Program for 18. og 19. mai 2010

Tysdag 18. mai

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Tale av Carl Fr. Wisløff
20:10 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
20:30 Postludium. Fred Swann spelar på orgelet i Crystal Cathedral
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 19. mai

18:00 Opning. Programoversyn
18:05 Telefon til Lars N. Birkeland og Gordon Håland: Pyntegrønt og joletre
18:30 Liv Gunn Viki i studio Postkassetrim
18:50 Telefon til Ole Birger Lien: Setesdal FHS har starta
19:00 Torleif B. Harstad Tankar frå Bibelen
19:30 Torleif Homme Kommunen informerer
20:00 Haralds time. Gjest: Steinar Kyrvestad: Poteter og meir til
20:45 Telefon til Tarald Myrum: Grasrotpengar til Valle IL
21:00 Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike Open sending

Elieser 6

I kveld hadde eg eit innslag om betelskipet Elieser 6 i den aktuelle delen av programmet. Det var Ingve Gilje som hadde laga to innslag til Nytt Liv Media sin radio i Stavanger 12. mai, og eg lasta programmet ned og sende det over Valle Radio i kveld.

Ingve hadde ein prat med Helge Krosslid, motormann og forkynnar på betelskipet. Han fortalde om korleis dei har fått ny motor til skipet, men enno ikkje har pengar til å fullfinansiere jobben med å skifte motoren og ta den overhalinga som er naudsynleg. Men dei har fått store gåver til prosjektet, og han vona at dei snart kunne gå i gang, for skipet har ei viktig oppgåve, særleg i Nord-Noreg, der det ikkje er så lett å samlast til møter.

Sjølv har eg ei fortid på søsterskipet til Elieser 6, det skipet som Den indre sjømannsmisjon hadde i drift før det noverande. Eg begynte i organisasjonen hausten 1972 og arbeidde fire år som redaktør av vekebladet deira som då heitte Fiskerens Venn. Kvar veke måtte eg produsere 40 A4 sider med tekst som så vart levert til trykking saman med bilete. Det var eit visst press, men det var ein interessant jobb og eg lærte mykje.

I januar 1973 skulle skipet gå frå Bergen til Lofoten, og då mønstra eg på som dekksmann for å vere med på seilasen nordover til Svolvær og vidare utover i Lofoten til Værøy. Elieser 4 var ein båt som rulla mykje, så då vi gjekk over Moskenesstraumen, var det mange som mata krabbane. Det vart med den turen, eg måtte reise tilbake til Bergen for å levere stoff til trykking, neste nummer skulle og ut.

Men det var interessant å sjå kor stor interessa var for betelskipet. Mange kom til møtene og i fiskesesongen låg skipet som sjukestove i Henningsvær. Tida har forandra seg, noverande skip har andre oppgåver, men organisasjonen held fast på tanken om å gje evangeliet til fiskarar. I mi tid der var det John Olav Larssen som var generalsekretær, og han var oppteken av at organisasjonen og skulle vende seg mot sjøfolk i Sør-Noreg, ikkje bare fiskarar i Nord-Noreg, som då hadde hovudfokus. Men etter at han slutta i 1976, vart dei planane etter kvart lagde på is, så no er det nok helst fiskarar ein vender seg til.

Her er lenke til intervjuet med Helge Krosslid: http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=960

Og her finn du båten og seilingsplanen for 2010:
http://www.dism.no/hXGXASwlnW4d.22.idium

Fånefjellstunnellen

Ved utbygginga av Brokke kraftverk måtte ein få fram større kjøretøy. Halvtunnelen under Fånefjellet blei for trong og i 1963 blei ny veg lagt i tunnel gjennom fjellet. På denne måten slapp ein også unna rasproblema på vegen langs fjorden.

