Program for veke 38

Tysdagsprogrammet 21. september 2010 i Valle Radio var sett opp slik:

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:15 Otra Kraft 50 år. Frå jubileumsprogrammet tysdag 21. september 2010
20:00 Anne Haugsgjerd lagar film om Helge Haugsgjerd
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer romantisk musikk frå Tyskland
21:00 Kyrkjebakken
Henta frå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_21._september_2010

Onsdag 22. september

Teknikar: Jørund Georg Jore

18:00 Kommunestyremøte

Du kan lese meir om Helge Haugsgjerd på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Helge_Haugsgjerd og truleg kjem det ein artikkel om Anne Haugsgjerd der og etter kvart. Ho skal vere med meg i radioen for å fortelje om prosjektet ho har med å prøve å gå i fotspora etter far sin med tanke på å lage ein film om han. Han var ein av dei første som malte abstrakt her i landet, noko som ikkje selde særleg godt til å begynne med. Du kan sjå ei lenke i artikkelen på setesdalswiki, om du klikkar på den, kjem du til eit bilete som syner korleis han kom til å male utover på 1950-talet.

Elles satsar vi på å få opptak frå jubileumsfeiringa til Otra Kraft. Bjørgulv T. Berg har lova å ta turen dit med opptakar, og så kjem han til radioen med opptak som vi altså får sende same kvelden. Planen er å få med både Reidar Ove Mork sin tale til å begynne med og Sigmund Skomedal sitt kåseri. Vi fann ut at vi ville gjere det på denne måten, ettersom det er lenge til neste gong det er ordinær sending i Valle Radio. Onsdagskvelden er det kommunestyresending, og i veke 39 er det sending til heile dalen fredagskvelden. Då er planen å ha sending direkte frå sauesjået i Valle på føremiddagen i tillegg til sendinga fredagskvelden.

13 i kommunestyret

Eg kom til å lese papira til formannskapsmøtet denne veka. Der var det forslag om at kommunestyret bør vere på 13 personar. Eg tenkte at det var i minste laget. Truleg kjem denne saka opp i kommunestyret neste veke, 22. september, Det skal bli interessant å høyre kva politikarane meiner om dette.

Når det bare skal vere 13 personar i kommunestyret, vil det vere nok med sju personar for å få fleirtal. Færre folk vil engasjere seg i politisk arbeid og vere med i førebuingsarbeidet til saker som skal opp i kommunestyret. Dermed vert færre synspunkt med i debatten. Om det er klokt, kan ein nok lure på.

Så langt eg kunne lese, var argumentet at det ville verte billigare, kommunen vil spare i underkant av hundre tusen kroner kvart år på å redusere frå dagens 21 til minimumstalet 13, som er det lågaste lovlege talet på medlemer i eit kommunestyre.

Kan hende burde ein heller søke samanslåing med Bykle like godt først som sist, og så halde på 21 representantar i kommunestyret. Det hadde nok gjeve ei spenstigare løysing, for då måtte ein sjå på saker med nye augo og ikkje bare tenkje at “slik har det allstødt vore”.

Det kan verte eit interessant møte i kommunestyret i Valle til onsdag.

Vikarprest og varaordførar

Gjestene mine i Valle Radio i går kveld onsdag 15. september var den nye vikarpresten i Valle og den nye varaordføraren i Valle.

Vikarpresten heiter Terje Seilskjær og er frå Søgne. Han er 55 år gammal og har variert bakgrunn som prest. Den første jobben etter at han var ferdig utdanna fekk han som sokneprest på Dønna på Helgeland. Etter fem år der kom han til Nore og Uvdal øvst i Numedal. Der var han i sju år før han sette kursen mot Sørlandet att. -Det har vore interessant å vere prest både i sjøkanten på Helgeland og i fjellbygdene i Buskerud, fortalde han i Valle Radio.

Men då høvet baud seg til å kome tilbake til Søgne, høvde det godt å gjere noko anna enn å vere prest. Han fekk jobb med å bygge opp Søgne gamle prestegard som kultursenter i bygda. Det var den gamle landbruksskulen, så der var det god plass, oppgåva var å fylle det med innhald. Han var der i sju år, sidan hadde han oppgåver i Søgne kommune, mellom anna knytt til rusproblematikk. Då var det nærliggjande å gå inn i stillinga som dagleg leiar av Kirkens Bymisjon i Kristiansand. Etter nokre år der vart han så fengselsprest i Kristiansand. -Det er ikkje alltid så mykje som skil fangar frå frie, nokre gonger er det bare nøklane, sa han i radioen. Arbeidet i fengslet opplevde han svært meiningsfylt, å kunne vere til stades når folk ynskjer å tale med ein prest, det er ein god ting.

