Bjørnson i fleire fora

Som eg skreiv på bloggen sundag: Det er Bjørnsonår i år. Eg skreiv det fordi eg planla å ha eit program tysdagskvelden med songar av Bjørnstjerne Bjørnson, noko eg og hadde. Onsdagskvelden snakka Ronny med Sissel Åkre som inviterte folk til å kome til Spelestoga komande sundag klokka 18 for å oppleve Bjørnson-tekstar i Folkeakademiet sin regi. Då vil Øyvind Straume lese tekstar av diktaren og fortelje om han. Øystein Kikut vil spele, og etter det eg forstod, vert det høve til å syngje songar av han. Sissel vart utfodra til å syngje Ingrid Sletten av Sillejord, noko ho tok på strak arm, i alle fall fyrste verset. Her er heile sangen:

Ingrid Sletten av Sillejord
hadde hverken sølv eller gull,
men en liten hue av farvet ull,
som hun hadde fått utav mor.

En liten hue av farvet ull,
hadde hverken stas eller fòr,
men fattig minne om far og mor,
der skinte langt mer enn gull

Hun gjemte huen i tyve år,
måtte ikke slide den ud!
“Så bærer jeg den så glad som brud
når jeg for alteret går.”

Hun gjemte huen i tredve år,
måtte ikke skjemme den ud!
“Så bærer jeg den så glad som brud
når jeg for Vårherre står.”

Hun gjemte huen i firti år,
hugsede ennå sin mor.
“Vesle min hue, for visst jeg tror
vi aldri for alteret står”

Hun ganger for kisten å tage den,
hjertet var så stort derved;
hun leter frem til dens gamle sted,
da var der ikke tråden igjen.

Melodien er av Richard Nordraak, som er ein av dei mange komponistane som har laga melodiar til Bjørnson sine songar. Eg starta programmet mitt tysdagskvelden med ein annan av hans melodiar, truleg den mest kjende av alle: Ja, vi elsker dette landet. Dei som høyrde programmet fekk høyre versjonen både med Bodø Domkor og med Njål Sparboe. Begge song fyrste og dei to siste versa, så eg las dei andre opp, versa der Bjørnson går gjennom norgeshistoria på få linjer. Vi fekk og høyre ein instrumental versjon av Ja vi elsker.

Etter ein slik grundig gjennomgang av nasjonalsangen, spelte eg Søvnen, ein romanse av Halfdan Kjerulf. Solveig Kringlebotn song og Gunilla Sussmann akkompagnerte den og dei to neste på piano. Deretter kom Venevil, også den er av Halfdan Kjerulf. Deretter kom Synnøves sang (Nu Tak for alt ifra vi var smaa). Så tabba eg meg ut og tenkte eg skulle finne ein versjon på Spotify, alle dei tre romansene med Solveig Kringlebotn hadde eg på ei plate eg lånte på biblioteket. I staden så blanda eg namna og fann Solveigs sang, men den er jo frå Ibsens Peer Gynt. Eg merka jo det fort då sangen kom, men eg kunne ikkje bare kutte ut, så eg spelte heile. Deretter kom Ingrids vise (Og reven lå under birkerot), først i versjon med Solveig Kringlebotn, deretter med Lars Lillo Stenberg og med Barn i studio. Og plutseleg var timen gått og eg var bare så vidt begynt på eit stort emne. Så eg kjem nok til å finne noko av han neste veke også.

Eg vil jo anbefale alle å gå til arrangementet i Spelestoga sundagskvelden og få med seg det. Og har du eit ønske om ein song av Bjørnson eg skal spele, så kan du skrive ein kommentar her på bloggen eller sende meg ein epost harhaugl (at) gmail.com er epostadressa mi.

Kvinnelege organistar

I høve kvinnedagen måndag hadde Niklos funne fram til musikk av kvinnelege organistar:

Birgitte Ebert (fødd 1971) er domorganist i Ribe domkyrkje frå 2000. Ho har utdanning frå Musikkonservatoriet i København og har vore elev av Flemming Dreisig, Leif Thybo og Grethe Krogh. Ho har studert ved musikkhøgskolen i Lübeck med Martin Hazelböck og med Olivier Latry i Paris. Ho har vore tillitsvald for orgnaistane i Helsingör stift og redaktør av Hymnologiske Meddelelser. Før ho kom til Ribe hadde ho vore organist i St. Olai domkirke i Helsingør, i Hellerup kirke ved København. Ho er fyrste kvinnelege domorganist i Danmark.

