Stavkyrkjer og andre trekyrkjer

Trekyrkjer er vel ikkje særleg spesielt i landet vårt, dei aller fleste kyrkjene er trekyrkjer. Eg veit ikkje prosent-talet, men det er fyrst i nyare tid betong er blitt vanleg materiale i kyrkjer, og det er nok ikkje mange nye kyrkjer som vert bygde av tre lenger.

I høve til Valle er vel Eidsborg stavkyrkje den næraste stavkyrkja. Sjølv om ho er lita, er ho i bruk til gudstenester ein gong i månaden i snitt. I tillegg er ho ein av attraksjonane i Vest-Telemark. http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Eidsborg_stavkyrkje

Her i landet er trekyrkjer det mest vanlege, og vegkyrkjprosjektet som vi hadde i Hylestad kyrkje for ein del år tilbake, gav mange utanlandske turistar ei spesiell oppleving når dei kunne sitje og høyre orgelmusikk i den vesle trekyrkja like ved Riksveg 9. For mange var det ei unik oppleving å kunne setje seg ned i ei slik lita lafta kyrkje.

I kveld fekk eg ei melding frå ein annan wikipedia-skribent. Han er på ferie i Romania og har funne fram til trekyrkjer der nede. Dei er på UNESCO si verdensarvliste, og han hadde vore inne i eit par av dei og teke bilete, i tillegg til bileta frå utsida. Wikipedia har ein felles database for bilete, og med tida legg han bileta inn der, og så kan dei brukast i artiklar. Når ein tenkjer på kor mange som går i kyrkjer når dei er på utanlandstur, er det sikkert ikkje dumt å ha artiklar om kyrkjer i andre land og i wikipedia på norsk. Då kan folk orientere seg på førehand, eller dei kan lese meir når dei kjem heim att.

Så du skjøner nok at eg starta ein artikkel om desse kyrkjene i Romania. Eg baserte det eg skreiv på den svenske artikkelen, den var ikkje så lang, men gjev ei fyrste innføring. Så får dugnaden syne kva tid det kjem fleire artiklar om desse kyrkjene. Her er lenke til det eg skreiv: http://no.wikipedia.org/wiki/Trekirkene_i_Maramure%C5%9F

Om du klikkar på lenka til Commons i den artikkelen, kan du sjå mange bilete av kyrkjer i den tradisjonen, kyrkjer som er ein del av verdensarven i Europa. Kyrkja som er på biletet i artikkelen er vigd til St. Nikolas, og det er sanneleg stavkyrkja på Eidsborg og.

Ha ein fin sundag.

Slapp å verte biskop i Oslo

I dag har eg leita fram stoff til Wikipedia om mannen som skreiv Jesus, din søte forening å smake, salma for skjærtorsdag og mykje brukt til nattverd. I utgangspunktet var det ein tysk tekst som vart omsett til dansk av presten Peder Jacobson Hygom, Artikkelen om han finn du på http://no.wikipedia.org/wiki/Peder_Jacobsen_Hygom og der er det og lenke til ein leksikonartikkel om salma.

Takka Gud for at han slapp å verte biskop i Oslo

Under artikkelen på wikipedia er det lenke til ein artikkel om han i eit leksikon som kom ut sist på 1800-talet, Dansk biografisk leksikon. Det er så gammalt at det ikkje lenger har copyright, så heile leksikonet er lagt ut på internett. Den artikkelen var litt nærare på mannen enn omtalen i samband med salma i Den danske salmebog online. Artikkelen er større, og fortel om korleis han som pietistisk prest kom i klammeri med kyrkjelyden og korleis det måtte ein visitas til for å roe gemytta. Sidan fekk han andre stillingar, han hadde vener som kunne påverke det, verkar det som.

