Meir om straumstansen

I dag kom forklaringa på straumstansen natt til måndag: Det hadde vore brann i Holen kraftstasjon laurdag morgon, og då dette skulle fiksast, klarte ikkje nettet belastninga som kom då øvre delen av Setesdal skulle få all straum frå Brokke.

I ei tid då tryggleiken i straumnettet er mykje framme i media, er det underleg å lese ei slik forklaring i Setesdølen. Eg tenkjer på korleis debatten har gått i høve Hardangerkabelen for å sikre nettet til Bergen. Sjølvsagt vil vi at folk i Bergen skal få straum i kalde tider, men sanneleg vil vi at det skal vere i orden her i bygdene i Øvre Setesdal og.

Eg undra meg og over at det er 3500 husstander i Øvre Setesdal då eg las artikkelen i Setesdølen. Det er fleire husstander enn det er folk i Bykle og Valle til saman. Og om ein reknar med hyttebyklarane, så var vel dei fleste reiste heim sundagskvelden. Eg møtte ikkje mange bilar på veg nedover, så eg tenkte med meg sjølv der eg køyrde oppover, at folk hadde reist heim tidleg denne sundagskvelden.

I straumproduksjon er både kraftstasjon og straumnettet viktige brikker for at datamaskinar, hushaldningsapparat, varmtvatn, lys og varmpumpe skal fungere når vi treng det. Som regel er det straum når vi treng, og ikkje veit eg korleis dei på Driftsentralen i Brokke klarar å få balansere det på best mogleg måte. Men eg stolar på at dei klarer det. Men hendinga sundagskvelden førte til at eg tok til å tenkje på på om nettet her i utkantane er så sikkert som vi likar å tru. Kanskje er det betre inn til byane enn her kor straumen vert produsert. Det er i så fall noko som eg ikkje likar, og det skal truleg ikkje så mange opplevingar av den typen vi hadde natt til måndag før folk tek til å tenkje at dei heller vil bu i byane der det er større tryggleik for at straumen ikkje fell ut og at ein slepp å finne stearinlys og lommelykt om natta.

Og så dukka den formastelege tanken opp, tek eigarane (les kommunane) ut så mykje av fortenesta til Agder Energi og Otra Kraft at dei ikkje har råd til å forsterke nettet i eigarkommunane i distrikta der kraftproduksjonen skjer? Ein dåre kan spørje meir enn ti vise kan svare, sa alltid mor. Eg spurde likevel.

Straumen gjekk

I går tok eg meg tid til å sjå Der ingen skulle tru og Maestro før eg gjekk i bilen i Mandal. Difor var eg ikkje i Valle før ved midnatt, men tenkte likevel at eg skulle få skrive bloggen. Eg hadde akkurat starta då straumen gjekk. Den var borte til nærare kvart over eitt, då hadde eg rota meg fram til bilen i mørkret og parkert utanfor huset der eg bur. Så sat eg der og funderte på om eg skulle nytte måneljoset og gå inn, eller om eg bare skulle sitje til ljoset kom att. Eg valde det siste, og sovna i bilen, noko eg gjer ofte. Det står jo plakatar langs vegane om at ein skal gjere det når ein kjenner seg trøytt, så det var ikkje vanskeleg å få seg ein høneblund. Då eg vakna, var straumen komen att, og eg kunne finne loppekassa utan å snuble i møbler og trapper.

Men eg undrar meg over at vi som bur ved eit av dei store kraftverka i landet, skal ha så mange straumbrot. Det er ikkje lenge sidan vi hadde eit anna, uannonsert. Nå er det snart 20 år sidan eg budde i Vesterålen, og minnet mitt kan dimmast, men der var det etter det eg kan hugse svært sjeldan straumbrot.

Om det var straumbrotet som førte til at Internett var borte ein lang periode frå klokka 11 for oss som har kommunalt nett, veit eg ikkje. Men elevane fekk ikkje tilgang til hjelpemidlar dei nyttar i læringa, så dagen i dag var ikkje ordinær.

Det år’nær sæ seier dei i Østfold, og det gjorde det ut over dagen i dag. Men ein kan likevel undre seg over kor sårbare vi er når straumen går, i alle fall når ein skal gjere noko i det virtuelle romet. Utan straum kjem ein ingen veg.

