg bilete frå salongen i Setesdølen då dei hadde reportasje frå Reiårsfossen kro. Den dagen eg var der, stod TV på, så kunne ein få med seg litt derifrå før ein tok siste etappe.

Denne sundagen var eg for sein til å stoppe på Reiårsfossen. Eg var til og med for sein til å få middag på Pernille, men kinarestauranten på Evje har ope til klokka 21, så der kunne eg få meg middag, og når eg går på kinarestaurant, landar eg som oftast på svinekjøt i sursøt saus. Denne gongen var det innbaka, men ikkje mindre velsmakande. Menyen der er blitt svært norsk, dei kinesiske rettane har bare norske namn, truleg har dei funne ut at salet går best då, men Kina-preget på menyen er borte.

Så var det bare å ta siste delen av turen. Då eg kom oppover mot Reiårsfossen, la eg merke til lyskjegla som stod frå kroa og over mot fossen. Det glitra litt i drysset som kom ned. Eg måtte stoppe på rasteplassen og sjå ein gong til, eg skrudde av radioen, rulla ned vinduet og høyrde fosseduren i det gråkvite lyset frå vatnet som dundrar ned fjellsida. Då eg sette billysa på parkering og kupelysa var av, var det eit flott syn, sjølv utan å gå ut av bilen.

I byen har dei starta litt med lys som vi helst vil forbinde med jola. Det er tidleg, synest eg. Då heller den lysande Reiårsfossen i novembernatta.

GPS og litt til

Onsdagskvelden hadde Valle Radio konkurranse frå Valle jakt- og fiskelag, som arrangerte GPS-kurs i kommunestyresalen. Då det var ferdig, opplevde eg noko som ikkje skjer så ofte: min kollega Øystein kom innom på skulen der eg sat. Dermed fekk eg ikkje med meg Opi sending med Jorunn og Kåre.

Å kunne bruke GPS når ein går i heia, det var temaet for kurset. Deltakarane hadde veldig ulikt nivå, og då er det nok ikkje så lett å vere lærar, fekk eg høyre. Øystein likar godt å gå i heia, i haust har han leita etter sauer heilt til snøen la seg. Hans forteljing om siste turen, der han skulle få heim nokre sauer som tilhøyrte ein bonde på Jæren, er både spennande og kosteleg. Når han fortel om korleis den eine sauen etter kvart skjøna at han kunne få kraftfor frå bøtta om han fylgde, då høver ikkje uttrykket “dum som ein sau” særleg godt.

Medan eg skriv om dette, kling songen Langt inn på ville heii i hugen. Vi har brukt den fleire gonger, og det er klart at hyrdingen hadde hatt god bruk for GPS når skodda la seg og ein ikkje fann noko kjent, sjølv i område der ein har gått eit langt liv. Å vaddre seier dei i Valle om dette fenomenet.

Sjølv nyttar eg bare GPS i bilen, og det er godt å ha, sjølv om å ha kona som kartlesar og NAF si veibok er vel så interessant, for då får eg høyre stikkord om stadene vi passerer. Og hittil har vi funne vegen, men GPS er god å ha om ein skal til ein bestemt adresse. Computeren i bilen har ei rekke andre funksjonar og, mellom anna syner den bensinforbruket når eg speedar opp. Eg trur køyrestilen har blitt litt endra etter at eg tok til å fylgje med på den målinga, det er jo betre å kjøre med ein halv liter på mila enn med 2,5 liters forbruk.

Fredag hadde eg med meg elevar til Evje. Dei skulle vidare til Tvedestrand og møte karenske vener. Dagen i dag var jo ein merkedag for folk i Burma då den demokratisk valde leiaren Aung San Suu Kyi slapp ut frå husarresten. I 15 av dei siste 20 åra, sidan ho vann valet i 1990, har ho sete i husarrest eller fengsel medan ein junta har styrt landet. Dei som har flykta, skulle gjerne hatt henne i posisjonen dei valde henne til. Også karenarane som bur i Valle ville gjerne hatt henne til å stake ut kursen for heimlandet i åra som kjem.

Menighetshuset i Valle

Før ferien kjøpte kommunen Menighetshuset i Valle. Tanken var at det skulle verte næringslokale for Bleieboden, men av ein eller annan grunn, Tina sa at ho merka reaksjonar i bygda, valde Bleieboden å kjøpe Bergtun Hotel av Valle Sparebank. I fleire veker i haust har det blitt arbeidd og fiksa på det gamle hotellet for å gjere det tenleg til det nye føremålet.

Mange har lurt på kva som no skjer med Valle Menighetshus. Ein legg merke til at sundagsskulen har flytt til Vonheim og tradisjonelle møte er det lite av. Vi legg og merke til at møta med Elin Fagerbakke, som før var i Menighetshuset, er flytte til kyrkja eller kommunestyresalen.