Då biskop Hersleb i Oslo http://no.wikipedia.org/wiki/Peder_Hersleb vart forfremma til biskop i Købehavn, var Hygum utpeika til biskop i Oslo. Men du finn han ikkje i lista over biskopar i Oslo: http://no.wikipedia.org/wiki/Oslo_bisped%C3%B8mme Grunnen til det finn du i artikkelen i Dansk biografisk Leksikon: Da imidlertid Biskop Ocksen i Aarhus døde, inden Hygom tiltraadte Embedet i Norge, blev han strax udnævnt til Biskop over Aarhus Stift, hvorimod Nordmanden Stiftsprovst Dorph i Kjøbenhavn blev Biskop i Christiania; og sin Glæde over at kunne blive i Danmark gav han Vidnesbyrd ved at skjænke Frue Kirke i Aarhus en større Pengegave.

Den einaste salma han skreiv, var Jesus, din søte forening å smake. Den hadde fleire vers i Landstads salmebok, og i Den danske salmebog. Av dei fem som framleis er å finne i Norsk Salmebok, er fleire omdikta ganske mykje. Om salma kan du og lese på wikipedia, det var den artikkelen som inpsirerte meg til å skrive om mannen som slapp å verte biskop i Oslo.

Snutteradio

Etter at Valle Radio var på besøk hos NRK Sørlandet, burde eg kanskje ikkje skrive det eg nå skal skrive, for vi vart mottekne av distriktsredaktøren og synte rundt på beste måte. Men eg vel å skrive det i beste meining.

Det gjeld musikken i kanalen, særleg i P1, men til dels og i P2. Desse kanalane kan ein høyre i heile landet, NRK Klassisk er bare i byane og via satelitt. I dag fekk eg ein kommentar frå ein som les bloggen min:

Kan du ikkje skrive litt om NRKs musikkvalg. NRKs musikkvalg er til å grine av. Dei terper hjelpe meg dei same songane dag ut og dag inn, og det stavast K-J-E-D-E-L-I-G. Eg er LEI av hu der som har tatt på seg sine fineste klær. Eg pleide å like reiseradioen, men det er trist nå. Det blir stadig meir snutterisme og korte ting på NRK, lite substans om vi ikkje tar dei der ‘diskusjons’-programma der dei slåst for livet med ord med …

No likar eg godt å arbeide utan musikk når eg sit ved datamaskinen. Men når eg køyrer mellom Valle og Mandal fredagane og mandagane, høyrer eg på NRK. Norgesglasset og Her og nå er program til å verte klok av, fredagens Rett på er meir i klasse med det som vert skildra ovanfor.

Eg las i dag ein annan stad at NRK har slutta å starte sundagen med Ja vi elsker, eller var det Gud signe vårt dyre fedreland. (Eg er sjeldan vaken på den tida, så eg er ikkje heilt sikker på kva for ein av dei det var.) Dei meiner visst at norske songar er det nok av når ein tek med Sangtimen og Salmer til alle tider. Eg er nok ein av dei som er sterkt usamd i det. Dei programma er alt for små oasar i programflatene sine dunke-dunke-musikkprogram, etter min smak. Så eg skriv gjerne under på ønsket om å få fleire program med substans i eteren og meiner vel at samanlikna med NRK klarar Valle Radio seg i det store og heile godt med sin programprofil.

Aggressiv annonsering

Eg er lei meg for den aggressive annonseringa som er kome inn på bloggen min no. Før har det vore annonsar frå Google som har betalt plassen her på bloggen, men dei siste par dagane har det kome ei mykje meir aggressiv annonsering på toppen av sida, det er slik at ein mest ikkje kjem unna utan å klikke på “Du har ny post”.

Eg er av den meining at ein lyt tole reklame, det er ein del av samfunnet, men ein kan jo ikkje kvar dag gå inn i annonsane til ulike annonsørar. Bloggen er eit lesemedium og bare i den grad innhaldet i bloggen stemmer med annonsar frå google, bør lesarane ha høve til å velje å klikke på ein annonse. Når det slik eg opplevde det i dag mest er uråd å kome inn på bloggen utan å fyrst måtte klikke på ei annonse, då har leverandøren gått for langt.

Eg prøvde å sende melding om det til dei som driv bloggen her, men for å sende melding må ein vere ein betalande bloggar, og det er ikkje eg, så det fekk eg ikkje til. Truleg er eg ein av dei flittigaste bloggarane på denne adressa, noko som burde vere ein føremon. Eg har over 2100 innlegg på bloggen, og når folk søkjer etter emne som gjeld Setesdal, kjem bloggen min høgt opp på lista. Men det ser ikkje ut til at det er nok for aggressive marknadsføringsfolk hos dei som leverer tenesta.