Ti brev som aldri ble sendt

Dette er eit kunstverk av Kjell Nupen. Kommunen kjøpte det og auksjonerar det bort i samband med innsamlingsauksjonen i haust. Pengane frå auksjonen vil gå til Flyktninghjelpen som eit bidrag til årets TV-aksjon. Flyktninghjelpen er ein norsk, uavhengig, humanitær organisasjon som gjev hjelp og vern til menneske på flukt frå krig.

Du finn bilete av kunstverket her: http://www.valle.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1782&Category.ID=1145

Siste bod før helga var på 2000 kroner.

Det spesiell med denne auksjonen er at du kan by i sendinga i Valle Radio komande onsdag frå klokka 18:00. Boda vert offentleggjorde, slik at du skal vite korleis auksjonen går. Om du vil by før sendinga i Valle Radio, må du kontakte Velkomstsenteret.

Du kan lese meir om Flykninghjelpen sitt arbeid her:
http://www.flyktninghjelpen.no/?aid=9496250

Og om du lurer på kven som har hatt TV-aksjonen gjennom åra, så har NRK sett opp ei liste her: http://www.nrk.no/programmer/tv/tv-aksjonen/1.5954585

Om Aust-Agder heiter det:
Bidrag i TV-aksjonens bøsser i 2009: 2.539.159,98 kr (2.746.234 kr i 2008)
Totalt bidrag per innbygger: 44,6 kr (47,12 kr i 2008)

Tala for Valle og Bykle har eg ikkje her no, men kanskje får vi vite det i sendinga onsdag.

Herreavdelingen

Kvar tysdagskveld når eg har køyrt Niklos til Besteland, kan eg høyre på Herreavdelingen i NRK. Der sludrar Finn Bjelke og Yan Friis som best dei kan og medlemmane på Facebook set verdsrekord kvar gong ein ny melder seg inn. Eg trur dei hadde over 19000 etter det dei fortalde sist eg høyrde på dei.

Valle Radio har ti prosent av det medlemstalet i si gruppe på Facebook. Då eg sat og høyrde på Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme onsdagskvelden i Open sending, tenkte eg at det er Herreavdelingen i Valle Radio. Dei hadde så mykje på hjarta at dei mest gløymde å legge ut rebusar. Denne kvelden var Britta Lise innom og tok bilete av dei. Du kan sjå bileta her: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?ref=ts Der ser du Rolf Erik som testar eit trimapparat han har kjøpt på postordre, trur eg han sa. Han heng opp ned, ganske så utruleg, seier no eg. Akkurat då kunne ein sakne at Valle Radio bare er lyd.

I løpet av sendinga var dei innom mange ting. Rolf kunne fortelje at han hadde vunne ein ganske så stor sum pengar i følge eit brev han hadde fått i eposten same dagen. Ein kan pludre lenge om Nigeriabrev og kva ein skal gjere med alle pengane. Han hadde og fått brev om han kunne stille bankkontoen sin til disposisjon for ein transaksjon av eit svært stort beløp, rentene for ein dag ville vere ei god påskjønig for jobben.

Slik pludra dei seg utover i kvelden, avbroten av musikk, du finn spelelista på artikkelen om sendinga på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101013 I tillegg var det ei helsing der ein ynskte å høyre musikk frå Ånund Lund si plate Blanda drops. Eg trur det var spor tre der. Frå artikkelen på setesdalswiki er det lenke til plata, der kan du sjå kva som er i dropsposen til Ånund.

Eg sat og høyrde på dei to og gledde meg. Det var mest så dei kunne halde på utan rebusar og telefonavbrot, bare musikk og kommentarar til fenomen i tida, akkurat som Herreavdelingen i NRK tysdagskveldane.

Britta Lise tok ikkje bare bilete, ho la også ut på Facebook lista over vinnarar denne kvelden. Eg legg den ut her og: Vinnarane av rebusløysinga i kveld er :
Gunnar Solheim, Gyro Trydal, Gunn Marith Hunsdal, Signe Rysstad, Sunniva Vindal Frantzen og Lisbeth Dalquist Homme. Gratulerer!

M. Kanne & Søn

Tysdag var eg på Valle folkebibliotek. Det ligg i etasjen under Valle vaksenopplæring, der eg har min daglege gang som lærar, så det hender ganske ofte at eg stikk innom og pratar med Lisbeth Dalquist Homme, som er bibliotekar, ho er fødd i Trondheim på same dato i mai som Reidun vart fødd i Mandal, så eg hugsar som regel å gratulere henne med dagen.

