Kirsten på Statsbudsjettet

Meldinga om at Kirsten Bråten Berg er blitt statsstipendiat vart motteken med overrasking av henne sjølv då ho var til stades på eit arrangement på Riksscenen då kulturbudsjettet for 2011 skulle presenterast. Kirsten skulle kvede saman med Annbjørg Lien og Ole Bjørn Rasch, og overraskinga var stor då statsråd Anniken Huitfeldt fortalde om utnemninga. Men Setesdølen fortel at Annbjørg Lien kanskje ikkje var så overraska, ho hadde arbeidd i kulissene for å få til dette.

Kirsten har vore med i Valle Radio frå starten av, det er ennar stemme du høyrer i introen som syng “og dette er Valle Radio”. I eit hektisk program har ho ofte vore innom oss for å fortelje når ho hadde noko på hjarta. Best hugsar vi kvelden ho laga med innsamling til Sri Lanka etter tsunamien som øydela så mykje der. Eg fann ei melding om det på nettet, det var før eg hadde starta å skrive blogg:

“Kvedaren Kirsten Bråten Berg feira ein spesiell 55-årsdag då ho leia ei direktesending for lokalradioane i Setesdal frå «Store Studio» i Valle kommunestyresal. Sendinga var ei innsamling til flomofra på Sri Lanka. Initiativet vart tatt fordi ein lege frå Sri Lanka som til dagleg driv ein helseklinikk i heimlandet tilfeldigvis var i Valle då flombølgja inntraff i romjula. Saman med Kim André Rysstad, Sigrid Jore, spelemannslaget Knut Heddis minne, Margrete Nordmoen, Tor Hoslemo og fleire visesongarar heldt Kirsten Bråten Berg ei direktesending med loddtrekking og pengegåver, der dei mellom anna kvad stev om fleire av gåvegjevarane. Då sendinga var over, var det samla inn 238 000 kroner som Strømmestiftelsen skal rå over i hjelpearbeidet på Sri Lanka. ” http://www2.nfd.no/nfd/index.html Lenka går til Norsk Folkemusikk- og Danselag, du må nedover til 11. januar 2005

No får ho fast løn og vert med i Statens Pensjonskasse. -No vil eg bare jobbe med musikk, var hennar fyrste reaksjon då ho fekk vite om utnemninga. Vi får vona at sylvsmeden ikkje heilt forsvinn, det kom nokså fort ein kommentar som lurte på kor dei no skulle få sylvet sitt frå.

Valle Radio sender dei varmaste gratulasjonar i høve utnemninga.

Krypsivfjerning på Statsbudsjettet

Eg har skrive om krypsiv på bloggen før. Siste gong var visst i 2007, mykje vatn har runne gjennom Otra sidan den gongen. Eit av innlegga mine om krypsiv kan du lese her: http://valleradio.blogs.no/2005/11/02/krypsiv_i_otra~279534/

No kom det 3 millionar på statsbudsjettet for 2011 til å fjerne krypsiv på Sørlandet med. Det var ei gladmelding, kunne vi lese i Setesdølen tysdag 5. oktober. Redaktør Sigurd Haugsgjerd hadde skrive leiar om emnet. Også i Lindesnes skriv dei om dei same millionane. Mandalselva er prega av krypsiv, i alle fall for den delen av elva som renn gjennom Marnardal kommune, så ordførar Helge Sandåker er glad for krypsivmillionar. Der får vi også vite at SVs Alf Holmelid har stått på for å få på plass desse pengane, det er fyrste gongen staten bevilgar pengar til kampen mot krypsivet, som veks så godt i næringsfattige vassdrag at det legg eit teppe av siv over store deler av vassflata. Dette graset stoppar lausmassar som kjem med vatnet, slik at det søkk til botnar og fyller opp fin grusbotn med mudder. Korkje fisk eller fiskarar likar dette, gyteplassar for laksen vert til mudderbotn, og propellen stoppar i alt graset i vatnet.

Ein har meint at det var reguleringa av elvene som var årsaken til framveksten av krypsiv. Difor vart det laga eit fond på 21 millionar kroner til kampen mot krypsiv i Otra då konsesjonen for å drive kraftverk vart fornya. Rentene i av fondet skal brukast i kampen mot plagene, men det har på ingen måte vore nok til å fjerne problemet.