Sjølvsagt kunne eg unngått heile problemet med å betale årsabonnement for bloggen. Eg trur det hadde kosta 40 Euro, men det var eit problem då eg hadde slikt system og, så eg gjekk bort frå det. Eg veit ikkje om eg vil gå tilbake til det. Til no har bloggen hatt nesten ein halv million oppslag på dei åra eg har skrive. Det er jo ikkje så lite.

Vi får sjå korleis det går. Inntil vidare får vi vel halde på i same lei som før.

Knut Rygnestad si doktoravhandling

Her om dagen fekk eg tilsendt Knut Rygnestad si doktoravhandling. Den heiter Dissentarspørsmålet i Noreg frå 1845 til 1891. Lovgjeving og administrativ praksis. Boka kom ut på Lutherstifelsen i 1955, det er etter kvart blitt 55 år sidan.

Føreordet skreiv han i Trondheim 1. juli 1954. Der fortel han at det var i samråd med professor Einar Molland at han tok til å granske dissentarspørsmålet i Noreg frå 1845, det året då vi fekk den fyrste dissentarlova. Så granska han lovgjeving og administrativ praksis fram til vi fekk den nye lova i 1891.

Til å gjere jobben fekk han stipend frå Fondet for Norsk Kulturgransking, Oslo Universitet og Det teologiske Menighetsfakultetet. I føreordet nemner han fleire som har gjeve god hjelp i arbeidet hans med avhandlinga. Han var stiftskapellan i Nidaros bispedømme og hadde ikkje fast bustad då han arbeidde med dette, snart var han vikar i eit prestegjeld og snart i eit anna. Men biskop Arne Fjellbu gav han eit par studiepermisjonar slik at han kunne fullføre. Og til slutt vart det ei avhandling på 390 sider totalt.

Avhandlinga er delt i to deler: Kristne dissentarar og Ikkje-kristne dissentarar. Den siste delen handlar om Jødane og dissentarlova og mormonarane og dissentarlovgjevinga. Der fann eg stoff eg ikkje hadde særleg peiling på.

Den fyrste delen av avhandlinga, Kristne dissentarar, har 13 kapittel. Det syner seg at dette spørsmålet greip inn i mange sider av samfunnet. Det skal eg kome tilbake til ein gong.

Ny harddisk

Eg har ikkje vore utsett for harddisk-krasj, som mange snakkar om. Men harddisken i datamaskinen min vart etter kvart for liten. Etter kvart som Ubuntu-versjonane vart oppgraderte, tok dei meir plass. Andre grunnar til at det vart for lite plass, kunne vere bilete, som jo gjerne tek mange KB. Dermed måtte eg skaffe meg meir lagringsplass, og då Helge kom heim på ferie, var tida inne.

No synte det seg at det ikkje var så lett, for den nye harddisken trong jo å få overført alt det eg ville ha med meg frå den gamle. Ikkje veit eg korleis han fekk det til, men no funkar dete, og plutseleg har eg fått det romsleg att.

No er det og slik at mykje meir enn før vert lagra utanom maskinen min. Eg nyttar gmail for eposten min, og då vert eposten lagra på ein server hos google og treng ikkje lastast ned til min maskin. Det er jo ein fordel, for då kan eg finne det eg har fått i eposten min, same kvar for ein maskin eg nyttar. Slik har Internett gjeve oss nye måtar å arbeide på. Dei over 2100 innlegga mine på bloggen ligg visst på ein server i Tyskland. Mange legg og bileta sine eksternt, så risikerer ein ikkje at dei forsvinn om harddisken krasjar.