Eg var glad for å kunne helse han velkomen til Valle, fyrste arbeidsdagen hans i prestegjeldet. Og etter praten slo han seg ned i salongen vår og fekk ein triveleg prat med dei som var der, både Jorunn og Gudrun og Ørnulf og vår nye varaordførar, Pål Dale.

Eg hadde tenkt å få ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund, han var vert for kommunalkomiteen sitt besøk i Valle, men han vart med nedover til Lillesand for å ha møte med komiteen i dag, torsdag, då skulle dei diskutere samanslåing av Aust-Agder og Vest-Agder. Men Pål var med på heile programmet i Valle, og han kunne fortelje at det bare var sju av dei tretten medlemmene i komiteen som var med på turen. Han sakna Ole Borten Moe frå Senterpartiet, men han var i Trondheim på 100-årsjubileum for NTNU. Pål fortalde om eit interessant program der dei hadde teke opp aktuelle lokale spørsmål, mellom anna om verneområdet og saker om riksveg 9 og om næringsutivkling. Lunsjen dei fekk var Setesdalssuppe med lefser og eplekake, og dei skrytte mykje av den gode serveringa. På slutten av dagen var komiteen på besøk hos Hasla, og dei var imponerte over det dei fekk sjå der, fortalde Pål, som og la til at han opplevde samarbeidet med ordføraren som godt og at han vart involvert i meir no enn tidlegare. Men han ville ikkje seie om han stiller til attval, han begynte i politikken i 1975, så det har blitt mange år etter kvart, men han har trivdest med det og synest det er interessant å vere med i politisk arbeid.

Der måtte me slutte, for klokka gjekk til 21 og open sending skulle starte. Les meir om programmet på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20100915

Om kommunalkomité, kulturveke, korsang og litt til

Kveldens sending starta med ein telefonprat med stortingsrepresentant Heikki Holmås frå SV. Han er leiar av stortinget sin kommunal og forvaltningskomité, som var på besøk i Valle i dag. Han fortalde om ein interessant dag, den hadde vore nyttig fordi komiteen denne gongen kom heilt til Valle og ikkje stoppa på Evje som i 2003. Dei hadde fått med seg mange nyttige innspel, alle fire ordførarane var med på turen, det var også fylkesvaraordføraren og fylkesmannen. Han var og imponert av det dei hadde fått sjå hos Hasla, der dei var på besøk ein snau time og fekk høyre om produksjon av sylv med dyre norske hender. Eg var så vidt innom då dei var der, og Ørnulf fortalde levande og interessant, og då dei reiste, varte det ikkje lenge før han var på plass i Valle Radio som hjelpeteknikar. Sjeldan har vel nokon teke teknikarjobben så fort som Liv-Gunn Viki.

Då telefonpraten med Heikki Holmås var slutt, kom Malmfrid Nyborg Homme og Inger Aamli i studio for å fortelje om Kulturveka i Valle 2010. Det gjorde dei på ein levande og interessant måte, og vi hadde også med oss Leif Kvinlog på telefonen frå Protestfestivalen i Kristiansand. Alle dei hadde vore med på Kulturveka i Valle opp gjennom åra. Inger avslutta med å fortelje at Folkeakademiet no vil gje stafettpinnen vidare, dei meiner at 10 år får vere nok i organisering av Kulturveka i Valle for deira del.

I Kommunen informerer var det Torunn Charlotte Nyberg Lund som kom frå kommunen. Ho fortalde om Rock i Brokke-arrangementet siste helga i august. Dette arrangementet har blitt ein stor suksess med mange som er med på seminara og som kjem på konsertane. Ho fortalde og om Setesdal syng ABBA, som skal starte no i haust og ha fire øvingshelger før framsyning tre helger i mars 2011. 60 personar er påmelde til å vere med i koret, i tillegg kjem eit stort band, så det blir eit svært arrangement. Øvingane skal vere både på Hovden, i Valle og på Evje, det skal framsyningane og vere. Framsyningar tre helger vil gje utøvarane gleda av å få framføre noko dei har øvd på, fleire gonger.

Her er lenke til oversyn over sendinga på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20100915

Frå vandrehistorie til orgelmusikk frå USA

Kveldens sending vart variert på mange måtar. Det starta med Asbjørn Kvalbein som kåserte med utgangspunkt i vandrehistorier. Så kom Odd Åge Ågedal med Over ein open Bibel. Det er informasjon om han på Setesdalswiki no. Sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_14._september_2010 Så var det tid for Kirsten Bråten Berg si plate Songen, eg fekk spelt heile plata i kveld, 15 spor med variert og vakker musikk, kjende songar og nokre litt mindre kjende.