I det eg skulle gå etter å ha sett i tysdagens Setesdølen kom eg til å sjå på dei nye bøkene, og der var Einar O. Risa: M. Kanne & Søn 1959-1970. Det er tredje bok i Kanne-kvartetten, og eg hadde lese dei to første før, dei handla om fotografen M. Kanne som kom frå Danmark og etablete seg i Stavanger på 1800-talet. Han hengde opp skiltet med M. Kanne & Søn før han var gift. Med tida fann han seg ei jente frå Sola, og etter kvart kom det fem born, men dei fire første var jenter, og det vart eldstejenta som arbeidde saman med faren i fotobutikken i starten, “det er jeg som er Søn”, sa ho i ein replikk i ei av dei tidlegare bøkene.

I denne tredje boka fylgjer vi Søren Kanne, M. Kannes yngste barn og einaste son, fødd 1900, frå han er femti til han er 70 år. Han er fotograf og studerer fotokunstbøker frå heile Europa og gjev sjølv ut bøker som dokumenterer utvikling i Stavanger. Nokre slektningar utvandra til USA og ein dag kjem ein son deira, Robert Hunter, Vietnamveterean med eitt auga og ei hand til Noreg for å besøke slekta. Han snakkar eit gammalmodig norsk, lært over there, og vert med dei unge i familien ut på popkonsertar. På ein av desse treffer han ei jente frå Nærbø, Tale, og sidan får han låne ein gammal motorsykkel med sidevogn, ein Nimbus, og dreg til Nærbø fpr ¨treffe jenta.

Eg siterer frå side 206: Robert Hunter gjorde inntrykk. Han fann fram til Kafé Ritz på Nærbø etter Tales grundige anvisninger på telefon kvelden i forveien. Han stanset Nimbusen og steg av og der sto Robert Hunter iført Søren Kannes gamle lærfrakk, han åpnet døren og gikk inn, det ble helt stille inne på Kafé Ritz da han gikk over gulvet. Selv jukeboksen ble taus.

Då lo eg med meg sjølv. Elles i boka er Einar O. Risa innom mange stader eg kjenner meg att på, men det er meir stader der eg med mange ferdast på den tida: Nattruta til Bergen, Torget i Stavanger, Domkyrkja, Kannik, Kongsgata osv.

Kafé Ritz på Nærbø, det var to av tantene mine som dreiv den. Søstrene til far min, Margit og Gerd, dekka meir enn ein gong bordet for oss på kjøkenet på kaféen. Plutseleg var tilknytninga til eigen barndom og ungdom der i langt sterkare grad enn eg hadde tenkt på tidlegare.

Les meir om Einar O. Risa på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Einar_O._Risa

Stort spenn i onsdagssending

I kveld, onsdag 13. oktober, var det Bjørgulv T. Berg som hadde ansvaret for sendinga. Liv-Gunn Viki var teknikar, og programmet var slik:

18:00 Aktuell time Samtale med Sissel Åkre om Kulturveka 2010. Intervju med Knut Reiersrud. Samtale med vikarprest Terje Seilskjær om trusopplæringsreformen
19:00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19:30 Kommunen informerer med Liv Gyro Brokke Homme (barnevernskonsulent)
20:00 Bjørgulvs time med gjester: varaordførar Pål Dale fortel om TV-aksjonen og skodespelar Valborg Frøysnes
21:00 Opi sending med Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

Samtalen om Kulturveka 2010 var både ei oppsummering og ein diskusjon om framtida, ettersom Folkeakademiet har sagt at dei ikkje vil halde fram med organiseringa av Kulturveka i Valle. Sissel meinte at det var rett å sleppe andre krefter til, det kunne like gjerne vere kyrkja som Valle jakt og fiske, meinte ho.

Intervjet med Knut Reiersrud fekk eg ikkje med meg, men i samtalen med Terje Seilskjær kom dei inn på bakgrunnen for denne reformen: Når skulen ikkje lenger kan vere med i trusopplæringa, må ein få noko anna i staden. Det gamle KRL-faget er blitt til RLE og er blitt obligatorisk. Så nå er det innført ei rekke aktivitetar som skal hjelpe foreldrene med å halde det dei lovar når borna vert døypte. Men framleis er konfirmasjonsførebuinga det viktigaste i dette opplegget.