Ettersom det ikkje var så lett å få alt på plass, med operativsystem og anna som skulle vere på den nye harddisken, tok det lenger tid enn tenkt å få det heile til å fungere. Difor kom det ikkje noko på bloggen i går, sundag. Eg har ein reservemaskin, men kom meg ikkje til å skrive på bloggen frå den. Men sundag morgon sette eg på ei korplate av Schola Cantorum Kristiansand, og det inspirerte meg til å skrive om Margrethe Erikstad på wikipedia. Den artikkelen kan du lese her: http://no.wikipedia.org/wiki/Margrethe_Erikstad

Nabofest

I går kom eg meg ikkje til å skrive på bloggen, for eg var på nabofest. Naboane i grenda vår pleier å samlast ein gong kvar sommar for å prate saman og spise saman, Det går på omgang mellom oss, vi har til vanleg vore seks-sju par. Men dei siste par åra har folk flytta hit, så no er vi komne opp i 20 personar, og stort meir enn det kan ein ikkje vere om ein skal vere inne. Problemet er at ein kan aldri gardere seg i høve til veret, så ein må planlegge for både ute og inne.

I går hadde vertskapet gjort eit lukkeleg trekk, dei har over tid teke i bruk møkkakjellaren i eit gamalt fjøs som hagestove, det høver lagleg i tunet. All gammal møkk er sjølvsagt fjerna, golvet har fått pukk og plankar oppå pukken slik at bord og stolar står stabilt, men ikkje tettare enn at om ein søler drikke, så renn det ned i grusen.

Her satsa dei på grillmat, indrefilet grilla på gassgrill er ikkje å forakte, paprika/gulrot/løk-salat (varm) bare må smake godt, og steikt sopp er heller ikkje dumt. Saman med fløtegratinerte poteter smakte det herleg. Dei første minutta av måltidet var det heilt stille rundt bordet, alle ville nyte den gode maten. Men utover kvelden steig stemningen monaleg, og vertskapet hadde gjort eitt eller anna som heldt myggen unna, så det vart ein herleg kveld. Praten gjekk lystig rundt bordet, kjente friska opp aktuell kunnskap, og ukjente leita seg fram til aktuell kunnskap der ein kunne ha noko felles. Eldstemann i laget hadde passert 75, dei yngste var enno mellom 20 og 30, så spennet var stort, men det såg ikkje ut til å gjere så mykje.

Alt før verten ønskte velkommen, var praten så livleg at han knapt kom til orde, sidan skjøna folk at glassa ikkje bare var til å drikke av, om ein slo på dei når ein skulle tale, vart det høveleg stille rundt bordet. Halv åtte til halv to var vår festkveld, dei yngste heldt truleg ut endå lenger, eg trur dei hadde lånt bort borna for helga slik at laurdagsmorgonen ikkje vart så brutal som han elles kunne vore.

Slike kveldar er trivelege og nyttige.

Meir om rotbløyte

Eg fekk ein epost-kommentar til bloggen min i går om Rotbløyte. Det var Knut K. Homme som skreiv. Ut frå det han skreiv skjøner eg at det ikkje var rotbløyte i Valle, knapt nok i Mandal, sjølv om det regna godt. Hadde eg slått opp på wikipedia før eg skreiv, ville eg nok teke meg noko i vare, for det som står der, stemmer med det han sa:

En rotbløyte er en nedbørmengde i form av regnvann på ca. 30 mm. som faller i løpet av 1 – 2 dager. Nedbørmengden innebærer at det pr. 100m² faller 3 000 liter med nedbør (3 tonn).

Et kortvarig og kraftig regnvær som gir 30 mm. nedbør vil imidlertid ikke gi en rotbløyte, da store deler av nedbøren vil renne bort som overvann, og ikke nå ned til de dypeste røttene.

Plener og dyrkingsjord trenger en rotbløyte hver 14. dag for maksimal vekst. Ved bruk av vannspreder, kan man plassere en tom boks eller en regnmåler innenfor sprederens dekningsområde, og måle vannmengden i boksen.

Knut skriv: Eg mæler nedbøren for Meteorologisk institutt. Her i Homm i Valle hev det dotte ned 7,5 mm regn so langt i juli.

I “Sørlandssendingi” sa dei at dette halvåret var det turraste på Kjevik sidan mælingi byrja, og det var i 1940-åri, såvidt eg minnest. Frå 1. januar til 1. juli hadde det kome 176 mm, trur eg det var. Her i Homm hev det kome 134 mm i same perioden.