Marie Claire Alain er fødd i Paris som dotter til organisten Olivier Alain og syster til Jean Alain, den kjende komponisten. Ho har spelt inn alt av Bach, Buxtehude, Bruhns, Böhm og Mendelssohn og hatt konsertar over heile verda.

Almut Rösler har konsertert i dei fleste europeiska land og delteke på festivalar i Belgia, London og Stockholm. Ho var den første utanlandske kvinnelege solist i fransk radio og har i fleire år gjeve Messiaën-konsertar i Trinitatiskyrkja i Paris.

Dei spelte verk av tre ulike barokk-komponistar: Ebert spelte Buxtehude 1637-1707) sitt Preludium og fuge i e-moll BuxWV 175 på orgelet i Ribe domkyrkje. Alain spelte Arnold Melchior Brunckhorst (1670-1725) sitt preludium og fuge i e-moll på orgelet i Viborg domkyrkje. Almut Röschler spelte tre orgelkoralar av Bach (1685-1750): Liebster Jesu, wir sind hier (BWV 633), Wenn wir in höchsten Nöten sein (BWV 641) og Herr Jesu Christ, dich zu uns wend (BWV 632) på orgelet i Limburg domkyrkje.

Program for veke 10

Tysdag 9. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld. Sangar av Bjørnstjerne Bjørnson.
19:30 Tale av Elin Fagerbakke
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Kyrkjemusikk av kvinnelege komponistar
21:00 Kyrkjebakken

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no

onsdag 10. mars

Ansvarleg : Ronny Stavsholt
Tekniker : Marcel Tiedje
Tlf.vakt : Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Helle Haugen

18.00 : Aktuell time ved Ronny
19.00 : Tankar frå Bibelen ved Torleif B Harstad
19.30 : Kommunen informerer v/ Skule og utdanning
20.00 : Ronnys time med maritimt snitt.
Bl.a direkte tlf.samtale med kaptein på eit norsk skip,
som er på veg gjennom Adenbukta.
21.00 : Opi sending m/Harald Haugland

Kjempemoro dersom du deltek med rebusløysing, helsingar eller ynskjeplater.

Tlf : 37937577 (frå kl 20.30)
Epost : post@valleradio.com

Høyr på internett: http://www.facebook.com/l/656ec;www.valleradio.com/

Kvinnedagen 2010

8. mars, kvinnedagen. Det er som regel ein dag som ikkje gjev meg noko særleg ekstra, men i dag vart han annleis. Då eg kom på nettet i dag føremiddag, fekk eg ei melding frå ein av wikipedia-kollegene mine. Han hadde lese bloggen til stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen, sjå http://konservativ.no/ der det stod:

Karen Platou – første kvinne valgt inn på Stortinget, i 1921 fra partiet Høire. Kanskje illustrerende for Høyre at det var svært delte meninger om allmenn stemmerett for kvinner (tidligere var det knyttet til inntekt og formue), men både første møtende representant, Anna Rogstad, og første faste representant var fra partiet. Karen Platou har ikke en egen side på Wikipedia en gang. En skam.

Haros kontakta meg frå Malta, der han var på ferie og lurte på om eg kunne skrive artikkelen han etterlyste. Han sa at det var ein artikkel på engelsk wikipedia eg kunne ta utgangspunkt i.

Så då gjorde eg det og vart kjent med ei dame som var fødd for 130 år sidan, som døydde 70 år gammal for seksti år sidan. Ho var til og med fødd i Mandal, men det trur eg må ha vore på grunn av at mora var der på ferie eller noko slikt, for faren var kemnar i Oslo og ho budde i hovudstaden det meste av livet, med unntak av nokre år i utdanning og arbeid i Tyskland og siste del av krigen var ho flyktning i Sverige.

Då eg hadde skrive ferdig artikkelen om henne, var klokka blitt 12:00 og det var på tide å pakke saman og dra oppover til Valle. Med vesker og plastposar kom eg meg i bilen, henta den tome søppeldunken som stod midt i innkjørsla og fekk sett den på plass og sette meg i bilen for å rygge ut på vegen. Men denne gongen sette eg meg fast i snøfonna, heldigvis ikkje verre enn at eg kom meg ut av bilen og kunne ta til å grave meg fri att. Men det gjekk nærare timen før eg endeleg kom meg laus av snøfonna og kunne setje kursen mot Setesdal.