Dette og mykje anna får ein vite på http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/faanefjell-vegmiljoe-2013-nasjonalt-verna-vegminne På Wikipedia får ein vite at tunnelen er 611 meter lang. Om ein kjører 60 km i timen, tek det under eit minutt å kjøre gjennom den, dei fleste held vel 80 km i timen, og då går det bare halvminuttet før ein er på andre sida av Lisle Fånefjellet.

Dagens bilar har RDS-radio og når ein køyrer opp eller ned Setesdal, kan ein stille inn radioen på P1 og høyre på program der frå Kristiansand til Hovden. Men 50 meter inn i Fånefjellet er det stopp. Då kjem det 500 meter med skurring. Etter kvart har dei fleste tunnelar på på Europavegane fått fiksa det problemet. Dermed kan ein sitje i kø i Kristiansand og høyre P1 med trafikkinformasjon og nyheter. Eg er ikkje sikker på om P2 og P3 og andre kanalar går inn i tunnelar, men P1 gjer det. Men ikkje i Fånefjellet.

Etter mi meining er det ei oppgåve for Setesdal Regionråd å presse på Vegvesenet for å få ein slik antenne som sender NRK sine kanalar gjennom Fånefjellstunnelen. Dette er ein del av den jamnlege standardhevinga ein må arbeide for på Riksveg 9. Ein må ikkje bare jobbe for gul midtstripe frå havet til Haukelid, ein må og arbeide for at vegen skal ha den infrastrukturen som moderne vegar har.

Regionrådet har på kvart møte ein informasjonsbolk der Riksveg 9 er tema. Torsdag 20. mai skal det vere eit slikt møte på Revsnes hotell. Då bør dette takast opp og kome på planane, om det ikkje alt er der. Minst tre av deltakarane på møtet må gjennom tunnelen for å kome til Revsnes. Og nokre hundre andre vil og køyre den vegen denne veka. Alle vil glede seg om dette vert ordna.

Reidar Fritzvold

I dag fann eg eit gamalt Jol i Setesdal. Det var frå 1992, det var det året Jol i Setesdal hadde eit kassettvedlegg med ein kassett med “Sylvdråpan – suite frå dal og vidde” av Olav Mosdøl og Jon Hinna. Eg sende det i Valle Radio for ein del år sidan på ein tysdagskveld. Kanskje skulle eg sjå om eg finn att kassetten og ta det som reprise.

Men det som eg stansa ved denne gongen, var Jon Bjones sin samtale med Reidar Fritzvold, Bykle-målaren, som han kalla seg. I mange år budde han lange periodar i Setesdal, særleg i Bykle og måla motiv frå dalen i den tida det var fri flyt av fossar. “Eg har sett eit land med fri flyt av fossar…” heiter artikkelen.

Der får vi vite at Reidar Fritzvold var fødd i 1920 og var fascinert av Setesdal frå han kom her tidleg på 1950-talet. Etter kvart vart det mange bilete frå Setesdal, På 1980-talet, då dei bygde Bykle rådhus, fekk ein samling på nærare 30 bilete plass i kommunestyresalen. Byklesamlinga skulle ikkje stykkast opp, avtalen var at ho skulle henge i kommunestyresalen om ein ikkje fann ein høvelegare plass for henne.

Det enda med at eg skreiv om kunstnaren på Setesdalswiki. Dermed kan folk lese om han der og sjå litt meir om tilhøvet han hadde til Setesdal. Eg ville gjerne hatt namna på bileta som heng i Bykle rådhus, Bjones nemnde nokre i artikkelen, men om nokon har ei liste over bileta, kan dei gjerne leggje det inn i artikkelen på Setesdalswiki, der kan alle skrive. Her er lenke til den artikkelen http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Reidar_Fritzvold

Her er litt frå nekrologen Astrid Rysstad skreiv då han gjekk bort. Den stod i Aftenposten 4. februar 1998:

I Bykle vart folk glade i denne vensæle og trivelege bykaren då han kom til bygda først i 1950-åra. Her laga han kunstverk som dukka opp på sentrale utstillingar og blei lagde merke til. Med engasjement og uoppsliteleg arbeidskraft søkte han til tjern og elvefar, juv og brattheng. Motiva vart utforma i store format med eit kraftfullt uttrykk. I Bykle møtte han den beste respons, og kommunen har satsa store ressursar på kunsten hans. Rundt 30 av dei beste bileta hans – Byklesamlinga – er innkjøpt og gjort tilgjengeleg for publikum i rådhuset. Ei gjennomgripande vassdragsutbygging har ført til at mange av desse motiva er borte, men Fritzvold har bevart dei i kunsten og såleis gjort desse naturperlane levande for nye generasjonar.

Ved fleire høve stilte han delar av opplaga sine til disposisjon for ideelle organisasjonar som arbeider tungt økonomisk. Også Bykle helsesenter fekk fleire bilete av han i gåve.
Han hadde eit reflektert forhold til det kunstneriske arbeidet. Det galt å tolke naturen si røyst og formidle gjennom bileta den mystiske dimensjonen av oppleving.
Bileta hans grip fordi han sjølv var gripen av krafta og magien i naturinntrykka – og i verkemidla som skal til for å bere bodskapen fram.

Skuledebatt

Tysdag kveld 11. mai frå klokka 17 var det overføring av orienteringsmøtet om skulesaka på Soknehuset på Rysstad. I nærare to timar la administrasjonen fram synspunkt og vurderingar som er gjort når det gjeld spørsmålet om Hylestad skule. Skal skulen leggjast ned og elevane verta overførte til Valle, eller skal ein halde fram som no, eventuelt med justeringar av opplegget?

Eg fekk med meg ein god del av dette programmet, for eg skulle jo ha sending frå klokka 19. Ole Birger Lien tok bilete og skreiv om møtet i Setesdølen og gav oss eit godt bilete av eit møte som nok kunne vore tydelegare i profilen, men som synte føresetnader som ligg til grunn for diskusjonen.

Hovudproblemet er at elevtalet går sterkt ned, så sterkt at ein alt no kan huse alle elevane i kommunen ved Valle skule, Det går truleg ei smertegrense ein stad, når elevtalet ved skulen vert så lite at dei ulike årskulla kan teljast på ei hand, altså rundt tretti elevar, då er grunnlaget for å ha ein eigen skule sterkt redusert. At ein nok har det nokre stader, er så sin sak, oftast skuldast det transportsituasjonen. Men det er jo alt etablert skuleskyss der svært mange av borna som går på Hylestad skule alt er med bussen på grunn av trafikkfarleg skuleveg. Hylestad skule må leggje opp si verksemd etter skulebussen til og frå Valle, noko som fører til venting både før og etter skulen.

Åse Streitlien frå Telemarksforskning gjekk gjennom situasjonen for ein del kommunar som har same problem som Valle. Rapporten ho leverer til kommunen, går inn på nokre vurderingar som er gjort i andre kommunar, men ho har ingen konklusjon. Det er det politikarane som må ta gjennom å vurdere di ulike argumenta. Etter det eg skjøna Setesdølen, var ikke alle politikarane nøgde med ein slik rapport. Dei ville ha ei tilråding, som dei så kunne ta stilling til. Men den kjem nok seinare. Det vert interessant å sjå korleis det går.

Å høyre innlegga på det møtet i Valle Radio var lokalradio på sitt beste, etter mi meining.

Jørgen A. Rostrup til minne

Min gode ven, tidlegare domprost, Jørgen A. Rostrup vart gravlagd i dag frå Mandal kyrkje. Det er ikkje ofte dei har gravferd frå Mandal kyrkje, ho er så stor. Men i gravferda til den 87 år gamle domprosten i Bodø var hovudskipet fullt og det var mykje folk i sideskipa og.