Januar 9,8 mm,
februar 13 mm,
mars 26 mm,
april 26,8 mm,
mai 39,1 mm og
juni 19,3 mm.
så langt i juli 7,5 mm

Det er ikkje rart at det er lite vatn i vasskraftmagasini. Enno er det altså langt til det hev kome ei rotbløyte til dei brunsvidde vollane her.

Tusen takk til Knut for ein lærerik kommentar!

Rotbløyte

Etter kvart har det vel kome nok regn til at ein kan kalle det ei rotbløyte. Vonleg kjem voksteren seg att, sjølv om bøndene nok merker at avlinga er mindre, graset har vore tynnare enn vanleg dette året.

Slik har det i alle fall vore her i Mandal. Det fine med turkesommaren for oss har vore at den våte fidja vår vart slått utan at traktoren sette seg fast ein einaste gong. Men jordbærsesongen kom to veker for seint, minst, og bæra har vore så dyre at ein har ete dei med meir andakt enn vanleg. I år er kome ein ny type fløte til jordbæra, Lettere dessertfløte. Den har litt vaniljesmak og er ein sikker vinnar til jordbæra.

I dag var eg i Stavanger for å møte Reidun og Helge, som kom frå Bergen. Dermed skaffa eg meg ein halv time på kaien med utsikt ut Byfjorden. Å nyte kaien i Stavanger er noko eg gjerne prøver å få til om eg er på dei trakter, det er så godt å sjå på båttrafikken og havet. I år var det fleire som stod på kaien og fiska, truleg hadde dei det på same måten. Eg såg ikkje at dei fekk noko å ha oppi dei bøttene dei hadde med seg, men det var ingen tvil om at dei koste seg med fiskestengene sine.

Heimturen gjekk i til dels ausande regn. Jo lenger sør vi kom, jo meir vatn var det. Det fekk meg til å tenke tilbake til eit av dei fyrste åra eg hadde sommarjobb. Då arbeidde eg på meieriet heime på Ålgård. Eg snudde ost, store slipesteinar av nøkkelost og Norvegiaost. Ein av dei eg arbeidde saman med i ein del av ferien, hadde sin eigen ferie medan eg jobba. Då han kom tilbake, spurde eg korleis ferien hans hadde vore. -Det var ei einaste byge, heile ferien, svara han.

Eg lærte den dagen at byge ikkje bare er nedbør på mark og eng.

Bergensbanen

Vi var mange som fylgde med Bergensbanen i påska i fjor då NRK hadde laga TV-program av heile turen frå Bergen til Oslo. Då gjekk toget om Drammen, så vidt eg hugsar. i dag tidleg gjekk det over Roa, og då klokka var mellom halv ni og ni fekk eg tekstmelding som sa at no køyrer vi forbi Nittedal. Sol og fint ver.

Reidun og Helge hadde aldri teke Bergensbanen, så dei valde å ta turen då dei skulle reise heim, Helge på ferie og Reidun etter å ha vore på besøk hos barnebarn i Nittedal. Dei unnar seg ikkje heile turen, men stoppar på Myrdal og tek Flåmsbana til Flåm og får med seg Sognefjorden i same reisa. Ein fem timars båttur til Bergen vert prikken over i-en.

Denne reisa er sterkt marknadsført for turistar, og då vi sist veke hadde besøk av Reidun sine tremenningar frå USA, fortalde dei at dei skulle vidare til Bergen og derifrå ta toget til Myrdal og returnere med Flåmsbanen og båt til Bergen. Det skilde ein dag på at dei hadde treft kvarandre, USA-folket tok turen i går, Reidun og Helge kjem etter i dag.

Sjølv har eg reist mange gonger med Bergensbanen, både natt og dag. Rett nok er det nokre år sidan no, men både då eg var redaktør av Fiskerens Venn og då eg var rektor på Hadsel Folkehøgskole, hadde vi møte på Geilo, så turen med tog over fjellet har eg gjort ein del gonger. Men etter at vi flytta til Valle, er det ikkje blitt mykje tog på meg.

Eg får kanskje ta det att når eg vert pensjonist. Då vert det ikkje i år, for eg gleder meg alt til ein ny sesong i Valle Radio.