Klokka halv åtte var det tid for nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt. Her var eg innom fleire ting, det meste fann eg hos Nytt Liv Media i Stavanger, og eg synest det er triveleg å kunne gjenbruke noko av stoffet dei lagar. Innslaget basert på Gjesdalmannen Karl Holm sin biografi var interessant, ikkje minst sett i lys av utstillinga på Setesdalsmuseet i sommar om utvandringa til Amerika. I tillegg hadde eg eit innslag om sjelesorg på Internett og om Solborg folkehøgskole, som har fleire søkjarar enn nokon gong. 155 elevar skulle gå der i vinter etter at dei hadde oppgradert eit internat. I innslaget nemnde dei og den nye folkehøgskolen som er starta opp, utan å nemne namnet. Det var jo litt dumt, tenkte eg, men det var ikkje eg som laga intervjuet, så eg hadde ikkje så mykje eg skulle ha sagt.

I kveld hadde eg orgelprogrammet Postludium basert på orgelmusikk frå USA, bare ein europeisk komponist var med, og han var svensk. Det vart ganske mange komponistar, og melodiane var salmemelodiar, så dei var rimeleg lette å fylgje. Informasjon om dette finn du på same lenka som den eg gav deg lenger oppe. Truleg vil det kome meir der etter kvart.

Alt i alt var det ein hyggeleg tysdagskveld i Valle Radio, eg var plent åleine, og då er det jo ikkje så mange andre å skulde på om noko går galt. Men i kveld gjekk det meste greitt, eg kopla opp med roadrunner og det gjekk og fint, takka vere ein god instruksjon som var komen på plass i stativet på teknikarbordet.

Snart kulturveke

I samband med at eg planlegg programmet for onsdag, er det no klart at vi skal presentere programmet for Kulturveka 2010. Det er eit lite jubileum i år, 10 år sidan dette starta. Heile tida har Folkeakademiet og kulturvekekomiteen stått på for å få eit variert program over ti dagar. To helger har vore opplegget, med mykje program også veka mellom desse to helgene. Sauesjået er starten på dette opplegget, og med kulturveke-relatert program rundt sauesjået har det fått ein liten oppbløming, til tross for at færre no driv med sauer.

Eg har skrive inn eit par av programma tidlegare på Setesdalswiki. Det er interessant å sjå utvikling og endring, og målet mitt er å få dekt alle dei røde lenkene på http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Kulturveka_i_Valle Eg hadde jo likt om nokon i komiteen hadde skrive det inn, eg treng jo ikkje skrive alt sjølv, det er jo ein wiki, det vil seie at alle kan skrive. I kveld skreiv eg inn for 2003, takk til Sissel Åkre som fann programmet i arkivet. Eg fekk og lista for 2004, får sjå kor mykje eg klarar å skrive inn av det før sendinga i den aktuelle timen onsdagskvelden klokka 18. Då skal dei presentere årets program.

Eit av dei flotte tilboda som har utvikla seg som fylgje av kulturveka, er Valle Bygdekvinnelag si eventryforteljing i skogen. Eg trur dei skal ha eit slikt prosjekt i år også, etter det eg skjøner. Borna har noko å gle seg til. Men meir om dette kan du høyre i Valle Radio onsdagskvelden.

Programma for veke 37

Tysdag 14. september

Ansvarleg: Harald Haugland

18;00 Kvarteret
18:15 Kyrkjebakken
18:30 Sangkveld med Kirsten Bråten Berg sine plater
19:30 Nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 15. september

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Hjelpeteknikar: Ørnulf Hasla
Telefonvakter: Jorunn Lund Harstad og Gudrun Nomeland

18:00 Aktuell time, mellom anna med informasjon om Kulturveka i Valle
19:00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19:30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Nyborg Lund
20:00 Haralds time med gjester
21:00 Opi senidng med Henri-Tore Viki

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no
Helsingar osv på 379 37 577 og post@valleradio.com

Ein interessant start på hausten

Sendinga i går var ein interessant start på hausten i Valle Radio. Eg sette meg til å høyre på sendinga og vart gripen av kor god bygderadio det var. Fyrst fekk vi ein prat mellom programleiar Bjørgulv T. Berg og redaktør Ørnulf Hasla om planar for hausten, og han kunne fortelje at det var nye folk som hadde meldt seg for å lærast opp til teknikarar. Det var Liv Gunn Viki, Anna Stella Karlsdottir og Kåre Rike, så utover hausten vil dei kome med i arbeidet som teknikarar.

