Tysdag 11. mai 2010

Denne tysdagen vert spesiell, vi skal starte alt klokka 17 for å dekke folkemøtet på Soknehuset på Rysstad om skulestrukturen i kommunen. Deretter fylgjer tysdagssending med Harald Haugland frå klokka 19.

Program

17:00 Debattmøte om skulestrukturen i Valle kommune. Overføring frå Soknehuset på Rysstad.
19:00 Kvarteret
19:15 Over ein open Bibel
19:30 På Landsmøtet til Norges Mållag. Sissel Åkre fortel
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland har eit program om Vater unser in Himmelreich
21:00 Kyrkjebakken

8. mai

Frigjeringsdagen 8. mai vart minna med seremoniar ikkje bare i Noreg. Vi kunne sjå på TV korleis dei britiske politikarane som nett har vore i ein hard valkamp, stod saman om å heidra dei som fall for fridom under 2. verdskrigen. I dagens Fædrelandsvennen var det eit gripande stykke om russiske krigsfangar som ikkje kom seg heim etter fangeskap på Sørlandet. Artikkelen i avisa gav eit glimt inn i ei anna tid og eit heilt anna tilvære, og ein kan undrast over korleis det ville vore om noko liknande hadde råka oss i år.

Gjennom mi skriving på wikipedia har eg av og til kome over folk som var aktive i motstanden under krigen. I går dukka ein slik person opp, Knut Johansen Lillevand, fødd 1920, død 2007. Han var student då krigen braut ut og vart arrestert av tyskarane i 1944, men unngjekk deportering og kom seg fri. Då flykta han til Sverige, som så mange andre i dei åra, og vart med i motstandsarbeidet derifrå. Under krigen flykta om lag 50.000 frå landet, dei fleste til Sverige, men frå Vestlandet drog og nokon til Storbritannia direkte. Dei fleste kom heim att då krigen var slutt, det gjorde og Knut Johansen Lillevand. Han fullførte studiene sine, hadde eit år som lærar i USA og eit år som statsstipendiat i Frankrike før han vart konsulent i Gyldendal Norsk Forlag.

Men alt i 1949 fekk han ei stilling i Kortbølgen i NRK, og sidan var han i NRK i 40 år til han gjekk av med pensjon i januar 1990. På den tida gjorde folk teneste i fleire avdelingar, men i 1958 kom han til Radioteatret, og der vart han verande, litterært interessert som han var. Han gjorde mykje for å utvikle høyrespelet som sjanger i radioen og skaffa seg etter kvart eit stort nettverk av kontaktar i andre land sine radioteater. Har du høyrt Radioteateret i perioden fram til 1990, har du nok høyrt program som han hadde ein finger med i. Du kan lese meir om han her: http://no.wikipedia.org/wiki/Knut_Johansen_Lillevand

Slik gjekk det med dei fleste som var flyktningar under krigen og som kom heim att, dei fann seg jobbar og levde sine liv med dei oppgåvene dei hadde for å byggje landet etter åra med ufred. Ikkje alle klarte overgangen like godt, alle var nok prega av krigen for livet. I eit intervju NRK1 hadde med Tikken Manus refererte ho mannen Max Manus, som jo hadde stått for store bragder under krigen, men som meinte at ein måtte gjere alt ein kunne for å unngå at noko slikt skulle hende att.

Det er ikkje vanskeleg å støtte det synspunktet, ikkje minst når ein har eit barnebarn som fyller eitt år i dag. Gratulerer med dagen, anten du feirer bursdag eller frigjeringsdag.

Styreval

Det var val på årsmøtet i går. Resultatet vart attval på alle, med unntak av valkomiteen.

Styret vart:
Ørnulf Hasla, leiar
Inga Flateland, nestleiar
Britta Lise Homme, nestleiar
Helge Homme, kasserar
Jørund Georg Jore, teknisk leiar
Rolf Erik Homme, varamedlem
Anna Rysstad, varamedlem
Rekneskapsførar: Halvor Rike
Revisor: Hallvard Holum

Valnemnd:
Henri Tore Viki og Ronny Stavsholt.