Sjølv møtte eg han i 1975, året før eg reiste til Hadsel Folkehøyskole for å vere rektor der. Han var formann i Forstandarskapet for stiftinga som dreiv skulen, ei stifting der fire organisasjonar hadde gått saman om å drive ein folkehøgskole for sjøfolk på Stokmarknes i Vesterålen. Rostrup kom til Bodø frå Genova, der han hadde vore sjømannsprest, og etter ei tid som residerande kapellan vart han domprost, til saman 25 år fekk han i Nordlands hovudstad før han vart pensjonist og flytta heim til sin fødeby Mandal. Etter at vi flytta til Mandal, møtte vi han i kyrkja om sundagane, han hadde sin faste plass der heilt til det siste. I påska sakna vi han, og no var det altså slutt.

Det vart nokre møter saman gjennom åra, arbeidet for å drive folkehøgskulen på Stokmarknes engasjerte han mykje. I tillegg var han ei drivkraft i eit kameratklubbarbeid i Bodø, noko som førte til at kameratklubbane i Nord-Noreg hadde sitt sommarstevne på Hadsel Folkehøyskole i St. Hans-helga i ei årrekke. Han var og engasjert i dåverande Santalmisjonen, no Normisjon, og han gløymde heller ikkje Sjømannskyrkja og Italia. For meg var han ein god rådgjevar og støtte i dei femten åra eg var på Hadsel Folkehøyskole.

Sonen Eilert vart og prest og studerte saman med Theis Salvesen, vår tidlegare sokneprest i Valle og medarbeidar i Valle Radio, så eg møtte Theis i gravferda. Det var Eilert som leia gravferda, og i talen trekte han fram tre samtalar han hadde hatt med far sin. Ein samtale under himmelen ei mørk og stjerneklar vinternatt, der undringa over skaperverket sine umåtelege dimensjonar og at Gud likevel skulle kome oss i hug, små menneske på ei lita jord midt i alt dette.

Den siste samtalen gjaldt biblar som barnebarn skulle få til konfirmasjonen når dei kom så langt, og der han ville minne dei om bibelordet so dei alltid siterte slik i heimen: Kom Jesus Kristus i hu. I den nye oversettinga av Bibelen heiter det Husk på Jesus Kristus, og den tidlegare domprosten var ikkje heilt nøgd med den ordlyden og ville nok helst hatt den gamle som helsing, men då sonen sjekka kva han hadde skrive, hadde han brukt den nye ordlyden, det var innhaldet som var viktig for han å formidle.

Interessant bok

I ein lang periode hadde eg og Lisbeth eit program i Valle Radio som vi kalla Bokaktuelt. No er det ei tid sidan vi hadde det, men det var alltid interessant å høyre henne fortelje om aktuelle bøker på biblioteket.

Sist helg las eg omtale i Vårt Land av ei bok av ein forfattar frå USA. Det var nok informasjon i artikkelen til at eg skreiv ein liten artikkel om forfattaren på wikipedia, særleg fordi det var artikkel på engelsk wikipedia om henne. Her er artikkelen: http://no.wikipedia.org/wiki/Kathryn_Stockett

Tysdag gjekk eg innom biblioteket og lurte på om dei hadde boka, ho var komen i Bokklubben Nye Bøker. Lisbeth sa at dei pleidde få bøkene i den bokklubben, og at ho trudde den var komen, men ho hadde hatt ei ferieveke og vore i Nederland og sett på tulipanbløminga saman med Knut, så ho var ikkje heilt ajour med å få registrert nye bøker, ikkje minst fordi ho hadde prioritert besøk frå barnehagen no. Men ho snudde seg til vinduet bak ryggen og dukka ned i bunka som låg der, og ut kom Hushjelpen av Kathryn Stockett.

-Eg skal sjå om eg får registrert ho i dag, sa ho, men kanskje det ikkje vert før i morgon.