16:50 parkerte eg utanfor skulen i Valle sentrum. Då stod elevane og venta på meg, og snart var vi i gang med norske verb og nye substantiv.

Eg skreiv ein kommentar til Torbjørn Røe Isaksen då artikkelen var på plass i wikipedia. Eg siterer den her:

Karen Platou har nå fått omtale på norsk wikipedia. Den kunne du ha skrevet selv, da hadde du også bidratt til å lage Norges største nettleksikon, som nå har over 250.000 artikler. Nå ble det jeg som fikk æren. Det var artikkel på engelsk fra før, men det er jo best med norske artikler om norske forhold, det er jeg enig med deg i. Se http://no.wikipedia.org/wiki/Karen_Platou

Eg har ikkje fått noko svar frå stortingsrepresentanten til no, men lever i håpet.

Bjørnstjerne Bjørnson

Det er Bjørnson-år i år, 100 år etter at han døydde. I sangkvelden tysdag vil eg ha songar av han som tema. Mange av tekstane hans vart til songar, ikkje bare Ja, vi elsker dette landet, sjølv om den naturleg nok er den mest brukte og mest kjende av songane hans. Det er omtale av songen på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Ja_vi_elsker Det er og omtale av songen Og reven lå under birkerot, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Og_reven_l%C3%A5_under_birkerot

Deichmanns diktregister får over sju hundre treff når eg søkjer på Bjørnstjerne Bjørnson, så det er nok å ta av. http://www.deich.folkebibl.no/cgi-bin/websok-dikt?mode=vt&ccl=%28%26quot;bj%C3%B8rnstjerne+bj%C3%B8rnson%26quot;%2fFO%29+og+%28lf%3dD%29&vavgrens=lftype,lf%3dD

Eg kjem difor til å leite på spotify etter songar av Bjørnson. Diverre er det ikkje alltid at tekstforfattaren er nemnt der, så eg må nytte meg av noko hjelp. Då kan denne lenka vere god: http://dikt.org/Synn%C3%B8ves_sang. Nederst på sida er det ei oversikt over ein del av Bjørnsons dikt.

VDB

Det fulle namneet var Paul Emile François Henri Vanden Boeynants, men både journalistar og han sjølv nytta forkortinga eg har brukt til overskrift. Han var statsminister i Belgia to gonger, fyrst i eit par år frå 19. mars 1966 og deretter eit knapt halvår ti år seinare, frå oktober 1978 til mars 1979. Han var og forsvarsminister.

Det er skrivinga mi på wikipedia som gjer at eg fortel litt om denne belgiske politikaren som levde frå 1919 til 2001. Han starta som kjøthandlar, men gjekk inn i politikken for Christelijke Volkspartij – Parti Social Chrétien, eit katolsk parti som prøvde å sameine dei to folka i Belgia, fransktalande i sør og flamsktalande i nord. SJølv var han visst like god i begge språka etter det eg kan finne ut av artiklar på wikipedia som eg så vidt kan skjøne, nederlandsk og fransk er språk eg ikkje er trygg på at eg forstår når eg les dei, og på tysk og engelsk var artiklane ikkje så detaljerte.

Han må ha hatt litt av eit liv, for i 1986 vart han dregen for retten for korrupsjon og skattejuks. Det var på hengjande håret at han ikkje hamna i fengsel, det enda med ein betinga dom og han kunne puste letta ut. Men bare tre år seinare vart han kidnappa, 70 år gammal, og halden i fangenskap i ein månad med krav om 30 millionar belgiske franc i løysepengar. Det er ikkje kjent kor mykje familien betalte for å få han ut, eg las at det var antyda 5 millionar. Han var engasjert i politikk også etter det, heilt til 1995, då var han 76 år gamal og hadde vore rikspolitikar sidan 1949.