Niklos K. Besteland og Øyvind Jacob har hatt denne oppgåva ei tid nå, så dei fekk avløysing.

12 personar var på møtet, som var interessant og greitt.

Tidlegare har eg skrive at det ikkje var onsdagssending fordi vi skulle ha fredagssending til heile dalen. Det var ein miss, Evje har det ansvaret denne månaden, men vi kjem att i juni. Sendinga fyrste fredagen i juni vert vår siste før sommaren, med unntak av kommunestyremøtet sist i juni.

Tysdag skal vi overføre møtet om skulestrukturen på Soknehuset på Rysstad. Det er FAU som arrangerer, og det går frå 17 til 19, så kjem mi tysdagssending frå 19 til 21 den kvelden. Eg kjem attende med programmet.

Årsmelding for 2009

Eg har nett fått årsmeldinga frå Inga Flateland og legg ho ut på bloggen, slik at alle kan lese henne. I kveld klokka 18:00 er det årsmøte på Valle Motell, og når årsmeldinga er lesen og godkjent saman med rekneskapen, vert det samtale om radioen over pizza frå motellet. Møt opp.

Last ned det opprinnelige vedlegget

Årsmelding 2009

Styret:
Ørnulf Hasla, leiar
Britta Lise Homme, nestleiar
Inga Flateland, nestleiar
Helge Homme, kasserar
Jørund Georg Jore, teknisk leiar
Rolf Erik Homme, varamedlem
Anna Rysstad, varamedlem
Rekneskapsførar: Hallvor Rike
Revisor: Hallvard Holum
Valnemnd: Øyvind Jacob og Niklos K. Besteland

Aktivitet
Styret har i 2009 hatt 6 styremøter.

Det har vore sendingar kvar veke på tysdag og onsdag i skuleåret, og i samarbeid med Evje Radio fyrste fredag annankvar månad + nokre ekstrasendingar. Siste sending i kvar månad er som regel overføring av kommunestyremøte. I alt ca 75 sendingar.

Nettsida for radioen som vart starta på i 2008 er, ved utgangen av 2009, ennå ikkje ferdig.

Programleiarar for påskebasaren var Helge Dahle, Britta Lise Homme, Rolf Erik Homme, Tore Kr. Kateraas. Basaren gav ei brutto inntekt på kr 212 060.

I 2009 begynte me med å laste ned musikk frå Spotify, dette fører til at utgiftene til musikk vert sterkt redusert.

Radioen har kjøpt inn 4 nye opptakarar til bruk for programleiarane. I tillegg har det vore utskifting av teknisk utstyr i studio.

Jolebord for medarbeidarane var på Valle Motell.

Hovedsponsor for Radioen er Valle Sparebank, og her får me utbetalt kr 25 000 kvart år. Valle kommune held oss med lokaler og straum i Valletunet til ein verdi av kr 30 000 pr år.

Valle Radios blogg
Harald Haugland har ansvar for bloggen.

Medarbeidarar:

Programleiarar:
Bjørgulv T. Berg, Helge Dahle, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob, Ronny Stavsholt, Jorunn Lund Harstad, Rolf Erik Homme, Henri Tore Viki

Teknikarar:
Torhild Sandnes, Inga Flateland, Marchel Tiedje, Torleiv Soltun Haugen, Jørund Georg Jore, Harald Haugland

Telefonvakter:
Torbjørg Hoftuft, Berit Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Anna Rysstad, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Ingun Uppstad, Jorunn Lund Harstad, Jorunn Helle, Solveig Rysstad, Ingebjørg Helle Haugen, Ingunn Åkre, Malmfrid N. Homme

Andre medarbeidarar:
Niklos K. Besteland, Torleiv B. Harstad, Håvard Viki

I tillegg kjem folk som har vore med under spesielle sendingar.

Styret vil takke alle for innsatsen i året som har gått.

Valle, 5. mai 2010

Styret

Meir askefast

I går kom eg ikkje lenger enn til fyrste dagen i Paris i referatet frå turen som kyrkjestaben i Bykle og Valle hadde til metropolen ved Seine. Så eg får halde fram litt i dag, for dei hadde meir i vente, sjølv om det flotte opplegget som Helene Horverak hadde laga på førehand, måtte improviserast ein god del, etter det Karin Bøe fortalde i timen tysdagskvelden.

