Familiegjenforening

Eg las i Vårt Land laurdag om Heidi og Roberto Enconado som gifta seg i Norge og reiste ut som misjonærar til Filippinene. Etter 15 år i teneste for pinsemenigheten i Drammen får far i familien ikkje flytte med Heidi heim att til Norge, for dei har tent mindre enn det norske styresmakter godtek. Med misjonærlønn tilpassa lønnsnivået på Filipeinene er ikkje den norske saldoen på sjølvmeldinga høg nok til at dei slepp gjennom nålauga.

Mor og tre barn må etterlate far i Manila om dei vil reise heim til Noreg. Foreløpig bur dei der og ventar på at han skal få svar på anken, men UDI seier at det er lite rom for skjønn i slike saker.

Lenke til artikkel om dette: http://www.k-s.no/artikkelside/article/19525

I Valle kjenner eg to burmesiske flyktningar som går og venter på at ektefellene skal kome til bygda. Dei er i ein annan situasjon enn den norske misjonæren, men opplever same regelverket. Når du les dette er ein av dei på feriebesøk hos ektefellen sin, som studerer i Bangkok medan ho ventar på visum til å kome til Norge. Den andre ventar i Valle, det har ho gjort eit år no.

Vi som kjenner folka bak skjema og papir, har møtt dei på butikken, på jobb eller skule eller høyrt dei syngje i Familiekoret, føler med dei som opplever den byråkratiske kverna. Ho er sein og omstendeleg, det skal intervju til og melding frå lokalt politi tilbake til UDI og derifrå til ambassaden i landet der ektefellen bur. Og det er ferie og andre tilhøve som gjer at ting tek tid.

Og vi vonar med dei så vel som med misjonærfamilien i Manila at folk som er glade i kvarandre og har stifta familie og fått born, skal kunne bu saman her i landet når kverna har fått malt seg ferdig.

Jakob Michelsen

No i ferien har eg funne ei interessant bok som eg vil skrive litt frå. Det er Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad som Valle kommunale bygdesogenemnd gav ut i 1983. Den er på 371 sider og inneheld artiklar skrivne med tanke på å vere grunnlaget for ei kultursoge for Valle kommune. Eg skreiv ein artikkel om boka på lokalhistoriewiki, sjå http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Bygdesogeskrifter_fr%C3%A5_Valle_og_Hylestad

Torjus Åkre har skrive eit kapittel som heiter Kyrkje- og kristenliv i Valle og Hylestad. Der skriv han og om prestar i Valle etter reformasjonen. Det finst ei liste over prestar i Valle på lokalhistoriewiki, sjå http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Prestar_i_Valle Siri Johannessen, som var med meg i Valle Radio før vi tok sommarferie og fortalde om lokalhistoriewiki, har laga lista der basert på ei liste som Helge Haugland hadde laga.

Å lese om prestane i Valle for knapt fem hundre år sidan er interessant. Han fortel på side 127 og 128 i boka at det sume stader mest var ei ære å drepe ein prest. Presten i Valle vart drepen utafor kyrkjedøri i 1548 av ei ukjure, Vonde Åsmund Berg, som kyrkjeliden sidan steina og grov ned sunnanfor kyrkjegarden.

Så stod Valle utan prest i tre år. Då kom Jakob Michelsen, som var i ti år, frå 1551 til 1561. Første preikesundagen gjorde han slikt eit karsstykke at det gjekk gjetord om det. Han hogg handøksi hans Rolf Rike så hardt i kyrkjeveggen at Rolf aldri vann knite ho Og Torjus Åkre siterer Johannes skar frå Gamalt or Setesdal: Då seig dei, dei tok den nye trui, alle.

Vi må hugse på at dette var bare knappe 20 år etter at reformasjonen vart innført i Danmark-Norge, så lutherske prestar stod neppe høgt i kurs i dei indre bygder. Jakob Michelsen flytte til Suldal etter ti år i Valle.