Etter at Håvard Viki hadde hatt Tankar frå Bibelen, kom Liv Gyro Brokke Homme for å snakke om barnevernet. Frå nyttår vert Barnevern Setesdal for dei tre øverste kommunane i dalen og med kontorstad i Valle. Det er tilsett ein leiar for dette.

Bjørgulf hadde med seg varaordførar Pål Dale i studio for å fortelje om Innsamlingsaksjonen 2010. I tillegg kunne han fortelje at om folk ville røyste han inn ved valet neste år, ville han truleg kanskje setje Norgesrekord i å vere med i kommunestyre, no har han vore i 34 år. Om aksjonen kunne han fortelje at det er formannskapet som er komite, at Anne Berit Solheim er sekretær for komiteen. I samband med utstillinga til Kjell Nupen kjøpte kommunen eit bilete som dei vil auksjonere ut til inntekt for aksjonen. Ein kan by på biletet, som heiter Ti brev som aldri vart sendt, ved å vende seg til Velkomssenteret, der biletet no er stilt ut.

Siste innslaget i Bjørgulfs time var ein prat med Valborg Frøysnes, skodespelar som fekk Heddaprisen 2010 for beste birolle i rolla som Mariedl i Presidentinnene. Det var ein triveleg prat, på slutten kom og mora hennar, Birgit, inn i samtalen. Ho hadde gått på folkeskulen med Bjørgulv.

Alt i alt var det ein variert kveld med litt av kvart å tenkje på.

Kluss i starten

I god tid før starten i kveld var eg på plass i radioen. Eg las gjennom prosedyren for å kople opp mot Bykle og 17:50 gjorde eg så det som skulle gjerast. Men sjølv om eg fekk vekk P4, så kom ikkje Valle Radio inn, så 18:05 måtte eg ringe til Jørund Georg. Så ringde eg til Bykle att og sette på P4, og då han kom, var det som det hadde vore før eg prøvde. Eitt minutt etter var vi på lufta, eg prøvde ikkje å forstå kva han gjorde, eg sa bare takk og gjekk i gang med sendinga.

Kveldens sending starta med kåseriet Hemmeligheten av Asbjørn Kvalbein. Du kan gå til http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_12._oktober_2010 om du vil lese det eller høyre det. Deretter var det andakt ved Rita Aasen i serien Over ein open Bibel. Så var det sangkveld med Ånund Lund, og då eg hadde spelt heile plata hans, var vi ajour att i høve til programmet. Eg fekk til og med tid til å lese frå den nye bloggen til ordføraren i Evje og Hornnes kommune. Bloggen var omtalt i Setesdølen i dag, og eg gav lesarane ein smakebit ved å lese to av dei tre innlegga han hadde skrive. Her finn du dei: http://www.e-h.kommune.no/ordfoererens-blogg.166046.no.html Eg hadde og tid til å fortelje om son hans, stortingsrepresentant Kjell Ingolf Robstad, som var på TV i programmet Åpen himmel i begynnelsen av oktober. http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=6936 280.000 såg programmet.

Etter dette sende eg to innslag om Mercy Ships, dei var ved Ingve Gilje i Nytt Liv Media. Ettersom A-ha gav konsert til inntekt for skipet, passa det å sende Take on me med gruppa som musikk før neste innslag. Det var om Solveig og Bjørn Lande og dei snakka om å ha tilknytning, det var tankevekkande, du finn informasjon og program hos Norea Mediemisjon, sjå http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=6931

Som vanleg var det orgelmusikk som avslutta kvelden. Niklos K. Besteland hadde funne fram musikk av den franske organisten og komponisten Felix-Alexandre Guilmant:
Marche de Procession sur deux chants d’église, Opus 44, nr.3 spelt av Christoffer Herrick på orgelet i Truro Cathedral
Allegretto i h-moll, opus 18, nr. 1 spelt av Robert Delcamp på orgelet i All Saints’ Chapel, University of the South, Sewanee, Tennessee
Lento Assai (Rêve), det også med Robert Delcamp same staden

Då var det bare Kyrkjebakken att. Der var det lite å melde om: Programmet i Valle Radio i morgon onsdag og seminaret om Den heilage ande med Oddvar Søvik i Bykle kyrkje fredag og laurdag. Så tona kvelden ut og eg tok turen til Besteland med Niklos før eg snudde heim for å skrive bloggen til deg. Takk for at du les det eg skriv.