Laurdag såg dei på Pere Lachaise, ein kyrkjegard som ein ikkje trong klyppe plenar på, for der var det små hus, mange av dei ikkje vedlikehaldne, som prega gravstadene. Det er den største kyrkjegarden i byen og har utvikla seg til ein turistattraksjon, og det er mange kjende personar som ligg der. Norsk wikipedia har ein artikkel, http://no.wikipedia.org/wiki/Père_Lachaise med namn på mange av dei som er gravlagde der og bilete av gravminna til Rossini og Chopin.

Laurdag hadde dei og planlagt å besøke Louvre, men det vart utsett. I staden gjekk folk litt etter eigne interesser, og Karin fortalde at fordi dei kanskje skulle reise heim alt sundagen med tog om dei fekk billett, valde ho å ta turen opp til Sacre Coeur, som eigentleg var planen å besøke sundag. Her er lenke til denne flotte kyrkja på Montmartre:
http://no.wikipedia.org/wiki/Sacr%C3%A9-C%C5%93ur

Om kvelden var dei i Eiffeltårnet, heilt opp til 320 meter med utsyn over heile byen http://no.wikipedia.org/wiki/Eiffelt%C3%A5rnet og sidan med middag på restauranten i tårnet, 58 Tour Eiffel Det er ei eingongsoppleving å vere med på noko slikt.

Sundag var det planlagt to gudstenester, og slik vart det og, for det lukkast ikkje å få togbillett før tysdagen. Dermed bar det til Hillsong si gudsteneste klokka 10:30, der hadde dei fire gudstenester denne sundagen. Dei norske gjestene fekk reserverte plassar til ei gudsteneste som var prega av moderne musikk, og etterpå var det kyrkjekaffe og samtale. Deretter gjekk turen til Montmartre att, no skulle dei på katolsk messe klokka 18.00. Der var alt på fransk, og for setesdølar som ikkje var så stive i språket, var det kanskje vanskeleg å få med seg alt. Det einaste som var på engelsk, fortalde Karin, var meldinga om at gjester som ikkje var medlemmer av den katolske kyrkja, ikkje var velkomne til nattverden. Medan messa vart halden, gjekk turistar rundt i kyrkja og såg seg om.

Måndag fekk dei så høve til å ta turen til Louvre, nokre var vel og innom Notre Dame, andre nytta høvet til litt shopping. Men det var ikkje Da Vinci-kode-ruta som var interessant, det var å sjå kunstverka der. For Karin, som har studert noko kunsthistorie, var det større å sjå andre bilete enn Mona Lisa, som var bak ein glassvegg og med eit hinder som gjorde det uråd å sjå biletet på nært hald. Dei andre kunstverka var lettare å kome nær. Og det var mykje vakkert å sjå.

Heimturen starta med tog til Hamburg, der leigde dei bil og køyrde til Hirtshals. Etter nokre timars venting der kunne dei gå ombord på Super Speed og sesse seg i restauranten for eit godt måltid medan båten flaug over Skagerak. Og båtturen vart den einaste flyginga på denne stabsturen. Men å slik oppleve noko saman gav eit godt grunnlag for å gå vidare i arbeidet for kyrkja i Valle og Bykle prestegjeld.

Askefast

Eg veit ikkje kor mange frå Øvre Setesdal, som er nedslagsfeltet til Valle Radio, som sat askefaste i den perioden då fly vart kansellerte, men truleg var det ein del.

Dei som opplever noko slikt, vil som regel ha noko å fortelje. På tysk heiter det “Wenn jemand eine Reise tut, dann kan er was erzählen.” Og den som opplever noko som skil seg frå den planlagde reisa, har truleg endå meir å fortelje. Eg var heldig og fekk Karin Bøe til å kome i studio og fortelje om turen som kyrkjestaben i Bykle og Valle prestegjeld hadde til Paris midt i askefast-styret.