Tysdagane er einaste dagen ho ikkje har ope i Valle eller på Rysstad til klokka 19, men kan gå heim klokka 15:30, som andre kommunalt tilsette. Så onsdag etter at ho hadde hatt Valle barnehage på besøk, slik eg fortalde om i går, stakk eg innom, og då fekk eg boka.

Så i dag har eg ikkje hatt ei einaste redigering på wikipedia, i staden har eg lese eit par hundre sider. Det har vore bryet verd, og enno er det tre hundre sider eg ikkje har lese. Så det vert ei lesehelg, ser det ut til.

12. mai

12. mai fyller biblioteksjefen i Valle, Lisbeth Dahlquist Homme år. I dag hadde ho besøk på biblioteket av Valle barnehage, og då ho lurte på om dei kunne synge bursdagssang for henne, kom han på både engelsk og norsk. Etter eventyrstunda på biblioteket gjekk borna i butikken og kjøpte is, og sanneleg kom dei ikkje inn att til henne med ein is, ho måtte jo få is når ho hadde fødselsdag.

Presangen ho ønska seg var å vere med dyrlegen i Vest-Telemark ein dag på jobb. Difor drog ho i kveld til Seljord eller i nærleiken for å vere klar i morgon tidleg til å få ein dag med dottera Gyro der, så morgondagen vil ho truleg vere i eit eller anna sauefjøs.

Når eg veit at ho har fødselsdag i dag, skuldast det at Reidun og har 12. mai som sin dag. Eg gløymde det då ho ringte og vekte meg i dag tidleg, men gjorde det truleg godt att med 20 raude roser då eg kom heim i ettermiddag. Dagen vart feira i stillhet med telefonar frå rundt om i landet, og suksessterta frå frysedisken var mest like god som ei heimelaga. Uansett var stykka små.

12. mai er elles den internasjonale sjukepleiedagen, så det var jo på sin plass at personalansvarleg i Valle kommune, Torhild Sandnes, som jo og er teknikar i Valle Radio, og sjefen for pleie og omsorg, Kari C. Thorbjørnsen, var ute i Fædrelandsvennen i dag og reklamerte for fulle stillingar for sjukepleiarar i kommunen. Det har jo vore eit problem å få fulle stillingar på sjukehuset i Kristiansand, og mange reiser til Oslo for å få det. Men dei kan altså like gjerne reise til Valle.

Sissel Åkre på Landsmøte i Noregs Mållag

Det vart ein festleg time å ha med Sissel Åkre i Valle Radio i kveld for å fortelje om då ho var på Landsmøtet i Noregs Mållag. Ein tur med Knut Homme frå Marnardal Mållag oppover gjennom landet frå Valle til Stiklestad – ingen fly gjekk den fredagen. Og sjølv om ho ikkje fortalde så mykje om sjølve turen, som tok 14 timar, så skjøna ein at det hadde vore ein fin tur i eit flott land. Heimturen gjennom Østerdalen var ikkje fullt så naturskjøn.

Men det var forteljinga om sjølve landsmøtet som gjorde inntrykk. Sissel sprang på talarstolen for å kommentere prosjektet om nynorsk i barnehagane – etterlyste om det hadde vore nokon førskulelærar med i gruppa, og folk som vart svar skuldige og måtte innrømme at det visst ikkje hadde vore det. Så blei ho sjølv rekruttert til ei tankesmie om emnet.

Sissel protesteret og då det vart sagt at dialektbruk var på tilbaketog i Valle. Det ville ho ikkje vere med på og lurte på grunnlaget for at dei kunne seie det. Slik fekk ho markert at Valle mållag var på Landsmøtet. Valle mållag har 35 medlemmer og medlemskontingenten er kr. 0. Og Sissel vart utsending, for ho har lettare for å reise no som ho er blitt pensjonist.