Grunnen til at eg skreiv om han på wikipedia i dag er at vi har eit prosjekt der vi prøver å skrive om alle som har vore omtalte i Hvem Hva Hvor, og han vart jo omtalt då han vart statsminister i Belgia. Sjølv likar eg ikkje å skrive om folka som er omtalt der om eg ikkje har den aktuelle boka og kan sjå kva dei skreiv då han var aktuell i mediebiletet, Takka vere Gaut Borgan, tidlegare likningssjef i Valle, som overlet si samling av Hvem Hva Hvor til meg, har eg kunne skrive nokre slike biografiartiklar dei siste vekene. Difor vil eg seie takk til Gaut for hans bidrag til wikipedia på denne måten.

Meir snø

Det snør, det snør, tiddelibom heiter det i ein sang som held fram: Nå snør det mye mer enn før, tiddelibom og huttemegtu. Å dømme etter kommentarar på facebook i dag har tilhøva vore like i Valle og i Mandal, her var det ei stund midt på dagen slikt rennedrev at ein ikkje såg ti meter framover.

Eg kunne heldigvis sitje inne og sjå ut vinduet på snøen, eg har vinterferie. Og eg undra meg over at det verka som om snødrevet kom frå alle kantar, for det dreiv på vindauga same kva vegg det var på. Då er det godt å ha ein dataskjerm som vindauga mot verda, der finn ein både blogg og wikipedia, i dag har eg hatt min mest produktive dag i heile vinterferieveka. I tillegg til litt småfiks har eg skrive tre ny artiklar, sjølv om vi passerte 250.000 artiklar tysdagskvelden, så går produksjonen vidare, no er det snart kome 500 nye artiklar etter at vi passerte kvartmillionen. Ein klarar ikkje tusen artiklar i veka, men talet veks med noko over hundre kvar dag. Bare i periodar når vi har konkurransar som fenger, kan ein klare tusen på ei veke.

Eit søk på wikipedia fortel meg at det er fleire som har skrive om snø:

Romanen Sne av Alexander Kielland
Romanen Snø av Orhan Pamuk
Frøken Smillas fornemmelse for snø av Peter Høeg
Snø vil falle over snø som har falt av Levi Henriksen

Du kan og søke i diktbasen, http://www.deich.folkebibl.no/cgi-bin/websok-dikt Då finn du over 1500 dikt som har ordet snø i første linja. Nokre av dei har du kanskje høyrt:

No legg seg snøen så kvit og lett bort i bakken,
Nå ligger snøen tett og hvit

I stevdatabasen http://www.agderfolk.no/stevtittel.php er det fleire dikt om snø, ein må søke på snjo for å finne dei, dei fleste er opptekne av det reine og fine med snjoren. Men eit skjemtestev kan eg jo sitere:

På vegjen heim i ein sving ho bia,
ha han barre havt mot ti fria.
Dei ha nog hug ti kvarandre lagt,
det ha bå augo å fakte sagt.

Men få det ti va så vondt å vande,
han sto der fingla mæ klokkebandet.
Ho spente i snjoren mæ hæl å tå,
å bljugleg glytt atte då å då.

Men rå for urå ho hev nog visst det,
ho tok seg snjor på ein furekviste.
Ho la ti drengjen på munn å nos,
å det sette frieriet plent på los.

Det gjeld å gjere det beste ut av situasjonen.

Shadow Songs 2

Eg vert ikkje så lett ferdig med denne plata, som eg lånte på Valle folkebibliotek. Eg skreiv om den i ein tidlegare post på bloggen min, for eg måtte drive eit visst detektivarbeid for å finne ut kven som var tekstforfattarar til songane på plata.

I dag fann eg ein til, han var litt utanom det vanlege, Murad Effendi, som han kalla seg etter at han under Krimkrigen konverterte til islam og gjekk i teneste som offiser for Det ottomanske riket. Hans fødselsnamn var Franz von Werner. Då krigen var slutt, slo han seg på politikken og vart diplomat med teneste mange stader i Europa, og medan han tenestegjorde i Timisoara i eit rike som eg aldri hadde høyrt om før, Banat, tok han opp si ungdoms glede og begynte å skrive dikt. Sidan skreiv han og skodespel, både tragediar og komediar. Han skreiv og to bind med Tyrkiske skisser, der han fortalde om erfaringar frå si tyrkiske teneste. I 1880 var han til og med sendemann til Stockholm, men han døydde alt i 1881, bare 45 år gamal.