Etter eit nokså turbulent år kunne det vere godt med nokre dagar for å ta vare på samhald og fellesskap. Difor hadde dei kome fram til at dei ville ta ein tur til Paris, og forlenge den til Taizé, eit klosterfellesskap eit par timars togtur frå Paris. Dette fellesskapet har betydd mykje for kyrkjeliv og kristenliv i heile Europa, særleg songen har tona over grensene. Slik ville dei kombinere det nyttige og inspirerande med det behagelege, å oppleve storbyen med Eiffeltårnet og andre attraksjonar er jo noko ein kan ha glede av i seg sjølv.

No vart turen nokså mykje annleis enn planen var.

Etter planen skulle folk møtast på Kjevik klokka 7 om morgonen og fly til Oslo og derifrå vidare til Paris. Men i taxien på veg ut til Kjevik denne torsdagsmorgonen fekk dei telefon om at flyplassen var stengd på grunn av denne askeskya frå Island. Karin berømma Helene Horverak, som snudde på hælen og kommanderte alle til å møte på ferja i Kristiansand og så heller reise nedover med tog gjennom Danmark og Tyskland til Paris.

I staden for å fly om Oslo, gjekk turen over havet til Hirtshals. God fart og blikkstille ver, og vel framme i Danmark måtte dei finne tog som kunne ta dei nedover kontinentet. Det vart seks togbytte fyrste dagen, og om kvelden kom dei til Hamburg, der måtte dei overnatte. Så gjekk det vidare i TGV-tog i 300 km i timen mot Paris, bilane på motorvegen såg ut som om dei stod stille.

I staden for å reise til Taize på fredag, vart det altså togtur gjennom det flate Europa før dei så kunne sjekke inn på hotellet dei hadde bestilt frå fredagskvelden i Paris.

Karin fortalde levande frå turen, eg fann musikk frå Taize for å syne kva dei gjekk glipp av. Musikken der finst på mange plater, og Spotify hadde mykje av den musikken, så det var lett å finne. Her kom
*Laudate omnes gentes
*Gloria, Gloria
*Cantate Domino
*Wait for the Lord
*Bless the Lord
mellom praten vår, så det gjekk ganske fort, den timen vi hadde sett av til dette. Meir fylgjer i morgon.

Program veke 18- 2010

Tysdag 4. mai

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Songkveld
19:30 Askefast. Karin Bøe fortel om då kyrkjestaben i Bykle og Valle reiste til Paris
20:30 Postludium. Franske komponistar
21:00 Kyrkjebakken

Det vert ikkje onsdagssending denne veka, for vi skal ha heile dalen fredagskvelden. Då er Øyvind Jacob ansvarleg.

Elles fekk eg i dag spørsmål frå Inga om årsmelding frå tidlegare år, ho ville gjerne ha noko å sjå etter når ho skulle skrive årsmeldinga for 2009. Eg kunne sende henne fleire lenker til bloggen, der årsmeldingane har vore, og vonar at eg får årsmeldinga for 2009 slik at eg kan legge den og ut på bloggen. Her er lenkene:

http://valleradio.blogs.no/2009/03/31/arsmelding-5868863/ 2008
http://valleradio.blogs.no/2008/06/13/aaring-rsmelding-4310178/ 2007
http://valleradio.blogs.no/2007/05/08/arsmelding_for_valle_radio~2236270/ 2006
http://valleradio.blogs.no/2006/05/24/arsmelding~825979/ 2005

Bloggen starta 31. oktober 2005, så frå før det har eg ikkje noko.

Dr. Daniel

Eg siterer frå Facebooksida til Valle Radio:
Erling ‘Eli’ Dugan:
Helsing frå sør California. Høyrde på intervjuet med lækjaren frå Ghana på Internett. Var moro å høyre på det og reklameinnslaga. Mor mi kjem frå Fjotland og far min frå Kvinesdal. Eg vaks opp i Brooklyn.