Framleis veit ein ikkje kva som er årsaka til at krypsiv, som til vanleg er ein liten plante i vasskanten, har fått slik ein veldig vekst i vassdraga på Sørlandet. Men det har vore eit forsøk i Øvre og Nedre Lundetjenn i Grimstad som tyder på at krypsiv trivst i næringsfattig vatn. I det forsøket vart vatnet tilsett fosfor og då kom krypsivet bort. Fosfor vart tilsett i tre år, fjerde året var krypsivet borte. Du kan lese meir om det i pdf-rapporten her: www.niva.no/symfoni/RappArkiv3.nsf/URL/…/$FILE/4881_72dpi.pdf

Då eg las rapporten, tenkte eg at ein ting er å tilsetje fosfor i ei tjenn, noko anna er å ha det i Otra, det skal nok ein del meir til å fjerne det i dei vassmengdene som vi har i Setesdal. Men mekanisk rensing er jo bare kortvarig, etter nokre år er det like ille, så det hadde jo vore tenleg om ein kunne finne botemiddel som fjerna den store veksten som er øydeleggjande både for næringsbruk av elva og for badelig og andre fritidsaktivitetar.

At det no er kome på Statsbudsjettet 2011 er i alle fall eit gode. Så får vi vone at det kjem meir pengar i åra som kjem og at ein kan få bukt med den plaga som dette graset er blitt i vassdraga.

Onsdagskveld i haustferie

I kveld var det Ronny Stavsholt som hadde sendinga. All musikken denne kvelden handla om haust og regn, og emna han tok opp var heller ikkje utan tilknytning til emnet. I ein samtale han hadde med Øyvind Johnsen fekk han vite mykje om veret. Johnsen kunne fortelje at det kom 20 mm nedbør på Hovden. Til samanlikning kom det 115 mm på Eik i Rogaland. 1 mm regn på eit mål gjev 1000 liter vatn kunne han også fortelje. Han fortalde også at når vi såg skyer høgt på himmelen i Norge, kunne dei ha samband med eit nedbørområde over Storbritannia.

Ein stor del av den aktuelle timen gjekk med til ein samtale med Eirik Brunvatne, som studerer ved Universitetet for Miljø og Biovitenskap, det som før heitte Norges Landbrukshøgskole. Dei snakka om vindkraft og andre nye former elektrisk kraft, som solcellepanel, bølgekraft og småkraft. Fleire elektriske apparat i husa gjer at ein brukar mykje meir straum enn før. Ronny fekk og nemne at han arbeider på Vestas, som produserer vindmøller. Modellverkstaden på Rysstad arbeider modellar til støyping av ei vindmølle med 112 meter diameter på vengene. Han fortalde og at Vestas sponsar drakter til Valle IL for neste sesong.

I Kommunen informerer var det Caroline Rysstad som kom frå Valle Barnehage. Ho hadde ikkje så mykje nytt frå barnehagen, men hadde samla inn mange opplysningar om andre aktivitetar i kommunen. Du kan lese om dei på setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101006

Eg fekk ikkje med meg fyrste delen av Ronnys time med gjester, for eg fekk ein telefon frå eit meiningsmålingsbyrå som skulle vite mangt og mykje om det eg meinte og visste. Dei spurde mellom anna om eg hadde høyrt radioreklame for 1881 og andre merkevarer, men eg måtte svare nei på alt, einaste reklamen eg høyrer på radio er den som eg får frå Valle Radio, men den var ikkje med i undersøkinga.

Eg kom inn i sendinga då Ronny snakka med Tarald Myrum. Han fortalde om aktivitetar i Valle IL. Deretter var det Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som hadde open sending. Då kom eg til og med gjennom og svarte på ein rebus. Eg avsluttar bloggen før eg veit om eg vinn noko.

Program for veke 40

Dette skulle eg ha skrive i går: Inga tysdagssending denne veka. Det er haustferie for skulane i Valle denne veka, og dermed er eg ikkje i Valle, så tysdagssendinga går ut. Men onsdagssendinga går etter fast plan med dette programmet:

18:00 Aktuell time med Ronny Stavsholt
19:00 Kommunen informerer med Birgitte Bø frå Valle barnehage
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Ronnys time med diverse innslag
21:00 Open sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike.