Å lage ei sending

I kveld har eg site i radioen og planlagt sendinga i morgon. Ofte går det av seg sjølv å få til ei sending, andre gonger tek det litt tid. Det som er enklast, er når Niklos skal ha Postludium. I dag tidleg fekk eg ein telefon om at han hadde funne fram musikk av Alexandre Guilmant, og den delen av sendinga er dermed i boks.

Men alt det som er før, det treng planlegging. Tysdagssendinga har eit kyrkjeleg preg, så etter Kvarteret kjem Over ein open Bibel. Denne gongen, som sist gong, er det Rita Aasen, som har andakten. Ho er kjent i Valle, så eg vonar mange nyttar høvet til å høyre henne.

Mindre kjent er ikkje Ånund Lund. I haust kom han med CD-plate, den har vi ikkje spelt frå i Valle Radio enno. Så timen frå halv sju til halv åtte vert det Blanda drops med Ånund Lund.

Men så kjem Nytt frå Kyrkje- og kristenliv. Den timen kan eg bruke på mange måtar, om det er noko spennande frå Bykle og Valle, så vil det har fortrinsrett. Men når det ikkje er noko slikt, så finn eg noko frå Nytt Liv Media i Stavanger. Dei legg ut ein del av programma sine, og eg lastar ned det eg finn høveleg og sender det ut til Bykle og Valle.

Men eg likar å ha litt lange program, dei likar å ha innslag som er maks fem minutt. Det er ikkje alltid slikt treffer. Men eg fann ein sak som eg trur kan opne augo for nokon kvar: AHA hadde no i oktober to konsertar til inntekt for Mercy Ships. Det var den eine. Du finn meir om det her: http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=1015
Eg fekk eit problem då eg ville gå til heimesida til Mercy Ships. Valle kommune har blokkert det området, filteret melder at det er ei pornoside. Det tvilar eg på, eg trur nok filteret har fått feil informasjon denne gongen.

Ingve Gilje i Nytt Liv Media har også hatt eit innslag om Mercy Ships tidlegare. Det finn du her: http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=947

Så får vi sjå kva meir som kjem i sendinga i morgon kveld. Takk for at du les bloggen og høyrer på Valle Radio.

Tysdag 12. oktober 2010

Program

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld. Blanda drops med Ånund Lund
19:30 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no
Høyr oss på http://www.valleradio.com eller via Facebooksida vår

Du finn oppdagering og planlegging på setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_12._oktober_2010

Vinterdekk og haustferie

Ronny hadde tema Vinterdekk i sendinga onsdag. Akkurat den delen fekk eg ikkje med meg, eg fekk ein telefon. Men Ronny sende ein mail til meg, så eg fekk det med på sida eg laga om onsdagskvelden i Valle Radio: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101006 Her kan du lese om heile kvelden, og du får og med deg Rebusvinnarar:

* Gyro K. Uppstad – 10 kg. jordeple frå Joker Valle (gevinstkort på Statoil Rysstad)
* Anne Lise Harstad – metermåleband (Statoil Rysstad)
* Jorunn Bø Andersen – Halsbånd/smykke (Statoil)
* Jorunn Bø Andersen – Biletramme(r) (Statoil)
* Grete Johannesen (Hovden) – Håndkle(r) (Esso Valle)
* Harald Haugland – verktøysett (Esso Valle)
* Berit Hermansen (Edland) – Lommelykt(er) – (Esso Valle)
* Gyro K. Trydal – Lommelykt(er) (Esso Valle)
* Torill Lunden (Leite) – Krus Valle Radio (Esso Valle)

Sjølv fekk eg bytta til vinterdekk no i haustferien. Eg har funne ut at det er greitt å ha dekka på eit dekkhotell, så slepp eg å styre med dei sjølv. I mange år har eg sagt at når det gjeld bil, likar eg best å køyre, alt anna burde ein sleppe, og slik har eg etter kvart ordna meg. Så eg fekk teke vintersjekken og bytta dekk i haustferien, då syntest eg at den var blitt brukt til noko nyttig. I tillegg fekk eg skrive litt på Setesdalswiki, så no veks leksikonet ganske mykje. Eg vil difor konkludere med at det har vore ein god haustferie.