Ettersom folk sat askefaste, vart møtet komprimert. I staden for å starte på fredag 16. april (som var bursdagen til Sissel) gjekk møtet på laurdag 17. april, fyrst med formannens tale, som hadde 10 punkt:
• Utfordring 1: Kvalitetssikra språk i læremiddel
• Utfordring 2: Skuleeigar sitt ansvar
• Utfordring 3: Folketalsutvikling og busetjingsmønster
• Utfordring 4: Oppslutnad om dialekt
• Utfordring 5: Næringsliv og nynorsk i marknadsføring
• Utfordring 6: Verdsetjing av fleirspråk
• Utfordring 7 og 8: Sidemålshets og sidemålsundervisning
• Utfordring 9: Sidemålsopplæring for fleirspråklege
• Utfordring 10: Nynorsk for innvandrarar

Og i den siste utfordringa var han innom Setesdal:
Tenk deg at du går nedover gata i ei bygd i Setesdal og treff to innvandrarar. Den eine pratar gebrokke bokmål med utanlandsk aksent, den andre pratar gebrokke nynorsk med utanlandsk aksent. Tenk etter kven av dei to du lettast ville kategorisere som utlending.

Tenk så etter korleis du trur talemålet deira vil vere om to år, kven av dei vil kunne tileigne seg den lokale dialekten.

Ein av dei fjernsynsreklamane flest hugsar er taxisjåføren som får spørsmål om kor han er frå. Spørsmålet kjem openbert på grunn av at mannen har mørk hud og rastafrisyre. Dei aller fleste som ser han tenkjer – medvite eller umedvite – at han er utlending eller innvandrar. I det han opnar munnen og seier ”Æ e frå Harstad, enn du?”, så har han brått fått ein annan og ny identitet i hovuda til dei aller fleste sjåarane. Dialekt er nemleg sterkare enn hudfarge som assosiasjonsmakar. Nett difor burde vi gjere det lettare for innvandrarar å lære den lokale dialekten. Nett difor burde innvandrarar lære nynorsk.

Eg skal kome attende til noko av det Sissel nemnde i ein seinare bloggpost.

Gjesdalbuen

Gjesdalbuen er avisa frå Ålgård, og for eit par veker abonnerte eg på den. Ho kjem ein eller to gonger i veka, eg er ikkje heilt sikker, og ho har så mykje fotball at ein skulle tru det er det einaste som er av interesse i heimbygda mi. Takke meg til Setesdølen, som har eit noko meir nøkternt tilhøve til verdas mest populære idrott.

Grunnen til at eg abonnerte på den var at bror min er med i kyrkjekoret på Ålgård, og om dei klarar å skaffe eit visst antall nye abonnentar, vil avisa sponse ein kortur til Finland på ettersommaren eller tidleg haust, eg hugsar ikkje heilt.

No er ikkje annonsar for butikkane på Ålgård og lange artiklar om fotball utan vidare verd å betale mange kroner for å få i postkassen. Men i avisa han synte meg då han ville ha meg til å abonnere, var det ein reportasje om heiesjefen i Brokke driftehei, Halvard Oftedal, 30 år gamal sauebonde med ammekyr på Oltedal som kvar sommar sidan han var 14 år har vore i heia og som noe er blitt den yngste heiesjefen over dette store området.

Det var interessant for Setesdalswiki tenkte eg, og slo til på abonnementet. I kveld realiserte eg dei to fyrste artiklane basert på den artikkelen i Gjesdalbuen: Ein artikkel om Brokke driftehei og ein om Halvard Oftedal. Begge finn du i Setesdalswiki, leksikonet for Setesdal og kringliggjande herlegdomar. Om det skal verte ein nettstad som gjev god informasjon om Setesdal, må nok fleire verte med og skrive. Men no er det altså kome ein artikkel om Brokke driftehei og heiesjefen der.

Lenke: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Brokke_driftehei

For mange år sidan hadde eg fleire program i Valle Radio saman med Knut O. Nomeland der han fortalde om livet i heia. Det var interessant å høyre han fortelje, heia er vakker, men kan og vere farleg.