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Torbjørg Hoftuft og Malmfrid Nyborg Homme

Telefon etter klokka 20:30: 370 37 577
Epost: post@valleradio.com
Fylg med på Facebook

Kulturveka slutt – haustferie starta

Så er kulturveka slutt for i år. Sprekleiken måtte avlysast, veret vart slik at det ikkje ville vere triveleg å halde på, etter det eg skjøna. Sauesjået var vel heller ikkje velsigna med det mest tenlege veret, etter det eg forstod frå sendinga i går hadde dei si fulle hyre med å få gjennomføre programmet, Om det var difor Valle bygdekvinnelag flytta tilbake til Menighetshuset med basaren sin, veit eg ikkje, det hadde nok ikkje vore heilt enkelt å ha basar i eit telt med regnet og vinden.

Men det meste av programmet vart gjennomført etter planen. Så langt eg har forstått, må ein kunne seie at det var vellukka. Sjølv fekk eg vere på to arrangement, konserten med SalmeKlang og filmkvelden med Paal-Helge Haugen-filmen Dolkaren. Dei streva litt før visninga av filmen gjekk seg til, men det var verd å vente på den filmen. Framleis kjem bilete og tema frå filmen for meg.

Av andre arrangement kan ein nemne filosofikafeen på Valle Motell, der kom det langt fleire folk enn ein skulle tru var mogleg å samle til samtale om Empati og Den gyldne regel. I intervjuet som Bjørgulv T. Berg hadde laga for tysdagssendinga i Valle Radio, fekk ein problematisert temaet ganske kort, det gav og grunn til ettertanke.

Så har det vore spitekafe og eventyrkveld i skogen, konsertforedrag om Sigbjørn Bernhoft Osa og barnekonsert med Syngjandi. Alt har medverka til å gi gode opplevingar for dei som fekk dei med seg, og konsert med Kirsten Bråten Berg i Valle kyrkje, så vel som Syng deg glad-kveld i Frikyrkja med Sigrid Jore og Birgit Anette Helle, dei siste arrangementa måtte og slåst med dårleg ver, men gav sikkert fine opplevingar kvar på sitt vis.

Vel blåst til komiteen som stod bak Kulturveka 2010. No vert det spanande å sjå kven som stiller opp for å arrangere neste år, ettersom Folkeakademiet ikkje lenger vil ha ansvaret. Eg vonar at nokon vil arrangere, det er ei stort gode for alle i Valle kommune at ein har ei slik veke.

Sauesjå laurdag klokka 12

Etter litt av kvart av plundring og kontakt med Helge fekk eg til slutt opp sendinga frå maskinen min i Mandal. Der kom eg akkurat inn då Bjørgulv T, Berg hadde ein prat med Leif Kvinlog frå Kjelleberg Terrasse, terrassen på Valle Motell. Leif var oppe forrige helg, og denne helga kom han opp att for å få med seg sauesjået. Kulturveka har vore ein suksess med eit variert program.

I ei lita bygd må mange folk stille opp. Og då dei spurde om kor gammalt sauesjået er, fekk dei svar frå Kina på SMS. Leif skulle ha suppe på menighetshuset etter at han hadde vore i radioen. Det høyrer med, meinte han.

Neste gjest var Mona Egeli, leiar for Småbruksprosjektet i Valle. Dei har tre som ligg ute for sal, og nokre kjem, men det tek tid. Folk må verte medvitne om kva som skjer når det ikkje lenger er lys i husa. Småbruksprosjektet går over tre år, ho er på kontoret onsdagar og torsdagar, stillinga hennar er bare 30%.

Så snakka Ørnulf Hasla med Gunvor Salvesen og Liv Bakke Kvinlog. Dei hadde vore på Sauedansen fredagskvelden, stort kalas. Då dei var på sauesjå eit år tidlegare, gjekk Bygdekvinnelaget tom for suppe før dei kom seg opp dit, det var ei katastrofe for opplevinga, for sauesjå utan suppe og lefse i Menighetshuset er ikkje noko sauesjå.