Difor vart overraskinga stor då eg høyrde på sendinga i Valle Radio sauesjådagen. Eg var i Mandal, men etter det eg forstod var ikkje veret særleg godt, og plutseleg sa ein av dei som vart intervjua at han ville på Menighetshuset og få seg suppe og eplekake.

-Dei sa jo at dei skulle ha basaren i eit telt nede ved Motellet, kva har hendt, tenkte eg

Sidan fekk eg vite at vinden hadde teke teltet, og i dag fortalde Torleif Homme at ein av dei som var der i samband med Bygdekvinnelaget sitt arrangement hadde nøkkel til Menighetshuset, så ho sa, vi flytter alt opp til Menighetshuset, slik som det pleier å vere.

Og slik vart det: Stinn brakke på Menighetshuset, såsså så det allstødt ha’ vori.

Onsdagskvelden fortalde Åse Rike at Normisjon si jolemesse vert i Valle om eit par veker, laurdag 28. november, trur eg det var. Då tenkte eg, -Kva skjer med Menighetshuset. Har ikkje kommunen kjøpt det likevel.

Den som plar vite alt i kommunen, det er Torleif Homme. Men han visste ikkje heller. Dermed tok eg ein telefon til Bjørgulv T. Berg, det var han som intervjua Åse Rike onsdagskvelden. Og han kunne fortelje at det er kommunen som eig Menighetshuset no, men Soknerådet/ Fellesrådet har fått lov å ha arrangement der fram til 31. desember 2010. Difor kan jolemessa vere der. Om nokon vil låne huset, må dei snakke med Sissa på kyrkjekontoret, kunne han fortelje.

Dermed kan karenarane i Valle spørje Sissa når dei lurer på om det er råd å få låne Menighetshuset til karensk nyårsfest 31. desember. Her er lenke til onsdagssendinga i Valle Radio med stikkord for det dei snakka om denne kvelden:

http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101110

Meir om onsdagssendinga 10. november

I går skreiv eg om den aktuelle timen. Etter den hadde Håvard Viki Tankar frå Bibelen, og så var det Bjørgulv sin tur att, no med Frode Verpe, konstituert leiar for Helseavdelinga i Valle kommune og August Gillebo, turnuskandidat i Valle kommune. Første delen hadde Frode Verpe ordet. Han hadde, som dei ofte brukar å gjere, sendt ut spørsmål til valle.alle om dei hadde noko å melde til Valle Radio, og då hadde han fått inn fleire tips:

Frist for å søke om TT-kort. Gjeld bare dei som ikkje har hatt slikt kort før.

Styrketrening i gymsalen Hylestad skule. Liv Lofthus, pedagogisk konsulent på Setesdalsmuseet, leiar treninga

Gudsteneste i Hylestad kyrkje med minning av dei døde. Middag etterpå på Soknehuset.

Trond Mikkelsen, prosjektleiar for Folkemusikkprosjektet, informerer om ein folkemusikk-konsert-turne til skulane.

Helseteneste-avdelinga dekker legekontoret, helsesøster, fysioterapi, jordmor og psykiatri.

Etter litt musikk var det så August Gillebo sin tur. Etter at han og Bjørgulv hadde prata litt om trivsel i Valle i motsetning til ein større stad, hadde han tre punkt på si liste:

Helsestasjon for ungdom er annankvar tysdag frå 16-18 for ungdom opp til 20 år. Normalt er det helsesøster som står for helsestasjonen, men helsesøster Monique er ute i praksis. Ettersom det var helsestasjonsdag tysdag, blir neste gong tysdag 23. november.

Influensavaksine er komen, det er nok av vaksine i kommunen. Prisen er 60 kroner.

Håndhygiene er viktig for å unngå smitte. I fjor var det mindre influensa enn nokon gong før. I tillegg til vaksine mot svineinfluensa var håndhygiene i sterkt fokus, og det hadde heilt klart ein effekt. Fleire stader fekk ein skånsom spritvask lagleg utplassert, og det er også sterk medverkande til å redusere smitte.

Etter praten med folka frå avdeling Helse sende Bjørgulv eit intervju han laga med Knut Reiersrud etter konserten siste sundagen i kulturveka 2010. Og før han kunne gå heim, hadde han ein prat i studio med Kåre Rike, som fortalde om at Valle Sparebank vil ha laurdagsope komande laurdag med telt i Valle sentrum. Handelsstanden vil og ha spesielle aktivitetar og så er det basar for Valle IL med utdeling av premiar og sal av suppe. Så komande laurdag blir det stor aktivitet i Valle.

Dermed overtok Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike i studio for å ha Opi sending. Men då kom Øystein Berg innom til meg, så det programmet fekk eg ikkje høyre i går kveld.

http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101110 Les meir om programmet på Setesdalswiki