Det er rart å tenkje på at ved vår Internettradio kunne folk sitje i California og Australia og høyre på samtalen som eg og dr. Daniel hadde tysdagskvelden. Der fortalde han om seg sjølv og om prosjektet han og ein kamerat arbeider med å få i gang i samarbeid med Fattighuset i Oslo. Ein eller to gonger i månaden vil dei halde gratis legekontor for folk som ikkje har råd til å gå til fastlegen, Det er eit prosjekt der dei ikkje skal få løn, dei skal gjere det for å hjelpe folk som ikkje har det så godt som dei fleste i Norge. Planen er å starte til hausten, no arbeider dei for å få utstyret dei treng til kontoret.

Om seg sjølv fortalde Daniel at han var glad for å vere her dei tre vekene sist i april som vikar for dr. Hallvard. Han hadde turnusteneste her for vel eit år sidan, sjukehusturnusen hadde han på Skien sykehus. Det er normalt å ha turnus i distrikt i same fylke som ein har sjukehusturnus, men han fekk ein friplass og hamna i Valle. Etter det hadde han sivilteneste på sjukehuset i Rjukan, no leiter han etter ein stilling som lege på eit sjukehus i Oslo, der han kjem frå og der han har kjøpt seg ein stad å bu. Han er mest avhengig av å få ein jobb i Oslo for å kunne starte opp prosjektet på Fattighuset, noko må ein jo leve av og.

Daniel studerte i Ungarn, eit par timar frå Budapest. Sjølv om undervisninga var på engelsk, måtte han lære seg ungarsk for å kunne fungere i samfunnet der. Det var fleire norske studentar der, alle måtte lære seg ungarsk. I tillegg snakkar han språket akan, som er morsmålet og det familien nytta i Ghana. Du finn meir om Ghana på wikipedia om du går frå artikkelen om språket akan, som på norsk ikkje er lang, men som gjev lenke til engelsk artikkel, som er noko lengre, og frå den norske kan du og klikke deg til informasjon om landet og anna stoff: http://no.wikipedia.org/wiki/Akan_%28spr%C3%A5k%29

Det var ein triveleg time i studio denne tysdagskvelden. Daniel Baffo likte musikk av Aretha Franklin, så vi supplerte samtalen med eit par songar av henne, men timen gjekk fort. Om det høver slik, kjem han kanskje innom i Valle Radio att når han kjem tilbake til Valle etter 17. mai.

PS:
På vår Facebook-side er det bilet av han, Britta Lise var innom legekontoret og knipsa han der. http://www.facebook.com/photo.php?pid=3639226&id=315158359845

Menighetshuset

Etter at formannskapet med tre mot to stemmer sa nei til å overta Menighetshuset og gå for ei løysing som kunne gje kyrkjestove nær Valle kyrkje, vedtok kommunestyret likevel onsdagskvelden at dei ville stø den løysinga som administrasjonen hadde lagt fram. Totalt vil kommunen løyve 3 mill til ny kyrkjestover, Menighetshuset vert lagd inn i Valle Infrastruktur og overteke av Bleieboden, som treng meir plass.

Etter det eg skjønar på Tina Høgevold, gleder Bleieboden seg til å flytte til Menighetshuset. Dei har det for trongt i Nordibø og vil få mykje betre arbeidsvillkår i dei nye lokala.

I kommunestyret vart det argumentert med at ein måtte setje tæring etter næring og no hadde ein ikkje pengar til investeringar. Men Høgre sine folk meinte at ein burde leggje til rette for ei nysatsing som har fungert og syte for at dei fekk ein høveleg plass å utvide verksemda si.

Den som har fronta kampen mot dette, Steinar Kyrvestad, måtte sjå at slaget var tapt. Etter det Setesdølen skriv, kan du høyre fleire spreke argument om du loggar deg inn på lenka eg la ut i den forrige bloggposten min. Der ligg opptak av møtet i kommunestyret, og det var visst ein ganske frisk diskusjon der onsdagen.

Kva tid Menighetshuset vil verte erstatta av ei kyrkjestove og verte overteke av Bleieboden, er vel ikkje heilt klart, eg hadde vel tenkt at dei vanskeleg kan avvikle menighetshuset før den nye kyrkjestova er ferdig. Men det vil vel verte klart etter kvart.