Veret i Valle skulle i følge yr.no vere vind med styrke 6 m/s og regnet skulle auke på. Slik opplevde dei det og då klokka var halv eitt. I fjor snødde det, veret er vanskeleg når ein har sauesjå fyrste helga i oktober. Kaffikoppen bles ned frå bordet på terrassen.

Ørnulf snakka deretter med Ulf Kjelleberg, som har flytta til Valle frå Oslo for å starte med golvbelegg, fliser og tapet. Han har våtromsertifikat. Det er strenge krav til godkjenning for å gjere slikt arbeid.

Deretter prata Bjørgulv med Jorunn Lund Harstad, sjefsbakaren i Valle kommuen. I dag selde ho eplekake og takkekaker. I tillegg er det loppemarknad for Valle Raude Kross. Mykje bøker, CD-ar, klede og sko. Prisane er låge, og ein kan og prute. I Valle er det ikkje så stor aktivitet, dei har besøksteneste til bygdeheimen kvar veke.

Musikken den tida eg høyrde på, var noko prega av veret. Sacramento hadde verpreg, og Bjøro Hålands Storms never last var jo god å høyre på i vinden denne dagen. Ein annan sang dei hadde funne fram var Gitarkameratene med Fisketur i øsende regnvær.

Torunn Charlotte Nyberg Lund informerte vidare om programmet. Neste post på programmet var gjeterhundkonkurranse klokka 13, den skulle vare ein liten time ut på sletta, og der ville ikkje publikum få anna enn regn i hovudet. Dertter skulle Setesdalsmuseet ha sentrumsvandring klokka 14:30.

Hans Andersen var neste intervjuobjekt: Hans Andersen sel spekepølse. Han har vore i Seljord, men elles mest på Sørlandet. Gråtass var bygd av eit engelsk firma etter andre verdskrigen, då var det vanskeleg med maling, men marinen hadde gråmaling, så då brukte ein det, og dermed kom namnet. Hans Andersen frå Arendal lever ikkje av å selge pølser, men koste seg med å treffe folk rundt på nokre slike arrangement.

I år var det kyr på utstillinga. Dexter-kyr er forholdsvis små og kan gå ute det meste av året. Likevel har dei god slaktevekt.

Så gjekk Bjørgulv inn på motellet, der prata han med eit par born som fortalde at folk hadde bada i Bjørnevatn i dag. Dei hadde haustferie der borna hadde stor aktivitet. Dei likte godt å sjå på firhjulingane på Sauesjået.

Det var eit lite gløtt frå sauesjåsendinga mellom klokka 12:15 og 13:15

Sauesjåsendinga 2010

Sauesjåsendinga 2010 gjekk i Valle Radio fredag 1. oktober 2010 frå klokka 18:00. Ansvarleg var Øyvind Jacob, teknikar var Jørund Georg Jore og telefonvakter var Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Helle Haugen.

Fyrste delen av sendinga vart sendt frå Sølvgarden. Andre delen, «Open sending», gjekk frå studio i Valle.

Program

18:00 Aktuell time
19:00 Frå Valle folkeakademi sitt kulturprogram frå Kulturveka 2010 med Sylfest Lomheim, som held foredrag om «Haldningar til morsmålet».
21:00 Open sending med Ronny Stavsholt og Kåre Rike i studio.

Du kan finne lenker i artikkelen på Setesdalswiki:
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Sauesj%C3%A5sendinga_2010

Eg er i Mandal og kan ikkje høyre sendinga, heller ikkje på internett, for eg har ein datamaskin utan eit program som taklar streaminga. Men det var ei interessant sending dei la opp til. Eg vonar dei eller nokon andre vil skrive litt på artikkelen om sauesjåsendinga på setesdalswiki, der kan alle skrive. Om nokon gjer det, vil det blir ein betre artikkel som dekker sendinga betre. Wiki er litt som Valle Radio, når alle kjem med sitt, vert det betre enn om ein sit aleine. Nettdugnad kan ein kalle det. Og Setesdalswiki er ein nettdugnad for Setesdal der Valle Radio har sin sentrale og viktige plass.