Eg skreiv ein artikkel om han på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Murad_Effendi Med den hadde eg på plass artiklar om alle tekstforfattarane eg har funne på plata Shadow Songs, men eg manglar ein, eg har enno ikkje funne kven som har skrive diktet Amors magt som Johannes Haarklou har nytta i ein komposisjon.

Men diktet Haukeligauken er av Rosenkrantz Johnsen, frå diktsamlinga Digte (1891). Her finn du litt om han. http://no.wikipedia.org/wiki/Peter_Rosenkrantz_Johnsen

Program onsdag 3 mars 2010

Ansvarleg: Bjørgulv T.Berg
Tekniker: Torleiv Soltun
Telefonvakt: Jorunn Lund Harstad og Gudrun Nomeland

18.00: Aktuell time
19.00: Tankar frå Bibelen m/Håvard Viki
19.30: Kommunen informerer m/Elise Marie Kringen
20.00: Vi fylgjer Hallvard T.Bjørgum til Aserbasjan
21.00: Opi sending m/Henri Tore Viki

I den aktuelle timen snakka Bjørgulv fyrst med Jon Hovet om kraftverket som skal kome i Kveasåne. Det er fire grunneigarar som saman med Småkraft AS skal etablere kraftverket, som kjem til å koste 45 millionar kroner. Grunneigarane er Jon Hovet, Kjetil Kyrvestad, Bjørgulv Haugen og Torbjørg Hoslemo. Dei skal bore ein tunnell 400 meter inn i fjellet. Vatnet skal kome frå ein dam ved enden av Gjerdestøylvegen gjennom eit 500 meter langt røyr som skal gravast ned. Vegen vil verte rusta opp, det vil alle som ferdast der få glede av. Om sommaren skal minstevassføringa i åne vere 110 liter i sekundet, om vinteren skal det vere halvparten så mykje. I periodar vil nok kraftverket ikkje produsere straum.

Deretter snakka han med meg i samband med at Wikipedia har runda 250.000 artiklar. Eg skreiv om det på bloggen i går, og tenkte då på at det var aktuelt med eit innslag i Kulturnytt på NRK. Det høyrde eg ikkje meir til, men 15 minutt på Valle Radio er kanskje like så godt som 2 minutt på NRK.

Til slutt snakka Bjørgulv med Liv Bratlie Løyland om NAV. Anten får vi pengar gjennom jobben, eller så får vi dei gjennom NAV, sa ho, og fortalde om korleis samordninga har verka lokalt.

250.000 artiklar på bokmåls-wikipedia

I dag runda Wikipedia på bokmål ein kvart million artiklar. Det er ikkje lett å førestille seg kor mykje stoff det er, men om du har Gyldendals store leksikon i hylla, så er Wikipedia større i talet på artiklar. Det er og meir aktuelt, for det er ikkje minst det som rører seg i tida som finn vegen inn i dette leksikonet. Her er pressemeldinga som vart sendt ut i samband med at ein runda denne milesteinen:
http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Pressemeldinger/250_000_artikler

No når vi har lagt bak oss OL, har jo dette resultert i over 1000 artiklar om arrangementet. Om vi ser på lokale tilhøve, er tala slik:
Valle: 91 artiklar, 22 av desse handlar om personar frå Valle.
Bykle: 46 artiklar om Bykle, 2 av desse handlar om personar frå Bykle.
Bygland: 65 artiklar om Bykle, 19 av desse handlar om personar frå Bygland.
Evje og Hornnes: 47 artiklar, 10 av desse handlar om personar frå Evje og Hornnes.
Iveland: 19 artiklar, 1 av desse handlar om personar frå Iveland.
Åseral: 30 artiklar, 4 av desse handlar om personar frå Åseral

Så sjølv om eg ikkje har lagt så mykje vekt på å skrive om Valle, eg skriv om alt mogleg, syner tala at pr. no er det Valle som har flest artiklar, både om tilhøve i kommunen og om folk frå kommunen.

Men det er plass til fleire artiklar frå dei indre bygder. Om du som les dette har idear til noko som vi kunne skrive om, kan du skrive sjølv, eller sende meg ein epost, så kan eg sjå kva eg får til. epostadressa mi er harhaugl (at) gmail.com.

I morgon kjem det nok informasjon i media om dette. Ettersom eg er pressetalsmann for wikipedia, kan det kanskje tenkjast at du får høyre meg i radio og.