Risikosport

Det er mykje som er farleg i vår tid sjølv om «han stat», som dei sa i Nord-Norge lagar reglar for at livet skal kunne levast risikofritt. Men det gjeld ikkje lemen mellom Rysstad og Valle. Deira liv er ein risikosport nå i september. Ikkje bare er dei utsette for byttedyr som revar og rovfuglar. Ingen av dei fylgjer reglar laga av «han stat». I høve til desse gnagarane gjer heller ikkje bilistar noko særlig for å la lemen leve.

I kveld då eg kom oppover mot Valle, auka tettleiken med aktivitet på vegen kraftig etter Rysstad. Det aula og krekte frå høgre og venstre. Og i vegen låg det ihelkøyrde slektningar rimeleg tett. Bilen framom meg hadde eit visst bremsemønster, men eg trur sjåføren etter kvart gav opp. Når farten er opp mot lovleg grense, nyttar det ikkje å prøve å unngå dei, dei bare er der, ein får heller håpe at dei heldt seg på plass mellom hjula og ikkje kom innunder dei. Men stresset av å verte overkøyrd av bil etter bil må truleg vere til å døy av sjølv om ein kom levande frå kryssinga av Riksveg 9.

Også naturen vernar seg mot lemen. Dei åra det er lemenår, lagar graset eit som gjer at lemen ikkje fordøyer gras særleg godt, men heller døyr av det. Antibeitestoff trur eg han kalla det. Det høyrde eg i eit radioprogram ein dag. Då snakka dei med ein som hadde forska på slikt.

Her er det wikipedia har om lemen: http://no.wikipedia.org/wiki/Lemen

Og forskning.no tek livet av myter om lemen: http://www.forskning.no/artikler/2005/november/1125566057.47

Nysgjerrigper skriv dette: http://nysgjerrigper.no/Artikler/den-gaatefulle-sinnataggen

NRK Nordland har og ein artikkel: http://nrk.no/nyheter/distrikt/nordland/1.7244363

Men det får vere nok.

Ny veg og ikkje fullt så pjusk

Sanneleg var det ikkje ny veg då eg kom på toppen av bakken sør for Granheim i dag. Borte var lysreguleringa som har vore der den siste tida, i staden svinga vi inn på nylagt fast dekke og rullea trygt og greitt forbi Heggland og vegkrysset til Austad kyrkje og ut på den parsellen som var ferdig for ei tid tilbake. Det kunne ein merke monaleg og det gjorde at eg tenkte tilbake på det grøne lyset i bommen på Besteland med glede. Vi får ny veg for pengane.

Eg veit ikkje om det var utsiktene til å kome heim til Reidun sine kjøtgryter og omsorg eller noko anna som gjorde utslaget, men etter å ikkje å ha orka å skrive på bloggen i går, men heller ha teke ein tidleg kveld og sove store deler av torsdagskvelden, var stoda mykje betre fredag morgon. Så då skulen var slutt, var det bare å setje kursen mot sør og nyte turen. Enno ikkje heilt god, men mykje mykje betre.

Og no samlar eg på gamle Setesdølen for å sjå om eg etter kvart kan skrive inn fleire aviser inn på Setesdalswiki. Det blir nok prioritert ei tid framover, i tillegg til å planlegge sending i Valle Radio. Neste veke startar det for hausten.

Eg snakka med Ørnulf i går og han kunne fortelje at det har meldt seg fleire som kan tenke seg å vere teknikarar, så der vi hadde mangel i fjor, er det no ein mykje betre situasjon. Sjølvsagt må opplæring til, men det kjem etter kvart. Valle Radio er ikkje pjusk, men fullt oppegåande også komande sesongen. Så får det våge seg at vi ikkje fekk opptak frå den historiske opninga av Setesdal folkehøgskule på Åraksøyne sist sundag, folk var opptekne med gjeremål dei hadde planlagd i lang tid og fann ikkje høve til å snu på desse. Det må nok ein dugnadsradio leve med. Men det vert godt stoff i Valle Radio i haust likevel. Det skjer ganske mykje som vi kan rapportere frå.

Meir pjusk

Det var godt å høyre at kollegaen min også hadde hatt den feberrunden som gjorde ein pjusk og ikkje i stand til å gjere noko særleg. Han hadde det i helga, og eg hadde nok og likt å ha det på Eskeland og fått stell av kona. Her i Valle er det kleinare stelt.

Endå betre var det å høyre om son til Øystein, som trenar og er sprek så det står etter. Han klarte å køyre ein runde med plenklipparen, så måtte han gje opp. Eg kan skjøne det. I dag måtte eg legge meg att og sove ekstra, dei to første timane av dagen. Eg snakka med Øystein og sa at eg skulle kome halv elleve, men eg sov heilt til då og kom meg endå seinare enn eg hadde trudd på skulen. Heldigvis arbeider elevane med arbeidsbok og har stor arbeidsmoral, så mi oppgåve vart å sjekke om dei hadde gjort oppgåvene rett.

Etter at skuledagen var over, sette eg meg til å skrive litt på Setesdalswiki. Men hovudet er bare så vidt med, så sjølv om det vart nokre redigeringar, var dei ikkje av den innvikla sorten. Etter at eg har begynt å skrive overskriftene frå Setesdølen inn på Setesdalswiki, merkar eg at eg les avisa grundigare. Det er litt av kvart interessant å finne der. Vonar at det vil gå betre når eg kjem over denne pjuskeperioden. Eg trur eg kjem til å ta kvelden no og prøve å få sove litt. Dei seier at det er stort sett bare kvile og svevn som skal til for å kurerere slik pjuskeskap. Takk til Siri for gode ønske i kommentarfeltet til bloggen. Takk til andre eg har snakka med for dykkar gode ønske.