Deretter fekk vi høyre eit opptak Bjørgulv hadde gjort med rektor Ole Birger Lien og ein elev på Setesdal folkehøgskule. Der fekk vi høyre kvifor det ikkje var blitt noko av scooterosslinja på skulen i år: Dei fleste aktive held til frå Trøndelag og nordover, og då vert det noko langt for dei å kome til Setesdal for å gå på folkehøgskole. Men Ole Birger vona det ville bli elevar på linja neste år. Vi fekk og høyre at det var fysisk hardt å ha heile dagar på Åraksøyne, men at ein varierte mellom køyring og mekking, og då gjekk det rimeleg greitt.

I samtalen med assisterande rådmann Elise Marie Kringen var dei innom Heieplanen som no er ute til høyring. Her er det viktig å engasjere seg og kome med innspel, for den kan fort verte eit problem for lokalt sjølvstyre.

Så kom Kirsten Bråten Berg på besøk for å fortelje om si nye plate, Songar. Vi hadde alt fått ein smakebit av den då Elise Marie spelte Blåmann, Blåmann, bukken min, og på plata er det ei rekke av dei tradisjonelle norske songane, framført av Kirsten akkompagnert av eit stjernelag av musikarar. Les meir om plata på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Songen I dag fann eg ein omtale av plata som var både grundig og god. Lenke til den ligg nederst i artikkelen på Setesdalswiki. Kirsten kunne fortelje at plata var utseld på Valle Handel, men både Husfliden, Hasla og Statoil Rysstad hadde den, og ho skulle syte for påfyll på Valle Handel. Og så fekk vi ei plate av henne til å bruke i Valle Radio.

Siste delen av Bjørgulvs time hadde han med Saavi Nomeland, firmaet hans, Nomeland, feira 50 år tidlegare i haust med 160 gjester i teltet i Brokke. Det var alt for kort tid å snakke med han i bare ein halv time, eg er sikker på at dei kunne ha prata saman enno, og det hadde vore interessant å høyre på.

Meir om programmet i går finn du på Setesdalswiki, eg vil prøve å skrive om sendingane i Valle Radio der framover. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20100908

Valle Radio og Setesdalswiki

I dag tok eg turen ned i radioen for å fange opp noko til Setesdalswiki i samband med sendinga der. Det var ein vellukka kveld, for eg fekk nye artiklar om Kåre Rike, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Torhild Sandnes, Elise Marie Kringen og Torleif Harstad.

I haust har eg tenkt om eg kunne skrive om sendingane våre på Setesdalswiki. Det gjev lenker til mange tilhøve når ein prøver å skrive referat frå ei sending. til no har eg skrive om dei vi har hatt i går og i dag, og det har gitt nokre lenker. Så dagen i dag har vore produktiv, og Setesdalswiki har vakse til 290 artiklar no.

I dag fekk eg ein epost frå Signe Sollien Haugå i Setesdal Regionråd. Setesdalswiki vart starta etter Setesdalskonferansen 2009, ein tenkte å ha høve til å legge ut informasjon om næringsliv i regionen. Men dei som står for næringslivet har ikkje vore så aktive i å skrive, så det har gått noko tregt å få til vokster. No vonar ein at fleire skal verte med etter kvart, og Signe tenkte at ein kanskje kunne få til eit møte og snakke om dette for interesserte. Vi snakka litt om korleis ein kunne finne aktuelle skribentar.

Det fine med Setesdalswiki er at alle kan skrive. Men det har vore vanskeleg å få folk til å oppdage sida. No ville ho legge lenke til Setesdalswiki på Setesdal Regionråd sine heimesider. Så får vi sjå om det aukar med skribentar etter kvart.

Her er lenka til Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside

Program for veke 36 – 2010

Tysdag 7. september

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Setesdalsslåttar for munnharpe og hardingfele
20:00 Med Niklos til Telemark
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 8. september
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Berit Homme og Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time med blant anna besøk frå Setesdal Folkehøgskule
19:00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19:30 Kommunen informerer ved Elise Marie Kringen
20:00 Bjørgulvs time med gjester: Kirsten Bråten Berg kjem med ny plate
20:30 Såvi Nomeland jubilerer
21:00 Opi sending med Rolf Erik Homme

Helsingar i tlf. 379 37 577 eller post@valleradio.com